Forskrift til opplæringslova

Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring

III. Inntak til Vg2 og Vg3

§ 6-28.Vilkår for inntak til Vg2 og Vg3

Vilkåra for inntak til Vg2 er at søkjaren har bestått i alle dei faga som er fastsette i læreplanverket for utdanningsprogrammet på Vg1, også dei faga der det ikkje skal setjast ein standpunktkarakter. Vilkåra for inntak til Vg3 er at søkjaren har bestått i alle dei faga som er fastsette i læreplanverket for programområdet på Vg2 og utdanningsprogrammet til Vg1, også dei faga der det ikkje skal setjast ein standpunktkarakter.

Søkjarar som ikkje har oppfylt vilkåra i første ledd, men som oppfyller vilkåra for inntak til neste nivå etter § 6-35 til § 6-38, skal òg takast inn som fulltidselev til eit programområde på Vg2 eller Vg3 som bygger på utdanningsprogrammet på Vg1 og eventuelt programområdet på Vg2.

Føresegna gjeld òg søkjarar med dokumentasjon frå bestått relevant grunnkurs eller vidaregåande kurs I frå Reform 94 eller tidlegare, jf. overgangsordningane i kapittel 24.

§ 6-29.Rekkjefølgje ved inntak til Vg2 og Vg3

Søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1, har rett til inntak på eit programområde på Vg2 innanfor det utdanningsprogrammet på Vg1 som søkjaren har gjennomgått. Ved inntak til Vg3 har søkjaren rett til inntak på eit programområde som byggjer på det programområdet på Vg2 som søkjaren har gjennomgått.

Til Vg2 eller Vg3 skal fylkeskommunen ta inn søkjarane i denne rekkjefølgja:

a)søkjarar med fortrinnsrett etter § 6-30
b)søkjarar med fortrinnsrett etter § 6-31
c)søkjarar med fortrinnsrett etter § 6-32
d)søkjarar som konkurrerer på grunnlag av poeng etter § 6-33 og § 6-34, og søkjarar som skal behandlast individuelt, jf. § 6-35 til § 6-38
e)deltidselevar, jf. § 6-39.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring skal normalt takast inn til eit tilbod som er særskilt organisert for dei, jf. opplæringslova § 4A-3 og denne forskrifta § 6-45 til § 6-49. Vaksne som er tekne inn til eit tilbod på Vg1 eller Vg2 etter opplæringslova § 3-1, har rett til å fullføre opplæringa i eit tilbod etter § 3-1. Dei skal takast inn etter søkjarar med ungdomsrett etter opplæringslova § 3-1.

Søkjarar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 og § 4A-3, skal takast inn etter søkjarar med rett.

Inntak til Vg2 og Vg3 for søkjarar med fortrinnsrett

§ 6-30.Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Søkjarar med rett til spesialundervisning og som har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan søkje om inntak til Vg2 eller Vg3 etter føresegna her. Dette gjeld både for søkjarar som vart tekne inn til føregåande trinn på grunnlag av fortrinnsrett etter § 6-17 eller føresegna her. Søkjaren må på grunn av den nedsette funksjonsevna ha eit særleg behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt tilrettelagd, og det må liggje føre dokumentasjon som underbyggjer det særlege behovet til søkjaren.

Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde som på Vg2 byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 til eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2. Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at søkjaren bør takast inn til ein bestemt skole. Søkjarar som vart tekne inn til Vg1 med fortrinnsrett etter § 6-17 har rett til å fortsetje på same skole. Søkjarar som ikkje tidlegare har nyta fortrinnsretten på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne har ikkje rett til inntak til ein bestemt skole.

§ 6-31.Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9 og som ønskjer opplæring med tolk på ein ordinær vidaregåande skole

Søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter § 3-9 som til Vg1 blir tekne inn til ordinær vidaregåande opplæring med tolk eller til ein knutepunktskole etter § 6-40, kan søkje om inntak etter føresegna her. Fylkeskommunen kan plassere eleven på ein skole som er tilrettelagd.

Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må søkjaren anten ha bestått alle faga i samsvar med § 6-28, eller så må fylkeskommunen etter ei heilskapleg vurdering komme til at det er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader med inntak til neste trinn, jf. § 6-37.

Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde som på Vg2 byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 til eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2.

§ 6-32.Fortrinnsrett for søkjarar med vedtak om utvida tid

Søkjarar som har vedtak om utvida tid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, skal takast inn til Vg2 eller Vg3 etter ei individuell vurdering før inntak etter poeng.

Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må søkjaren anten ha bestått alle faga i samsvar med § 6-28, eller fylkeskommunen må etter ei heilskapleg vurdering komme til at det er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader med inntak til neste nivå, jf. § 6-37. Søkjarar med vedtak om utvida tid som treng fleire år på same trinn har òg fortrinnsrett etter denne føresegna.

Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde på Vg2 som byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 på eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2.

Inntak etter poeng og individuell behandling

§ 6-33.Rangering av søkjarar

Dersom det til eit vidaregåande trinn melder seg fleire søkjarar enn det er elevplassar i tilbodet frå fylkeskommunen, skal elevplassane fordelast etter poengsum utrekna på grunnlag av § 6-34. Søkjarar med høgare poengsum blir tekne inn framfor søkjarar med lågare poengsum.

