Forskrift til friskolelova

DatoFOR-2006-07-14-932
DepartementKunnskapsdepartementet
PublisertI 2006 hefte 11
Ikrafttredelse01.08.2006
Sist endretFOR-2016-11-04-1284
EndrerFOR-2003-09-26-1194
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2003-07-04-84-§2-1, LOV-2003-07-04-84-§2-3, LOV-2003-07-04-84-§3-1, LOV-2003-07-04-84-§3-6, LOV-2003-07-04-84-§3-7, LOV-2003-07-04-84-§3-11, LOV-2003-07-04-84-§4-2, LOV-2003-07-04-84-§6-1, LOV-2003-07-04-84-§6-2, LOV-2003-07-04-84-§7-1b, LOV-2003-07-04-84-§7-2
Kunngjort18.07.2006
KorttittelForskrift til friskolelova

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 14. juli 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (friskolelova) § 2-1 sjette ledd, § 2-3 andre ledd, § 3-1 femte ledd, § 3-6 tredje ledd, § 3-7 tredje ledd, § 3-11, § 4-2 tredje ledd, § 6-1 tredje ledd, § 6-1 fjerde ledd, § 6-2 første ledd, § 7-1b og § 7-2 tredje ledd.
Endringar: Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847, 3 juli 2007 nr. 879, 9 juli 2007 nr. 884, 17 juni 2008 nr. 591, 24 juni 2008 nr. 725, 18 juni 2008 nr. 608, 12 aug 2008 nr. 924, 19 des 2008 nr. 1526, 9 juli 2009 nr. 995, 1 juli 2009 nr. 1019, 30 juli 2009 nr. 1014, 9 nov 2009 nr. 1356, 16 juni 2010 nr. 839, 22 juni 2010 nr. 954, 30 juni 2010 nr. 1046 og 7 juli 2010 nr. 1081, 2 aug 2010 nr. 1143, 14 sep 2010 nr. 1269, 31 jan 2011 nr. 127, 7 juni 2010 nr. 786, 2 aug 2010 nr. 1143, 28 juni 2011 nr. 692, 27 juli 2011 nr. 806, 5 juni 2012 nr. 491, 15 des 2011 nr. 1513, 12 april 2012 nr. 357, 13 juni 2012 nr. 731, 23 juni 2012 nr. 732, 30 juni 2012 nr. 734, 19 juli 2012 nr. 753, 30 juni 2012 nr. 816, 30 aug 2012 nr. 856, 16 jan 2013 nr. 41, 27 juni 2013 nr. 796, 20 feb 2013 nr. 228, 29 juli 2013 nr. 934, 10 sep 2013 nr. 1069, 26 sep 2013 nr. 1147, 14 okt 2013 nr. 1236, 14 okt 2013 nr. 1270, 19 des 2013 nr. 1635, 31 mars 2014 nr. 383, 4 mars 2014 nr. 255, 13 juni 2014 nr. 890, 1 juli 2014 nr. 973, 17 juni 2015 nr. 708, 18 juni 2015 nr. 760, 14 juli 2015 nr. 899, 30 juli 2015 nr. 927, 18 juni 2015 nr. 760, 7 feb 2016 nr. 107, 21 april 2016 nr. 452, 23 juni 2016 nr. 782, 30 juni 2016 nr. 892, 4 juli 2016 nr. 872, 9 aug 2016 nr. 980, 26 sep 2016 nr. 1133, 4 nov 2016 nr. 1284.

Kapittel 1. Verkeområdet

0Overskrift endra ved forskrift 4 nov 2016 nr. 1284.
§ 1-1.Verkeområdet

Denne forskrifta gjeld skolar som driv verksemd etter friskolelova.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Kapittel 2. Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda

(Heimel: friskolelova § 7-2 tredje ledd.)

0Heimelstilvisinga endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 2-1.Verksemdsbasert vurdering

Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Skolen sitt styre har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 sep 2010 nr. 1269 (i kraft 1 okt 2010), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 2-2.Rapportering frå skolen

Skolen sitt styre skal medverke til å etablere administrative system og å innhente statistiske og andre opplysningar som trengst for å vurdere tilstanden og utviklinga innanfor opplæringa.

§ 2-3.Nasjonale undersøkingar om læringsmiljøet for elevane

Skolen sitt styre skal sørgje for at nasjonale undersøkingar om motivasjon, trivsel, mobbing, elevmedverknad, elevdemokrati og det fysiske miljøet blir gjennomførte og følgde opp lokalt.

§ 2-4.Prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar

Elevar skal delta i prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar fastsette av departementet. Skolen sitt styre skal sørgje for at dette blir gjennomført.

For elevar som får spesialundervisning, jf. friskolelova § 3-6, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5, og elevar ved internasjonale skolar som mottar opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene. Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til skolen. Søknaden skal sendast til Utdanningsdirektoratet.

Internasjonale skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.

Departementet fastsett nærmare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 okt 2013 nr. 1270 (i kraft 1 nov 2013), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Kapittel 2A. Innhaldet i opplæringa

0Kapitlet tilføyd ved forskrift 30 juli 2009 nr. 1014 (i kraft 1 aug 2009). Overskrifta endra ved forskrifter 2 aug 2010 nr. 1143, 30 juni 2012 nr. 816 (i kraft 6 aug 2012).
§ 2A-1.Generelle krav til læreplanen

Alle læreplanar som godkjennast etter friskolelova § 2-3 første ledd må oppfylle krava i denne føresegna. Læreplanen må vere jamgod med Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk, og omfatte

a)Generell del og Prinsipp for opplæringa i Læreplanverket for Kunnskapsløftet/Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk eller annan tilsvarande plan
b)læreplanar for fag. Læreplanane for det einskilde faget må innehalde ei omtale av formålet med faget, korleis ein skal forstå dei grunnleggjande ferdigheitene, kompetansemål i faget, hovudområda i læreplanane for fag etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk og særskilde føresegner om vurdering
c)fag- og timefordeling i grunnopplæringa
d)ei omtale av kva slag vurderingsordningar og dokumentasjon skolen skal nytte.

Skoleeigaren kan omdisponere inntil 5 prosent av timane som er fastsette i det enkelte faget for heile klassar/grupper eller årstrinn. Skoleeigaren fastset fag- og timefordelinga for det enkelte skoleåret der omdisponeringa av timar mellom fag kjem fram.

Læreplanen for dei vidaregåande skolane må til vanleg vere i samsvar med den tilbodsstrukturen som er fastsett for den offentlige vidaregåande skolen.

0Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011), endra ved forskrifter 29 juli 2013 nr. 934 (i kraft 1 aug 2013), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 2A-2.Skolar godkjend på grunnlag av livssyn

Skolar som er godkjend på grunnlag av livssyn, jf. friskolelova § 2-1 første ledd bokstav a), må synleggjere verdigrunnlaget sitt i læreplanen, under dette i læreplanane til relevante fag. I høve til fag- og timefordelinga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet - Samisk, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig i forhold til grunnlaget til skolen.

0Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011), endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 2A-3.Skolar godkjend på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning

Skolar som er godkjend på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, jf. friskolelova § 2-1 første ledd bokstav b), må synleggjere den anerkjende pedagogiske retninga i læreplanen.

I høve til fag- og timefordelinga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet - Samisk, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig i høve til grunnlaget til skolen. I høve til kompetansemåla i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet - Samisk, kan det godkjennast å flytte kompetansemål frå eit trinn til eit anna dersom dette er vesentleg for at skolen skal kunne ivareta sin pedagogiske egenart.

0Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011), endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 2A-4.Internasjonale skolar

Ved internasjonale skolar, jf. friskolelova § 2-1 første ledd bokstav c), skal opplæringa vere i samsvar med ein relevant internasjonal læreplan.

0Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011), endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 2A-4a.Skolar som er godkjent på grunnlag av ein særskilt profil

Skolar som er godkjend på grunnlag av ein særskilt profil med spesiell faglig merksemd retta mot et emne, jf. friskolelova § 2-1 første ledd bokstav i), må synleggjere profilen i læreplanen, under dette i læreplanane til relevante fag.

Skolar som er godkjend på grunnlag av ein særskilt profil med annan pedagogikk, jf. friskolelova § 2-1 første ledd bokstav i), må synliggjere skolens særskilte pedagogikk i læreplanen.

I høve til fag- og timefordelinga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet - Samisk, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig for grunnlaget til skolen.

0Tilføyd ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 2A-4b.Norske skolar i utlandet og andre skolar

Ved norske skolar i utlandet, jf. friskolelova § 2-1 første ledd bokstav e), og andre skolar som ikkje er særskilt nemnt i kapittel 2A i denne forskrifta, skal opplæringa vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet - Samisk. Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet - Samisk omfattar den generelle delen av læreplanen, prinsipp for opplæringa, læreplanane for faga og fag- og timefordelinga.

For toppidrettsgymnas skal opplæringa være i samsvar med krava som framgår av friskolelova § 2-1 tredje ledd.

0Tilføyd ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 2A-5.Tid til opplæring og eksamen

Tida som går med til eksamen, medrekna eventuell førebuingstid som blir teken frå undervisninga, skal reknast som opplæringstid. Elevar som ikkje blir trekte ut til eksamen, skal ha ordinær opplæring.

0Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011).
§ 2A-5a.Tid til arbeid med elevråd og elevmedverknad

Alle elevar skal ha moglegheit og tid til å arbeide med saker knytt til elevdemokrati og medverknad i opplæringa. Arbeidet må vere godkjent av skolen.

0Tilføyd ved forskrift 30 juni 2012 nr. 816 (i kraft 6 aug 2012).
§ 2A-6.Opplæring i framandspråk, fordjuping og arbeidslivsfag i grunnskolen

Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal i tillegg til opplæring i engelsk ha opplæring i eit framandspråk til, fordjuping i engelsk, norsk, samisk, matematikk eller opplæring i arbeidslivsfaget.

Skolen skal tilby opplæring i framandspråk i minst eitt av dei fire språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I. I tillegg kan det vere tilbod om andre språk, også ikkje-europeiske, etter same læreplanen. Skolen bestemmer kva for framandspråk elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.

Skolen skal tilby opplæring i fordjuping i minst eitt av faga norsk, engelsk, samisk eller matematikk ved kvar skole. Skolen bestemmer kva for fordjuping elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast. Skolen kan i tillegg tilby arbeidslivsfaget.

Elevar som har hatt opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfaget, har ikkje rett til å halde fram med opplæring i det faget dei har begynt på, dersom dei skifter skole. Skolen bør likevel, så langt det er mogleg, leggje til rette for at elevane kan halde fram med opplæring i det språket eller faget dei har begynt på.

Når ein elev har valt anten framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag, skal eleven ha faget på heile ungdomstrinnet. Elevane kan i det første halvåret likevel gjere omval i samråd med skolen. Når det ligg føre særlege grunnar, kan skolen godkjenne overgang på eit seinare tidspunkt.

0Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011), endra ved forskrifter 12 april 2012 nr. 357 (i kraft 1 aug 2012), 20 feb 2013 nr. 228 (i kraft 1 aug 2013), 4 mars 2014 nr. 255 (i kraft 1 aug 2014), 17 juni 2015 nr. 708 (i kraft 1 aug 2015), 21 april 2016 nr. 452 (i kraft 1 aug 2016).
§ 2A-7.Opplæring i framandspråk i vidaregåande opplæring

Elevar i vidaregåande opplæring som held fram med det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag, nivå II. Elevar som begynner med eit nytt framandspråk, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag, nivå I. Elevar som på ungdomstrinnet ikkje har hatt opplæring i framandspråk i grunnskolen, skal ha opplæring både i nivå I og i nivå II i læreplanen når dei begynner med framandspråk i vidaregåande opplæring.

0Tilføyd ved forskrift 7 juni 2010 nr. 786 (i kraft 1 aug 2011).
§ 2A-8.Fellesfaga i vidaregåande opplæring

Opplæringa i fellesfaga skal vere tilpassa dei ulike utdanningsprogramma.

0Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrift 2 aug 2010 nr. 1143.
§ 2A-9.Rett til fysisk aktivitet

Elevar på 5.-7. årstrinn skal jamleg ha fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget. Tilsaman skal dette utgjere 76 timar innanfor 5.-7. årstrinn, jf. fag- og timefordelinga.

Den fysiske aktiviteten skal tilretteleggjast slik at alle elevar, utan omsyn til funksjonsnivå, kan oppleve glede, meistring, fellesskap og variasjon i skoledagen.

Reglane om individuell vurdering i kapittel 3 og reglane om krav til pedagogisk kompetanse for undervisningspersonale i friskolelova § 4-2 gjeld ikkje. Elles gjeld friskolelova med tilhøyrande forskrifter.

0Tilføyd ved forskrift 30 juli 2009 nr. 1014 (i kraft 1 aug 2009), endra ved forskrifter 7 juni 2010 nr. 786 jf. 2 aug 2010 nr. 1143 (i kraft 1 aug 2011, tidlegare § 2A-1), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 2A-10.Opplæring i valfag på ungdomstrinnet

Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal ha opplæring i valfag frå 8. årstrinn. Elevane kan ha same valfag på fleire trinn eller dei kan velje nytt valfag på kvart årstrinn.

Skolen pliktar å setje i gang minst to ulike valfag per skoleår. Skolen avgjer kva for valfag elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.

0Tilføyd ved forskrift 23 juni 2012 nr. 732 (i kraft 6 aug 2012).
§ 2A-11.Tilbod om fag frå vidaregåande opplæring til elevar på ungdomstrinnet

Elevane i grunnskolen skal følgje opplæringa i alle fag slik det er fastsett i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Dette gjeld likevel ikkje fullt ut for elevar på ungdomstrinnet som har tilstrekkeleg kompetanse i grunnskolefaga til å følgje opplæringa i eit eller fleire fag på vidaregåande nivå i samsvar med dei læreplanane skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. På vidaregåande nivå kan elevar på ungdomstrinnet ta fellesfag og programfag, som byggjer på fag i grunnskolen. Dagleg leiar gjer enkeltvedtak om at eleven på ungdomstrinnet skal ta eit eller fleire fag i vidaregåande opplæring. Fylkesmannen er klageinstans. Før dagleg leiar gjer enkeltvedtaket, skal det innhentast samtykke frå eleven eller foreldra til eleven.

Eleven skal ha undervegsvurdering og sluttvurdering etter kapittel 3 i faget både på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. For trekk til eksamen i grunnskolen gjeld § 3-24 tredje ledd.

Elevar som følgjer opplæring på vidaregåande nivå etter første ledd, kan også ta i bruk timane til valfag og inntil 60 % av timane i faget utdanningsval til denne opplæringa.

0Tilføyd ved forskrift 19 juli 2012 nr. 753 (i kraft 8 aug 2012), endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 2A-12.Opplæring og eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg

Elevar i vidaregåande opplæring kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, om alle desse vilkåra er oppfylte:

a)Eleven har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5.
b)Eleven har på tidspunktet for eksamen kortare enn 6 års butid i Noreg.
c)Skolen tilbyr norskopplæring etter denne læreplanen.
0Tilføyd ved forskrift 30 juni 2016 nr. 892 (i kraft 1 aug 2016).

Kapittel 2B. Leksehjelp for elevar i grunnskolen

0Kapitlet tilføyd ved forskrift 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010).
§ 2B-1.Leksehjelp i grunnskolen

Skolen skal tilby leksehjelp, jf. friskolelova § 7-1e, med til saman åtte timar kvar veke til elevar i grunnskolen. Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna slik skolen avgjer. Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid. Leksehjelpa skal og medverke til å utjamne sosial ulikskap i opplæringa.

Leksehjelpa er ikkje ein del av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa. Leksehjelpa skal gi eleven hjelp med skolearbeidet.

Skolen er ansvarleg for leksehjelpa og vel korleis leksehjelpa skal organiserast.

Skolen pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og tilbodet som gis.

Skolen pliktar å sørgje for at elevane har eit godt psykososialt miljø i leksehjelpa som fremjar helse, trivsel og læring. Dersom ein tilsett har kunnskap eller mistanke om at ein elev sin rett ikkje blir oppfylt skal den tilsette undersøkje saka, varsle skolen og om nødvendig og mogleg sjølv gripe inn. Eleven og foreldre kan be om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet. Skolen pliktar snarast mogleg å behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Dersom vedtak ikkje er fatta innan rimeleg tid kan eleven og foreldre klage som om vedtak vart fatta.

Skolen plikter å sørgje for forsvarleg tilsyn med elevane i leksehjelpa. Gruppa må ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.

Leksehjelpa skal vere gratis for eleven. Dersom leksehjelpa blir organisert som ein del av skolefritidsordninga, kan skolen ikkje ta betalt for den tida eleven mottek leksehjelp etter denne føresegna. Dette gjeld og for elevar som ikkje deltek i skolefritidsordninga elles.

0Tilføyd ved forskrift 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrifter 13 juni 2014 nr. 890 (i kraft 1 aug 2014), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolar og i vidaregåande opplæring

0Heile kapitlet endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).

I. Generelle føresegner

0Heile kapitlet endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-1.Rett til vurdering

Elevar i grunnskolar og vidaregåande opplæring som driv verksemd etter friskolelova, har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Denne retten gjeld ikkje elevar i vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved offentlege vidaregåande skolar, jf. lov om voksenopplæring (voksenopplæringsloven) kapittel 4. Retten til vurdering inneber både ein rett til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa.

Elevar i skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, og som nyttar alternative vurderingsformer godkjende av departementet, har rett til vurdering etter skolen sitt system for vurdering. Det same gjeld internasjonale skolar. Skolane må likevel følgje § 3-2, § 3-3, § 3-5, § 3-8 til § 3-12, § 3-13 første og andre ledd, § 3-15, § 3-36 til § 3-41 og § 3-44 til § 3-46. Elles gjeld føresegnene i kapitlet her så langt dei passar, dersom ikkje anna er fastsett i godkjenninga.

