Forskrift til opplæringslova

Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring

I. Felles føresegner

§ 6-1.Verkeområde

Dette kapitlet gjeld inntak til all offentleg vidaregåande opplæring. Formidling av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar er regulert i kapittel 6A.

Søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring er ungdom med rett etter opplæringslova § 3-1 og vaksne med rett etter opplæringslova § 4A-3. Vaksne utan rett etter opplæringslova kapittel 4A kan også søkje om inntak etter kapitlet her.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 6-2.Lokal forskrift om inntak

Fylkeskommunen skal fastsetje lokal forskrift om inntak. Den lokale forskrifta skal innehalde reglar om korleis inntaket vil bli gjennomført, mellom anna inntaksområde, kva for utdanningsprogram eller programområde det er fastsett særskilde inntakskrav for, og korleis inntaket elles skal gjennomførast. Forskrifta kan også innehalde utfyllande føresegnar om formidling.

Den lokale forskrifta skal innehalde reglar om inntak til landslinjer og dei statlege vidaregåande skolane, jf. § 6-12 og § 6-44.

Vilkår for inntak og bruk av retten til vidaregåande opplæring

§ 6-3.Bruk av retten til vidaregåande opplæring

Søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 bruker ikkje av retten dersom opplæringa utgjer 1/3 eller mindre av timetalet frå eit utdanningsprogram eller eit programområde.

Dersom fylkeskommunen er i tvil om ein søkjar har brukt opp retten til vidaregåande opplæring, må fylkeskommunen etter søknad vurdere konkret og etter skjønn kor mykje vidaregåande opplæring søkjaren har fått tidlegare.

0Endra ved forskrift 19 des 2016 nr. 1675 (i kraft 1 jan 2017, tidlegare § 6-4).
§ 6-4.Gjesteelevar

Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 har rett til å søkje om opplæring i ein annan fylkeskommune som gjesteelev, jf. opplæringslova § 13-3 første ledd. Søkjaren må søkje om inntak til kvart opplæringsår. Søknaden sendes til vertsfylkeskommunen.

Fylkeskommunen skal ta inn gjesteeleven til tilbodet som det er søkt på dersom det er ledig kapasitet. Dersom det ikkje er ledig kapasitet, gjer vertsfylkeskommunen vedtak om avslag.

Ved inntak skal prioriteringsrekkjefølgja vere slik:

1.Søkjarar busette i fylket i samsvar med § 6-14 og § 6-29
2.Prioriterte gjesteelevar
3.Gjesteelevar som konkurrerer etter poeng.

Fylkeskommunen kan la gjesteelevar konkurrere på lik linje med søkjarar busette i fylket dersom retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 oppfyllast for søkjarar busette i fylket.

For å bli teken inn som prioritert gjesteelev til eit tilbod må søkjaren kunne dokumentere at det ligg føre særlege pedagogiske eller sosiale grunnar for å gå på skole i eit anna fylke. Søkjaren må leggje fram relevant dokumentasjon. Vertsfylkeskommunen behandlar søknaden og avgjer om det ligg føre særlege grunnar.

Elevar som har rett til opplæring i samisk, skal bli tekne inn som prioriterte gjesteelevar dersom dei har i behov for å gå på skole i eit anna fylke for å få opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag. Eleven må kunne dokumentere at han eller ho har rett til opplæring i samisk etter opplæringslova § 6-3.

Vertsfylkeskommunen er klageinstans for klage om inntak av gjesteelevar etter denne føresegna. Ein klage kan gjelde alle sider av saka.

Fylkeskommunen kan i lokal forskrift regulere inntak av gjesteelevar nærare.

0Tilføyd ved forskrift 19 des 2016 nr. 1675 (i kraft 1 jan 2017).
§ 6-5.Fulltidselev og deltidselev

Fulltidselev er ein elev som er teken inn til eit fullstendig utdanningsprogram på Vg1 eller eit fullstendig programområde på Vg2 eller Vg3.

Deltidselev er ein elev som er teken inn til mindre opplæring enn det som er fastsett som full tid i det aktuelle utdanningsprogrammet på Vg1 eller programområdet på Vg2 eller Vg3 etter læreplanverket. Deltidselevar kan vere tekne inn til eit eller fleire fag.

Fylkeskommunen avgjer om søknaden frå ein fulltidselev om å bli deltidselev skal innvilgast. Søknaden frå ein elev som er teken inn som fulltidselev, om å bli deltidselev etter at vedtak om inntak er gjort, kan berre bli innvilga når det ligg føre tungtvegande grunnar.

Deltidselevar blir tekne inn til vidaregåande opplæring etter fulltidselevar. Deltidselevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 blir tekne inn før eventuelle deltidselevar utan rett til vidaregåande opplæring blir tekne inn.

Ein søkjar som får innvilga omval etter opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, skal som hovudregel takast inn som fulltidselev.

§ 6-6.Utvekslingselevar

Utvekslingselev er norsk ungdom som tek utdanning i utlandet på nivå med norsk vidaregåande opplæring, og utanlandsk ungdom som tek vidaregåande opplæring i Noreg, som ledd i elevutveksling.

