Forskrift om skogfond o.a.

DatoFOR-2006-07-03-881
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 2006 hefte 10
Ikrafttredelse01.09.2006
Sist endretFOR-2014-03-03-246 fra 01.05.2015, FOR-2014-09-03-1144
EndrerFOR-1994-02-15-134, FOR-1994-02-18-138, FOR-1994-04-20-311, FOR-1995-06-12-560, FOR-2005-12-21-1661
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2005-05-27-31-§8, LOV-2005-05-27-31-§14, LOV-2005-05-27-31-§15, LOV-2005-05-27-31-§16
Kunngjort07.07.2006
KorttittelForskrift om skogfond o.a.

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 3. juli 2006 med heimel i lov 27. mai 2005 nr. 31 om skogbruk (skogbrukslova) § 8, § 14, § 15 og § 16.
Endringar: Endra ved forskrifter 11 jan 2007 nr. 24, 3 sep 2014 nr. 1144, 3 mars 2014 nr. 246.

Kap. 1. Innleiande føresegner

§ 1.Formål

Denne forskrifta har til formål å sikre finansiering av ei berekraftig forvaltning av skogressursane gjennom tvungen avsetning av midlar, jf. § 5, til skogfond.

§ 2.Verkeområde o.a.

Denne forskrifta gjeld for all skog og skogmark, jf. § 2 i skogbrukslova.

Med skogsvirke meiner ein i denne forskrifta massevirke, sagtømmer og spesialvirke av både bartre og lauvtre, under dette juletre, pyntegrønt og virke til ved og til annan produksjon av biobrensel.

Med bruttoverdien til skogsvirket meiner ein i denne forskrifta salsverdien av virke som henteklart rundvirke, inkludert eventuelle tillegg knytt til salet. Når virket ikkje blir seld eller avrekna som henteklart rundvirke må ein anslå bruttoverdien.

§ 3.Måleplikt

Kjøpar og seljar av skogsvirke pliktar å sørgje for at alt skogsvirke som blir hogd til foredling eller sal blir målt og volumberekna på forsvarleg måte, jf. § 8, 3. ledd i skogbrukslova. Måleplikta gjeld ikkje uttak av skogsvirke til å dekkje behovet skogeigaren har i eiga jord- og skogbruksmessig verksemd.

§ 4.Disponering av skogfond

Skogfondet er knytt til eigedommen, og følgjer denne ved skifte av eigar. Skogfondet kan ikkje stillast som tryggleik eller pantsetjast særskilt.

Skogfondsmidlane skal brukast i den skogen skogsvirket er levert frå, eller i annan skog som skogeigaren har i same kommune. Med godkjenning frå kommunen kan skogfondsmidlane òg brukast i skog som skogeigaren eig i andre kommunar.

Skogfondsmidlane skal brukast til langsiktige investeringar i samsvar med reglane i kap. 3. Investeringane skal vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege, og i samsvar med skogbrukslova, samt forskrifter gitt i medhald av lova.

Kap. 2. Innbetaling til skogfond og oppgåveplikt o.a.

§ 5.Plikt til å setje av til skogfond

Skogeigaren har plikt til å setje av midlar til eigedommen sitt skogfond ved sal, oreigning eller anna overdraging av hogd eller framdrive skogsvirke eller av tre på rot, ved skogeigaren sin foredling av skogsvirke for vidaresal og anna overdraging, og ved skogeigaren sin bruk av skogsvirke til andre formål enn til dekning av eige behov i jord- og skogbruksmessig verksemd, jf. § 14 i skogbrukslova. Ved sal av juletre og pyntegrønt kan skogeigaren sjølv bestemme om det skal setjast av midlar til skogfondet.

§ 6.Sats for avsetjing til skogfond o.a.

Avsetjinga til skogfond skal vere i heile prosenteiningar innanfor intervallet 4-40 prosent av bruttoverdien til skogsvirket. Ved bruk av måleforeininga sine virkessystem skal prosentsatsen påførast salskontrakta/målemeldinga, og gjelde fram til skogeigaren endrar den. Om gjeldande sats er ukjend skal det trekkjast 10 prosent. Alternativt skal avsetjinga til skogfond registrerast saman med oppgåvepliktige opplysningar (jf. § 9).

