Forskrift til opplæringslova

Kapittel 4 Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne

VI. Dokumentasjon

0Heile kapittel 4 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 4-31.Rett til dokumentasjon

Alle som har fullført grunnopplæringa, har rett til å få opplæringa dokumentert. Godkjend realkompetanse er likeverdig med bestått og skal dokumenterast. Deltakarar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert.

Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast.

Privatistar som har vore oppe til eksamen i grunnskolen, har rett til å få dette dokumentert.

Deltakarar i vidaregåande opplæring som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon.

Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast.

§ 4-32.Forsvarleg system for føring av karakterar

Skoleeigaren skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd.

Halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar og eksamenskarakterar skal førast inn i systemet som skoleeigar bruker. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.

Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at dei er gitt. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av skoleeigar.

Særskilt om retten til dokumentasjon av grunnskoleopplæringa

0Heile kapittel 4 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 4-33.Vitnemål i grunnskolen

Alle deltakarar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa. Vitnemålet til deltakaren skal innehalde standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Kravet til vitnemål er sluttvurdering i faga norsk, engelsk og matematikk og to av faga:

-Matematikk munnleg
-Naturfag
-Samfunnsfag
-Kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Deltakarar som har teiknspråk eller samisk som førstspråk, kan få standpunktkarakterar i dette faget ført på vitnemålet i tillegg eller staden for norsk.

Deltakarar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

Deltakarar i grunnskolen som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette ført på vitnemålet dersom deltakaren ønskjer det.

Kommunen har ansvaret for å skrive ut vitnemål for deltakarar og privatistar i grunnskolen.

0Endra ved forskrift 29 juli 2015 nr. 925 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-33a.Kompetansebevis i grunnskolen

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for grunnskoleopplæring etter opplæringslova kapittel 4A i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde, og godkjend realkompetanse. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der deltakaren berre har fått opplæring i delar av eit fag.

Dersom deltakaren ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast, men ønskjer å få dokumentert sin kompetanse i faget skal den siste halvårsvurderinga med karakter som deltakaren har fått førast på kompetansebeviset. Det skal då førast ein merknad om at karakteren er halvårsvurdering med karakter.

På kompetansebeviset skal berre kompetansen den vaksne har fått godkjent gjennom realkompetansevurderinga førast. Det den vaksne eventuelt ikkje får godkjend i ei realkompetansevurdering, skal ikkje førast på kompetansebeviset. Kompetansebeviset skal førast på fagnivå. Dersom den vaksne har fått godkjend berre delar av eit fag, skal det førast merknad om dette. Kva for kompetansemål som er godkjende, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.

Kommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for deltakarar. Etter at kommunen har realkompetansevurdert ein vaksen, skal det skrivast ut kompetansebevis.

0Tilføyd ved forskrift 30 juni 2012 nr. 735 (i kraft 6 aug 2012).

Særskilt om retten til dokumentasjon av vidaregåande opplæring

0Heile kapittel 4 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 4-34.Vitnemål i vidaregåande opplæring

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp som gir studie- eller yrkeskompetanse. Deltakarar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For å få vitnemål, må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 4-14 til § 4-16, § 4-35 og § 23-1.

Vitnemål for deltakarar skal skrivast ut av fylkeskommunen der deltakaren fullfører og består opplæringa. Nytt vitnemål skal skrivast ut av den skoleeigaren som skreiv ut det opphavlege vitnemålet.

§ 4-35.Unntak for deltakarar frå vilkåra for å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram

Deltakarar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har følgt opplæringa, men ikkje bestått i inntil to av fellesfaga som inngår i fag- og timefordelinga for opplæringa, kan likevel i særskilde tilfelle få utferda vitnemål som gir yrkeskompetanse, men ikkje vitnemål som gir generell studiekompetanse. Samtykke til slikt unntak kan bli gitt etter søknad når deltakaren:

a)har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i grunnskolen
b)har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i den vidaregåande skolen
c)har spesifikke lærevanskar, t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar. Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakteren er sett eller eksamenen har vore gjennomført.

I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.

Før søknader om unntak kan bli behandla, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før søknader om unntak etter første ledd bokstav c bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for å få utarbeidd slik vurdering.

Skoleeigaren avgjer søknad om unntak i samsvar med vilkåra. Deltakaren kan ikkje få førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.

§ 4-36.Kompetansebevis

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte. Godkjend realkompetanse skal førast på kompetansebeviset.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde, og godkjend realkompetanse. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der deltakaren berre har fått opplæring i delar av eit fag.

I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå, jf. læreplanverket, skal halvårsvurderinga med karakter som deltakaren får ved avslutning av opplæringsåret, førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom deltakaren ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurdering med karakter.

Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for deltakarar. Etter at fylkeskommunen har realkompetansevurdert ein vaksen, skal det skrivast ut kompetansebevis.

§ 4-37.Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis

For deltakarar skal berre standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket når standpunktkarakterar skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast på vitnemålet. Dersom heile faget er godkjend gjennom realkompetansevurderinga, er dette likeverdig med bestått i faget.

I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.

For deltakarar som får fritak frå vurdering, jf. § 4-15, men ikkje fritak frå opplæring i skriftleg sidemål, skal det for skriftleg sidemål stå «Delteke» på vitnemålet eller kompetansebeviset, ikkje talkarakter. For privatistar skal det stå «Friteken».

Det er mogleg å få ført på karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- og yrkeskompetanse.

For deltakarar som har fått sluttvurdering i eit fag som elev eller deltakar meir enn éin gong, jf. § 4-11a andre ledd, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

På kompetansebeviset skal berre kompetansen den vaksne har fått godkjend gjennom realkompetansevurderinga førast. Det den vaksne eventuelt ikkje får godkjend i ei realkompetansevurdering, skal ikkje førast på kompetansebeviset. Kompetansebeviset skal førast på fagnivå, dersom den vaksne har fått godkjend berre delar av eit fag, skal det førast merknad om dette. Kva for kompetansemål som er godkjende, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).