Det skal vere kjent for eleven kva som er måla for opplæringa og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse. Det skal vere kjent for eleven kva som er grunnlaget for vurdering og kva som blir vektlagt i vurderinga i orden og i åtferd.

Skolen sitt styre har ansvaret for at eleven sin rett til vurdering blir oppfylt, jf. friskolelova § 5-2.

0Endra ved forskrifter 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 26 sep 2016 nr. 1133.
§ 3-2.Formålet med vurdering

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane.

Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven, skape eit godt psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-3.Grunnlaget for vurdering i fag

Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.

Føresetnadene til den enkelte, fråvær, eller forhold knytte til ordenen og åtferda til eleven skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i fag. I faget kroppsøving skal innsatsen til eleven vere ein del av grunnlaget for vurdering.

Eleven, lærlingen og lærekandidaten skal møte fram og delta aktivt i opplæringa slik at læraren og instruktøren får grunnlag til å vurdere eleven, lærlingen og lærekandidaten sin kompetanse i faget. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter.

I vidaregåande skole skal eleven ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter ved fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget. Eleven kan likevel få vurdering med karakter dersom det er dokumentert at fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget skyldast slike grunnar som er nemnde i § 3-46 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd. Dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa på 10 prosent skal gjelde, kan ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, også få vurdering med karakter. Avgjerda ligg hos dagleg leiar. Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. tredje ledd.

0Endra ved forskrifter 27 juli 2011 nr. 806 (i kraft 4 aug 2011), 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 30 juli 2015 nr. 927 (i kraft 1 aug 2015), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2016), 7 feb 2016 nr. 107 (i kraft 1 aug 2016), 23 juni 2016 nr. 782 (i kraft 1 aug 2016), 9 aug 2016 nr. 980.
§ 3-4.Karakterar i fag mv.

I grunnskolen til og med 7. årstrinnet skal det berre givast vurdering utan karakterar.

Frå 8. årstrinn og i vidaregåande opplæring skal vurdering også givast med talkarakterar. Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.

Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:

a)karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget
b)karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget
c)karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget
d)karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget
e)karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget
f)karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.

I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Departementet kan i spesielle tilfelle fastsetje ei anna grense for bestått. Fag med karakteren 1 i standpunkt er bestått når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen.

Det kan gå fram av den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, at det i enkelte fag skal brukast andre uttrykk enn talkarakterar. Dei andre uttrykka er:

a)bestått/ikkje bestått: for å få karakteren bestått skal eleven ha vist tilfredsstillande kompetanse i faget
b)delteke/ikkje delteke.
0Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-5.Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd

Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.

Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr.

Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre.

Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.

I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd.

§ 3-6.Karakterar i orden og i åtferd

I grunnskolen skal det til og med 7. årstrinnet berre givast vurdering utan karakter i orden og i åtferd.

Frå 8. årstrinnet og i vidaregåande opplæring skal vurderinga i orden og i åtferd givast med karakterar. I orden og i åtferd skal då desse karakterane nyttast:

a)God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd
b)Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd
c)Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.
§ 3-7.Varsling

Eleven og foreldra skal varslast skriftleg dersom det er tvil om eleven kan få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag.

Eleven og foreldra skal også varslast skriftleg dersom det er fare for at eleven i halvårsvurdering eller i standpunktkarakter kan få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i åtferd.

Varselet skal givast utan ugrunna opphald. Varselet skal gi eleven høve til å skaffe grunnlag for halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter, eller gi eleven høve til å forbetre karakteren i orden eller åtferd. Det same gjeld der det blir gitt ei anna godkjend vurdering.

Etter at eleven har fylt 18 år, skal foreldra ikkje varslast.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-8.Dialog om anna utvikling

Eleven har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren om utviklinga i lys av friskolelova § 1-1 andre ledd og den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.

0Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-9.(Opphevd)
0Opphevd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).
§ 3-10.Privatistar

Skolar som driv verksemd etter friskolelova, kan ikkje arrangere eksamen for privatistar.

0Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

II. Undervegsvurdering

0Heile kapitlet endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-11.Undervegsvurdering

Undervegsvurdering i fag skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven aukar kompetansen sin i fag. Undervegsvurderinga i fag, i orden og i åtferd skal givast løpande og systematisk og kan vere både munnleg og skriftleg.

Undervegsvurderinga skal innehalde informasjon om kompetansen til eleven og gi rettleiing om korleis ho eller han kan utvikle kompetansen sin i faget.

Eleven har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale med kontaktlæraren om utviklinga si i forhold til kompetansemåla i faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter, jf. § 3-13 og i samband med samtalen med foreldra etter § 4-3 og § 4-4.

Læraren skal i undervegsvurderinga vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. friskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-1 og § 5-4.

Elevar med individuell opplæringsplan skal både ha undervegsvurdering og rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. friskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-5 første ledd.

0Endra ved forskrifter 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 30 juli 2015 nr. 927 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-12.Eigenvurdering

Eigenvurderinga er ein del av undervegsvurderinga, og formålet med eigenvurderinga er at eleven reflekterer over og blir bevisst på eiga læring. Eleven skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-13.Halvårsvurdering i fag for elevar

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga og skal syne kompetansen til eleven opp mot kompetansemåla i den læreplanen skolen har fått godkjend i faget etter friskolelova § 2-3. Ho skal også gi rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen sin i faget.

Det skal givast skriftleg og/eller munnleg halvårsvurdering utan karakter gjennom heile grunnopplæringa.

Frå 8. årstrinnet skal eleven i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter, eller anna godkjend vurdering, skal gi uttrykk for den kompetansen som er forventa på tidspunktet for vurderinga. Halvårsvurdering med karakter skal givast skriftleg.

Halvårsvurderinga skal frå 8. årstrinnet gjennomførast midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta, jf. læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.

Dagleg leiar har ansvaret for at faglæraren gjennomfører halvårsvurdering med og utan karakter. Dersom dagleg leiar er i tvil om reglane for halvårsvurdering er følgde, kan dagleg leiar be om ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 30 juli 2015 nr. 927 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-14.Halvårsvurdering i orden og i åtferd for elevar

Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Det skal givast halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd i heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinnet skal det også givast halvårsvurdering med karakter, eller anna godkjend vurdering, i orden og i åtferd. Halvårsvurdering med karakter skal fastsetjast midt i opplæringsperioden på 8., 9. og 10. årstrinnet og ved slutten av opplæringsåret på 8. og 9. årstrinnet. Halvårsvurdering med karakter skal givast skriftleg.

I vidaregåande opplæring i skole skal det givast halvårsvurdering med karakter midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn. Det skal givast halvårsvurdering med karakter ved slutten av opplæringsåret dersom eleven ikkje avsluttar opplæringa i skole dette opplæringsåret. Når eleven avsluttar opplæringa i skole skal det fastsetjast standpunktkarakter i orden og i åtferd etter § 3-18.

Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til eleven.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-15.Samanhengen mellom undervegsvurderinga og standpunktkarakteren i fag

Undervegsvurderinga skal fremme læring og gi eleven høve til å forbetre kompetansen sin gjennom opplæringstida i faget. Den kompetansen eleven har vist undervegs i opplæringa er ein del av grunnlaget for vurderinga når standpunktkarakteren i fag skal fastsetjast, jf. § 3-3 og § 3-17.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).

III. Sluttvurdering

0Heile kapitlet endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-16.Sluttvurdering i fag

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa i fag etter den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 jf. § 3-3.

Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Sluttvurderingar er enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i kapittel 5.

Elevar i grunnopplæringa som har individuell opplæringsplan, skal vurderast etter dei samla kompetansemåla i læreplanen for faget, jf. § 3-3.

0Endra ved forskrifter 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-16a.Samanhengen mellom sluttvurdering og elevstatus

Når ein elev har fullført og bestått opplæringa i eit fag, skal sluttvurderinga følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan da ikkje få elevstatus i faget på nytt.

Ein elev som har sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 2A-11, kan velje om faget skal godkjennast etter § 5a-3, eller ta faget på nytt som elev i vidaregåande opplæring.

Ein elev som har fått innvilga omval, kan velje om tidlegare sluttvurderingar i fellesfag skal godkjennast etter § 5a-3, eller velje å ta faget på nytt som elev i vidaregåande opplæring.

0Tilføyd ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-17.Standpunktkarakterar i fag

Standpunktkarakterar er karakterar som blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag, og som skal førast på vitnemålet.

Standpunktkarakteren må baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget, jf. § 3-3. Eleven skal vere kjend med kva det er lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første lokalt gitte eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.

Dagleg leiar har ansvaret for at faglæraren set standpunktkarakter. Dersom dagleg leiar er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan dagleg leiar krevje ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.

Dagleg leiar har ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter i fag. For å gjere enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal eleven først vere varsla, jf. § 3-7.

For elevar i grunnskolen som er fritekne for opplæringsplikt etter friskolelova § 3-3 andre ledd, gjeld den siste halvårsvurderinga med karakter som standpunktkarakter, jf. § 3-39 og § 5-1.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 30 juli 2015 nr. 927 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-18.Standpunktkarakterar i orden og i åtferd

Elevar skal ha standpunktkarakterar i orden og i åtferd etter 10. årstrinnet. I vidaregåande opplæring skal elevar ha standpunktkarakter når dei avsluttar opplæringa i skole.

