Forskrift til opplæringslova

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

I. Generelle føresegner

0Heile kapittel 3 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-1.Rett til vurdering

Elevar i offentleg grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar og lærekandidatar i offentleg vidaregåande opplæring har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Retten til vurdering inneber både ein rett til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa. Kapitlet gjeld for privatistar, så langt det er fastsett i føresegnene her. Praksiskandidatar reknast som privatistar i kapitlet her, dersom ikkje anna er særskild fastsett i føresegnene her. Kapitlet gjeld for elevar i skolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12.

Reglane i kapitlet gjeld ikkje for dei som får privat opplæring i heimen etter opplæringslova § 2-13.

Kapitlet gjeld heller ikkje for offentleg grunnskoleopplæring eller offentleg vidaregåande opplæring særskilt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A. For vurdering i opplæring særskilt organisert for vaksne, gjeld kapittel 4.

Det skal vere kjent for eleven, lærlingen og lærekandidaten kva som er måla for opplæringa og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse. Det skal og være kjent for eleven kva som er grunnlaget for vurdering og kva som blir vektlagt i vurdering i orden og åtferd.

Skoleeigar har ansvaret for at eleven, lærlingen eller lærekandidaten sin rett til vurdering blir oppfylt, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd. Ved opplæring i bedrift er det lærebedrifta som oppfyller lærlingen og lærekandidaten sin rett til vurdering.

§ 3-2.Formålet med vurdering

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane og lærekandidatane.

Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven, skape eit godt psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-3.Grunnlaget for vurdering i fag

Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i læreplanverket, jf. § 1-1 eller § 1-3.

Føresetnadene til den enkelte, fråvær, eller forhold knytte til ordenen og åtferda til eleven, lærlingen eller lærekandidaten skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i fag. I faget kroppsøving skal innsatsen til eleven vere ein del av grunnlaget for vurdering.

Eleven, lærlingen og lærekandidaten skal møte fram og delta aktivt i opplæringa slik at læraren og instruktøren får grunnlag til å vurdere eleven, lærlingen og lærekandidaten sin kompetanse i faget. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter.

I vidaregåande skole skal eleven ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter ved fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget. Eleven kan likevel få vurdering med karakter dersom det er dokumentert at fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget skyldast slike grunnar som er nemnde i § 3-47 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd. Dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa på 10 prosent skal gjelde, kan ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, også få vurdering med karakter. Avgjerda ligg hos rektor. Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. tredje ledd.

0Endra ved forskrifter 27 juli 2011 nr. 805 (i kraft 4 aug 2011), 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 7 feb 2016 nr. 107 (i kraft 1 aug 2016), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2016), 23 juni 2016 nr. 782 (i kraft 1 aug 2016).
§ 3-4.Karakterar i fag mv.

I grunnskolen til og med 7. årstrinnet skal det berre givast vurdering utan karakterar.

Frå 8. årstrinn og i vidaregåande opplæring skal vurdering også givast med talkarakterar. Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.

Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:

a)karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget
b)karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget
c)karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget
d)karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget
e)karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget
f)karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.

I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Departementet kan i spesielle tilfelle fastsetje ei anna grense for bestått i læreplanverket. Fag med karakteren 1 i standpunkt er bestått når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen.

Det går fram av læreplanverket at det i enkelte fag skal brukast andre uttrykk enn talkarakterar. Dei andre uttrykka er

a)bestått/ikkje bestått: for å få karakteren bestått skal eleven ha vist tilfredsstillande kompetanse i faget
b)delteke/ikkje delteke.

Ved fag- og sveineprøve og kompetanseprøve skal det ved vurderinga brukast ein tredelt skala som har dette innhaldet:

a)bestått mykje godt: mykje god eller framifrå kompetanse i faget
b)bestått: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget
c)ikkje bestått: svært låg kompetanse i faget.
§ 3-5.Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd

Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.

Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr.

Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre.

Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.

I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd.

§ 3-6.Karakterar i orden og i åtferd

I grunnskolen skal det til og med 7. årstrinnet berre givast vurdering utan karakter i orden og i åtferd.

Frå 8. årstrinnet og i vidaregåande opplæring skal vurdering i orden og i åtferd givast med karakterar. I orden og i åtferd skal då desse karakterane nyttast:

a)God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd
b)Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd
c)Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.
§ 3-7.Varsling

Eleven og foreldra skal varslast skriftleg dersom det er tvil om eleven kan få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag.

Eleven og foreldra skal også varslast skriftleg dersom det er fare for at eleven i halvårsvurdering med karakter eller i standpunktkarakter kan få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i åtferd.

Varselet skal givast utan ugrunna opphald. Varselet skal gi eleven høve til å skaffe grunnlag for halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter, eller gi eleven høve til å forbetre karakteren i orden eller åtferd.

Etter at eleven har fylt 18 år, skal foreldra ikkje varslast.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-8.Dialog om anna utvikling

Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket.

§ 3-9.(Oppheva 1 aug 2010, jf. forskrift 7 juli 2010 nr. 1081)
§ 3-10.Privatistar i vidaregåande opplæring

Privatist er etter reglane i dette kapitlet ein som har meldt seg til eksamen i eitt eller fleire fag frå vidaregåande opplæring utan å vere elev eller lærling i dette faget eller desse faga.

Privatistar går opp til eksamen i fag dei ønskjer å dokumentere kompetanse i. Eksamensforma for privatistar er fastsett i læreplanverket.

Det skal vere tilgjengeleg for privatistar kva som er måla for opplæringa og kva som blir lagt vekt på i vurderinga av hennar eller hans kompetanse.

I læreplanverket er det for enkelte fag fastsett at privatistar berre treng bestå eksamen på det høgaste nivået for å få godskrive faget på eit lågare nivå.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).