Forskrift til opplæringslova

Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring

II. Inntak til Vg1

Inntak etter poeng og individuell behandling

§ 6-20.Rangering av søkjarar

Dersom det til eit utdanningsprogram på Vg1 melder seg fleire søkjarar enn talet på elevplassar som fylkeskommunen tilbyr denne gruppa, skal elevplassane fordelast etter poengsum utrekna på grunnlag av § 6-21. Søkjarar med høgare poengsum blir tekne inn framfor søkjarar med lågare poengsum.

Når fleire søkjarar står likt i konkurransen om den eller dei siste plassane, blir rekkjefølgja mellom dei avgjord ved loddtrekning.

§ 6-21.Utrekning av poeng

Ved utrekning av poengsum skal alle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i faga leggjast til grunn.

Ved omrekning til poeng i dei faga som skal leggjast til grunn, følgjer ein denne framgangsmåten:

a)Kvar av talkarakterane frå grunnskolen får tilsvarande poengverdi og skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterar blir eit utrekna gjennomsnitt (med to desimalar) multiplisert med 10.
b)I valfag skal det reknast ut eit gjennomsnitt av dei standpunktkarakterane eleven har fått på ungdomstrinnet. Gjennomsnittskarakteren skal førast med to desimalar.
c)I fag der det er fastsett i læreplanen for faget at sluttvurderingsuttrykket er «delteke» eller «bestått» eller at læreplanen ikkje inneheld vurderingsuttrykk, skal ikkje faget reknast med i poenga til søkjaren.
d)Dersom eleven er friteken frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller er friteken frå vurdering med karakter etter § 3-20 til § 3-24, skal sluttvurderinga som søkjaren er friteken frå, ikkje reknast med i poenga til søkjaren.
e)For søkjarar som har «Ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) eller «Ikkje møtt til eksamen» (IM) som sluttvurdering i fag eller eksamen, skal dette vere med i utrekninga som nullverdi.

For søkjarar som har vitnemål frå grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4-33, skal poeng reknast ut etter første ledd og andre ledd bokstav a. For vaksne som er fritekne frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller fritekne frå vurdering med karakter etter § 4-14, § 4-15 eller § 4-17, skal sluttvurderinga som den vaksne er friteken frå, ikkje reknast med i poengutrekninga. Om søkjaren har fått godkjent eit eller fleire fag gjennom ei realkompetansevurdering, skal ikkje dette reknast med i poenga til søkjaren. Om søkjaren er realkompetansevurdert i meir enn halvparten av faga, skal han eller ho takast inn til Vg1 etter § 6-24.

§ 6-22.Søkjarar som har rett til spesialundervisning, og som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga

For søkjarar med rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, og som manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer da på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

§ 6-23.Søkjarar som har rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8, og som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga

For søkjarar som har hatt enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 i grunnskolen, og som manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer då på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

0Endra ved forskrift 4 nov 2016 nr. 1284.
§ 6-24.Søkjarar utan talkarakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag

For søkjarar som har gått på godkjende 10-årige grunnskolar, og som har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse grunnskolane rangere søkjarane etter moglege føresetnader for vidaregåande opplæring.

For andre søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag slik at dei kan bli vurderte etter § 6-20 og § 6-21, skal søknaden vurderast individuelt. Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt.

Dette gjeld òg søkjarar som gjennom ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter § 4-33.

§ 6-25.Søkjarar som av andre særlege grunnar må behandlast individuelt

Fylkeskommunen kan òg i særskilde tilfelle behandle søknaden frå andre søkjarar individuelt. Vilkåret er at det må liggje føre tungtvegande grunnar, og at søkjaren må ha eit særleg behov for dette.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

§ 6-26.Søkjarar utan vurdering med karakter i halvparten av faga

For søkjarar som har fullført grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1, men som ikkje har vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer då på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn. Søkjaren må ikkje oppfylle vilkåra for å bli teken inn etter § 6-22 til § 6-25.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

§ 6-27.Deltidselevar til Vg1

Etter at fulltidselevar er tekne inn til vidaregåande opplæring, kan fylkeskommunen ta inn deltidselevar. Eleven blir ikkje teken inn til fag der han eller ho allereie har ei sluttvurdering med karakteren 2 eller betre. Den eleven som ønskjer å ta opp fag som han eller ho allereie har karakteren 2 eller betre i, må melde seg til eksamen som privatist, jf. § 3-27.