Dagleg leiar har ansvaret for at standpunktkarakterar i orden og i åtferd blir fastsette etter drøfting i møte der lærarane til eleven er til stades. Endelege karakterar i orden og i åtferd skal fastsetjast etter at opplæringa er avslutta.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 30 juli 2015 nr. 927 (i kraft 1 aug 2015).

IV. Fritak frå vurdering med karakter

0Heile kapitlet endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-19.Fritak frå vurdering med karakter for elevar med individuell opplæringsplan

Når ein elev i grunnskolen får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra om eleven skal ha vurdering med eller utan karakter. I fag der det blir gitt både skriftleg og munnleg karakter, kan foreldra også velje om eleven skal ha berre skriftleg eller munnleg karakter i faget. Dei som vel karakter i norsk skriftleg, kan velje karakter i den eine eller begge målformene. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter det førre leddet, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter på grunnlag av måla i den individuelle opplæringsplanen, så langt planen avvik frå læreplanen for faget.

Skolen sitt styre skal syte for at eleven og foreldra i grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva valet av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.

Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje få fritak frå vurdering med karakter sjølv om dei har individuell opplæringsplan i eit fag.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-20.Fritak frå vurdering med karakter for minoritetsspråklege elevar som nyleg har kome til Noreg

Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg i siste halvdel av eit opplæringsår, er fritekne frå vurdering med karakterar i fag dette opplæringsåret, dersom foreldra ber om det. Dette gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.

Elevar i grunnskolen som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan fritakast frå vurdering med karakter i heile den perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan fritakast frå både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.

Elevar i vidaregåande opplæring som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan fritakast frå vurdering med karakter i halvårsvurderinga i heile den perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan ikkje fritakast frå krava til standpunktvurdering.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.

Styret ved skolen skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.

0Endra ved forskrifter 30 juni 2012 nr. 734 (i kraft 6 aug 2012), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 30 juli 2015 nr. 927 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-21.Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål

Elevar som har mottatt særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5 på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Det same gjeld elevar som på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 har mottatt opplæring på internasjonale skolar etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan.

Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.

Elevar i heile grunnopplæringa og tidlegare elevar har også rett til fritak frå vurdering i skriftleg sidemål dersom dei:

a)på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene
b)ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole
c)fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak.

Berre den skolen som kan skrive ut vitnemål for den det gjeld, jf. § 3-41, kan gjere enkeltvedtak om fritak frå vurdering i skriftleg sidemål etter denne paragrafen.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.

Skolen sitt styre skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en elev som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål.

0Endra ved forskrifter 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 3-22.Fritak frå vurdering med karakter i faget kroppsøving

Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar kan få fritak frå vurdering med karakter i faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får ikkje kan vurderast med karakter. Avgjerda er eit enkeltvedtak. Fritekne elevar skal ha halvårsvurdering utan karakter og anna undervegsvurdering utan karakter.

0Endra ved forskrifter 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-23.Fritak frå eksamen

Elevar som er fritekne for vurdering med karakter i fag som blir avslutta med eksamen, skal ikkje delta i eksamen i faget.

I grunnskolen kan dagleg leiar sjølv etter søknad frå foreldra frita elevar frå eksamen når det ligg føre tungtvegande grunnar.

V. Eksamen

0Heile kapitlet endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-24.Generelle føresegner

Eksamen skal vere i samsvar med den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.

Læreplanen i det enkelte faget fastset om og eventuelt når i opplæringsløpet det skal vere eksamen i faget. Det er òg fastsett i læreplanen for fag om eleven skal opp til eksamen i faget, eller om elevar kan trekkjast ut, kva slags eksamensform som skal nyttast, og om eksamen skal vere lokalt gitt eller sentralt gitt. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere på 10. årstrinnet og på kvart årstrinn innanfor utdanningsprogramma eller programområda i vidaregåande opplæring.

Elevar på ungdomstrinnet som avsluttar eit fag tidlegare enn det som følgjar av den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, jf. § 2A-10, skal vere med i trekket til eksamen i faget det opplæringsåret faget blir avslutta. Om eleven blir trekt til eksamen etter første punktum, kjem denne eksamen i tillegg til dei eksamenar som departementet har fastsett at eleven skal ha på 10. årstrinn.

Eksamen skal organiserast slik at eleven kan få vist kompetansen sin i faget. Eksamenskarakteren skal fastsetjast på individuelt grunnlag og gi uttrykk for kompetansen til eleven slik denne kjem fram på eksamen.

Skolen har plikt til å informere elevar som tek vidaregåande opplæring, om kva for reglar som gjeld for ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen.

Det er ikkje ny eksamen, utsett eksamen eller særskild eksamen i grunnskolen.

0Endra ved forskrifter 19 juli 2012 nr. 753 (i kraft 8 aug 2012), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-25.Melding av elevar til eksamen

Skolen melder til eksamen alle elevar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.

Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen, jf. § 3-31 til § 3-33. Meldinga skjer til skolen.

§ 3-26.Sentralt gitt eksamen

Ved sentralt gitt eksamen fastset Utdanningsdirektoratet korleis eksamen i det enkelte faget skal organiserast, korleis eksamensoppgåva skal vere, datoen for den enkelte eksamenen, og korleis sensurordningane skal vere.

Vertskommunen har ansvaret for å trekkje fag og elevar til sentralt gitt eksamen i grunnskolen og for den praktiske gjennomføringa av eksamen.

Vertsfylket har ansvaret for å trekkje fag og elevar til eksamen og for den praktiske gjennomføringa av eksamen for elevar i vidaregåande opplæring.

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for trekking av fag og elevar til eksamen og den praktiske gjennomføringa av eksamen for skolar i utlandet.

Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Utdanningsdirektoratet fastset dato for melding om trekkfag.

Prøvesvara ved sentralt gitt eksamen skal vurderast av to eksterne sensorar. Dersom det er usemje, skal karakteren avgjerast av ein oppmann.

§ 3-26a.Tidspunkt for gjennomføring av sentralt gitt eksamen

Ved sentralt gitt eksamen skal eksamen starte klokka 09.00 norsk tid, og avsluttast etter fem timar om ikkje anna er oppgitt. Dersom eleven har vedtak om særskild tilrettelegging av eksamen i form av utvida tid, vil vedtaket vere avgjerande for når eksamen skal avsluttast for vedkommande.

Elevar som møter opp til eksamen for seint, men før kl. 10.00, skal få gjennomføre eksamen, men dei skal ikkje få kompensert tapt tid. Dei som møter kl. 10.00 eller seinare, får ikkje gjennomføre eksamen.

Det skal som hovudregel ikkje vere høve for elevar til å forlate eksamenslokalet før kl. 10.00. Unntak må vurderast konkret, der omsynet til ei sikker eksamensgjennomføring og omsynet til helsa til den det gjeld veg tungt.

0Tilføyd ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-27.Lokalt gitt eksamen i grunnskolen

Vertskommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar for grunnskolar i utlandet. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Eksamen skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Munnleg eksamen skal gjennomførast med førebuingsdel. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal eleven få oppgitt eit tema eller ei problemstilling. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Ramma for eksamen på eksamensdagen skal vere munnleg eksamen på inntil 30 minutt per elev.

Lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Éin av sensorane skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidaten høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan kandidaten prøvast i fleire relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein eventuell førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal kandidaten presentere temaet eller problemstillinga som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva kandidaten skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

0Endra ved forskrifter 26 sep 2013 nr. 1147 (i kraft 1 okt 2013), 19 des 2013 nr. 1635.
§ 3-28.Lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring

Vertsfylket har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar i utlandet. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Lokalt gitt munnleg eksamen med førebuingsdel skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Vertsfylket kan fastsetje at skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen som er lokalt gitt, skal gjennomførast med førebuingsdel. Ved skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen kan førebuingsdelen vere inntil to dagar og skal normalt ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Munnleg eksamen skal gjennomførast med førebuingsdel. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal eleven få oppgitt eit tema eller ei problemstilling. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Rammene for eksamenen på eksamensdagen skal vere:

a)skriftleg eksamen - inntil 5 timar
b)munnleg eksamen - inntil 30 minutt per elev
c)munnleg-praktisk eksamen - inntil 45 minutt per elev
d)praktisk eksamen - inntil 5 timar.

Lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Den eine sensoren skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren. Som sensor ved lokalt gitt eksamen i programfag i yrkesfaglege utdanningsprogram kan det også nemnast opp ein fagarbeidar med praksis frå arbeidslivet.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidaten høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan kandidaten prøvast i fleire og relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein eventuell førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal kandidaten presentere temaet eller problemstillinga som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva kandidaten skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

0Endra ved forskrifter 26 sep 2013 nr. 1147 (i kraft 1 okt 2013), 19 des 2013 nr. 1635.
§ 3-28a.(Opphevd)
0Tilføyd ved forskrift 14 okt 2013 nr. 1236, opphevd ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-29.Hjelpemiddel til eksamen

Eksamenen kan organiserast med eller utan hjelpemiddel. Utdanningsdirektoratet fastset kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag ved sentralt gitt eksamen.

