Forskrift til opplæringslova

Kapittel 4 Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne

III. Sluttvurdering

0Heile kapittel 4 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 4-11.Sluttvurdering i fag

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til deltakaren ved avslutninga av opplæringa i fag i læreplanverket, jf. § 4-3.

Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag-/sveineprøve og kompetanseprøve.

Sluttvurderingar er enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i kapittel 5.

Deltakarar i grunnskolen som har individuell opplæringsplan, skal vurderast etter dei samla kompetansemåla i læreplanen for faget, jf. § 4-3.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-11a.Samanhengen mellom sluttvurdering og deltakarstatus

Når ein deltakar har fullført og bestått opplæringa i eit fag, skal sluttvurderinga følgje deltakaren fram til kompetansebevis og vitnemål. Deltakaren kan da ikkje få deltakarstatus i faget på nytt.

Ein deltakar som har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 1-15, kan velje om faget skal godkjennast etter § 1-16, eller velje å ta faget på nytt som deltakar i vidaregåande opplæring.

0Tilføyd ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-12.Standpunktkarakterar i fag

Standpunktkarakterar er karakterar som blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag, og som skal førast på vitnemålet. Standpunktkarakter blir berre gitt i heile fag.

Standpunktkarakteren må baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser den kompetansen deltakaren har i faget, jf. § 4-3. Deltakaren skal vere kjend med kva det er lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakterar.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før gjennomføringa av den første lokalt gitte eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.

Skoleeigar har ansvaret for at faglæraren set standpunktkarakter. Dersom skoleeigar er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan skoleeigar krevje ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.

I dei tilfella der det ikkje er grunnlag for å setje standpunktkarakter, har skoleeigar ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter. For å gjere enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal deltakaren vere varsla, jf. § 4-5.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-13.Realkompetansevurdering

Vurderinga av realkompetansen til den vaksne skal gjerast i forhold til kompetansemåla i læreplanen for fag i læreplanverket. Vurderinga skal vise at realkompetanse er likeverdig med kompetansen som er oppnådd gjennom grunnskoleopplæringa eller vidaregåande opplæring. Det er ikkje mogleg å få godkjend fag i Vg3 i yrkesfaglege utdanningsprogram gjennom ei vurdering av realkompetansen som sluttvurdering.

Vurderinga skal vere godkjend eller ikkje godkjend realkompetanse i heile eller delar av faget.

Kommunen har ansvaret for at vurderinga av realkompetanse i grunnskolen blir utført på forsvarleg grunnlag og utan ugrunna opphald.

Fylkeskommunen har ansvaret for at vurderinga av realkompetanse i vidaregåande opplæring blir utført på forsvarleg grunnlag og utan ugrunna opphald.

Realkompetansevurderinga er eit enkeltvedtak og kan påklagast til Fylkesmannen, jf. § 5-1.

Bruk av realkompetansevurdering til å avklare kva slags opplæring den vaksne har behov for er regulert i opplæringslova § 4A-3 og forskrift til opplæringslova § 6-46 og § 6-47.

0Endra ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013).