Forskrift til opplæringslova

Kapittel 4 Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne

VI. Dokumentasjon

Særskilt om retten til dokumentasjon av grunnskoleopplæringa

0Heile kapittel 4 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 4-33.Vitnemål i grunnskolen

Alle deltakarar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa. Vitnemålet til deltakaren skal innehalde standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Kravet til vitnemål er sluttvurdering i faga norsk, engelsk og matematikk og to av faga:

-Matematikk munnleg
-Naturfag
-Samfunnsfag
-Kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Deltakarar som har teiknspråk eller samisk som førstspråk, kan få standpunktkarakterar i dette faget ført på vitnemålet i tillegg eller staden for norsk.

Deltakarar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

Deltakarar i grunnskolen som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette ført på vitnemålet dersom deltakaren ønskjer det.

Kommunen har ansvaret for å skrive ut vitnemål for deltakarar og privatistar i grunnskolen.

0Endra ved forskrift 29 juli 2015 nr. 925 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-33a.Kompetansebevis i grunnskolen

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for grunnskoleopplæring etter opplæringslova kapittel 4A i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde, og godkjend realkompetanse. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der deltakaren berre har fått opplæring i delar av eit fag.

Dersom deltakaren ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast, men ønskjer å få dokumentert sin kompetanse i faget skal den siste halvårsvurderinga med karakter som deltakaren har fått førast på kompetansebeviset. Det skal då førast ein merknad om at karakteren er halvårsvurdering med karakter.

På kompetansebeviset skal berre kompetansen den vaksne har fått godkjent gjennom realkompetansevurderinga førast. Det den vaksne eventuelt ikkje får godkjend i ei realkompetansevurdering, skal ikkje førast på kompetansebeviset. Kompetansebeviset skal førast på fagnivå. Dersom den vaksne har fått godkjend berre delar av eit fag, skal det førast merknad om dette. Kva for kompetansemål som er godkjende, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.

Kommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for deltakarar. Etter at kommunen har realkompetansevurdert ein vaksen, skal det skrivast ut kompetansebevis.

0Tilføyd ved forskrift 30 juni 2012 nr. 735 (i kraft 6 aug 2012).