Etter at avsetjing til skogfond er registrert og berekna kan skogeigaren innanfor same kalenderår setje av ytterlegare midlar til skogfond, innafor intervallet i første ledd, ved å registrere dette som oppgåvepliktige opplysningar (jf. § 9).

Når skogeigaren sjølv er ansvarleg for å innbetale til skogfond, jf. § 7, 2. ledd, nr. 3 og 4, og det beløpet som skal avsetjast innanfor eit kalenderår blir mindre enn kr 500,-, kan skogeigaren sjølv velje om beløpet skal innbetalast.

§ 7.Innbetaling til skogfond

Innbetalinga til skogfond skal skje når virket er levert, og grunnlaget for innbetalinga er kjent. Virket blir rekna for levert seinast når det er målt og/eller merkt. For tømmer selt på rot skal innbetalinga skje samtidig med at seljar får oppgjer.

Innbetaling til skogfond skal skje etter følgjande reglar:

1.For skogsvirke som blir selt gjennom skogeigarforeining, eller andre som kjøper tømmer for vidaresal, skal desse betale inn beløpet.
2.For skogsvirke som blir selt direkte til ein kjøpar, framdrive eller på rot, skal kjøpar betale inn beløpet. Ved eventuelt vidaresal skal den som sel skogsvirket vidare dokumentere at det er betalt inn til skogfond.
3.I dei tilfella der det ikkje blir sett av midlar til skogfond etter 2. ledd nr. 1 og 2 er skogeigaren sjølv ansvarleg for at midlar blir betalt inn til kontoen for skogfond.
4.Ved uttak av skogsvirke på grunnlag av allmenningsrett er det allmenningsstyret som har ansvaret for at det blir sett av midlar til skogfond.
§ 8.Nærmare om innbetaling til skogfond

Kjøparar som etter § 7 skal innbetale til skogfond skal gi seljar melding om beløpet som vil bli innbetalt samtidig som seljar får oppgjer. Beløpet skal innbetalast i samsvar med kontrolloppgåva som blir sendt frå virkesdatabasen (jf. § 10), innan utløpet av den månaden heilt eller delvis oppgjer for det leverte virket forfell til betaling.

Fylkesmannen krev inn beløpet på vegne av seljar. For beløp som ikkje er innbetalt innan den fastsette fristen skal det betalast renter i samsvar med føresegner i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinka betaling.

Skogfondsmidlane skal spesifiserast på ein særskilt fondskonto for kvar enkelt skogeigedom.

Fylkesmannen skal sørgje for å halde skogfondsmidlane skilte frå midlane løyvd over statsbudsjettet, og at dei står på renteberande konto til best mogleg rente i bank eller annan finansinstitusjon som Landbruksdirektoratet godkjenner.

Manglande innbetaling til skogfond og eventuelle renter er tvangsgrunnlag for utlegg, og kan såleis bli drivne inn utan søksmål hos dei som er ansvarlege for innbetalinga etter denne forskrifta, jf. § 14, siste ledd i skogbrukslova.

0Endra ved forskrift 3 sep 2014 nr. 1144.
§ 9.Oppgåveplikt

Alt skogsvirke som er omfatta av måleplikt etter § 3 skal meldast til ein landsomfattande virkesdatabase. Meldinga skal omfatte:

1.eigedommen sitt hovudnummer.
2.namn og adresse på eigaren.
3.namn og adresse på kjøparen.
4.kontraktsnummer eller anna referansenummer som identifiserer kontrakten mellom eigaren og kjøparen.
5.volum av det målte skogsvirke i fastkubikkmeter under bark, juletre og pyntegrønt i høvesvis tal og kg.
6.bruttoverdien av målt virke jf. § 2.
7.innbetalt beløp til skogfond.
8.kva system skogeigar eller den som sel på vegne av skogeigar er sertifisert etter.
9.informasjon om at ei aktsomhetsvurdering etter forskrift om gjennomføring av forordning (EU) nr. 995/2010 er utført.

