Forskrift til opplæringslova

Kapittel 4 Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne

IV. Fritak frå vurdering med karakter

0Heile kapittel 4 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009). Overskrift endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-14.Fritak frå vurdering med karakter for deltakarar med individuell opplæringsplan

Når ein deltakar i grunnskolen får opplæring etter individuell opplæringsplan, kan deltakaren velje om han eller ho skal ha vurdering med eller utan karakter. I fag i grunnskolen der det blir gitt både skriftleg og munnleg karakter, kan deltakarar med individuell opplæringsplan i faget velje om ho eller han skal ha berre skriftleg eller munnleg karakter i faget. Dei som vel karakter i norsk skriftleg, kan velje karakter i den eine eller begge målformene. Valretten gjeld berre i fag som er omfatta av enkeltvedtaket om spesialundervisning.

Deltakarar som er fritekne frå vurdering med karakter etter det førre leddet, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter på grunnlag av måla i den individuelle opplæringsplanen, så langt planen avvik frå læreplanen for faget.

Skoleeigaren skal syte for at deltakaren i grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva valet av vurdering utan og med karakter inneber for deltakaren.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-15.Fritak frå vurdering i skriftleg sidemål

Deltakarar som har fått særskilt språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller i Vg1, Vg2 eller Vg3, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål.

Når ein deltakar i grunnskolen har enkeltvedtak om spesialundervisning etter opplæringslova § 4A-2, avgjer deltakaren om han eller ho skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.

Deltakarar i heile grunnopplæringa, tidlegare deltakarar og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei:

a)på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene
b)ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole
c)fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak.

Berre den fylkeskommunen som kan skrive ut vitnemål for den det gjeld, jf. § 4-34, kan gjere enkeltvedtak om fritak frå vurdering i skriftleg sidemål etter denne paragrafen.

Deltakarar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.

Skoleeigar skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en deltakar eller privatist som har fått innvilga fritak frå vurdering etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-16.(Opphevd)
0Opphevd ved forskrift 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012).
§ 4-17.Fritak frå eksamen

Deltakarar som er fritekne for vurdering med karakter i fag som blir avslutta med eksamen, skal ikkje delta i eksamen i faget.

I grunnskolen kan skoleeigaren etter søknad frå deltakaren frita deltakaren frå eksamen når det ligg føre tungtvegande grunnar.