Fylkeskommunen skal reservere tilstrekkeleg mange plassar for utvekslingselevar frå andre land. Fylkeskommunen kan òg reservere plassar for norske elevar som tek imot plass som utvekslingselev i eit anna land med avvikande skoleår.

Elevar som har teke Vg1 eller Vg2 i utlandet, og som søkjer om inntak til vidaregåande opplæring på neste trinn, blir tekne inn til Vg2 eller Vg3 etter § 6-36 til § 6-40.

Søknad og klage

§ 6-7.Informasjonsplikt

Fylkeskommunen skal sørgje for nødvendig informasjon til grunnskolane og dei vidaregåande skolane i fylket om dei reglane som skal nyttast ved inntak til vidaregåande opplæring.

Skolane må sikre at elevane og deltakarane får nødvendig informasjon om inntak til vidaregåande opplæring.

§ 6-8.Søknadsfrist

Søknadsfristen for inntak til vidaregåande opplæring er 1. februar for søkjarar som

a)har enkeltvedtak om spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, og som søkjer om fortrinnsrett ved inntak etter § 6-15 til § 6-19 og § 6-30 til § 6-32, eller om individuell behandling etter § 6-22 og § 6-35
b)har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 eller § 3-12
c)er nyleg komne til Noreg
d)har rett til teiknspråkopplæring etter opplæringslova § 3-9
e)søkjer om individuell behandling etter § 6-25 og § 6-38.

Fristen for søknad for andre med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 er 1. mars.

Når ein frist går ut på ein laurdag eller søndag, må søknaden vere send den nærmast etterfølgjande yrkesdagen.

For seint innkomne søknader skal det takast omsyn til så langt råd er, eventuelt behandle dei som ein søknad om inntak det etterfølgjande skoleåret. Søkjarane skal få melding om at søknaden kom for seint, og om konsekvensane av det. Den lokale forskrifta skal regulere behandlinga av søknader som kjem inn etter søknadsfristen. Fylkeskommunen må sikre at det ikkje skjer usakleg forskjellsbehandling.

Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker på førehand. Kunngjeringa skal nemne dei opplysningane og dokumenta som skal følgje søknaden, og korleis søknaden skal sendast.

Inntak i samarbeid med oppfølgingstenesta kan skje uavhengig av fristane som er nemnde ovanfor.

§ 6-9.Krav til søknaden

Fylkeskommunen fastset søknadsskjema som søkjarar må nytte.

Alle søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 må føre opp tre alternative utdanningsprogram på Vg1 i prioritert rekkjefølgje.

Søkjarar til Vg2 og Vg3 fører opp eit eller fleire programområde i prioritert rekkjefølgje som dei er kvalifiserte til på grunnlag av det utdanningsprogrammet på Vg1 eller det programområdet på Vg2 som dei har gjennomført.

Søkjarar skal som hovudregel sende søknaden til fylkeskommunen i det fylket han eller ho er folkeregistert på tidspunktet for søknaden. Dette gjeld òg for han eller ho som søkjer om inntak til ein knutepunktskole i eit anna fylket.

Søkjarar som planlegg å flytte og kan dokumentere dette, sender søknaden til tilflyttingsfylket.

§ 6-10.Klage på vedtak om inntak

Avgjerda om inntak til vidaregåande opplæring er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Søkjarar kan klage på enkeltvedtaket i samsvar med føresegnene i opplæringslova § 15-2 og forvaltningslova kapittel VI. Søkjarar kan ikkje klage på skoleplasseringa.

Inntak til einskilde utdanningsprogram og landslinjer.

§ 6-11.Særlege reglar om inntak til einskilde utdanningsprogram mv.

For inntak til utdanningsprogram for musikk, dans, drama og utdanningsprogram for idrettsfag i Vg1 kan fylkeskommunen fastsetje særlege reglar i den lokale forskrifta om inntak. Fylkeskommunane kan fastsetje at inntil 50 prosent av plassane i desse utdanningsprogramma kan tildelast på grunnlag av dokumentasjon av ferdigheit eller eventuell inntaksprøve, i tillegg til poeng rekna ut på grunnlag av karakterar.

For inntak til utdanningsløp som leier fram til praksisbrevprøve, kan fylkeskommunen fastsetje i den lokale forskrifta om inntak at plassane skal fordelast etter poeng og intervju.

For inntak til særskilde yrkesfaglege utdanningsløp som leier fram til yrkes- og studiekompetanse, kan fylkeskommunen fastsetje i den lokale forskrifta om inntak at plassane skal fordelast etter poeng og intervju.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 6-12.Inntak til landslinjer

Landslinjer er dei utdanningsprogramma på Vg1 eller programområda på Vg2 eller Vg3 som til ei kvar tid er godkjende av departementet som landslinjer. Ved inntak til godkjende landslinjer stiller søkjarar frå heile landet likt i konkurransen om plassar.