Forskrift til opplæringslova

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

IV. Fritak frå vurdering med karakter

0Heile kapittel 3 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009). Overskrift endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-20.Fritak frå vurdering med karakter for elevar med individuell opplæringsplan

Når ein elev i grunnskolen får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra om eleven skal ha vurdering med eller utan karakter. I fag der det både gis skriftlege og munnlege karakter, kan foreldra også velje om eleven skal ha berre skriftleg eller munnleg karakter i faget. Dei som vel karakter i norsk skriftleg, kan velje karakter i den eine eller begge målformene. Valretten gjeld berre i fag som er omfatta av enkeltvedtaket om spesialundervisning.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter det førre leddet, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter på grunnlag av måla i den individuelle opplæringsplanen, så langt planen avvik frå læreplanen for faget.

Skoleeigaren skal syte for at eleven og foreldra i grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva valet av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.

Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje få fritak frå vurdering med karakter sjølv om dei har individuell opplæringsplan i eit fag.

0Endra ved forskrifter 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-21.Fritak frå vurdering med karakter for minoritetsspråklege elevar som nyleg har kome til Noreg

Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg i siste halvdel av eit opplæringsår, er fritekne frå vurdering med karakterar i fag dette opplæringsåret, dersom foreldra ber om det. Dette gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.

Elevar i grunnskolen som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan fritakast frå vurdering med karakter i heile den perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan fritakast frå både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.

Elevar i vidaregåande opplæring som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-12, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan fritakast frå vurdering med karakter i halvårsvurderinga i heile den perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan ikkje fritakast frå krava til standpunktvurdering.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.

Skoleeigaren skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.

0Endra ved forskrifter 30 juni 2012 nr. 734 (i kraft 6 aug 2012), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-22.Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål

Elevar som har hatt rett til særskild språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Det same gjeld elevar som på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 har mottatt opplæring på internasjonale skolar og utanlandske skolar etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan.

Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.

Elevar i heile grunnopplæringa, tidlegare elevar og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei:

a)på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene
b)ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole
c)fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak.

Berre den skolen eller fylkeskommunen som kan skrive ut vitnemål for den det gjeld, jf. § 3-42, kan gjere enkeltvedtak om fritak frå vurdering i skriftleg sidemål etter denne paragrafen.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.

Skoleeigaren skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en elev eller privatist som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål.

0Endra ved forskrifter 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 4 juli 2016 nr. 873 (i kraft 1 aug 2016).
§ 3-23.Fritak frå vurdering med karakter i faget kroppsøving

Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar kan få fritak frå vurdering med karakter i faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får ikkje kan vurderast med karakter. Avgjerda er eit enkeltvedtak. Fritekne elevar skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.

0Endra ved forskrifter 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-24.Fritak frå eksamen

Elevar som er fritekne for vurdering med karakter i fag som blir avslutta med eksamen, skal ikkje delta i eksamen i faget.

I grunnskolen kan rektor sjølv etter søknad frå foreldra frita elevar frå eksamen, når det ligg føre tungtvegande grunnar.