Forskrift til opplæringslova

Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring

I. Felles føresegner

Vilkår for inntak og bruk av retten til vidaregåande opplæring

§ 6-3.Bruk av retten til vidaregåande opplæring

Søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 bruker ikkje av retten dersom opplæringa utgjer 1/3 eller mindre av timetalet frå eit utdanningsprogram eller eit programområde.

Dersom fylkeskommunen er i tvil om ein søkjar har brukt opp retten til vidaregåande opplæring, må fylkeskommunen etter søknad vurdere konkret og etter skjønn kor mykje vidaregåande opplæring søkjaren har fått tidlegare.

0Endra ved forskrift 19 des 2016 nr. 1675 (i kraft 1 jan 2017, tidlegare § 6-4).
§ 6-4.Gjesteelevar

Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 har rett til å søkje om opplæring i ein annan fylkeskommune som gjesteelev, jf. opplæringslova § 13-3 første ledd. Søkjaren må søkje om inntak til kvart opplæringsår. Søknaden sendes til vertsfylkeskommunen.

Fylkeskommunen skal ta inn gjesteeleven til tilbodet som det er søkt på dersom det er ledig kapasitet. Dersom det ikkje er ledig kapasitet, gjer vertsfylkeskommunen vedtak om avslag.

Ved inntak skal prioriteringsrekkjefølgja vere slik:

1.Søkjarar busette i fylket i samsvar med § 6-14 og § 6-29
2.Prioriterte gjesteelevar
3.Gjesteelevar som konkurrerer etter poeng.

Fylkeskommunen kan la gjesteelevar konkurrere på lik linje med søkjarar busette i fylket dersom retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 oppfyllast for søkjarar busette i fylket.

For å bli teken inn som prioritert gjesteelev til eit tilbod må søkjaren kunne dokumentere at det ligg føre særlege pedagogiske eller sosiale grunnar for å gå på skole i eit anna fylke. Søkjaren må leggje fram relevant dokumentasjon. Vertsfylkeskommunen behandlar søknaden og avgjer om det ligg føre særlege grunnar.

Elevar som har rett til opplæring i samisk, skal bli tekne inn som prioriterte gjesteelevar dersom dei har i behov for å gå på skole i eit anna fylke for å få opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag. Eleven må kunne dokumentere at han eller ho har rett til opplæring i samisk etter opplæringslova § 6-3.

Vertsfylkeskommunen er klageinstans for klage om inntak av gjesteelevar etter denne føresegna. Ein klage kan gjelde alle sider av saka.

Fylkeskommunen kan i lokal forskrift regulere inntak av gjesteelevar nærare.

0Tilføyd ved forskrift 19 des 2016 nr. 1675 (i kraft 1 jan 2017).
§ 6-5.Fulltidselev og deltidselev

Fulltidselev er ein elev som er teken inn til eit fullstendig utdanningsprogram på Vg1 eller eit fullstendig programområde på Vg2 eller Vg3.

Deltidselev er ein elev som er teken inn til mindre opplæring enn det som er fastsett som full tid i det aktuelle utdanningsprogrammet på Vg1 eller programområdet på Vg2 eller Vg3 etter læreplanverket. Deltidselevar kan vere tekne inn til eit eller fleire fag.

Fylkeskommunen avgjer om søknaden frå ein fulltidselev om å bli deltidselev skal innvilgast. Søknaden frå ein elev som er teken inn som fulltidselev, om å bli deltidselev etter at vedtak om inntak er gjort, kan berre bli innvilga når det ligg føre tungtvegande grunnar.

Deltidselevar blir tekne inn til vidaregåande opplæring etter fulltidselevar. Deltidselevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 blir tekne inn før eventuelle deltidselevar utan rett til vidaregåande opplæring blir tekne inn.

Ein søkjar som får innvilga omval etter opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, skal som hovudregel takast inn som fulltidselev.

§ 6-6.Utvekslingselevar

Utvekslingselev er norsk ungdom som tek utdanning i utlandet på nivå med norsk vidaregåande opplæring, og utanlandsk ungdom som tek vidaregåande opplæring i Noreg, som ledd i elevutveksling.

Fylkeskommunen skal reservere tilstrekkeleg mange plassar for utvekslingselevar frå andre land. Fylkeskommunen kan òg reservere plassar for norske elevar som tek imot plass som utvekslingselev i eit anna land med avvikande skoleår.

Elevar som har teke Vg1 eller Vg2 i utlandet, og som søkjer om inntak til vidaregåande opplæring på neste trinn, blir tekne inn til Vg2 eller Vg3 etter § 6-36 til § 6-40.