Forskrift til opplæringslova

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

VII. Særskilde føresegner for fag-/sveineprøva og kompetanseprøva

0Heile kapittel 3 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-48.Fag- og sveineprøve

Fylkeskommunen har ansvaret for at fag- og sveineprøva blir gjennomført i samsvar med reglane i dette kapitlet og med læreplanen i faget. Fylkeskommunen har ansvaret for at prøvekandidatane er kjende med føresegnene som regulerer prøva.

Fag- og sveineprøva skal som hovudregel gjennomførast ved slutten av opplæringstida og skal normalt vere avslutta seinast innan to månader frå dette tidspunktet.

Prøva skal gjennomførast i den bedrifta lærlingen har hatt hovuddelen av opplæringa. Dersom prøva blir gjennomført i lærebedrifta, skal prøva tilpassast verksemda i bedrifta. Fylkeskommunen kan, etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at prøva skal haldast ein annan stad.

§ 3-49.Praksisbrevprøve og kompetanseprøve

Fylkeskommunen har ansvaret for at praksisbrevprøva blir gjennomført i samsvar med den lokale læreplanen i faget og at kompetanseprøva blir gjennomført i samsvar med dei opplæringsmåla som er fastsette for kandidaten, jf. opplæringslova § 4-4. Prøvene skal gjennomførast i samsvar med reglane i dette kapitlet. Fylkeskommunen har ansvaret for at kandidatane er kjende med desse reglane.

Praksisbrevprøva og kompetanseprøva skal som hovudregel gjennomførast ved slutten av opplæringstida og skal normalt vere avslutta seinast innan to månader frå dette tidspunktet.

Praksisbrevprøva og kompetanseprøva skal gjennomførast i den bedrifta praksisbrevkandidaten og lærekandidaten har hatt hovuddelen av opplæringa. Dersom prøva blir gjennomført i lærebedrifta, skal prøva tilpassast verksemda i bedrifta. Fylkeskommunen kan, etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at prøva skal haldast ein annan stad.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 3-50.Melding til fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve

Lærebedrifta eller skolen melder lærlingen eller eleven til fag- eller sveineprøva. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten til praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten eller opplæringskontrakten er registrert. For elevar skal meldinga sendast til fylkeskommunen der skolen ligg. Om melding av praksiskandidatar sjå § 3-55.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 3-51.Krav om bestått i fag for å framstille seg til fag- og sveineprøve for lærlingar og elevar og praksisbrevprøva for praksisbrevkandidatar

Før fag- eller sveineprøva kan gjennomførast, skal lærlingen eller eleven som hovudregel ha bestått dei faga som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole for vedkommande yrkesfaglege utdanningsprogram. Det same gjeld for eksamen etter § 3-52, § 3-53 og § 3-54.

Lærlingar og elevar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, kan likevel få framstille seg til fag- eller sveineprøva. Praksisbrevkandidatar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i eitt fellesfag, kan likevel få framstille seg til praksisbrevprøva. Desse lærlingane, elevane og praksisbrevkandidatane må bestå faga innan to år etter at prøva er halden, for at fag- eller sveinebrev eller praksisbrev kan utferdast. Sjå likevel unntak frå dette i § 3-67.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 3-52.Eksamen i læretida for særskilde lærefag

Det kan i læreplanen for det einskilde lærefaget fastsetjast at eleven eller lærlingen skal gå opp til ein eigen eksamen før fag- eller sveineprøva.

Eksamenen blir halden i regi av fylkeskommunen. Eksamenen utarbeidast sentralt og sensurerast lokalt.

§ 3-53.Eksamen i læretida for særløpsfag

For det einskilde særløpsfaget er det fastsett i læreplanen for opplæring i bedrift at alle skal gå opp til ein eigen eksamen før fag- eller sveineprøva. Lærebedrifta melder lærlingen opp til eksamen. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten er registrert.

Eksamenen blir halden i regi av fylkeskommunen. Eksamenen utarbeidast sentralt og sensurerast lokalt.

§ 3-54.Vurdering for lærlingar som har lærekontrakt som omfattar opplæring i programfag som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole

Når det i ein lærekontrakt inngår opplæring i programfag som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole, skal lærlingen gå opp til ein eksamen etter nærmare føresegner frå Utdanningsdirektoratet.

