Forskrift til opplæringslova

Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring

II. Inntak til Vg1

§ 6-13.Vilkår for inntak til Vg1

Vilkår for inntak til vidaregåande opplæring til utdanningsprogram på Vg1 er at søkjaren har fullført norsk grunnskoleopplæring eller tilsvarande. Dette kan dokumenterast ved vitnemål for fullført norsk grunnskole eller stadfesting av at søkjaren fyller eitt av desse vilkåra:

a)Er skriven ut av grunnskolen etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd.
b)Har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år.
c)Har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1 og denne forskrifta § 4-33.

Søkjarar som hevdar at dei har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet etter bokstav b, må sjølve dokumentere dette eller grunngi at det er sannsynleg at han eller ho oppfyller vilkåret. Om fylkeskommunen finn at vilkåret ikkje er oppfylt, skal saka sendast til kommunen som avklarar om søkjaren har tilsvarande realkompetanse etter bokstav c.

Kommunen har ansvaret for å vurdere om søkjaren har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring etter bokstav c. Kommunen gjennomfører ei vurdering av realkompetansen til søkjaren og gjer eit enkeltvedtak der det går fram om søkjaren oppfyller vilkåret i bokstav c etter krava i § 4-33, jf. opplæringslova § 4A-1, eller om søkjaren treng meir grunnskoleopplæring. Når fylkeskommunen har ansvar for grunnskoleopplæringa er ansvaret for gjennomføring av realkompetansevurdering av søkjaren tilsvarande lagt til fylkeskommunen.

§ 6-14.Rekkjefølgje ved inntak til Vg1

Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 har rett til inntak til eit av tre valde utdanningsprogram på Vg1. Ved inntak skal fylkeskommunen ta inn søkjarane til vidaregåande opplæring etter rekkefølgja i denne føresegna.

Fylkeskommunen skal først ta inn søkjarar som oppfyller vilkåra for inntak etter fortrinnsrett etter kapitlet her. Innhaldet i fortrinnsretten er regulert i føresegnene nedanfor. Søkjarar med fortrinnsrett skal takast inn etter denne rekkjefølgja. Søkjarar som har

a)rett til eit særskild utdanningsprogram, jf. § 6-15 og § 6-16
b)rett til spesialundervisning, og som har sterkt nedsett funksjonsevne og behov for omfattande tilrettelegging, jf. § 6-17
c)rett til opplæring i og på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9, og som ønskjer opplæring med tolk på ein ordinær vidaregåande skole, jf. § 6-18
d)vedtak om utvida tid på Vg1, jf. § 6-19.

Etter at søkjarar med fortrinnsrett er tekne inn, skal søkjarar som konkurrerer etter poeng, jf. § 6-20 og § 6-21, takast inn. Fylkeskommunen må i tillegg sikre at andre søkjarar med rett til vidaregåande opplæring blir tekne inn, og at deira rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 blir oppfylt. For å sikre dette må fylkeskommunen behandle individuelt dei søkjarane som

a)har rett til spesialundervising, og som manglar vurdering med karakter i halvparten av faga, jf. § 6-22
b)har hatt rett til særskild språkopplæring i grunnskolen etter opplæringslova § 2-8, og som manglar vurdering med karakter i minst halvparten av faga, jf. § 6-23
c)har vitnemål med ikkje samanliknbart tal- eller bokstavgrunnlag, eller som har realkompetansevurdering i meir enn halvparten av grunnskolefaga, jf. § 6-24
d)av særlege grunnar må behandlast individuelt, jf. § 6-25
e)manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga, jf. § 6-26
f)ønskjer å vere deltidselev, jf. § 6-27.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring skal normalt takast inn til eit tilbod som er organisert særskilt for dei, jf. opplæringslova § 4A-3 og denne forskrifta § 6-45 til § 6-47. Vaksne kan søkje om inntak til eit tilbod etter opplæringslova § 3-1, men skal da takast inn etter ungdom, jf. § 6-49.

Inntak til Vg1 for søkjarar med fortrinnsrett

§ 6-15.Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram

Søkjarar som har rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, har rett til inntak til eit særskilt utdanningsprogram på Vg1 når vilkåra her er oppfylte. Desse søkjarane skal ha fortrinn ved fordeling av plassar.

For å ha eit fortrinn etter føresegna her må søkjaren ha rett til spesialundervisning og ha eit særleg behov for inntak til eit bestemt utdanningsprogram. Søkjaren må ha eit omfattande behov for spesialundervisning på grunn av vanskane som ligg til grunn for søknaden. I vurderinga av om søkjaren har eit særleg behov for inntak til eit særskilt utdanningsprogram, må det godtgjerast at vanskane til søkjaren gjer at val av utdanningsprogram har svært mykje å seie for moglegheita søkjaren har til å fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse. Om søkjaren sannsynlegvis kan fullføre tre utdanningsprogram, har han eller ho ikkje eit særleg behov for inntak etter føresegna her.

Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6. Det må liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som tilrår eit bestemt utdanningsprogram, jf. § 6-16.

Kommunen må etter samtykke frå søkjaren innan 1. oktober melde søkjaren til fylkeskommunen for ei sakkunnig vurdering etter § 6-16 frå den pedagogisk-psykologiske tenesta til fylkeskommunen. Kommunen må i meldinga leggje ved siste enkeltvedtak om spesialundervisning med sakkunnig vurdering og gjere greie for

a)vanskane som ligg til grunn for enkeltvedtaket om spesialundervisning, og kvifor dei meiner søkjaren oppfyller vilkåra for inntak til eit særskilt utdanningsprogram
b)tidlegare tiltak
c)kva vanskane vil ha å seie for vidaregåande opplæring.

Søkjaren må ha valt utdanningsprogram på grunnlag av og i samsvar med den sakkunnige vurderinga. Om søkjaren ikkje har valt i samsvar med den sakkunnige vurderinga, skal han eller ho ikkje takast inn etter føresegna her.

Fylkeskommunen gjer vedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram. Fylkeskommunen kan avvike frå den sakkunnige vurderinga, men vedtaket må da grunngivast særleg.

§ 6-16.Krav til den sakkunnige vurderinga

Før fylkeskommunen gjer vedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram etter § 6-15, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til søkjaren. Den sakkunnige vurderinga skal gjere greie for og ta standpunkt til følgjande:

a)Vanskane som ligg til grunn for søknaden, tidlegare tiltak og kva vanskane vil ha å seie for opplæringa i vidaregåande opplæring, jf. § 6-15 andre ledd.
b)Om søkjaren har eit særleg behov for å bli teken inn på eit særskilt utdanningsprogram som ikkje kan sikrast ved at søkjaren blir teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram.
c)Om det er sannsynleg at søkjaren ut frå sine føresetnader har større moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse, dersom han eller ho blir teken inn til det særskilde utdanningsprogrammet enn til andre utdanningsprogram.
d)Om og eventuelt i kva grad søkjaren har føresetnader og moglegheit for å fullføre andre utdanningsprogram enn det utdanningsprogrammet som han eller ho har ført opp som sitt primære val med yrkes- eller studiekompetanse.
e)Det behovet søkjaren har for særskild tilrettelegging i vidaregåande opplæring dersom han eller ho blir teken inn til det særskilde utdanningsprogrammet, samanlikna med andre utdanningsprogram.
§ 6-17.Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Søkjarar med rett til spesialundervisning og som har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan søkje om inntak til Vg1 etter føresegna her. Søkjaren må på grunn av den nedsette funksjonsevna ha eit særleg behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt tilrettelagd, og det må liggje føre dokumentasjon som underbyggjer det særlege behovet til søkjaren.

Søkjaren har rett til eit av tre valde utdanningsprogram. Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at søkjaren bør takast inn til ein bestemt skole. Søkjaren har ikkje rett til inntak til ein bestemt skole.

Om søkjaren har særleg behov for inntak til eit særskilt utdanningsprogram, skal søknaden behandlast etter § 6-15 og § 6-16 og ikkje etter føresegna her.

Kommunen skal innan 1. oktober kvart år, på bakgrunn av samtykke frå søkjaren, melde frå til fylkeskommunen om elevar på 10. årstrinn som har sterkt nedsett funksjonsevne, og som fullfører grunnskolen det aktuelle skoleåret.

§ 6-18.Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9

Søkjarar som har rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9, kan søkje om inntak til Vg1 med bruk av tolk i ein ordinær vidaregåande skole. Søkjaren kan òg søkje om inntak til ein knutepunktskole etter § 6-40 til § 6-43. Søkjaren må i søknaden opplyse om han eller ho prioriterer høgast inntak etter føresegna her eller inntak til ein knutepunktskole.

I samband med søknad om fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9 og opplæring med tolk i ein ordinær vidaregåande skole, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering som mellom anna skal greie ut og ta standpunkt til

a)det behovet søkjaren har for å få opplæring i og på teiknspråk
b)om behovet til søkjaren blir sikra best gjennom opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller gjennom opplæring på ein ordinær skole med tolk
c)om søkjaren har tilleggsvanskar utover høyrselshemminga, slik at det kan vere behov for spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1.

Den sakkunnige vurderinga skal ikkje ta stilling til sjølve språkvalet til eleven. Det er eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet som er avgjerande her. Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6.

Fylkeskommunen kan plassere eleven på ein skole som er tilrettelagd etter behova til eleven. Eleven har rett til inntak til eit av tre valde utdanningsprogram.

