Forskrift til opplæringslova

Kapittel 4 Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne

V. Eksamen

0Heile kapittel 4 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 4-18.Generelle føresegner

Eksamen skal vere i samsvar med læreplanverket. Deltakaren går opp til eksamen i heile faget.

Deltakarar i grunnskolen som følgjer opplæring særskilt organisert for vaksne, skal trekkjast ut til ein sentralt gitt skriftleg eksamen og ein lokalt gitt munnleg eksamen ved avslutninga av opplæringa. Til sentralt gitt skriftleg eksamen blir det trekt mellom norsk/samisk, engelsk og matematikk. Til lokalt gitt munnleg eksamen blir det trekt mellom norsk/samisk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE). Deltakaren kan trekkjast ut i same faget til sentral gitt og lokalt gitt eksamen.

Privatistar i grunnskolen må gå opp til sentralt gitt skriftlig eksamen i norsk/samisk, engelsk og matematikk og lokalt gitt munnleg eksamen i norsk/samisk, engelsk og to av følgjande fag: naturfag, samfunnsfag, kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) eller matematikk. Privatistar med samisk som fag kan melde seg til eksamen i dette faget til sentralt gitt skriftleg eksamen og lokalt gitt munnleg eksamen.

I vidaregåande opplæring fastsett læreplanen i det enkelte faget om og eventuelt når i opplæringsløpet det skal vere eksamen i faget. Det er òg fastsett i læreplanen for fag om deltakaren skal opp til eksamen i faget eller kan trekkjast ut, kva slags eksamensform som skal nyttast, og om eksamen skal vere lokalt gitt eller sentralt gitt. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere på kvart årstrinn innanfor utdanningsprogramma eller programområda i vidaregåande opplæring.

Eksamen skal organiserast slik at deltakaren eller privatisten kan få vist kompetansen sin i faget. Eksamenskarakteren skal fastsetjast på individuelt grunnlag og gi uttrykk for kompetansen til deltakaren eller privatisten slik denne kjem fram på eksamen.

Fylkeskommunen har plikt til å informere deltakarar om kva for reglar som gjeld for ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen.

Det er ikkje ny eksamen, utsett eksamen eller særskild eksamen i grunnskolen.

0Endra ved forskrift 29 juli 2015 nr. 925 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-19.Melding av deltakarar til eksamen

Skoleeigaren melder til eksamen alle deltakarar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.

Deltakarar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen, jf. § 4-26 til § 4-28. Meldinga skjer til skoleeigaren.

§ 4-20.Melding av privatistar til eksamen i grunnskolen

Privatistar i grunnskolen har sjølve ansvaret for å melde seg til eksamen til den skolen eller den instansen som kommunen fastset. Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg. Skolen eller den instansen som kommunen peikar ut, avgjer om meldinga kan godkjennast.

Ein privatist kan ikkje melde seg til eksamen i det same faget fleire stader ved same eksamen.

Den som er deltakar i eit fag ved fristen for melding til privatisteksamen, kan ikkje melde seg som privatist i faget til denne eksamenen.

Privatistar må sjølv betale prøveavgifta i samsvar med fastsette satsar.

§ 4-21.Sentralt gitt eksamen

Ved sentralt gitt eksamen fastset Utdanningsdirektoratet korleis eksamenen i det enkelte faget skal organiserast, korleis eksamensoppgåva skal vere, datoen for den enkelte eksamenen, og korleis sensurordningane skal vere.

Kommunen har ansvaret for å trekkje fag og deltakarar til sentralt gitt eksamen i grunnskolen og for den praktiske gjennomføringa av eksamenen.

Fylkeskommunen har ansvaret for å trekkje fag og deltakarar til eksamen og for den praktiske gjennomføringa av eksamenen for deltakarar i vidaregåande opplæring.

Deltakaren skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Utdanningsdirektoratet fastset dato for melding om trekkfag.

Prøvesvara ved sentralt gitt eksamen skal vurderast av to eksterne sensorar. Dersom det er usemje, skal karakteren avgjerast av ein oppmann.

§ 4-21a.Tidspunkt for gjennomføring av sentralt gitt eksamen

Ved sentralt gitt eksamen skal eksamen starte klokka 09.00 norsk tid, og avsluttast etter fem timar om ikkje anna er oppgitt. Dersom deltakaren eller privatisten har vedtak om særskild tilrettelegging av eksamen i form av utvida tid, vil vedtaket vere avgjerande for når eksamen skal avsluttast for vedkommande.

Deltakarar og privatistar som møter opp til eksamen for seint, men før kl. 10.00, skal få gjennomføre eksamen, men dei skal ikkje få kompensert tapt tid. Dei som møter kl. 10.00 eller seinare, får ikkje gjennomføre eksamen.

Det skal som hovudregel ikkje vere høve for deltakarar og privatistar til å forlate eksamenslokalet før kl. 10.00. Unntak må vurderast konkret, der omsynet til ei sikker eksamensgjennomføring og omsynet til helsa til den det gjeld veg tungt.

0Tilføyd ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-22.Lokalt gitt eksamen i grunnskolen

Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Deltakaren skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Eksamen skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Munnleg eksamen for deltakarar skal gjennomførast med førebuingsdel. Kommunen avgjer sjølv om privatistar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal kandidaten få oppgitt eit tema eller ei problemstilling. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Ramma for eksamen på eksamensdagen skal vere munnleg eksamen på inntil 30 minutt per deltakar eller privatist.

Lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Éin av sensorane skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til deltakaren. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidaten høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan kandidaten prøvast i fleire relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein eventuell førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal kandidaten presentere temaet eller problemstillinga som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva kandidaten skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

I særlege tilfelle kan fylkesmannen etter søknad frå kommunen, gi kommunen høve til å arrangere lokalt gitt eksamen for privatistar på andre tider av året enn ordinær eksamen. Kommunen har då ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, den praktiske avviklinga av eksamen og sensuren.

Kommunen har plikt til å arrangere privatisteksamen for vaksne.

0Endra ved forskrifter 26 sep 2013 nr. 1147 (i kraft 1 okt 2013), 19 des 2013 nr. 1635.
§ 4-23.Lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring

Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Deltakaren skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Lokalt gitt munnleg eksamen med førebuingsdel skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Fylkeskommunen kan fastsetje at skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen som er lokalt gitt, skal gjennomførast med førebuingsdel. Ved skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen kan førebuingsdelen vere inntil to dagar og skal normalt ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Munnleg eksamen for deltakarar skal gjennomførast med førebuingsdel. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal deltakeren skal få oppgitt eit tema eller ei problemstilling. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Rammene for eksamenen på eksamensdagen skal vere:

a)skriftleg eksamen - inntil 5 timar
b)munnleg eksamen - inntil 30 minutt per deltakar
c)munnleg-praktisk eksamen - inntil 45 minutt per deltakar
d)praktisk eksamen - inntil 5 timar.

Lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Den eine sensoren skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til deltakaren. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren. Som sensor ved lokalt gitt eksamen i programfag i yrkesfaglege utdanningsprogram kan det også nemnast opp ein fagarbeidar med praksis frå arbeidslivet.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidaten høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan kandidaten prøvast i fleire relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein eventuell førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal kandidaten presentere temaet eller problemstillinga som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva kandidaten skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

0Endra ved forskrifter 26 sep 2013 nr. 1147 (i kraft 1 okt 2013), 19 des 2013 nr. 1635.
§ 4-23a.(Opphevd)
0Tilføyd ved forskrift 14 okt 2013 nr. 1236, opphevd ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-24.Hjelpemiddel til eksamen

Eksamenen kan organiserast med eller utan hjelpemiddel. Utdanningsdirektoratet fastset kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag ved sentralt gitt eksamen.

Ved lokalt gitt eksamen etter § 4-23 femte ledd bokstav a, c og d fastset skoleeigaren kva for hjelpemiddel som skal tillatast. Dei tillatne hjelpemidla må ikkje svekkje grunnlaget for å vurdere kompetansen til deltakaren eller privatisten.

Ved lokalt gitt munnleg eksamen er notata til deltakaren eller privatisten frå førebuingsdelen einaste tillatne hjelpemiddel.

0Endra ved forskrift 26 sep 2013 nr. 1147 (i kraft 1 okt 2013).
§ 4-25.Særskild tilrettelegging av eksamen

Deltakarar og privatistar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i læreplanverket. Tiltaka må vere tilpassa behova til deltakaren og privatisten så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at ein deltakar eller privatist får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at deltakaren eller privatisten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag i læreplanverket. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

Skoleeigar avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for deltakarar. Avgjerda til skoleeigar er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Skoleeigar kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.

Privatistar i grunnskolen må leggje fram ein sakkunnig uttale. Skoleeigar avgjer kva slags ordningar for tilrettelegging som skal nyttast. Avgjerda til skoleeigar er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen.

§ 4-26.Særskild eksamen for deltakarar i vidaregåande opplæring

Ein deltakar som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

§ 4-27.Ny eksamen for deltakarar i vidaregåande opplæring

Ein deltakarar som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Deltakaren beheld standpunktkarakter i faget.

Dersom deltakaren ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

§ 4-28.Utsett eksamen for deltakarar i vidaregåande opplæring

Ein deltakar som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Deltakaren beheld standpunktkarakteren i faget.

Deltakaren må leggje fram dokumentasjon på at han eller ho var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa var uføreseieleg og at han eller ho ikkje kan lastast for hindringa.

Dersom deltakaren ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Dersom ein deltakar har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-29.Bortvising frå eksamen

Deltakarar og privatistar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamen. Dersom åtferda til ein deltakar eller privatist er i strid med denne føresegna, kan deltakaren eller privatisten, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av skoleeigar og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Deltakaren eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg for skoleeigar før skoleeigar eventuelt gjer enkeltvedtak om bortvising.

Dersom ein deltakar i vidaregåande opplæring eller ein privatist får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

§ 4-30.Annullering av eksamen

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Dersom ein deltakar har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamenen annullert.

Deltakarar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 4-34 dersom omsynet til deltakaren tilseier det.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom deltakaren eller privatisten har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar fusk eller forsøk på fusk. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av skoleeigar. Deltakaren eller privatisten har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til fylkesmannen. Deltakaren eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg for skoleeigar før skoleeigar eventuelt gjer enkeltvedtak om annullering.

For deltakarar som får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).