Forskrift til opplæringslova

Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring

VI. Inntak av vaksne med og utan rett til vidaregåande opplæring

§ 6-45.Inntak av vaksne med rett til vidaregåande opplæring

Søkjarar som har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande, jf. § 6-13, og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har frå og med det året dei fyller år 25 år, rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3.

Vaksne søkjarar skal primært takast inn til opplæringstilbod som er organiserte for vaksne etter opplæringslova § 4A-3. Opplæringstilbodet skal vere tilpassa behovet til den vaksne.

Den vaksne skal i søknaden føre opp den ønskte sluttkompetansen. Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3 skal til vanleg få tilbod om opplæring i samsvar med den sluttkompetansen dei ønskjer. I vurderinga skal det leggjast vekt på dei moglegheitene den enkelte har til å oppnå yrkes- eller studiekompetanse.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring skal få tilbod om realkompetansevurdering, jf. § 6-46.

§ 6-46.Realkompetansevurdering av vaksne med rett til vidaregåande opplæring ved inntak

Fylkeskommunen har plikt til å sørgje for at vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3 skal få kartlagt og vurdert realkompetansen sin, dersom dei ønskjer det. Resultatet av realkompetansevurderinga dannar grunnlag for opplæringstilbodet til den vaksne.

I realkompetansevurderinga skal fylkeskommunen vurdere om den formelle, uformelle og ikkje-formelle kompetansen til søkjaren kan godkjennast som likeverdig med den kompetansen som blir oppnådd gjennom vidaregåande opplæring, jf. § 4-13. Den vaksne kan få godkjent heile eller delar av fag eller opplæringsår. Realkompetansevurdering skal gjennomførast på norsk eller samisk.

Opplæringa som den enkelte får tilbod om, skal tilpassast resultatet av realkompetansevurderinga. Den vaksne skal ikkje få tilbod om opplæring i heile fag som han eller ho har fått godkjent gjennom realkompetansevurderinga.

Realkompetansevurderinga er eit enkeltvedtak som det kan klagast på til fylkesmannen, jf. § 5-1. I enkeltvedtaket skal følgjande gå klart fram:

a)Kva den vaksne har fått godkjent.
b)Rettsreglane som gjeld.
c)Kva for opplysningar som er lagde til grunn i saka.
d)Dei hovudomsyna som er vektlagde i skjønnsutøvinga ved vurderinga av realkompetansen til den vaksne, jf. forvaltingslova § 25.
§ 6-47.Krav til saksbehandling for vaksne med rett til vidaregåande opplæring

Vaksne kan søkje om inntak til vidaregåande opplæring uavhengig av fristane i § 6-8. Fylkeskommunen kan ikkje ha ventelister og skal gi eit tilbod innan rimeleg tid.

Fylkeskommunen skal gjere eit vedtak om inntak. I enkeltvedtaket skal fylkeskommunen ta stilling til følgjande:

a)Om den vaksne har rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3.
b)Kva sluttkompetanse den vaksne får tilbod om, mellom anna kva programområde på Vg3 søkjaren kan takast inn til.
c)Resultatet av realkompetansevurderinga.
d)Opplæringstilbodet som den vaksne får.

Om fylkeskommunen gir den vaksne tilbod om ein annan sluttkompetanse enn den søkjaren ønskjer, må dette grunngivast i vedtaket.

Den vaksne har rett til å få avklart om han eller ho har rett til vidaregåande opplæring, å få vurdert realkompetansen sin og å få eit enkeltvedtak om vidaregåande opplæring innan rimeleg tid.

§ 6-48.Inntak av vaksne utan rett

Vaksne som har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande, men som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4-A3, kan søkje om inntak til vidaregåande opplæring.

Fylkeskommunen fastsett i enkeltvedtak om søkjaren skal takast inn til vidaregåande opplæring. Dersom søkjaren takast inn skal opplæringstilbodet fastsetjast i enkeltvedtaket.

Vaksne utan rett som er tekne inn til vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre opplæringa dei er tekne inn til, jf. opplæringslova § 4A-3 andre ledd. Vaksne utan rett som er tekne inn til eit opplæringstilbod som er særskilt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A, har etter inntaket dei same rettane som andre vaksne. Opplæringa skal vere gratis.

Vaksne utan rett må sjølve betale for realkompetansevurderinga, med mindre det blir dekt av andre etter opplæringslova § 4A-3 femte ledd. § 6-46 andre og fjerde ledd gjeld og for realkompetansevurdering av vaksne utan rett til vidaregåande opplæring.

§ 6-49.Inntaksrekkjefølgje

Rangeringa av vaksne søkjarar når det er knapt om plassar:

a)Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring.
b)Vaksne søkjarar utan rett som har fullført, men ikkje bestått vidaregåande opplæring.
c)Vaksne søkjarar utan rett som har studie- eller yrkeskompetanse.

Vaksne kan søkje om inntak til ordinær vidaregåande opplæring. Vaksne søkjarar skal da prioriterast etter ungdom med rett etter opplæringslova § 3-1.