Forskrift til opplæringslova

Kapittel 6A. Formidling til læreplass

0Kapittel 6A tilføyd ved forskrift 1 sep 2013 nr. 1046 (i kraft 3 sep 2013).
§ 6A-1.Verkeområde og vilkår for formidling til læreplass som lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat

Dette kapitlet regulerer formidling til læreplass som lærling, praksisbrevkandidat og lærekandidat for opplæring i bedrift etter opplæringslova kapittel 4.

Han eller ho som blir formidla, skal takast inn til vidaregåande opplæring på det aktuelle trinnet i samsvar med kapittel 6. Enkeltvedtaket om inntak skal fastsetje kva for utdanningsprogram og programområde søkjaren er teken inn til.

Søkjarar til læreplass som lærling må oppfylle vilkåra for inntak til neste trinn for å kunne bli formidla til opplæring i bedrift på neste trinn. Dette inneber mellom anna at søkjaren må ha bestått faga innanfor programområdet på Vg2, jf. § 6-28, for å kunne formidlast til Vg3, eller ha faglege føresetnader for å følgje opplæringsåret på neste nivå, jf. § 6-37.

Søkjarar til læreplass som praksisbrevkandidat og lærekandidat må ha bestått sitt opplæringsløp mot planlagd grunnkompetanse for å kunne bli formidla til opplæring i bedrift på neste trinn. Søkjarar som har gjennomført, men ikkje bestått faga innanfor utdanningsprogrammet på Vg1 og programområdet på Vg2, kan òg søkje formidling som praksisbrevkandidat og lærekandidat.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 6A-2.Lokal forskrift om formidling

Fylkeskommunen skal fastsetje lokal forskrift om formidling. Den lokale forskrifta om inntak og den lokale forskrifta om formidling kan vere den same forskrifta.

§ 6A-3.Informasjonsplikt

Fylkeskommunen må sørgje for nødvendig informasjon til bedrifter, og til elevar og deltakar på yrkesfaglege utdanningsprogram om dei reglane som skal nyttast ved formidling av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 6A-4.Søknadsfrist

Fristen for å søkje om formidling til læreplass er

a)1. februar for praksisbrevkandidatar og lærekandidatar,
b)1. mars for lærlingar.

Når ein frist går ut på ein laurdag eller søndag, må søknaden vere send den nærmast etterfølgjande yrkesdagen.

For seint innkomne søknader skal det takast omsyn til så langt råd er, eventuelt behandle dei som ein søknad om inntak og formidling det etterfølgjande skoleåret. Søkjaren skal få melding om at søknaden kom inn for seint, og om konsekvensane av det. Den lokale forskrifta skal regulere behandlinga av søknader som kjem inn etter søknadsfristen. Fylkeskommunen må sikre at det ikkje skjer usakleg forskjellsbehandling.

Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker på førehand. Kunngjeringa skal nemne dei opplysningane og dokumenta som skal følgje søknaden, og korleis søknaden skal sendast.

Formidling i samarbeid med oppfølgingstenesta kan skje uavhengig av fristane som er nemnde ovanfor her.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 6A-5.Krav til søknad

Fylkeskommunen fastset søknadsskjema som søkjarar må nytte.

I søknaden må søkjaren opplyse om ho eller han ønskjer opplæring i bedrift som lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat.

Søkjarar skal som hovudregel sende søknaden til fylkeskommunen i det fylket han eller ho er folkeregistert på tidspunktet for søknaden. Dette gjeld også for han eller ho som søkjer om inntak til ein knutepunktskole i eit anna fylke.

Søkjarar som planlegg å flytte og kan dokumentere dette, sender søknaden til tilflyttingsfylket.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 6A-6.Formidling av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar

Ungdom og vaksne kan søkje om læreplass i eit lærefag som byggjer på utdanningsprogrammet eller programområdet, jf. opplæringsordninga som er fastsett for faget i læreplanverket. Elevar og vaksne som er tekne inn til utdanningsprogram som avvik frå hovudmodellen, søkjer om formidling til læreplass på det tidspunktet som følgjer av læreplanverket.

Fylkeskommunen pliktar å formidle søkjarane med ungdomsrett til lærebedrifter det er inngått avtaler om læreplass med. Lærebedrifta avgjer kven ho inngår lærekontrakt med. Fylkeskommunen kan tilby læreplass i eige fylket eller i eit anna fylke.

Bedrifta kan stille krav til lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten på grunn av verksemda i bedrifta, mellom anna på grunn av produksjon, utstyr, kundebehandling og liknande. Krava skal ikkje vere diskriminerande.

Det skal teiknast lærekontrakt mellom lærlingen eller praksisbrevkandidaten og bedrifta eller opplæringskontrakt mellom lærekandidaten og bedrifta, jf. opplæringslova § 4-5.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 6A-7.Avtale om anna organisering av opplæringa

Fylkeskommunen kan godkjenne lærekontraktar og opplæringskontraktar som inneheld ei anna organisering enn den opplæringsordninga som er fastsett for faget i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. opplæringslova § 3-3 fjerde ledd. Anna organisering kan vere at

a)Lærebedrifta tek ansvar for ein større del av opplæringa i faget enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
b)Skolen i samarbeid med lærebedrifta tek ansvar for ein større del av opplæringa enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
c)Opplæringa i skole og bedrift skjer i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
d)Opplæringa skal leie fram til både yrkeskompetanse og studiekompetanse.
e)Opplæringa skal leie fram til praksisbrev.

Det skal gå fram av lærekontrakten og opplæringskontrakten kva opplæringsansvar bedrifta har for lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten. Det skal vere samsvar mellom opplæringsansvaret og den tida bedrifta har ansvaret for lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten.

Dersom opplæringa i skole og bedrift skal skje i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av faget i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, skal organiseringa gå klart fram av kontrakten.

Lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter opplæringslova § 3-3 fjerde ledd, kan få godskrive eventuell tidlegare vidaregåande opplæring eller praksis etter § 11-8 til § 11-15.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 6A-8.Unntak frå opplæringsordninga for lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat med nedsett funksjonsevne

Fylkeskommunen kan samtykkje i at det blir fastsett unntak frå dei vanlege kontraktsvilkåra for personar som har avgrensa arbeidsevne på grunn av nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne. For lærlingar kan det ikkje fastsetjast unntak frå reglane i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter reglane i første ledd, kan få godskrive eventuell tidlegare vidaregåande opplæring eller praksis etter § 11-8 flg.

0Endra ved forskrift 7 nov 2016 nr. 1303 (i kraft 1 jan 2017).
§ 6A-9.Rett til Vg3 i skole

Søkjarar som har lovfesta rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1, men ikkje får tilbod om læreplass, har rett til inntak i eit programområde på Vg3 som byggjer på det programområdet på Vg2, som søkjaren har gjennomført. Fylkeskommunen skal tilby søkjaren opplæring i skole dersom søkjaren ønskjer det, og dersom dei ikkje kan skaffe læreplass innan 1. september. Tilsvarande plikt til å tilby opplæring i skole gjeld der læreplanverket fastset eit anna opplæringsløp.

§ 6A-10.Formidling av vaksne

Fylkeskommunen kan òg formidle vaksne med rett til vidaregåande opplæring. Opplæringa i bedrift for vaksne blir da regulert av opplæringslova kapittel 4.

Vaksne som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt som fastset ei anna opplæringsordning for faget enn den ordninga som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. § 6A-6, skal normalt få den delen av opplæringa som ikkje skjer i bedrift, som opplæring organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A.