Forskrift til opplæringslova

Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring

II. Inntak til Vg1

Inntak til Vg1 for søkjarar med fortrinnsrett

§ 6-15.Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram

Søkjarar som har rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, har rett til inntak til eit særskilt utdanningsprogram på Vg1 når vilkåra her er oppfylte. Desse søkjarane skal ha fortrinn ved fordeling av plassar.

For å ha eit fortrinn etter føresegna her må søkjaren ha rett til spesialundervisning og ha eit særleg behov for inntak til eit bestemt utdanningsprogram. Søkjaren må ha eit omfattande behov for spesialundervisning på grunn av vanskane som ligg til grunn for søknaden. I vurderinga av om søkjaren har eit særleg behov for inntak til eit særskilt utdanningsprogram, må det godtgjerast at vanskane til søkjaren gjer at val av utdanningsprogram har svært mykje å seie for moglegheita søkjaren har til å fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse. Om søkjaren sannsynlegvis kan fullføre tre utdanningsprogram, har han eller ho ikkje eit særleg behov for inntak etter føresegna her.

Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6. Det må liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som tilrår eit bestemt utdanningsprogram, jf. § 6-16.

Kommunen må etter samtykke frå søkjaren innan 1. oktober melde søkjaren til fylkeskommunen for ei sakkunnig vurdering etter § 6-16 frå den pedagogisk-psykologiske tenesta til fylkeskommunen. Kommunen må i meldinga leggje ved siste enkeltvedtak om spesialundervisning med sakkunnig vurdering og gjere greie for

a)vanskane som ligg til grunn for enkeltvedtaket om spesialundervisning, og kvifor dei meiner søkjaren oppfyller vilkåra for inntak til eit særskilt utdanningsprogram
b)tidlegare tiltak
c)kva vanskane vil ha å seie for vidaregåande opplæring.

Søkjaren må ha valt utdanningsprogram på grunnlag av og i samsvar med den sakkunnige vurderinga. Om søkjaren ikkje har valt i samsvar med den sakkunnige vurderinga, skal han eller ho ikkje takast inn etter føresegna her.

Fylkeskommunen gjer vedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram. Fylkeskommunen kan avvike frå den sakkunnige vurderinga, men vedtaket må da grunngivast særleg.

§ 6-16.Krav til den sakkunnige vurderinga

Før fylkeskommunen gjer vedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram etter § 6-15, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til søkjaren. Den sakkunnige vurderinga skal gjere greie for og ta standpunkt til følgjande:

a)Vanskane som ligg til grunn for søknaden, tidlegare tiltak og kva vanskane vil ha å seie for opplæringa i vidaregåande opplæring, jf. § 6-15 andre ledd.
b)Om søkjaren har eit særleg behov for å bli teken inn på eit særskilt utdanningsprogram som ikkje kan sikrast ved at søkjaren blir teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram.
c)Om det er sannsynleg at søkjaren ut frå sine føresetnader har større moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse, dersom han eller ho blir teken inn til det særskilde utdanningsprogrammet enn til andre utdanningsprogram.
d)Om og eventuelt i kva grad søkjaren har føresetnader og moglegheit for å fullføre andre utdanningsprogram enn det utdanningsprogrammet som han eller ho har ført opp som sitt primære val med yrkes- eller studiekompetanse.
e)Det behovet søkjaren har for særskild tilrettelegging i vidaregåande opplæring dersom han eller ho blir teken inn til det særskilde utdanningsprogrammet, samanlikna med andre utdanningsprogram.
§ 6-17.Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Søkjarar med rett til spesialundervisning og som har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan søkje om inntak til Vg1 etter føresegna her. Søkjaren må på grunn av den nedsette funksjonsevna ha eit særleg behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt tilrettelagd, og det må liggje føre dokumentasjon som underbyggjer det særlege behovet til søkjaren.

Søkjaren har rett til eit av tre valde utdanningsprogram. Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at søkjaren bør takast inn til ein bestemt skole. Søkjaren har ikkje rett til inntak til ein bestemt skole.

Om søkjaren har særleg behov for inntak til eit særskilt utdanningsprogram, skal søknaden behandlast etter § 6-15 og § 6-16 og ikkje etter føresegna her.

Kommunen skal innan 1. oktober kvart år, på bakgrunn av samtykke frå søkjaren, melde frå til fylkeskommunen om elevar på 10. årstrinn som har sterkt nedsett funksjonsevne, og som fullfører grunnskolen det aktuelle skoleåret.

§ 6-18.Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9

Søkjarar som har rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9, kan søkje om inntak til Vg1 med bruk av tolk i ein ordinær vidaregåande skole. Søkjaren kan òg søkje om inntak til ein knutepunktskole etter § 6-40 til § 6-43. Søkjaren må i søknaden opplyse om han eller ho prioriterer høgast inntak etter føresegna her eller inntak til ein knutepunktskole.

I samband med søknad om fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9 og opplæring med tolk i ein ordinær vidaregåande skole, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering som mellom anna skal greie ut og ta standpunkt til

a)det behovet søkjaren har for å få opplæring i og på teiknspråk
b)om behovet til søkjaren blir sikra best gjennom opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller gjennom opplæring på ein ordinær skole med tolk
c)om søkjaren har tilleggsvanskar utover høyrselshemminga, slik at det kan vere behov for spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1.

Den sakkunnige vurderinga skal ikkje ta stilling til sjølve språkvalet til eleven. Det er eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet som er avgjerande her. Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6.

Fylkeskommunen kan plassere eleven på ein skole som er tilrettelagd etter behova til eleven. Eleven har rett til inntak til eit av tre valde utdanningsprogram.

§ 6-19.Fortrinnsrett for søkjarar med vedtak om utvida tid

Elevar som har enkeltvedtak om utvida tid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, og som treng fleire år på Vg1, skal takast inn til Vg1 på same utdanningsprogram etter ei individuell vurdering. Søkjaren skal takast inn før inntaket etter poeng.