Ved lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring etter § 3-28 femte ledd bokstav a, c og d fastset vertsfylket kva for hjelpemiddel som skal tillatast. Dei tillatne hjelpemidla må ikkje svekkje grunnlaget for å vurdere kompetansen til eleven.

Ved lokalt gitt munnleg eksamen er notata til eleven frå førebuingsdelen einaste tillatne hjelpemiddel.

0Endra ved forskrifter 26 sep 2013 nr. 1147 (i kraft 1 okt 2013), 19 des 2013 nr. 1635.
§ 3-30.Særskild tilrettelegging av eksamen

Elevar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at eleven får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

Dagleg leiar avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for elevar. Avgjerda til dagleg leiar er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Dagleg leiar kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.

0Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-31.Særskild eksamen for elevar i vidaregåande opplæring

Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

§ 3-32.Ny eksamen for elevar i vidaregåande opplæring

Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakter i faget.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, jf. forskrift til opplæringslova § 3-10, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

§ 3-33.Utsett eksamen for elevar i vidaregåande opplæring

Ein elev som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakteren i faget.

Eleven må leggje fram dokumentasjon på at han eller ho var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa var uføreseieleg og at han eller ho ikkje kan lastast for hindringa.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, jf. opplæringslova § 3-10, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-34.Bortvising frå eksamen

Elevar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamen. Dersom åtferda til ein elev er i strid med denne føresegna, kan eleven, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av dagleg leiar sjølv og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg for dagleg leiar før dagleg leiar eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.

Dersom ein elev i vidaregåande opplæring får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

§ 3-35.Annullering av eksamen

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Dersom ein elev har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamenen annullert.

Elevar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 3-40 dersom omsynet til elevane tilseier det.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar fusk eller forsøk på fusk. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av dagleg leiar sjølv. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg for dagleg leiar før dagleg leiar fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til fylkesmannen.

For elevar som får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, jf. forskrift til opplæringslova § 3-10, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).

VI. Dokumentasjon

0Heile kapitlet endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-36.Rett til dokumentasjon

Alle som har fullført grunnopplæringa etter friskolelova, har rett til å få opplæringa dokumentert. Elevar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert.

Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast.

Elevar i vidaregåande opplæring som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon.

Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast.

0Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-37.Forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær

Kvar skole skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar, eller anna godkjend vurdering og fråvær, jf. friskolelova § 5-2 første ledd.

Fråvær, halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar og eksamenskarakterar skal førast inn i systemet skolen bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og åtferd. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.

Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at dei er gitt. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av dagleg leiar.

Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.

Fråvær skal dokumenterast kvart halvår.

0Endra ved forskrifter 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-38.Dispensasjon

Departementet kan i særlege tilfelle gi dispensasjon frå reglane om dokumentasjon i § 3-35 til § 3-44.

§ 3-38a.Dispensasjon frå krava til å få vitnemål i § 3-41 grunna streik våren 2010

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2010 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-41 andre ledd.

0Tilføyd ved forskrift 16 juni 2010 nr. 839.
§ 3-38b.Dispensasjon frå krava til å få vitnemål i § 3-41 grunna streik våren 2012

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2012 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-41 andre ledd.

0Tilføyd ved forskrift 5 juni 2012 nr. 491.

Særskild om retten til dokumentasjon av grunnskoleopplæringa

0Heile kapitlet endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-39.Vitnemål i grunnskolen

Alle elevar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa etter friskolelova. Vitnemålet til eleven skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, eller anna godkjend vurdering og fråvær.

Elevar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For elevar som ikkje har fått standpunktkarakter i eitt fag fordi grunnlaget for vurdering manglar, skal det ikkje førast karakter i faget på vitnemålet. Det skal då førast på vitnemålet at vurdering ikkje var mogleg. Siste halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast som standpunktkarakter.

Elevar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette ført på vitnemålet dersom eleven eller foreldra ønskjer det.

Elevar som er heilt eller delvis fritekne for vurdering med karakterar, skal ha vitnemål som viser at eleven har fullført grunnskoleopplæringa.

0Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-40.Føring av fråvær i grunnskolen

Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:

a)dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
b)innvilga permisjon etter friskolelova § 3-13.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

0Endra ved forskrifter 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Særskilt om retten til dokumentasjon av vidaregåande opplæring

0Heile kapitlet endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).
§ 3-41.Vitnemål i vidaregåande opplæring

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp som gir studie- og/eller yrkeskompetanse. Elevar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 3-19 til § 3-22, § 3-38 eller § 3-43.

Vitnemål for elevar skal skrivast ut av skolen der eleven fullfører og består opplæringa. Skolen er også ansvarleg for å skrive ut vitnemål til elevar som fullfører opplæringa, men først seinare består alle fag.

0Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-42.Førstegongsvitnemål

Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høgare utdanning, blir gitt til den som ved utløpet av normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Det er mogleg å føre karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild eksamen etter § 3-31, utsett eksamen etter § 3-33 og ny eksamen etter § 3-34 og § 3-35.

Førstegongsvitnemål kan berre skrivast ut éin gong til den personen det gjeld. Det gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage.

Elevane kan få ført på førstegongsvitnemålet karakterar som er forbetra innan utløpet av normal tid. Det er mogleg å få ført på karakterar i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse, og som er oppnådde innan utløpet av normal tid.

Kravet om gjennomført vidaregåande opplæring på normal tid kan etter søknad bli utvida til maksimalt fem år. Dette gjeld dersom eleven har fått innvilga søknad om omval etter forskrift til friskolelova § 3-3 fjerde ledd og opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, eller har fått rett til ekstra opplæringstid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd. Dette gjeld òg om det blir lagt fram skriftleg dokumentasjon på at eleven har vore fråverande frå opplæringa ein lengre periode i løpet av eit opplæringsår på grunn av

a)internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid
b)folkehøgskole, verneplikt eller omsorgsarbeid som er utført i minst seks månader av opplæringsåret, eller
c)langvarig sjukdom.

Føresegna gjeld og for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

0Endra ved forskrifter 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 30 juli 2015 nr. 927 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-43.Unntak for elevar frå vilkåra for å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram

Elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har følgt opplæringa, men ikkje bestått i inntil to av fellesfaga som inngår i fag- og timefordelinga for opplæringa, kan likevel i særskilde tilfelle få utferda vitnemål som gir yrkeskompetanse, men ikkje vitnemål som gir generell studiekompetanse. Samtykke til slikt unntak kan bli gitt etter søknad når eleven:

a)har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i grunnskolen
b)har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i den vidaregåande skolen
c)har spesifikke lærevanskar, t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar. Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakter er sett eller eksamen har vore gjennomført.

I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.

Før søknader om unntak kan bli behandla, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før søknader om unntak etter første ledd bokstav c kan bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for å få utarbeidd slik vurdering.

Dagleg leiar avgjer søknad om unntak i samsvar med vilkåra. Eleven kan ikkje få førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.

Føresegna gjeld og for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

0Endra ved forskrifter 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-44.Kompetansebevis

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde. I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå etter den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, skal halvårsvurderinga med karakter som eleven får ved avslutning av opplæringsåret førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom eleven ikkje fullfører faget på nivået der den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3, fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurdering med karakter. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der eleven berre har fått opplæring i delar av eit fag.

For elevar skal kompetansebevis skrivast ut av skolen/skolane der eleven har oppnådd standpunkt- og eksamenskarakterar.

0Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-45.Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis

For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3 når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.

I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.

Det er mogleg å få ført på vitnemålet karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse.

For elevar i vidaregåande opplæring som har fått sluttvurdering i eit fag som elev meir enn éin gong, jf. § 3-16a andre og tredje ledd, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

For elevar som får fritak frå vurdering jf. § 3-21, men ikkje fritak frå opplæring i skriftleg sidemål, skal det for skriftleg sidemål stå «Delteke» på vitnemålet eller kompetansebeviset, ikkje talkarakter.

For elevar i vidaregåande opplæring med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter, jf. § 3-3 og § 3-17, skal kompetansen til eleven dokumenterast på kompetansebeviset.

0Endra ved forskrift 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 30 juli 2015 nr. 927 (i kraft 1 aug 2015).
§ 3-46.Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Dagleg leiar kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:

a)helse- og velferdsgrunnar
b)arbeid som tillitsvald
c)politisk arbeid
d)hjelpearbeid
e)lovpålagt oppmøte
f)representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller dagleg leiar, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset.

0Endra ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).

Kapittel 4. Foreldresamarbeid i grunnskolen og vidaregåande opplæring

0Kapitlet tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010).
§ 4-1.Formålet med foreldresamarbeid

Skolen skal sørgje for samarbeid med heimen, jf. friskolelova § 1-1 og § 7-1d. Foreldresamarbeid skal ha eleven i fokus og bidra til god oppfølging av eleven sin faglege og sosiale utvikling. Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullførar vidaregåande opplæring.

0Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-2.Kontakt med heimen i grunnskolen

Skolen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret.