§ 6-19.Fortrinnsrett for søkjarar med vedtak om utvida tid

Elevar som har enkeltvedtak om utvida tid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, og som treng fleire år på Vg1, skal takast inn til Vg1 på same utdanningsprogram etter ei individuell vurdering. Søkjaren skal takast inn før inntaket etter poeng.

Inntak etter poeng og individuell behandling

§ 6-20.Rangering av søkjarar

Dersom det til eit utdanningsprogram på Vg1 melder seg fleire søkjarar enn talet på elevplassar som fylkeskommunen tilbyr denne gruppa, skal elevplassane fordelast etter poengsum utrekna på grunnlag av § 6-21. Søkjarar med høgare poengsum blir tekne inn framfor søkjarar med lågare poengsum.

Når fleire søkjarar står likt i konkurransen om den eller dei siste plassane, blir rekkjefølgja mellom dei avgjord ved loddtrekning.

§ 6-21.Utrekning av poeng

Ved utrekning av poengsum skal alle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i faga leggjast til grunn.

Ved omrekning til poeng i dei faga som skal leggjast til grunn, følgjer ein denne framgangsmåten:

a)Kvar av talkarakterane frå grunnskolen får tilsvarande poengverdi og skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterar blir eit utrekna gjennomsnitt (med to desimalar) multiplisert med 10.
b)I valfag skal det reknast ut eit gjennomsnitt av dei standpunktkarakterane eleven har fått på ungdomstrinnet. Gjennomsnittskarakteren skal førast med to desimalar.
c)I fag der det er fastsett i læreplanen for faget at sluttvurderingsuttrykket er «delteke» eller «bestått» eller at læreplanen ikkje inneheld vurderingsuttrykk, skal ikkje faget reknast med i poenga til søkjaren.
d)Dersom eleven er friteken frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller er friteken frå vurdering med karakter etter § 3-20 til § 3-24, skal sluttvurderinga som søkjaren er friteken frå, ikkje reknast med i poenga til søkjaren.
e)For søkjarar som har «Ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) eller «Ikkje møtt til eksamen» (IM) som sluttvurdering i fag eller eksamen, skal dette vere med i utrekninga som nullverdi.

For søkjarar som har vitnemål frå grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4-33, skal poeng reknast ut etter første ledd og andre ledd bokstav a. For vaksne som er fritekne frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller fritekne frå vurdering med karakter etter § 4-14, § 4-15 eller § 4-17, skal sluttvurderinga som den vaksne er friteken frå, ikkje reknast med i poengutrekninga. Om søkjaren har fått godkjent eit eller fleire fag gjennom ei realkompetansevurdering, skal ikkje dette reknast med i poenga til søkjaren. Om søkjaren er realkompetansevurdert i meir enn halvparten av faga, skal han eller ho takast inn til Vg1 etter § 6-24.

§ 6-22.Søkjarar som har rett til spesialundervisning, og som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga

For søkjarar med rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, og som manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer da på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

§ 6-23.Søkjarar som har rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8, og som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga

For søkjarar som har hatt enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 i grunnskolen, og som manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer då på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

0Endra ved forskrift 4 nov 2016 nr. 1284.
§ 6-24.Søkjarar utan talkarakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag

For søkjarar som har gått på godkjende 10-årige grunnskolar, og som har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse grunnskolane rangere søkjarane etter moglege føresetnader for vidaregåande opplæring.

For andre søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag slik at dei kan bli vurderte etter § 6-20 og § 6-21, skal søknaden vurderast individuelt. Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt.

Dette gjeld òg søkjarar som gjennom ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter § 4-33.

§ 6-25.Søkjarar som av andre særlege grunnar må behandlast individuelt

Fylkeskommunen kan òg i særskilde tilfelle behandle søknaden frå andre søkjarar individuelt. Vilkåret er at det må liggje føre tungtvegande grunnar, og at søkjaren må ha eit særleg behov for dette.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

§ 6-26.Søkjarar utan vurdering med karakter i halvparten av faga

For søkjarar som har fullført grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1, men som ikkje har vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer då på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn. Søkjaren må ikkje oppfylle vilkåra for å bli teken inn etter § 6-22 til § 6-25.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

§ 6-27.Deltidselevar til Vg1

Etter at fulltidselevar er tekne inn til vidaregåande opplæring, kan fylkeskommunen ta inn deltidselevar. Eleven blir ikkje teken inn til fag der han eller ho allereie har ei sluttvurdering med karakteren 2 eller betre. Den eleven som ønskjer å ta opp fag som han eller ho allereie har karakteren 2 eller betre i, må melde seg til eksamen som privatist, jf. § 3-27.