Forskrift til opplæringslova

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

VI. Dokumentasjon

0Heile kapittel 3 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-38.Rett til dokumentasjon

Alle som har fullført grunnopplæringa, har rett til å få opplæringa dokumentert. Elevar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert.

Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast.

Privatistar, inkludert praksiskandidatar, som har vore oppe til eksamen eller fag- eller sveineprøve, har rett til å få dette dokumentert.

Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon.

Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast.

§ 3-39.Forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær

Skoleeigar skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd.

Fråvær, halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag- og sveineprøva og kompetanseprøva skal førast inn i systemet skoleeigar bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og åtferd. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.

Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at dei er gitt. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av rektor.

Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.

Fråvær skal dokumenterast kvart halvår.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).

Særskild om retten til dokumentasjon av grunnskoleopplæringa

0Heile kapittel 3 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-40.Vitnemål i grunnskolen

Alle elevar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa. Vitnemålet til eleven skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og fråvær.

Elevar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

Elevar i skole for spesialundervisning og elevar i fengselsundervisning skal få vitnemål frå ein naboskole eller skolen på heimstaden når eleven eller foreldra ber om det. Skoleeigaren i bustadkommunen til eleven skal opplyse om denne retten.

For elevar som ikkje har fått standpunktkarakter i eitt fag fordi grunnlaget for vurdering manglar, skal det ikkje førast karakter i faget på vitnemålet. Det skal då førast på vitnemålet at vurdering ikkje var mogleg. Siste halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast som standpunktkarakter.

Elevar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette ført på vitnemålet dersom eleven eller foreldra ønskjer det.

Elevar som er heilt eller delvis fritekne for vurdering med karakterar, skal ha vitnemål som viser at eleven har fullført grunnskoleopplæringa.

§ 3-41.Føring av fråvær i grunnskolen

Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:

a)dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
b)innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

0Endra ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).

Særskilt om retten til dokumentasjon av vidaregåande opplæring

0Heile kapittel 3 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-42.Vitnemål i vidaregåande opplæring

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp som gir studie- og/eller yrkeskompetanse. Elevar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 3-20 til § 3-23, § 3-44 og § 23-1.

Vitnemål for elevar skal skrivast ut av skolen der eleven fullfører og består opplæringa. Nytt vitnemål skal skrivast ut av den skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet. For privatistar som tidlegare har fått vitnemål som elev, skal skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet, også skrive ut det nye vitnemålet til privatisten. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut vitnemål til lærlingar som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål. For privatistar som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål, er det den fylkeskommunen der privatisten sist fekk standpunktkarakter i eit fag, som skal skrive ut vitnemålet. Viss ein privatist ikkje tidlegare har fått ein standpunktkarakter i vidaregåande opplæring, eller sist fekk standpunktkarakter i eit fag i ein skole godkjend etter friskolelova, skal den fylkeskommunen der vedkommande er busett, skrive ut vitnemålet.

0Endra ved forskrifter 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 3 okt 2016 nr. 1165.
§ 3-43.Førstegongsvitnemål

Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høgare utdanning, blir gitt til den som ved utløpet av normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i læreplanverket, har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Det er mogleg å føre karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild eksamen etter § 3-33, utsett eksamen etter § 3-35 og ny eksamen etter § 3-36 eller § 3-37 på førstegongsvitnemålet.

Førstegongsvitnemål kan berre skrivast ut éin gong til den personen det gjeld. Det gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage.

Elevane kan få ført på førstegongsvitnemålet karakterar som er forbetra innan utløpet av normal tid. Det er mogleg å få ført på karakterar i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse, og som er oppnådde innan utløpet av normal tid.

Kravet om gjennomført vidaregåande opplæring på normal tid kan etter søknad bli utvida til maksimalt fem år. Dette gjeld dersom eleven har fått innvilga søknad om omval etter opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, eller har fått rett til ekstra opplæringstid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd. Dette gjeld òg dersom det blir lagt fram skriftleg dokumentasjon på at eleven har vore fråverande frå opplæringa ein lengre periode i løpet av eit opplæringsår på grunn av

a)internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid
b)folkehøgskole, verneplikt eller omsorgsarbeid som er utført i minst seks månader av opplæringsåret, eller
c)langvarig sjukdom.

Føresegna gjeld og for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanverket over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

0Endra ved forskrifter 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010), 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-44.Unntak for elevar og lærlingar frå vilkåra for å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram

Elevar og lærlingar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har følgt opplæringa, men ikkje bestått i inntil to av fellesfaga som inngår i fag- og timefordelinga for opplæringa, kan likevel i særskilde tilfelle få utferda vitnemål som gir yrkeskompetanse, men ikkje vitnemål som gir generell studiekompetanse. Samtykke til slikt unntak kan bli gitt etter søknad når eleven eller lærlingen

a)har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i grunnskolen
b)har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i den vidaregåande skolen
c)har spesifikke lærevanskar, t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar. Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakter er sett eller eksamen har vore gjennomført.

I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.

Før søknader om unntak kan bli behandla, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før søknader om unntak etter første ledd bokstav c kan bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for å få utarbeidd slik vurdering.

Rektor avgjer søknad om unntak i samsvar med vilkåra. Eleven eller lærlingen kan ikkje få førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.

§ 3-45.Kompetansebevis

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål eller fag- og sveinebrev ikkje er oppfylte.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde. I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå, jf. læreplanverket, skal halvårsvurderinga med karakter som eleven får ved avslutninga av opplæringsåret, førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom eleven ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurderinga med karakter. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der eleven berre har fått opplæring i delar av eit fag.

For elevar skal kompetansebevis skrivast ut av skolen/skolane der eleven har oppnådd standpunkt- og eksamenskarakterar. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for lærlingar, lærekandidatar og privatistar.

§ 3-46.Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis

For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.

I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.

I fag der det i læreplanverket er fastsett at privatistar kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive faget på lågare nivå, jf. § 3-13, skal eksamenskarakteren/eksamenskarakterane på høgaste nivå førast.

Det er mogleg å få ført på vitnemålet karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse.

For elevar i vidaregåande opplæring som har fått sluttvurdering i eit fag som elev meir enn éin gong, jf. § 3-17a andre og tredje ledd, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

For privatistar skal berre eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Eventuelle tidlegare standpunkt- og eksamenskarakterar i faget fell bort når privatisten får eksamenskarakteren ført på vitnemålet.

For elevar som får fritak frå vurdering, jf. § 3-22, men ikkje fritak frå opplæring i skriftleg sidemål, skal det for skriftleg sidemål stå «Delteke» på vitnemålet eller kompetansebeviset, ikkje talkarakter. For privatistar skal det stå «Friteken».

For elevar i vidaregåande opplæring med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter, jf. § 3-3, § 3-17 sjette ledd og 3-18, skal kompetansen til eleven dokumenterast på kompetansebeviset.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-47.Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:

a)helse- og velferdsgrunnar
b)arbeid som tillitsvald
c)politisk arbeid
d)hjelpearbeid
e)lovpålagt oppmøte
f)representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset.

0Endra ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).