Skolen skal i starten av kvart opplæringsår halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra.

Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av friskolelova § 1-1 og den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § 3-13.

Foreldra skal få munnleg eller skriftleg:

a)varsling om eleven sitt fråvær
b)varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-7
c)informasjon om eleven og foreldra sine rettar og pliktar etter friskolelova og forskrifta
d)anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagt teieplikt etter anna lovgiving.
0Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 4-3.Kontakten med heimen i vidaregåande opplæring

Skolen skal halde kontakt med foreldra til elevar som ikkje er myndige etter verjemålslova § 1 gjennom heile opplæringsåret.

Skolen skal i starten av opplæringsåret på Vg1 og Vg2 halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra.

Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av friskolelova § 1-1 og den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § 3-13.

Foreldra til ikkje myndig elevar skal få munnleg eller skriftleg

a)varsling om eleven sitt fråvær
b)varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite god i orden eller oppførsel, jf. § 3-7
c)informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter friskolelova og forskrifta
d)anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.
0Tilføyd ved forskrift 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrifter 31 jan 2011 nr. 127, 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Kapittel 5. Klage på vurdering av elevar

(Heimel: friskolelova § 2-3 andre ledd.)

0Heimelstilvisinga endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 5-1.Kva det kan klagast på

Det kan klagast på standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Det kan også klagast på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter.

0Endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).
§ 5-2.Kven som kan klage

Elevar eller dei som desse gir skriftleg fullmakt, har klagerett. Foreldra eller dei føresette til umyndige elevar har sjølvstendig klagerett. Dersom eleven er under 15 år, kan dei ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra eller dei føresette.

§ 5-3.Avgjerd i klagesaka

Behandling av klage på karakter kan føre til at karakteren blir ståande, eller til at denne blir endra til gunst eller ugunst for klagaren. Avgjerda skal grunngivast. Avgjerda er endeleg og kan ikkje klagast på.

Fører klagebehandlinga til endring av vitnemålet eller kompetansebevis, skal det skrivast eit nytt, og tidlegare vitnemål/kompetansebevis skal leverast tilbake.

§ 5-4.Saksgangen ved klage

Dei som har klagerett etter § 5-2, skal få opplysningar om høvet til å klage, klagefristen og om kva klagen skal innehalde, i medhald av denne forskrifta og forvaltningslova § 29, § 30, § 31 og § 32. Dei som har klagerett, skal også få informasjon om retten til å få retningslinjer som sensorane har fått, og grunngiving etter § 5-7.

Klagen skal sendast til den skolen der klagaren er elev.

Når det gjeld klage i samband med sentralt gitt eksamen med sentral sensur i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, skal skolen sende klagen saman med prøvesvaret til Fylkesmannen, jf. § 5-9. Ved klage i fag der det blir vurdert fleire svar, skal alle elevsvara leggjast ved.

§ 5-5.Klagefristar

Fristen for å klage på vedtak som gjeld eksamenskarakterar og standpunktkarakterar er 10 dagar.

Fristen skal reknast frå tidspunktet når meldinga om vedtaket er komen fram til den som har klagerett, eller når den som har klagerett burde ha gjort seg kjend med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett ber om grunngiving for vedtaket. Ny frist gjeld frå det tidspunkt klagaren har fått grunngivinga.

§ 5-6.Formkrav

Klagen må fremjast skriftleg, og underskrivast av klagaren eller eventuelt av ein med fullmakt. Klagen skal nemne det vedtaket som det blir klaga på, og dersom det er nødvendig, gi opplysningar som gjer det mogleg å avgjere spørsmål om klagerett og om klagefristen er halden. Klagen bør innehalde årsaka til klagen, bortsett frå klagar etter § 5-9.

§ 5-7.Rett til grunngiving

Den som har klagerett, jf. § 5-2, kan innanfor klagefristen krevje grunngiving for karakterar i fag der det blir halde munnleg eksamen, fastsett standpunktkarakterar, karakter for praktisk eksamen eller standpunktkarakter i orden og i åtferd. Grunngivinga skal givast av sensor eller ein lærar som har vore med og fastsett karakteren.

Dersom ein elev ikkje får standpunktkarakter eller får ikkje bestått som standpunktkarakter, kan det krevjast grunngiving for det.

Den som har klagerett kan ikkje krevje grunngiving av karakterar til skriftleg eksamen.

§ 5-8.Rett til å gjere seg kjend med sitt eige svar og eventuelle retningslinjer for sensorar ved skriftleg eksamen

Eleven har, etter at karakter ved skriftleg eksamen er fastsett, rett til å gjere seg kjend med sitt eige svar. På oppmoding skal han eller ho få kopi av svaret. Eleven kan også krevje å få lagt fram eventuelle retningslinjer som sensorane har fått til hjelp ved sensureringa.

§ 5-9.Klage på karakter til skriftleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling

Klageinstansen for vurdering av skriftleg eksamen i grunnskolen er ei klagenemnd på 3 medlemmer. Fylkesmannen i kvart fylke nemner opp klagenemnda.

Klageinstansen for vurdering av skriftleg sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd oppnemnd av Fylkesmannen. Klageinstansen for vurdering av skriftleg lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd oppnemnd av vertsfylket etter retningslinjer frå Fylkesmannen.

Medlemmene av ei klagenemnd må ikkje ha vore med i førstegangsbedømminga og bør så langt det lèt seg gjere, ikkje vere frå same skolen som klagaren. Når det er felles sensur for fleire grunnskolar, skal medlemmene så langt råd er ikkje vere frå same skolen som klagaren.

Klagenemnda skal gjerast kjend med den karakteren prøvesvaret fekk ved den ordinære sensuren. Nemnda skal elles ikkje få andre opplysningar enn svaret og dei opplysningane som kan leggjast ved svaret ved eksamen. Nemnda skal ikkje gjerast kjend med eventuell grunngiving for klagen.

Når det gjeld klage på karakter til skriftleg eksamen, prøver nemnda alle sider ved karakterfastsetjinga. Finn nemnda at karakteren er urimeleg i forhold til eksamensprestasjonen, set ein ny karakter.

§ 5-10.Klage på karakter ved munnleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling

Ved munnleg eksamen kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. Ved klage på munnleg eksamen hentar dagleg leiar inn fråsegn frå sensor og eksaminator og sender desse fråsegnene og klagen saman med si eiga fråsegn til Fylkesmannen når det gjeld klager i grunnskolen, og til fylkestinget i vertsfylket eller den fylkestinget gir mynde som klageinstans, når det gjeld klager i vidaregåande opplæring. Kopi av fråsegnene skal sendast til klagaren.

Dersom klagaren får medhald i klagen ved munnleg eksamen, skal karakteren annullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny eksamen. Dersom klagaren vel å gå opp til ny munnleg eksamen, skal prøvesvaret bedømmast av ein ny sensor.

Gjeld klagen prøve i trekkfag, skal det trekkjast fag på ny. Eleven skal få melding om faget med same frist som ved ordinær prøve.

§ 5-11.Klage på eksamensresultat ved andre, ikkje-skriftlege eksamenar i vidaregåande opplæring

Ved andre ikkje-skriftlege eksamenar enn munnleg eksamen, der det ikkje ligg føre dokumentasjon som kan vurderast av ei klagenemnd, kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. I slike tilfelle skal ein følgje same prosedyren som for munnleg eksamen, jf. § 5-10.

Dersom ein slik eksamen resulterer i dokumentasjon som kan vurderast fagleg av ei klagenemnd, skal ein følgje same prosedyren som for skriftleg eksamen, jf. § 5-9.

§ 5-12.Klage på standpunktkarakter. Klageinstans og klagebehandling

Ved klage på standpunktkarakter eller vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter kan klageinstansen berre vurdere om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde. Med klagen skal det følgje fråsegn frå faglæraren om korleis karakteren er fastsett, eller kvifor det ikkje er sett karakter, og fråsegn frå dagleg leiar om saksbehandlinga ved skolen. Klagaren skal få kopi av fråsegna.

Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget i vertsfylket eller den fylkestinget gir mynde.

Dersom klagen blir funnen rettkomen, må klageinstansen presisere kva for reglar ein meiner er brotne eller det kan reisast tvil om er brotne, og sende saka tilbake til skolen. Klageinstansen skal informere klagaren om resultatet av klagebehandlinga. Dagleg leiar og faglæraren gjennomfører ny vurdering. Dagleg leiar set endeleg karakter. Den nye avgjerda kan det ikkje klagast på.

Finn klageinstansen at klagaren ikkje kan få medhald, er avgjerda endeleg.

§ 5-13.Klage på karakter i orden og i åtferd. Klageinstans og klagebehandling

Ved klage på karakter i orden og i åtferd skal kontaktlæraren til eleven og dagleg leiar, eller den skolen sitt styre har oppnemnt, gi fråsegn som saman med klagen skal sendast til klageinstansen. Fråsegna skal gjere greie for kva karakterar i orden og i åtferd som har vore gitt tidlegare, kva for tiltak skolen har sett i verk for å rette på forholda, og ei fyldig grunngiving for karakteren. Kopiar av ordensreglement for skolen, utskrift av protokollen som viser korleis skolen har behandla saka m.m., skal leggjast ved fråsegna. Ved klage i grunnskolen skal det også gjerast greie for om heimen har vore varsla om at karakteren kunne bli sett ned, og eventuell annan korrespondanse med foreldra eller dei føresette. Klagaren skal ha kopi av fråsegna.

Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Klageinstansen avgjer om klagen skal føre til at karakteren blir endra til gunst eller ugunst for klagaren.

0Endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 1019 (i kraft 1 aug 2009).

Kapittel 5A. Fritak frå opplæring og godkjenning av tidlegare bestått opplæring

(Heimel: friskolelova § 2-3 andre ledd tredje punktum.)

0Kapitlet tilføyd ved forskrift 9 nov 2009 nr. 1356. Overskrifta endra ved forskrift 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012). Heimelstilvisinga endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 5a-1.Opplæring i skriftleg sidemål i grunnskolen

For desse grunnskoleelevane gjeld ikkje kravet om opplæring i skriftleg sidemål:

a)elevar som får særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5
b)elevar med opplæring i samisk som førstespråk eller andrespråk
c)elevar som har finsk som andrespråk
d)elevar som får opplæring i teiknspråk som førstespråk.

Når det gjeld fritak frå vurdering i skriftleg sidemål, sjå § 3-21.

0Tilføyd ved forskrift 9 nov 2009 nr. 1356, endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 5a-2.Fritak frå opplæring i faget kroppsøving for elevar i vidaregåande opplæring

Dagleg leiar kan etter søknad gi elevar i vidaregåande opplæring fritak frå opplæring i kroppsøving. Eleven må leggje fram ei fråsegn frå lege som dokumenterer at opplæringa er til skade for eleven, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg, jf. § 3-22. Dagleg leiar si avgjerd er eit enkeltvedtak.

0Tilføyd ved forskrift 9 nov 2009 nr. 1356, endra ved forskrifter 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012), 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 18 juni 2015 nr. 760 (i kraft 1 aug 2015).
§ 5a-3.Godkjenning innan vidaregåande opplæring av tidlegare bestått opplæring i Noreg eller i utlandet

Ein elev som tidlegare har bestått eit fag som er det same faget, eller som er likeverdig med eller meir omfattande enn eit fag etter læreplanen for skolen, skal få godkjenning for dette som bestått fag etter læreplanen. Dette gjeld anten det aktuelle faget er bestått i Noreg eller i utlandet. Eleven må søkje dagleg leiar om slik godkjenning, og må sjølv leggje fram den nødvendige dokumentasjonen.

Ein elev som har gjennomført og bestått eit opplæringsår i utlandet på nivå med norsk Vg1 og/eller Vg2, kan søkje dagleg leiar om å få denne opplæringa godkjend som ein del av norsk vidaregåande opplæring. Denne ordninga gjeld for alle utdanningsprogramma. Dagleg leiar skal vurdere søknaden og gje godkjenning når innhaldet i opplæringsåret i utlandet er likeverdig med eller meir omfattande enn opplæringa etter læreplanen. Opplæringsåret i utlandet må ha hovudvekta på den fagkrinsen ein finn i det tilsvarande norske opplæringsåret, men det er ikkje krav om at den utanlandske opplæringa inneheld alle dei einskilde faga i det aktuelle utdanningsprogrammet. Søkjaren må leggje fram nødvendig dokumentasjon på den utanlandske opplæringa. Dagleg leiar kan gje tilsegn om godkjenning på vilkår før eleven dreg til utlandet.

Avgjerd etter første og andre ledd er enkeltvedtak som det kan klagast på til fylkesmannen.

0Tilføyd ved forskrift 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012).

Kapittel 6. Skyss av elevar i vidaregåande opplæring

(Heimel: friskolelova § 3-7 tredje ledd.)

0Heimelstilvisinga endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 6-1.Fylkeskommunens ansvar

Heimfylket har ansvaret for skyss for elevar som har slik rett etter reglane i friskolelova § 3-7 første ledd. Heimfylket kan velje om eleven skal få gratis skyss eller full skyssgodtgjersle.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 6-2.Full skyssgodtgjersle

Eleven har rett til full skyssgodtgjersle i dei tilfella heimfylket ikkje gir tilbod om gratis skyss. Full skyssgodtgjersle inneber at dei naudsynte faktiske skysskostnadene for eleven blir dekte. Val av transportmiddel skal avklarast med heimfylket så snart som mogleg etter at eleven har fått tildelt skoleplass. Kostnadene skal dokumenterast. Dersom det ikkje er mogleg å avklare val av transportmiddel før skolen tek til, må heimfylket likevel dekkje dei dokumenterte faktiske og naudsynte skysskostnader eleven har i perioden fram til ei slik avklaring skjer.

Ved bruk av privat bil blir skysskostnadene dekte etter satsane for utgifter ved reise for undersøking og behandling, jf. forskrift 7. april 2008 nr. 788 (sjuketransportforskrifta). I tillegg skal eleven få godtgjersle for alle naudsynte faste og variable kostnader knytte til bruk av bil dersom desse utgiftene er større enn det den faste satsen dekkjer. I tillegg til utgifter til drivstoff skal skyssgodtgjersle kunne dekkje utgifter til bompengar, ferjeturar, piggdekkavgift og parkering, og til andre særlege kostnader som ikkje blir dekte etter satsane i sjuketransportforskrifta. Tapt arbeidsinntekt for den som kjører eleven, blir ikkje rekna med i grunnlaget for skyssgodtgjersle. Eleven dokumenterer utgiftene som ikkje blir dekte av minstesatsen, ved å syne fram kvitteringar for utgiftene.

0Endra ved forskrift 28 juni 2011 nr. 692 (i kraft 1 aug 2011).
§ 6-3.Dispensasjon frå kravet om gratis skyss

Dispensasjon frå plikta for heimfylket til å sørgje for gratis skoleskyss, jf. friskolelova § 3-7, kan etter søknad frå heimfylket til departementet givast når vilkåra i § 6-4 og § 6-5 er oppfylte.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 6-4.Vilkår for dispensasjon frå kravet om gratis skyss

Dispensasjon frå plikta til å sørgje for gratis skoleskyss etter friskolelova § 3-7 kan etter søknad til departementet givast når desse vilkåra er oppfylte:

a)heimfylket må ha ei ordning med subsidiert rabattkort for ungdom. Prisen må ikkje overstige 50 % av vanleg månadskort for vaksne.
b)eit rabattkort må omfatte ordinær reise til og frå skolen eller, om eleven går på skole utanfor sitt eige heimfylke, til og frå fylkesgrensa for fylket der eleven bur, til og frå arbeid og fritidsaktivitetar.
c)rabattkortet må i tillegg til ordinær skoleskyss kunne nyttast både på dagtid og kveldstid alle dagar. Dei aktuelle kollektive transportmidla som rabattkortet gjelder for, må vere godt utbygde og ha jamlege avgangar.
d)ordninga må omfatte minst heile skoleåret.
0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 6-5.Avgjerdsmyndigheit

Søknader om dispensasjon frå friskolelova § 3-7 blir avgjorde av departementet.

Dispensasjon kan givast for eitt år om gongen.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Kapittel 7. Retten til nødvendig rådgiving

(Heimel: friskolelova § 3-11.)

0Heimelstilvisinga endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 7-1.Generelt om retten til rådgiving

Den enkelte eleven har rett til to ulike former for nødvendig rådgiving: sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving. Tilbodet skal vere kjent for elevar og føresette, og vere tilgjengeleg for elevane ved den enkelte skolen.

Retten til nødvendig rådgiving inneber at eleven skal kunne få informasjon, rettleiing, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette på skolen og ta avgjerd i tilknyting til framtidige yrkes- og utdanningsval. Rådgivinga kan vere både individuell og gruppevis. Eleven sitt behov og ønskje vil avgjere forma som blir teken i bruk.

Rådgivinga skal medverke til å utjamne sosial ulikskap, førebyggje fråfall og integrere etniske minoritetar. For at rådgivinga skal bli best mogleg for eleven, skal skolen ha eit heilskapleg perspektiv på eleven og sjå den sosialpedagogiske rådgivinga og utdannings- og yrkesrådgivinga i samanheng.

Eleven skal få den hjelpa han/ho treng for å utvikle seg vidare og utnytte eigne ressursar, utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller.

0Tilføyd ved forskrift 19 des 2008 nr. 1526 (i kraft 1 jan 2009).
§ 7-2.Sosialpedagogisk rådgiving

Den enkelte eleven har rett til nødvendig rådgiving om sosiale spørsmål. Formålet med den sosialpedagogiske rådgivinga er å medverke til at den enkelte eleven finn seg til rette i opplæringa og hjelpe eleven med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar som kan ha noko å seie for opplæringa og for eleven sine sosiale forhold på skolen.

Ved behov kan eleven få hjelp til mellom anna å:

-klarleggje problem og omfanget av desse
-kartleggje kva skolen kan medverke til, og om det er behov for hjelpeinstansar utanom skolen
-finne dei rette hjelpeinstansane og formidle kontakt med desse.