Opplysningane skal vere fordelte på sortimentsgrupper. Når sortimentsgruppa ikkje eintydig viser kva treslag det gjeld, skal dette gå fram av ei eiga treslagsliste.

Sortimentsgruppene er:

1.industrivirke av gran (under dette edelgran, sitka, og lutzii) fordelt på sortimenta spesial, prima skur, sekunda skur, annan skur, sams skur og massevirke, massevirke og anna rundvirke.
2.industrivirke av furu (under dette contortafuru, lerk, thuja, hemlock og douglas) fordelt på sortimenta spesial, prima skur, sekunda skur, annan skur, sams skur og massevirke, massevirke og anna rundvirke.
3.industrivirke av lauv fordelt på sortimenta spesial, skur, sams skur og massevirke og massevirke.
4.virke til ved og til annan produksjon av biobrensel, fordelt på bar og lauv.
5.juletre og pyntegrønt.

Kjøparen er ansvarleg for å registrere måleopplysningane, men der registreringa skjer i måleforeininga sine virkessystem tek måleforeininga over det vidare registreringsansvaret.

Der måleforeininga sine virkessystem ikkje blir brukt, skal innmeldinga som eit minimum delast opp i henhold til sortimentsgruppene, og aktuelle treslag skal gå fram for kvar gruppe.

Der måleforeininga sine virkessystem ikkje blir brukt skal innmeldinga skje på skjema eller gjennom elektronisk medium. I tilfelle der kjøparen ikkje pliktar å betale inn til skogfond, jf. § 7 andre ledd, nr. 3 og 4, er det høvesvis skogeigaren eller allmenningsstyret som er ansvarleg for innmeldinga.

Registreringa skal skje seinast innan utløpet av den månaden heile eller delar av oppgjeret for det leverte virket forfell til betaling. Ved slutten av året skal alt virke som er levert og som tidlegare ikkje er innmeldt, meldast.

Skogeigar har ansvaret for at kontrakten og dokumentasjonen for gjennomført aktsomhetsvurdering blir tekne vare på i minst fem år etter hogsten, og den må kunne leggjast fram ved kontroll.

0Endra ved forskrift 3 mars 2014 nr. 246 (i kraft 1 mai 2015 jf. forskrift 24 april 2015 nr. 403 som gjennomfører forordning (EU) nr. 995/2010.)
§ 10.Virkesdatabase o.a.

Måleopplysningane blir lagra i ein landsomfattande virkesdatabase for skogfond og måleplikt (VSOP). SLF er registeransvarleg for databasen.

SLF skal sende oppgåve til Fylkesmannen over opplysningar som er fastsette i § 9, 2. og 3. ledd. Samtidig skal virkesdatabasen sende kontrolloppgåve over det som er innmeldt til kvar enkelt kjøpar.

Fylkesmannen skal sørgje for å sende melding om det som er innmeldt vidare til kommunane. Innan den fristen Fylkesmannen sett skal kommunen ha identifisert og kontrollert opplysningane.

Fylkesmannen skal ved slutten av regnskapsåret sende ei utskrift til likningsstyresmakta og til kvar enkelt skogeigar over avverka kvantum, bruttoverdi og beløp sett av til skogfond for kvar enkelt skogeigar.

Kap. 3. Bruk av skogfondsmidlar o.a.

§ 11.Formål skogfondet kan brukast til

Midlane frå skogfondet kan brukast til følgjande formål:

