Forskrift til opplæringslova

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

V. Eksamen

0Heile kapittel 3 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-25.Generelle føresegner

Eksamen skal vere i samsvar med læreplanverket.

Læreplanen i det enkelte faget fastset om og eventuelt når i opplæringsløpet det skal vere eksamen i faget. Det er òg fastsett i læreplanen for fag om eleven skal opp til eksamen i faget, eller om elevar kan trekkjast ut, kva slags eksamensform som skal nyttast, og om eksamen skal vere lokalt gitt eller sentralt gitt. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere på 10. årstrinnet og på kvart årstrinn innanfor utdanningsprogramma eller programområda i vidaregåande opplæring.

Elevar på ungdomstrinnet som avsluttar eit fag tidlegare enn det som følgjar av læreplanverket, jf. § 1-15, skal vere med i trekket til eksamen i faget det opplæringsåret faget blir avslutta. Om eleven blir trekt til eksamen etter første punktum, kjem denne eksamen i tillegg til dei eksamenar som departementet har fastsett at eleven skal ha på 10. årstrinn.

Eksamen skal organiserast slik at eleven eller privatisten kan få vist kompetansen sin i faget. Eksamenskarakteren skal fastsetjast på individuelt grunnlag og gi uttrykk for kompetansen til eleven eller privatisten slik denne kjem fram på eksamen.

Fylkeskommunen har plikt til å informere elevar og privatistar i vidaregåande opplæring om kva for reglar som gjeld for ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen.

Det er ikkje ny eksamen, utsett eksamen eller særskild eksamen i grunnskolen.

For fag- og sveineprøva og kompetanseprøva gjeld reglane i § 3-48 til § 3-68.

0Endra ved forskrift 19 juli 2012 nr. 753 (i kraft 8 aug 2012).
§ 3-26.Melding av elevar til eksamen

Skolen melder til eksamen alle elevar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.

Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen, jf. § 3-33 til § 3-35. Meldinga skjer til skolen.

§ 3-27.Melding av privatistar til eksamen i vidaregåande opplæring

Privatistar har sjølve ansvaret for å melde seg til eksamen til den skolen eller den instansen som fylkeskommunen fastset. Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis eksamen skal gå føre seg. Skolen eller den instansen som fylkeskommunen peikar ut, avgjer om meldinga kan godkjennast.

Ein privatist kan ikkje melde seg til eksamen i det same faget fleire stader ved same eksamen.

Den som er elev i eit fag ved fristen for melding til privatisteksamen, kan ikkje melde seg som privatist i faget til denne eksamenen. Den som er teken inn som fulltidselev til vidaregåande opplæring, kan ikkje melde seg til eksamen utan at fylkeskommunen innvilgar at eleven kan bli deltidselev, jf. § 6-5 tredje ledd.

Privatistar må betale prøveavgifta i samsvar med fastsette satsar. Dette gjeld ikkje for utsett eksamen etter § 3-35 og ny eksamen etter § 3-36 og § 3-37.

0Endra ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013).
§ 3-28.Sentralt gitt eksamen

Ved sentralt gitt eksamen fastset Utdanningsdirektoratet korleis eksamen i det enkelte faget skal organiserast, korleis eksamensoppgåva skal vere, datoen for den enkelte eksamenen, og korleis sensurordningane skal vere.

Kommunen har ansvaret for å trekkje fag og elevar til sentralt gitt eksamen i grunnskolen og for den praktiske gjennomføringa av eksamen.

Fylkeskommunen har ansvaret for å trekkje fag og elevar til eksamen og for den praktiske gjennomføringa av eksamenen for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring.

Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Utdanningsdirektoratet fastset dato for melding om trekkfag.

Prøvesvara ved sentralt gitt eksamen skal vurderast av to eksterne sensorar. Dersom det er usemje, skal karakteren avgjerast av ein oppmann.

§ 3-28a.Tidspunkt for gjennomføring av sentralt gitt eksamen

Ved sentralt gitt eksamen skal eksamen starte klokka 09.00 norsk tid, og avsluttast etter fem timar om ikkje anna er oppgitt. Dersom eleven eller privatisten har vedtak om særskild tilrettelegging av eksamen i form av utvida tid, vil vedtaket vere avgjerande for når eksamen skal avsluttast for vedkommande.

Elevar og privatistar som møter opp til eksamen for seint, men før kl. 10.00, skal få gjennomføre eksamen, men dei skal ikkje få kompensert tapt tid. Dei som møter kl. 10.00 eller seinare, får ikkje gjennomføre eksamen.

Det skal som hovudregel ikkje vere høve for elevar og privatistar til å forlate eksamenslokalet før kl. 10.00. Unntak må vurderast konkret, der omsynet til ei sikker eksamensgjennomføring og omsynet til helsa til den det gjeld veg tungt.

