Forskrift om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 30. juni 2006 nr. 52 om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

DatoFOR-2006-06-30-729
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 2006 hefte 9
Ikrafttredelse01.07.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2006-06-30-52, LOV-1996-12-20-106 jf LOV-1975-06-06-31-§13
Kunngjort30.06.2006
KorttittelForskrift om overgangsreglar til tomtefestelov

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 30. juni 2006 med heimel i lov 30. juni 2006 nr. 52 om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. del VI. Fremja av Justis- og politidepartementet.

§ 1.Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 32 første ledd skal gjelde der krav om innløysing blir fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare.
§ 2.Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 34 andre ledd andre punktum om festetomter til fritidshus som høyrer til ein statsallmenning og i lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 13 tredje ledd andre punktum skal gjelde der krav om innløysing blir fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare. Ved krav om innløysing når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døydde eller døyr 1. juli 2006 eller seinare. Dersom kravet om innløysing er endeleg avgjort ved avtale, skjønn eller rettsavgjerd før 1. juli 2006, gjeld endringane ikkje, sjølv om innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare.
§ 3.Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 43 første og andre ledd gjeld ikkje der krav om skjønn er sett fram før 1. juli 2006.
§ 4.Forskrifta gjeld frå 1. juli 2006.