Eksamen skal prøve i kva grad lærlingen har nådd kompetansemåla som er fastsette i den læreplanen for opplæring i bedrift som lærlingen har teikna lærekontrakt i.

I lærefag som kjem inn under § 3-52, skal eksamen prøve i kva grad lærlingen har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole.

Eksamen blir halden i regi av fylkeskommunen. Eksamen utarbeidast sentralt og sensurerast lokalt.

Lærebedrifta melder lærlingen opp til eksamen. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten er registrert.

§ 3-55.Særlege føresegner om fag- og sveineprøve for praksiskandidatar

Praksiskandidatar, jf. opplæringslova § 3-5, må sjølve melde seg til fag- og sveineprøve. Meldinga går til fylkeskommunen innan fristar som fylkeskommunen fastset. Innhaldet i og omfanget av fag- og sveineprøva er fastsett i § 3-57.

Før praksiskandidatar melder seg til fag- eller sveineprøve, skal dei ha bestått ein eigen eksamen etter nærmare føresegner frå Utdanningsdirektoratet.

Eksamen skal prøve i kva grad den einskilte praksiskandidaten har nådd kompetansemåla som er fastsette i den læreplanen for opplæring i bedrift som praksiskandidaten tek sikte på å ta fag- eller sveineprøve i.

I lærefag som kjem inn under § 3-52, skal eksamen prøve i kva grad den einskilte praksiskandidaten har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole, og som er relevante for lærefaget. Eksamen skal vere bestått før ein praksiskandidat melder seg til fag- eller sveineprøve.

Eksamen utarbeidast sentralt og sensurerast lokalt.

Dersom prøvenemnda ber om det, kan praksiskandidaten kome med forslag til kvar fag- eller sveineprøva kan haldast, og korleis prøva kan gjennomførast.

Dersom praksiskandidaten ikkje består fag- eller sveineprøva, kan ny prøve tidlegast haldast etter seks månader.

Praksiskandidatar skal betale prøveavgift etter fastsette satsar.

§ 3-56.Prøvenemnd for fag- og sveineprøve

Prøvenemnda for fag- eller sveineprøva blir oppnemnd og administrert av fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 4-8. Ho skal ha minst to medlemmer som har formell fagleg kompetanse innanfor fagområdet, og så langt det er mogleg, har oppdatert arbeidslivserfaring i faget. Fylkeskommunen skal sikre at det blir tilfredsstillande vurderingsfagleg kompetanse i prøvenemnda.

Fylkeskommunen skal hente inn forslag til medlemmer i prøvenemnda frå partane i arbeidslivet. Fylkeskommunen kan om nødvendig hente inn forslag også frå andre.

Medlemmene må normalt vere eksterne i forhold til lærebedrifta eller skolen der kandidaten har fått opplæring.

§ 3-57.Innhald i og omfang av fag- og sveineprøva

Prøvenemnda har ansvaret for utforminga av fag- og sveineprøva. Lærebedrifta, eventuelt skolen som alternativ til opplæring i bedrift, kan komme med forslag til arbeidsoppgåver.

Fag- og sveineprøva skal prøve kandidaten sin kompetanse i faget slik denne er beskriven i læreplanen for opplæring i bedrift i lærefaget. Alle kompetansemåla i læreplanen for faget skal kunne prøvast. Arbeidsoppgåvene i prøva skal reflektere krava til fagleg kompetanse. Prøvenemnda har ansvar for at kandidaten sin kompetanse i faget blir prøvd på forsvarleg måte.

Oppgåva skal klart definere innhaldet i det ein forventar av kandidaten sitt arbeid. Innanfor ramma av kompetansemåla i læreplanen skal oppgåva prøve kandidaten i

a)planlegging av arbeidet og grunngiving for valde løysingar
b)gjennomføring av eit fagleg arbeid
c)vurdering av eige prøvearbeid
d)dokumentasjon av eige prøvearbeid.

Omfanget av prøva skal vere klart definert og innanfor den tidsramma som er fastsett i læreplanen.

Prøvenemnda kan i ein oppsummerande samtale til slutt stille spørsmål til fagleg avklaring.

Oppgåva må utformast slik at ho gir kandidaten reell moglegheit til å utføre eit kvalitetsmessig godt arbeid innanfor fastsett tidsramme. Dei hjelpemidla kandidaten har brukt i læretida, skal kunne nyttast under prøva. Det skal gå tydeleg fram korleis dei ulike delane av prøva skal leverast.

