Forskrift til opplæringslova

Kapittel 4 Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne

VI. Dokumentasjon

Særskilt om retten til dokumentasjon av vidaregåande opplæring

0Heile kapittel 4 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
§ 4-34.Vitnemål i vidaregåande opplæring

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp som gir studie- eller yrkeskompetanse. Deltakarar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For å få vitnemål, må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 4-14 til § 4-16, § 4-35 og § 23-1.

Vitnemål for deltakarar skal skrivast ut av fylkeskommunen der deltakaren fullfører og består opplæringa. Nytt vitnemål skal skrivast ut av den skoleeigaren som skreiv ut det opphavlege vitnemålet.

§ 4-35.Unntak for deltakarar frå vilkåra for å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram

Deltakarar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har følgt opplæringa, men ikkje bestått i inntil to av fellesfaga som inngår i fag- og timefordelinga for opplæringa, kan likevel i særskilde tilfelle få utferda vitnemål som gir yrkeskompetanse, men ikkje vitnemål som gir generell studiekompetanse. Samtykke til slikt unntak kan bli gitt etter søknad når deltakaren:

a)har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i grunnskolen
b)har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i den vidaregåande skolen
c)har spesifikke lærevanskar, t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar. Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakteren er sett eller eksamenen har vore gjennomført.

I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.

Før søknader om unntak kan bli behandla, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før søknader om unntak etter første ledd bokstav c bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for å få utarbeidd slik vurdering.

Skoleeigaren avgjer søknad om unntak i samsvar med vilkåra. Deltakaren kan ikkje få førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.

§ 4-36.Kompetansebevis

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte. Godkjend realkompetanse skal førast på kompetansebeviset.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde, og godkjend realkompetanse. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der deltakaren berre har fått opplæring i delar av eit fag.

I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå, jf. læreplanverket, skal halvårsvurderinga med karakter som deltakaren får ved avslutning av opplæringsåret, førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom deltakaren ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurdering med karakter.

Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for deltakarar. Etter at fylkeskommunen har realkompetansevurdert ein vaksen, skal det skrivast ut kompetansebevis.

§ 4-37.Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis

For deltakarar skal berre standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket når standpunktkarakterar skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast på vitnemålet. Dersom heile faget er godkjend gjennom realkompetansevurderinga, er dette likeverdig med bestått i faget.

I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.

For deltakarar som får fritak frå vurdering, jf. § 4-15, men ikkje fritak frå opplæring i skriftleg sidemål, skal det for skriftleg sidemål stå «Delteke» på vitnemålet eller kompetansebeviset, ikkje talkarakter. For privatistar skal det stå «Friteken».

Det er mogleg å få ført på karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- og yrkeskompetanse.

For deltakarar som har fått sluttvurdering i eit fag som elev eller deltakar meir enn éin gong, jf. § 4-11a andre ledd, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

På kompetansebeviset skal berre kompetansen den vaksne har fått godkjend gjennom realkompetansevurderinga førast. Det den vaksne eventuelt ikkje får godkjend i ei realkompetansevurdering, skal ikkje førast på kompetansebeviset. Kompetansebeviset skal førast på fagnivå, dersom den vaksne har fått godkjend berre delar av eit fag, skal det førast merknad om dette. Kva for kompetansemål som er godkjende, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).