Forskrift til opplæringslova

Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring

I. Felles føresegner

Søknad og klage

§ 6-7.Informasjonsplikt

Fylkeskommunen skal sørgje for nødvendig informasjon til grunnskolane og dei vidaregåande skolane i fylket om dei reglane som skal nyttast ved inntak til vidaregåande opplæring.

Skolane må sikre at elevane og deltakarane får nødvendig informasjon om inntak til vidaregåande opplæring.

§ 6-8.Søknadsfrist

Søknadsfristen for inntak til vidaregåande opplæring er 1. februar for søkjarar som

a)har enkeltvedtak om spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, og som søkjer om fortrinnsrett ved inntak etter § 6-15 til § 6-19 og § 6-30 til § 6-32, eller om individuell behandling etter § 6-22 og § 6-35
b)har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 eller § 3-12
c)er nyleg komne til Noreg
d)har rett til teiknspråkopplæring etter opplæringslova § 3-9
e)søkjer om individuell behandling etter § 6-25 og § 6-38.

Fristen for søknad for andre med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 er 1. mars.

Når ein frist går ut på ein laurdag eller søndag, må søknaden vere send den nærmast etterfølgjande yrkesdagen.

For seint innkomne søknader skal det takast omsyn til så langt råd er, eventuelt behandle dei som ein søknad om inntak det etterfølgjande skoleåret. Søkjarane skal få melding om at søknaden kom for seint, og om konsekvensane av det. Den lokale forskrifta skal regulere behandlinga av søknader som kjem inn etter søknadsfristen. Fylkeskommunen må sikre at det ikkje skjer usakleg forskjellsbehandling.

Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker på førehand. Kunngjeringa skal nemne dei opplysningane og dokumenta som skal følgje søknaden, og korleis søknaden skal sendast.

Inntak i samarbeid med oppfølgingstenesta kan skje uavhengig av fristane som er nemnde ovanfor.

§ 6-9.Krav til søknaden

Fylkeskommunen fastset søknadsskjema som søkjarar må nytte.

Alle søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 må føre opp tre alternative utdanningsprogram på Vg1 i prioritert rekkjefølgje.

Søkjarar til Vg2 og Vg3 fører opp eit eller fleire programområde i prioritert rekkjefølgje som dei er kvalifiserte til på grunnlag av det utdanningsprogrammet på Vg1 eller det programområdet på Vg2 som dei har gjennomført.

Søkjarar skal som hovudregel sende søknaden til fylkeskommunen i det fylket han eller ho er folkeregistert på tidspunktet for søknaden. Dette gjeld òg for han eller ho som søkjer om inntak til ein knutepunktskole i eit anna fylket.

Søkjarar som planlegg å flytte og kan dokumentere dette, sender søknaden til tilflyttingsfylket.

§ 6-10.Klage på vedtak om inntak

Avgjerda om inntak til vidaregåande opplæring er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Søkjarar kan klage på enkeltvedtaket i samsvar med føresegnene i opplæringslova § 15-2 og forvaltningslova kapittel VI. Søkjarar kan ikkje klage på skoleplasseringa.