I tillegg til oppgåva, skal prøvenemnda samstundes utarbeide eit grunnlag for vurdering av kandidaten sitt arbeid med fag- eller sveineprøva. Hovudpunkta i grunnlaget skal gjerast klare for kandidaten.

§ 3-58.Gjennomføring av fag- og sveineprøva

Prøvenemnda skal vere på prøvestaden ved prøvestart og prøveslutt, og skal utføre nødvendig inspeksjon og vurdering av kandidaten sitt arbeid i prøveperioden og ved prøveslutt. Fylkeskommunen er ansvarleg for at det blir ført tilsyn under heile prøva. Prøvenemnda kan ikkje delegere ansvaret for å vurdere kandidaten til tilsynspersonar.

Ved prøvestart skal prøvenemnda levere oppgåva til kandidaten.

Prøvenemnda skal føre protokoll der dei ulike sidene ved prøvegjennomføringa blir dokumenterte. Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han kan gi eit godt bilete av sjølve prøvegjennomføringa i ei eventuell klagebehandling.

§ 3-59.Vurdering av fag- og sveineprøva

Prøvenemnda skal vurdere kandidaten sin kompetanse slik han er dokumentert gjennom fag- eller sveineprøva, og fastsetje karakter.

Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i læreplanen for faget som kandidaten er prøvd i.

Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i § 3-4 sjette ledd, brukast.

Fylkeskommunen fastset ved oppnemninga kven av medlemmene i prøvenemnda som skal avgjere karakteren, dersom det er usemje når stemmetalet er likt.

§ 3-60.Utarbeiding, innhald og vurdering av praksisbrevprøva og kompetanseprøva

Fylkeskommunen har ansvaret for at praksisbrevprøver og kompetanseprøver blir utarbeidde og vurderte.

Praksisbrevprøva skal prøve kandidaten sin kompetanse i faget slik kompetansen er beskriven i den lokale læreplanen i faget etter same prinsipp som for fag- og sveineprøver, jf. § 3-57 og § 3-58. Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i den lokale læreplanen i faget.

Lærekandidatane skal prøvast i forhold til dei måla som er fastsette for kandidaten, jf. opplæringslova § 4-4. Innanfor dei rammene som opplæringsmåla set, skal prøva utarbeidast og gjennomførast etter same prinsipp som for fag- og sveineprøver, jf. § 3-57 og § 3-58. Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd dei måla som er fastsette for kandidaten.

Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i § 3-4 sjette ledd, brukast.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 3-61.Oppbevaring av prøvearbeid for fag- og sveineprøva

Er fag- eller sveineprøva ikkje bestått, skal prøvenemnda i samråd med fylkeskommunen syte for oppbevaring av prøvearbeidet. Prøvearbeidet skal så langt råd er, takast vare på slik kandidaten leverte det frå seg. Dersom prøvearbeidet ikkje kan takast vare på, skal det sikrast med fotografi eller ei nøyaktig beskriving med tanke på framlegging i ei eventuell klagebehandling.

§ 3-62.Ny fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve

Dersom fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva ikkje er bestått, kan lærlingen, eleven, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten melde seg til ny prøve. Læretida kan eventuelt bli forlengd ved frivillig avtale mellom lærebedrifta og lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten. Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av ny fag- eller sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve. Fylkeskommunen dekkjer utgiftene som lærebedrifta har med å gjennomføre prøva.

Dersom ein praksiskandidat ikkje består fag- eller sveineprøva, kan han eller ho melde seg til ny prøve. Denne kan tidlegast takast seks månader etter prøva som ikkje var bestått. Praksiskandidatar må sjølve melde seg til ny fag- eller sveineprøve og betale ny prøveavgift.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 3-63.Utsett fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve

Ein elev, lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat eller praksiskandidat som har dokumentert fråvær ved fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva, har rett til å framstille seg til utsett prøve. Utsett prøve skal haldast så snart det er praktisk mogleg.

Fråvær frå prøva blir rekna som dokumentert når lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller praksiskandidaten er hindra frå å stille til prøva, når hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Kandidaten må leggje fram dokumentasjon på dette.

