Forskrift til opplæringslova

Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring

III. Inntak til Vg2 og Vg3

Inntak til Vg2 og Vg3 for søkjarar med fortrinnsrett

§ 6-30.Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Søkjarar med rett til spesialundervisning og som har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan søkje om inntak til Vg2 eller Vg3 etter føresegna her. Dette gjeld både for søkjarar som vart tekne inn til føregåande trinn på grunnlag av fortrinnsrett etter § 6-17 eller føresegna her. Søkjaren må på grunn av den nedsette funksjonsevna ha eit særleg behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt tilrettelagd, og det må liggje føre dokumentasjon som underbyggjer det særlege behovet til søkjaren.

Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde som på Vg2 byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 til eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2. Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at søkjaren bør takast inn til ein bestemt skole. Søkjarar som vart tekne inn til Vg1 med fortrinnsrett etter § 6-17 har rett til å fortsetje på same skole. Søkjarar som ikkje tidlegare har nyta fortrinnsretten på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne har ikkje rett til inntak til ein bestemt skole.

§ 6-31.Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9 og som ønskjer opplæring med tolk på ein ordinær vidaregåande skole

Søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter § 3-9 som til Vg1 blir tekne inn til ordinær vidaregåande opplæring med tolk eller til ein knutepunktskole etter § 6-40, kan søkje om inntak etter føresegna her. Fylkeskommunen kan plassere eleven på ein skole som er tilrettelagd.

Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må søkjaren anten ha bestått alle faga i samsvar med § 6-28, eller så må fylkeskommunen etter ei heilskapleg vurdering komme til at det er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader med inntak til neste trinn, jf. § 6-37.

Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde som på Vg2 byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 til eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2.

§ 6-32.Fortrinnsrett for søkjarar med vedtak om utvida tid

Søkjarar som har vedtak om utvida tid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, skal takast inn til Vg2 eller Vg3 etter ei individuell vurdering før inntak etter poeng.

Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må søkjaren anten ha bestått alle faga i samsvar med § 6-28, eller fylkeskommunen må etter ei heilskapleg vurdering komme til at det er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader med inntak til neste nivå, jf. § 6-37. Søkjarar med vedtak om utvida tid som treng fleire år på same trinn har òg fortrinnsrett etter denne føresegna.

Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde på Vg2 som byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 på eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2.