Forskrift til opplæringslova

Kapittel 4 Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne

II. Undervegsvurdering

0Heile kapittel 4 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 4-7.Undervegsvurdering

Undervegsvurdering i fag skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at deltakaren aukar kompetansen sin i fag. Undervegsvurderinga i fag, i orden og i åtferd skal givast løpande og systematisk og kan bli gitt både munnleg og skriftleg.

Undervegsvurderinga skal innehalde informasjon om kompetansen til deltakaren og gi rettleiing om korleis ho eller han kan utvikle kompetansen sin i faget.

Deltakaren har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale med læraren om utviklinga si i forhold til kompetansemåla i faga som ein del av undervegsvurderinga. Samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurdering utan karakter etter § 4-9.

Læraren skal i undervegsvurderinga vurdere om deltakarar i grunnskoleopplæring særskilt organisert for vaksne har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 4A-2 og § 5-4.

Deltakarar i grunnskolen med individuell opplæringsplan skal både ha undervegsvurdering og rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 4A-2 og § 5-5 første ledd.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-8.Eigenvurdering

Eigenvurderinga er ein del av undervegsvurderinga, og formålet med eigenvurderinga er at deltakaren reflekterer over og blir bevisst på eiga læring. Deltakaren skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-9.Halvårsvurdering i fag

Halvårsvurderinga i fag er ein del av undervegsvurderinga og skal syne kompetansen til deltakaren opp mot kompetansemåla i læreplanen for faget. Ho skal også gi rettleiing om korleis deltakaren kan auke kompetansen sin i faget.

Det skal givast skriftleg og/eller munnleg halvårsvurdering utan karakter gjennom heile grunnopplæringa.

Deltakaren skal i tillegg få halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter skal gi uttrykk for den kompetansen deltakaren har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga. Halvårsvurdering med karakter skal givast skriftleg.

Halvårsvurderinga i grunnskolen og i vidaregåande opplæring skal gjennomførast midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta, jf. læreplanverket.

Dersom opplæringa deltakaren mottek er organisert slik at den ikkje følgjer opplæringsåret, til dømes ved komprimerte løp, skal halvårsvurderinga gis midt i opplæringsperioden. Dersom opplæringa på det enkelte trinnet varar mindre enn eit semester, skal det ikkje gis halvårsvurdering.

Skoleeigar har ansvaret for at faglæraren gjennomfører halvårsvurdering med og utan karakter. Dersom skoleeigaren er i tvil om reglane for halvårsvurdering er følgde, kan skoleeigar be om ny fagleg vurdering før halvårskarakterane blir fastsette.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-10.Samanhengen mellom undervegsvurdering og standpunktkarakter

Undervegsvurderinga skal fremme læring og gi deltakaren høve til å forbetre kompetansen sin gjennom opplæringstida i faget. Den kompetansen deltakaren har vist undervegs i opplæringa er ein del av grunnlaget for vurderinga når standpunktkarakteren i fag skal fastsetjast, jf. § 4-3 og § 4-12.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).