Forskrift til opplæringslova

Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring

IV. Inntak til knutepunktskolar for teiknspråklege søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9

§ 6-40.Vilkår for inntak til knutepunktskolar

Søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9 kan søkje om inntak til eit teiknspråkleg miljø på ein knutepunktskole etter føresegnene her, eller om opplæring med tolk på ein ordinær vidaregåande skole etter § 6-18. Knutepunktskolar er ordinære fylkeskommunale vidaregåande skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod for døve og sterkt tunghøyrde elevar.

Søkjaren må føre opp i søknaden om han eller ho ønskjer vidaregåande opplæring på ein knutepunktskole eller på ein ordinær vidaregåande skole med tolk. Søkjaren må i søknaden opplyse om han eller ho prioriterer høgast inntak etter føresegna her eller inntak til ein knutepunktskole. Ved søknaden skal det liggje ei sakkunnig vurdering av behova til søkjaren i samsvar med § 6-41. Søkjaren må ha valt i samsvar med den sakkunnige vurderinga.

Søkjarar etter denne føresegna har rett til eit av tre valde utdanningsprogram etter opplæringslova § 3-1. Søkjarar som ønskjer opplæring på ein knutepunktskole, kan ikkje føre opp andre utdanningsprogram/programområde i søknaden enn dei tilboda som knutepunktskolane gir, eller dei tilboda som desse skolane gir i samarbeid med andre vidaregåande skolar.

§ 6-41.Sakkunnig vurdering

I samband med inntak til ein knutepunktskole etter opplæringslova § 3-9 eller opplæring med tolk på ein ordinære vidaregåande skole skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering som mellom anna skal greie ut og ta standpunkt til

a)behovet som søkjaren har for å få opplæring i og på teiknspråk
b)om behovet til søkjaren blir best sikra gjennom opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller gjennom opplæring på ein ordinær skole med tolk
c)om søkjaren har tilleggsvanskar utover høyrselshemminga, slik at det kan vere behov for spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1.

Den sakkunnige vurderinga skal ikkje ta stilling til sjølve språkvalet til eleven. Det er eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet som er avgjerande her.

Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6.

§ 6-42.Saksbehandling

Fylkeskommunen der søkjaren er folkeregistert, har ansvaret for at rettane etter opplæringslova § 3-9 blir oppfylte.

Søkjaren sender inn søknad i samsvar med § 6-8 og § 6-9.

Fylkeskommunen der søkjaren er folkeregistrert, sender søknaden om inntak til knutepunktskole vidare til den fylkeskommunen som eig knutepunktskolen som søkjaren har søkt om inntak til, om vilkåra i § 6-40 er oppfylte. Søknadsfristen for fylkeskommunen er 15. mars.

Fylkeskommunen der knutepunktskolen ligg, avgjer om søkjaren skal få plass, og sender tilbakemelding til søkjaren sin heimfylkeskommune. Fylkeskommunen der søkjaren er folkeregistert, gjer endeleg vedtak om opplæring etter opplæringslova § 3-9. Dersom søkjaren får avslag på søknaden om inntak til ein knutepunktskole, skal det snarast mogleg sendast melding til søkjaren sin heimfylkeskommune, som i samråd med skolane må finne eit anna tilbod om opplæring i eit teiknspråkleg miljø.

§ 6-43.Inntaksrekkjefølgje til knutepunktskolar

Dersom det til eit utdanningsprogram/programområde ved ein knutepunktskole er fleire søkjarar enn elevplassar, skal fylkeskommunen der knutepunktskolen ligg, fordele plassane i denne prioriterte rekkjefølgja:

a)søkjarar frå eige fylke med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1
b)søkjarar frå eige fylke utan rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1
c)søkjarar frå resten av landet med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1
d)søkjarar frå resten av landet utan rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1.

Innanfor kvar av gruppene i første ledd skal plassane fordelast på grunnlag av føresegnene om inntaksrekkjefølgje etter § 6-14 til § 6-28 for Vg1 og § 6-29 til § 6-39 for Vg2 og Vg3.

Skolane må reservere plassar for søkjarar som ikkje har vurdering med karakterar. Desse søkjarane skal takast inn på grunnlag av ei individuell vurdering. Det skal gjerast ei heilskapsvurdering som òg legg vekt på den sakkunnige vurderinga og prioriteringa til søkjaren.

Eleven skal normalt ha rett til å fullføre opplæringsløpet ved den skolen han eller ho først er teken inn til.