1.Skogkulturtiltak, under dette planlegging, administrasjon og gjennomføring.
1.1.Forynging og etablering av skog. Dette omfattar planting og såing, samt nødvendige for- og etterarbeid (markriving, vegetasjonskontroll, suppleringstiltak o.a.). Dette omfattar òg etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon.
1.2.Kvalitets- og produksjonsfremmande tiltak, bortsett frå i felt for juletre og pyntegrønt. Dette omfattar ungskogpleie, førehandsrydding for tynning, underskott ved tynning, stammekvisting, gjødsling, skadeførebyggjande tiltak, grøftereinsk og suppleringsgrøfting.
2.Bygging, ombygging og opprusting av skogsvegar o.a. Dette omfattar utgifter til planlegging og bygging av nye skogsvegar og ombygging og opprusting av eksisterande skogsvegar, under dette velteplassar, som er godkjente etter den til kvar tid gjeldande forskrifta om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksformål fastsett av Landbruks- og matdepartementet.
3.Vedlikehald av skogsbilvegar som inngår i det permanente vegnettet, under dette velteplassar for skogsvirke. For årleg vedlikehald kan kostnader på inntil kr 4,- pr. løpemeter godkjennast. Dette gjeld ikkje ved istandsetjing etter store skadar på vegen ved flom, ras eller andre uventa hendingar. Ved større vedlikehaldsprosjekt, der kostnaden overstig kr 4,- pr. løpemeter, skal kommunen godkjenne bruk av skogfond før arbeidet blir starta opp.
4.Miljøtiltak. Dette omfattar utgifter når det i samband med skogbrukstiltak blir teke konkrete miljøomsyn knytt til biologisk mangfald, landskapsverdiar, kulturminne og friluftsliv i område der det blir drive skogbruk.
5.Skogbruksplanlegging med miljøregistrering. Dette omfattar utarbeiding og ajourføring av planar for skogforvaltning og anna næringsutvikling knytt til skogressursane, og tiltak for betre utnytting av planane, under dette kjøp av dataprogram for ajourføring.
6.Investeringar i bioenergitiltak. Dette omfattar anlegg og utstyr, men ikkje faste utgifter, som blir brukte i produksjon av ferdig varme for levering. Investeringane og produksjonen skal vere knytt til eigedommen. Produksjonen må vere basert på råstoff frå eigedommen eller lokale skogressursar, og minst 75 prosent av produksjonskapasiteten må vere egna til å bli levert som ferdig varme til andre. Produksjon av ved og anna brensel basert på trevirke for levering, blir ikkje rekna som produksjon av varme. Kommunen skal godkjenne bruk av skogfond til bioenergitiltak før investeringane blir gjorde.
7.Forsikring mot stormskadar og brann på skog.
8.Kompetansehevande tiltak knytt til miljøomsyn, skogetablering og skogproduksjon, samt verdiskaping knytt til trebaserte produkt.
9.Oppmerking av eigedomsgrenser og nødvendige handlangarutgifter ved jordskifte i skog.
10.Meirverdiavgift.

For dei formåla som er nemnde i første ledd nr. 1-9 gjeld reglane om skattefordel fastsette i § 8-2 andre ledd bokstav a og b i lov om skatt av formue og inntekt (skatteloven) med tilhøyrande forskrift. Det er ikkje skattefordel ved bruk av skogfondsmidlar til å dekkje meirverdiavgift etter første ledd nr. 10. For skogbruksplanar gjeld særskilde reglar knytt til avskrivinga, jf. § 8-2, andre ledd bokstav b i skattelova.

Dersom det på eigedommen er klare behov for foryngingstiltak eller ungskogpleie etter 1. ledd nr. 1, kan kommunen avgrense utbetalingar frå skogfondet til andre formål for å sikre nok midlar til å finansiere skogkulturinvesteringane.

0Endra ved forskrift 11 jan 2007 nr. 24 (i kraft 1 jan 2007).
§ 12.Nærmare om utbetaling

Spesifiserte krav om utbetaling frå skogfondet skal sendast til kommunen seinast 1 - eitt - år frå utgangen av det kalenderåret investeringa blei gjort. Alle krav om utbetaling skal vere tilstrekkeleg dokumentert og skogeigaren har plikt til å leggje fram den dokumentasjonen kommunen ber om.

Skogeigarar som gjennomfører større investeringar eller tiltak kan få utbetalt skogfondsmidlar etter kvart som investeringane blir gjennomførte.

Investeringar eller tiltak som er registrerte på skogfondskonto, men ikkje dekt med skogfond (udekte investeringar), kan dekkjast med skogfondsmidlar som blir innbetalt innan utgangen av det neste kalenderåret. For større investeringar eller tiltak kan kommunen gi tilsegn om at denne tidsfristen kan utvidast med 4 år.