Om det står fleire søkjarar likt i konkurransen om den eller dei siste plassane, blir rekkjefølgja mellom dei avgjord ved loddtrekning.

§ 6-34.Utrekning av poeng

Ved utrekning av poeng skal alle standpunktkarakterane, eksamenskarakterane og halvårsvurdering med karakter i faga på Vg1 og eventuelt Vg2 leggjast til grunn.

Ved omrekning til poeng i faga som ligg til grunn, følgjer ein denne framgangsmåten:

a)Kvar av talkarakterane får tilsvarande poengverdi og skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterane blir eit utrekna gjennomsnitt (med to desimalar) multiplisert med 10.
b)I fag der det er fastsett i læreplanen for faget at sluttvurderingsuttrykket er «delteke» eller «bestått», skal faget ikkje reknast med i poenga til søkjaren.
c)Dersom eleven er friteken frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller er friteken frå vurdering med karakter etter § 3-21, § 3-22 og § 3-23, skal sluttvurderinga som søkjaren er friteken frå, ikkje reknast med i poenga til søkjaren.
d)For søkjarar som har fått «Ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) som sluttvurdering eller halvårsvurdering med karakter eller «Ikkje møtt til eksamen» (IM), skal dette vere med i utrekninga som nullverdi.
e)Dersom søkjaren har teke fag som privatist, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
f)For søkjarar som har gått fleire forskjellige utdanningsprogram på Vg1 eller programområde på Vg2, som alle dannar grunnlag for inntak på det vidaregåande trinnet, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
§ 6-35.Søkjarar med enkeltvedtak om spesialundervisning eller planlagd grunnkompetanse

Søkjarar som har enkeltvedtak om spesialundervisning, og som på grunn av innhaldet i vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag frå Vg1 eller Vg2, kan takast inn til neste nivå på grunnlag av ei individuell vurdering. Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må fylkeskommunen gjere ei heilskapleg vurdering av om dette er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader. I vurderinga skal det leggjast vekt på ei sakkunnig vurdering og søkjaren si prioritering.

Søkjaren skal takast inn til eit programområde på Vg2 og Vg3 som byggjer på det Vg1 eller Vg2 søkjaren har gjennomgått. Om det ikkje er forsvarleg å ta søkjaren inn til Vg2, skal søkjaren eventuelt takast inn til Vg1. Om det ikkje er forsvarleg å ta inn søkjaren til Vg3, skal det vurderast om søkjaren skal takast inn til Vg2 neste skoleår.

Denne føresegna gjeld òg for søkjarar som følgjer eit planlagt løp mot grunnkompetanse etter opplæringslova § 3-3 første ledd.

§ 6-36.Søkjarar utan talkarakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag

For søkjarar som har gjennomført Vg1 eller Vg2, og som har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse vidaregåande skolane rangere søkjarane. Søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag slik at dei kan bli vurderte etter § 6-33 til § 6-34, skal vurderast individuelt.

§ 6-37.Inntak på individuelt grunnlag som fulltidselev for søkjarar som ikkje har bestått i alle fag

Søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for inntak til Vg2 eller Vg3 etter § 6-28 første ledd, fordi han eller ho ikkje har bestått eit eller fleire fag, kan likevel takast inn som fulltidselev til neste nivå om fylkeskommunen etter ei heilskapleg vurdering finn at det er forsvarleg. Fylkeskommunen må vurdere om det, gjennom den heilskaplege vurderinga, er dokumentert at søkjaren har den kompetansen som etter læreplanverket er nødvendig for å følgje opplæringa på neste nivå. I vurderinga av om det er forsvarleg skal det vurderast om søkjaren samla sett har faglege føresetnader til å følgje opplæringa på dette nivået.

Søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for å bli tekne inn etter føresegnene her, kan søkje om inntak som deltidselev etter § 6-39.

§ 6-38.Søkjarar som av andre særlege grunnar må behandlast individuelt

Fylkeskommunen kan også i særskilde tilfelle behandle søknaden frå andre søkjarar individuelt. Vilkåret er at det må liggje føre tungtvegande grunnar, og at søkjaren må ha eit særleg behov for dette.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren blir teken inn på eit programområde på Vg2 og Vg3 som byggjer på det Vg1 eller Vg2 han eller ho har fullført, jf. opplæringslova § 3-1.

§ 6-39.Deltidselevar til Vg2 eller Vg3

Ein søkjar som ikkje fyller vilkåra i § 6-28 eller § 6-37 for å bli teken inn som fulltidselev, kan i særskilde tilfelle likevel takast inn som deltidselev. Fylkeskommune fastset korleis inntaket skjer.

Fylkeskommunen kan mellom anna ta inn som deltidselev ein søkjar som

a)manglar bestått karakter i eit eller fleire fag frå Vg1 eller Vg2, og som det etter ei heilskapleg vurdering etter § 6-37 ikkje er forsvarleg å flytte opp til neste nivå, i dei faga han eller ho har bestått på det lågare nivået,
b)manglar fag for å ha full fagkrins i eit utdanningsprogram på Vg1 eller eit programområde på Vg2 eller Vg3, dersom han eller ho har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1,
c)har rett til vidaregåande opplæring, men manglar fag for å oppnå generell studiekompetanse eller yrkeskompetanse.