Forskrift til opplæringslova

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

III. Sluttvurdering

0Heile kapittel 3 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-17.Sluttvurdering i fag

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten ved avslutninga av opplæringa i fag i læreplanverket, jf. § 3-3.

Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve.

Sluttvurderingar er enkeltvedtak og kan klagast på etter reglane i kapittel 5.

Elevar i grunnopplæringa som har individuell opplæringsplan, skal vurderast etter dei samla kompetansemåla i læreplanen for faget, jf. § 3-3.

0Endra ved forskrifter 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 3-17a.Samanhengen mellom sluttvurdering og elevstatus

Når ein elev har fullført og bestått opplæringa i eit fag, skal sluttvurderinga følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan da ikkje få elevstatus i faget på nytt.

Ein elev som har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 1-15, kan velje om faget skal godkjennast etter § 1-16, eller velje å ta faget på nytt som elev i vidaregåande opplæring.

Ein elev som har fått innvilga omval, kan velje om tidlegare sluttvurderingar i fellesfag skal godkjennast etter § 1-16, eller velje å ta faget på nytt som elev i vidaregåande opplæring.

0Tilføyd ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-18.Standpunktkarakterar i fag

Standpunktkarakterar er karakterar som blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag, og som skal førast på vitnemålet.

Standpunktkarakteren må baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser den kompetansen eleven har i faget, jf. § 3-3 og § 3-16. Eleven skal vere kjend med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første lokalt gitte eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.

Rektor har ansvaret for at faglæraren set standpunktkarakter. Dersom rektor er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan rektor krevje ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.

Rektor har ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter i fag. For å gjere enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal eleven først vere varsla, jf. § 3-7.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-19.Standpunktkarakterar i orden og i åtferd

Elevar skal ha standpunktkarakterar i orden og i åtferd etter 10. årstrinnet. I vidaregåande opplæring skal elevar ha standpunktkarakter når dei avsluttar opplæringa i skole.

Rektor har ansvaret for at standpunktkarakterar i orden og i åtferd blir fastsette etter drøfting i møte der lærarane til eleven er til stades. Endelege karakterar i orden og i åtferd skal fastsetjast etter at opplæringa er avslutta.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).