Praksiskandidatar må sjølve melde seg til utsett fag- eller sveineprøve og betale ny prøveavgift.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 3-64.Særleg tilrettelegging av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva

Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar eller praksiskandidatar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få forholda lagde til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i læreplanen for faget. Fylkeskommunen kan samtykkje i at gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir særskild tilrettelagd. Tiltaka må vere tilpassa behova til lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og praksiskandidaten så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging av prøva. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette prøva slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.

Fylkeskommunen avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar og praksiskandidatar. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i forvaltningslova. Fylkeskommunen kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av prøva krev ikkje enkeltvedtak om spesialundervisning.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 3-65.Reaksjonsmåtar ved fusk

Fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve kan annullerast dersom kandidaten har fuska eller forsøkt å fuske ved prøva.

Spørsmålet om annullering av fag- eller sveineprøva skal avgjerast av prøvenemnda. Fylkeskommunen avgjer kven som kan annullere praksisbrevprøva og kompetanseprøva. Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg for den/dei som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om annullering av prøva. Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten har likevel rett til å fullføre prøva. Enkeltvedtak om annullering av fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve kan klagast på til fylkesmannen.

Dersom fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til ny prøve tidlegast eit år etter den annullerte prøva.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 3-66.Bortvising frå fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva

Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, eleven og praksiskandidatar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Dersom åtferda til ein kandidat er i strid med denne føresegna, kan kandidaten etter å ha blitt åtvara, visast bort. Leiaren av prøvenemnda avgjer spørsmålet om bortvising frå fag- og sveineprøva. Fylkeskommunen avgjer kven som kan vise bort kandidatar frå praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Kandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg for den som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om bortvising.

Dersom ein kandidat får medhald i klage på bortvising, har han eller ho rett til ny fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 3-67.Krav til fag- og sveinebrev og praksisbrev

Fag- eller sveinebrev blir utferda som dokumentasjon for bestått fag- eller sveineprøve. Praksisbrev blir utferda som dokumentasjon for bestått praksisbrevprøve.

Før fag- eller sveinebrev og praksisbrev kan utferdast, må normalt alle relevante fag og eksamenar vere bestått.

I særskilde tilfelle kan fag- eller sveinebrev likevel utferdast til lærlingar og elevar sjølv om dei ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, jf. § 3-51 andre ledd. Tilsvarande gjeld for praksisbrevkandidatar, men med ikkje bestått i eit fellesfag. Samtykke til slikt unntak kan bli gitt når:

a)lærlingen, praksisbrevkandidaten eller eleven har vore friteken for vurdering med karakter i faget eller faga i grunnskolen
b)lærlingen, praksisbrevkandidaten eller eleven har vore friteken for vurdering med karakter i faget eller faga i den vidaregåande skolen
c)lærlingen, praksisbrevkandidaten eller eleven har spesifikke lærevanskar, t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar. Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakteren er sett, eller eksamen, fagprøva eller praksisbrevprøva er gjennomført.

Før søknader om unntak kan behandlast, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Før søknader om unntak etter punkt c) kan bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta. Fylkeskommunen avgjer søknader om unntak i samsvar med vilkåra ovanfor. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen til læreforhold. Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak etter denne føresegna.

Praksiskandidatar er fritekne frå kravet til fellesfag for å få utferda fag- eller sveinebrev.

I dei lærefaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda fag- eller sveinebrev, kan ein ikkje gi fritak i strid med slike sertifiseringsføresegner. Dette gjeld både elevar, lærlingar og praksiskandidatar.

Fylkeskommunen skal gjere bedriftene merksame på dei høva til unntak og fritak som er nemnde ovanfor, når det blir teikna kontrakt.

Fylkeskommunen er ansvarleg for utferding av fag- eller sveinebrev og praksisbrev.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 3-68.Vitnemål og kompetansebevis

Det skal også utferdast vitnemål som dokumentasjon for bestått fagopplæring, jf. § 3-42. Vitnemålet kjem i tillegg til fag- eller sveinebrev.

Kompetansebevis blir utferda som dokumentasjon for vidaregåande opplæring når vilkåra for å få fag- eller sveinebrev eller vitnemål ikkje er oppfylte. Krava til kva kompetansebeviset skal vise, står i § 3-45.

Kven som er ansvarleg for å utferde vitnemål og kompetansebevis, er regulert i § 3-42 og § 3-45.