Forskrift til opplæringslova

Kapittel 4 Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne

I. Generelle føresegner

0Heile kapittel 4 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 4-1.Rett til vurdering

Deltakarar i offentleg grunnskoleopplæring og offentleg vidaregåande opplæring særskilt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Retten til vurdering inneber både ein rett til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa.

Kapitlet gjeld også for vaksne privatistar i grunnskolen, så langt det er fastsett i føresegnene her. For privatistar i vidaregåande opplæring gjeld kapittel 3.

Vaksne som er tatt inn til ordinær vidaregåande opplæring etter opplæringslova kapittel 3, skal ha vurdering etter kapittel 3.

Vaksne som er lærlingar eller lærekandidatar etter opplæringslova kapittel 4, skal ha vurdering etter kapittel 3.

Det skal vere kjent for deltakaren kva som er måla for opplæring og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse.

Kommunen/fylkeskommunen som skoleeigar har ansvaret for at deltakaren sin rett til vurdering blir oppfylt, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd.

0Vert endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 4-2.Formålet med vurdering

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til deltakaren undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til deltakaren.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-3.Grunnlaget for vurdering i fag

Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i læreplanverket, jf. § 1-2 eller § 1-3.

Føresetnadene til den enkelte, fråvær, eller forhold knytte til ordenen og åtferda til deltakaren skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i fag.

Deltakaren skal møte fram og delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag til å vurdere deltakaren sin kompetanse i faget. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter.

Realkompetansen skal vurderast mot kompetansemåla i læreplanane i fag slik dei er fastsette i læreplanverket. Vurderinga skal vise om realkompetansen er likeverdig med kompetansen som er oppnådd gjennom grunnopplæringa.

0Endra ved forskrifter 27 juli 2011 nr. 805 (i kraft 4 aug 2011), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-4.Karakterar i fag mv.

Vurdering med karakterar skal givast med talkarakterar. Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.

Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:

a)Karakteren 6 uttrykkjer at deltakaren har framifrå kompetanse i faget.
b)Karakteren 5 uttrykkjer at deltakaren har mykje god kompetanse i faget.
c)Karakteren 4 uttrykkjer at deltakaren har god kompetanse i faget.
d)Karakteren 3 uttrykkjer at deltakaren har nokså god kompetanse i faget.
e)Karakteren 2 uttrykkjer at deltakaren har låg kompetanse i faget.
f)Karakteren 1 uttrykkjer at deltakaren har svært låg kompetanse i faget.

I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Departementet kan i spesielle tilfelle bestemme ei anna grense for bestått i læreplanverket. Fag med karakteren 1 i standpunkt er bestått når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen.

Det går fram av læreplanverket at det i enkelte fag skal brukast andre uttrykk enn talkarakterar. Dei andre uttrykka er

a)bestått/ikkje bestått: for å få karakteren bestått skal deltakaren ha vist tilfredsstillande kompetanse i faget
b)delteke/ikkje delteke.

Ved realkompetansevurdering skal vurderingsuttrykka godkjent og ikkje godkjent brukast.

§ 4-5.Varsling

Deltakaren skal varslast skriftleg dersom det er tvil om deltakaren kan få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag fordi det ikkje er grunnlag for fastsetjing av karakter.

Varselet skal givast utan ugrunna opphald. Varselet skal gi deltakaren høve til å skaffe grunnlag for halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter.

§ 4-6.Privatistar i grunnskolen

Privatist er etter reglane i dette kapitlet ein som har meldt seg til eksamen i eitt eller fleire fag i grunnskolen utan å vere deltakar i dette faget eller desse faga. Ein deltakar er ein som er teken inn til opplæring særskilt organisert for vaksne, og som følgjer denne.

Privatistar går opp til eksamen i fag dei ønskjer å dokumentere kompetanse i. Eksamensforma for privatistar er fastsett i læreplanverket.

Det skal vere tilgjengeleg for privatistar kva som er måla for opplæringa og kva som blir lagt vekt på i vurderinga av hennar eller hans kompetanse.