§ 13.Tilbakebetaling frå skogfondet

For eigedommar med mindre enn 10 dekar skog skal innbetalte skogfondsmidlar utan opphald betalast tilbake til skogeigaren.

Når skog blir omdisponert til eit anna formål enn skogproduksjon, og eigaren ikkje har annan skog, skal kommunen sørgje for at skogfondsmidlane blir utbetalte til eigaren.

Skogeigaren kan etter søknad få tilbakebetalt skogfondsmidlar om kommunen finn at det i dei nærmaste 10 åra framover ikkje er aktuelle investeringsbehov i skogen, eller at den forventa innbetalinga til skogfondet i same perioden vil dekkje investeringsbehovet.

Kap. 4. Renter av skogfond

§ 14.Bruk av rentene av skogfond

Skogeigaren har ikkje krav på renter av inneståande beløp på skogfondet, jf. § 16 i skogbrukslova.

Departementet eller den det gir fullmakt skal kvart år bestemme ei prosentvis fordeling av bruken av rentene av skogfondet (rentemidlane) på kommunenivå, fylkesnivå og sentralt nivå (sentralt inntrekte rentemidlar).

Rentemidlane skal brukast til administrasjon av skogfondsordninga, og til å dekkje eventuelle tap i samband med ordninga. Rentemidla kan ikkje brukast til lønn o.a. til personell som er tilsett i ei kommune eller ved Fylkesmannsembeta.

Rentemidlar som ikkje blir brukt til dei formåla som er nemnt i 3. ledd, kan brukast til følgjande formål:

1.Tilskott til informasjonsmateriell, informasjonsutstyr og dekning av fellesutgifter i samband med skogfagleg informasjon, skogfaglege arrangement og utferder, rettleiing og opplæring o.a. for skogeigarar, skular, samarbeidande etatar og organisasjonar o.a., spesielle grupper og allmenta.
2.Tilskott til ulike organisasjonar og institusjonar som arbeider aktivt for å fremme interessa for eller utviklinga av skogbruk. Tilskotta skal gis til konkrete tiltak, og ikkje som driftstilskott. Det kan og gis tilskott av rentemidla til mindre kostbart teknisk utstyr som kjem til nytte for mange skogeigarar.
3.Tilskott til heil eller delvis dekning av felleskostnadene ved områdevise takstar eller områdevise skogbruksplanaksjonar. Slike felleskostnader kan omfatte forarbeid og informasjon om taksten, bildemateriale, ortofoto, kart og presentasjon av områdevise tal. Felleskostnadene kan bli dekt av rentemidlar med inntil 15% av dei totale kostnadene ved taksten. I særlege tilfelle kan ein større prosentdel bli dekt med rentemidlar når dokumenterte felleskostnader overstig 15% av dei totale kostnadene. Rentemidlane kan ikkje brukast som direkte tilskott til skogbruksplan for den enkelte skogeigaren.

Departementet eller den det gir fullmakt kan vidare bestemme at ein del av rentemidlane kvart år skal overførast til skogeigarforeiningar eller andre som driv aktiv skogfagleg rettleiing til skogeigarar.

Sentralt inntrekte rentemidlar kan i tillegg brukast som tilskott til fylke som sjølv har liten renteinngang når det er ønskeleg å gjennomføre prosjekt og tiltak som i andre fylke blir finansiert av rentemidlar.

Departementet skal ha eit rådgjevande utval til å samrå seg med når det gjeld bruken av dei sentralt inntrekte rentemidla og prinsipielle saker knytt til forvaltninga av rentemidla. I utvalet skal det sitte medlemmer frå skogeigarorganisasjonane og skogbruksstyresmakta i fylka og kommunane. Departementet fastsett nærare reglar om utvalets samansetting, funksjonstid o.a.