0Tilføyd ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-29.Lokalt gitt eksamen i grunnskolen

Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Eksamen skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Munnleg eksamen skal gjennomførast med førebuingsdel. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal eleven få oppgitt eit tema eller ei problemstilling. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Ramma for eksamen på eksamensdagen skal vere munnleg eksamen på inntil 30 minutt per elev.

Lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Éin av sensorane skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidatane høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan elevane prøvast i fleire relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal eleven presentere temaet eller problemstillinga som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva eleven skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

0Endra ved forskrifter 26 sep 2013 nr. 1147 (i kraft 1 okt 2013), 19 des 2013 nr. 1635.
§ 3-30.Lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring

Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Kandidaten skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Lokalt gitt munnleg eksamen med førebuingsdel skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Fylkeskommunen kan fastsetje at skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen som er lokalt gitte, skal gjennomførast med førebuingsdel. Ved skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen kan førebuingsdelen vere inntil to dagar og skal normalt ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Munnleg eksamen skal gjennomførast med førebuingsdel. Fylkeskommunen avgjer sjølv om privatistar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal kandidaten få oppgitt eit tema eller ei problemstilling. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Rammene for eksamenen på eksamensdagen skal vere:

a)skriftleg eksamen - inntil 5 timar
b)munnleg eksamen - inntil 30 minutt per elev eller privatist
c)munnleg-praktisk eksamen - inntil 45 minutt per elev eller privatist
d)praktisk eksamen - inntil 5 timar.

Lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Den eine sensoren skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren. Som sensor ved lokalt gitt eksamen i programfag i yrkesfaglege utdanningsprogram kan det også nemnast opp ein fagarbeidar med praksis frå arbeidslivet.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidaten høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan kandidaten prøvast i fleire relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein eventuell førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal kandidaten presentere temaet eller problemstillinga som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva kandidaten skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

0Endra ved forskrifter 26 sep 2013 nr. 1147 (i kraft 1 okt 2013), 19 des 2013 nr. 1635.
§ 3-30a.(Opphevd)
0Tilføyd ved forskrift 14 okt 2013 nr. 1236, opphevd ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-31.Hjelpemiddel til eksamen

Eksamenen kan organiserast med eller utan hjelpemiddel. Utdanningsdirektoratet fastset kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag ved sentralt gitt eksamen.

Ved lokalt gitt eksamen etter § 3-30 femte ledd bokstav a, c og d fastset skoleeigaren kva for hjelpemiddel som skal tillatast. Dei tillatne hjelpemidla må ikkje svekkje grunnlaget for å vurdere kompetansen til eleven eller privatisten.

Ved lokalt gitt munnleg eksamen er notata til eleven eller privatisten frå førebuingsdelen einaste tillatne hjelpemiddel.

0Endra ved forskrift 26 sep 2013 nr. 1147 (i kraft 1 okt 2013).
§ 3-32.Særskild tilrettelegging av eksamen

Elevar og privatistar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i læreplanverket. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven og privatisten så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at eleven eller privatisten får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven eller privatisten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag i læreplanverket. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

Rektor avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for elevar. Avgjerda til rektor er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Rektor kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.

Privatistar må leggje fram ein sakkunnig uttale. Fylkeskommunen avgjer kva slags ordningar for tilrettelegging som skal nyttast. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen.

§ 3-33.Særskild eksamen for elevar i vidaregåande opplæring

Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

§ 3-34.Ny eksamen for elevar i vidaregåande opplæring

Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld då standpunktkarakteren i faget.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

§ 3-35.Utsett eksamen for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring

Ein elev eller privatist som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakteren i faget.

Eleven eller privatisten må leggje fram dokumentasjon på at han eller ho var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa var uføreseieleg og at han eller ho ikkje kan lastast for hindringa.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-36.Bortvising frå eksamen

Elevar og privatistar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamenen. Dersom åtferda til ein elev eller ein privatist er i strid med denne føresegna, kan eleven eller privatisten, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av rektor sjølv og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Eleven eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg for rektor før rektor eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.

Dersom ein elev i vidaregåande opplæring eller ein privatist får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

§ 3-37.Annullering av eksamen

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Dersom ein elev har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert.

Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 3-42 dersom omsynet til elevane tilseier det.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven eller privatisten har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar fusk eller forsøk på fusk. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av rektor sjølv for elevar. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. For privatistar avgjerast spørsmålet av fylkeskommunen. Privatistar skal ha høve til å uttale seg munnleg for fylkeskommunen før enkeltvedtak om annullering av eksamen blir fatta. Eleven eller privatisten har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til Fylkesmannen.

For elevar som får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).