§ 15.Regnskaps- og budsjettrutinar for rentene av skogfond

Kommunen, Fylkesmannen og departementet har ansvaret for at rentemidlane regnskaps- og budsjettmessig blir halde skilt frå midlar løyvd over statsbudsjettet og andre midlar som desse administrerer. Rentemidlane skal stå på renteberande konto til best mogleg rente i bank eller annan finansinstitusjon som departementet godkjenner.

Kommunen og fylkesmannen skal kvart år utarbeide eit budsjett for bruken av høvesvis kommunane og fylka sine rentemidlar. Fylkesmennene skal gi nærmare retningslinjer for budsjettarbeidet på kommunenivå, og skal godkjenne kommunane sine budsjett. Departementet gir nærare retningslinjer for gjennomføringa av budsjettarbeidet på fylkesnivå. Budsjetta for bruk av fylka sine rentemidlar skal godkjennast av departementet eller den det gir fullmakt.

Rentemidlane kan berre brukast i samsvar med dei godkjente budsjetta.

Kap. 5. Avsluttande føresegner

§ 16.Fordeling av skogfond ved deling av eigedom

Ved deling av skogeigedommar skal skogfondet delast mellom dei eigedommane som oppstår ved delinga i forhold til investeringsbehovet i dei nærmaste 10 åra framover på dei oppdelte skogeigedommane. Partane kan inngå avtale om fordelinga av skogfondet. Avtalen skal godkjennast av kommunen, som kan endre avtalen dersom den ikkje er tilfredsstillande. Dersom partane ikkje inngår ei slik avtale, eller kommunen finn å måtte endre avtala, skal kommunen fastsetje fordelinga etter at partane innan ein fastsett frist har hatt høve til å uttale seg.

Dersom dei eigedommane som oppstår ved delinga ikkje skal nyttast til skogbruksformål, eller ikkje har noko framtidig investeringsbehov, skal eigaren av den opphavlege skogeigedommen behalde skogfondet.

Skjer delinga av skogeigedommar ved jordskifte, bestemmer jordskifteretten korleis skogfondet skal fordelast på dei enkelte eigedommane.

§ 17.Kontroll

Kommunen skal i nødvendig utstrekning kontrollere gjennomførte investeringar og utførte tiltak før det blir gjort utbetaling av skogfondsmidlar.

Kommunen skal dessutan gjennom stikkprøver av foryngingsfelt kontrollere at skogkulturtiltaka er utførte på ein skogfagleg og miljømessig tilfredsstillande måte.

§ 18.Klage

Vedtak gjort av kommunen i medhald av denne forskrifta kan påklagast til Fylkesmannen, jf. § 21 i skogbrukslova.

§ 19.Straff

Brot på denne forskrifta blir straffa med heimel i § 22 i skogbrukslova.

§ 20.Tvangsmulkt

Skogeigar eller kjøpar som ikkje har innbetalt skogfondsmidlar eller gitt oppgåver etter reglane i denne forskrifta kan påleggjast tvangsmulkt fram til skuldige midlar eller oppgåver er mottekne, jf. § 23 i skogbrukslova.

§ 21.Dispensasjon og utfyllande retningslinjer

Departementet, eller den departementet gir fullmakt, kan dispensere frå denne forskrifta, herunder bestemme at skogfondsmidlar etter søknad skal kunne brukast til andre formål enn § 11 tillet.

Departementet, eller den departementet gir fullmakt, kan gi utfyllande retningslinjer til forskrifta.

§ 22.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft 1. september 2006.

Samtidig blir følgjande forskrifter oppheva:

1.Forskrift 15. februar 1994 nr. 134 om forvaltning og bruk av rentene av skogavgiften (rentemidlene).
2.Forskrift 18. februar 1994 nr. 138 om forvaltning og bruk av renter av skogavgiften som trekkes inn til Landbruksdepartementet (sentralt inntrukne rentemidler).
3.Forskrift 20. april 1994 nr. 311 om bruk m.v. av skogavgift.
4.Forskrift 12. juni 1995 nr. 560 om innbetaling av skogavgift og måling av skogsvirke m.v.
5.Forskrift 21. desember 2005 nr. 1661 om skogavgift for 2006.