Eleven skal bli møtt med respekt av personalet på skolen i forhold til sine sosiale, personlege og emosjonelle problem.

Personalet på skolen skal ha tett kontakt og samarbeid med hjelpeinstansar utanfor skolen og heimen slik at det blir samanheng i tiltaka rundt eleven.

0Endra ved forskrift 19 des 2008 nr. 1526 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 7-1).
§ 7-3.Utdannings- og yrkesrådgiving

Den enkelte eleven har rett til rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. Utdannings- og yrkesrådgivinga har som formål å bevisstgjere og støtte eleven i val av utdanning og yrke og utvikle kompetansen til den enkelte til å planleggje utdanning og yrke i eit langsiktig læringsperspektiv.

Retten til nødvendig utdannings- og yrkesrådgiving inneber at eleven mellom anna har rett til:

-rådgiving og rettleiing som er knytt til val av yrke og utdanning
-oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Noreg og andre land
-oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
-opplæring i å finne og orientere seg i informasjon og i bruk av rettleiingsverktøy
-informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
-opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar.

Eleven skal gradvis bli bevisst sine eigne interesser, dugleikar og verdiar, og få kunnskap, sjølvinnsikt og evne til sjølv å kunne ta avgjerd om yrkes- og utdanningsval. Rådgivinga skal også utvikle eleven sine evner til å vurdere moglege konsekvensar av val og førebyggje feilval. Frå 8.-13. årstrinn skal rådgivinga leggjast opp som ein prosess.

Utdannings- og yrkesrådgiving skal vere eit samarbeid mellom ulike personar og instansar på skolen, og skolen skal så langt det er mogleg og hensiktsmessig trekkje inn eksterne samarbeidspartnarar for å gje elevane best mogleg informasjon og tilbod om rådgiving om yrkes- og utdanningsval. Aktuelle samarbeidspartnarar er til dømes andre utdanningsnivå, lokalt næringsliv, partnarskap for karriererettleiing og heimen.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 19 des 2008 nr. 1526 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 7-2).
§ 7-4.Ansvar

Skolen sitt styre er ansvarleg for å oppfylle eleven sine rettar etter § 7-1 til § 7-3, jf. friskolelova § 5-2. Ansvaret inneber mellom anna at begge formene for rådgiving skal utførast av personale med relevant kompetanse for dei to områda.

Skolen skal arbeide systematisk og planmessig for å sikre at rådgivingstilbodet blir tilfredsstillande.

0Endra ved forskrifter 19 des 2008 nr. 1526 (i kraft 1 jan 2009, tidlegare § 7-3), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Kapittel 7A. Ulykkesforsikring for elevar

(Heimel: friskolelova § 7-1b.)

0Kapitlet tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008). Heimelstilvisinga endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 7A-1.Plikt til å sørgje for ulykkesforsikring for elevar

Skolen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Plikta gjeld også lærlingar og lærekandidatar, men ikkje elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne etter friskolelova kapittel 6A.

Ulykkesforsikringa skal minst ha det innhald og omfang som går fram av føresegnene i denne forskrifta.

0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008), endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 7A-2.Krav til forsikringsordninga

Ulykkesforsikringa skal vere teikna i eit forsikringsselskap som har løyve etter forsikringslova.

0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).
§ 7A-3.Kva forsikringa gjeld

Ved ulykkesskade skal forsikringa gi dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet, i den mon slike ytingar ikkje er dekte etter folketrygdlova eller yrkesskadeforsikringslova.

0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).
§ 7A-4.Når og kvar forsikringa skal gjelde

Forsikringa skal gi eleven dekning for ulykkesskade som har hendt

a.på opplæringsstaden i opplæringstida
b.på veg mellom heim og opplæringsstad
c.under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som er ledd i opplæringa, og på veg mellom heim og arbeidsplass
d.under transport, skoleturar, idrettsdagar, leirskolar og liknande som skolen er ansvarleg for
e.under Operasjon dagsverk og andre liknande elevaktivitetar, og mellom heim og den stad der aktiviteten skjer.

Likestilt med heim i pkt. b, c og e er annan opphaldsplass.

For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tida elevane held seg på skolen, men ikkje i feriar og liknande fråvær når elevane ikkje er under tilsyn av skolen. Forsikringa gjeld likevel på reiser mellom heim og skole i samanheng med slikt fråver.

0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).
§ 7A-5.Erstatning ved død eller ved varig medisinsk invaliditet

Ved varig medisinsk invaliditet som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning tufta på ein forsikringssum på 5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Full erstatning skal ytast når invaliditetsgraden er fastsett til 100 %. Ved lågare gradar av invaliditet skal erstatninga reduserast forholdsmessig.

Graden av invaliditet skal reknast ut etter invaliditetstabellar med tilhøyrande retningsliner som Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for.

Ved dødsfall som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning på 1 G.

0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).
§ 7A-6.Tilbakebetaling av utgifter til behandling

Fører ulykkesskaden i løpet av dei to første åra etter at skaden hende, til utgifter til behandling av skaden, skal forsikringa dekkje dokumenterte og nødvendige utgifter til

-lege og tannlege
-Ved tannskadar skal forsikringa likevel alltid erstatte utgifter til første permanente tannstell (bru, krone o.l.), sjølv om dette skjer seinare enn to år etter skaden, dersom behandlinga skjer seinast ti år etter utgangen av det året skaden skjedde.
-medisinsk behandling utført av ein som har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda tilrådd av lege eller tannlege
-reise til og frå heim for nødvendig behandling med billegaste transportmiddel når det blir teke omsyn til tilstanden hos eleven

Det krevst ikkje at forsikringa skal dekkje meirutgifter til privat behandling, forpleiing eller opptrening.

Den øvre grensa for dei samla tilbakebetalingskrava frå forsikringa for nødvendige utgifter til behandling må ikkje vere lågare enn 0,25 G.

Eigendelen for eleven må ikkje vere høgare enn 0,015 G.

0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).
§ 7A-7.Avgrensingar i forsikringsdekninga

Forsikringa kan gjere unntak frå dekning av ulykkesskade som har si årsak i

-forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel
-infeksjon eller stikk/bit av insekt, som til dømes malaria, flekktyfus eller borrelia
-smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde, som til dømes e-coli, salmonella eller liknande
-psykiske skadar, som sjokkliding, depresjon, angst og liknande, med mindre det til same tid er oppstått lekamsskade som gir livsvarig medisinsk invaliditet.
0Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).

Kapittel 7B. (Oppheva)

0Oppheva 1 aug 2014 ved forskrift 1 juli 2014 nr. 973.
§ 7B-1.(Oppheva 1 aug 2014 ved forskrift 1 juli 2014 nr. 973).

Kapittel 8 - Krav om politiattest

0Heile kaptittel 8 endra ved forskrift 28 juni 2011 nr. 692 (i kraft 1 aug 2011).
§ 8-1.Framgangsmåte

Arbeidsgivaren innhentar politiattest i samsvar med reglane i friskolelova § 4-3 og § 7-1e tredje ledd. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.

Arbeidsgivaren skal i utlysingsteksten gjere søkjarar merksame på at det vil bli kravd politiattest ved tilsetjing, men at slik attest ikkje skal leggjast ved søknaden. Attest skal berre krevjast av den søkjaren som får tilbod om stillinga. Det skal i tilbodet takast atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.

Politiattest skal liggje føre før arbeidstakaren blir tilsett i stillinga.

0Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 8-2.Behandling av politiattest

Politiattesten skal oppbevarast utilgjengeleg for uvedkomande, og skal makulerast straks etter at attesten har vore nytta i tilsetjingssaka eller til det formålet attesten er innhenta med heimel i friskolelova § 4-3 eller § 7-1e.

0Endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 8-3.Teieplikt

Den som får kjennskap til opplysningar gjennom ein politiattest, pliktar å hindre at uvedkomande får tilgjenge eller kjennskap til opplysningane, jf. forvaltningslova § 13 - § 13e og politiregisterlova § 47. Brot kan straffast etter straffelova § 121.

Kapittel 8A. Tilleggskompetanse

0Kapitlet tilføyd ved forskrift 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), endra ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 8A-1.Spesialkompetanse i skolar som er godkjende til å drive på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning

I skolar som er godkjende til å drive på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal minst halvparten av undervisningspersonalet ha spesialkompetanse til å gjennomføre den anerkjende pedagogiske retninga.

Som spesialkompetanse reknast høgare utdanning innan den anerkjende pedagogiske retninga med eit omfang på minst 60 studiepoeng. Departementet kan godkjenne anna utdanning av minst eit års omfang som spesialkompetanse. Spesialkompetansen må vere relevant for undervisning i den aktuelle skolen.

0Tilføyd ved forskrift 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), endra ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 8A-2.Spisskompetanse i skolar godkjende til å drive særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett

I skolar som er godkjende for å drive særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, skal undervisningspersonalet ha spisskompetanse i dei idrettane skolen er godkjend for å tilby. Kravet gjeld berre for dei som skal undervise i dei aktuelle idrettane.

0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Kapittel 9. Statstilskot til grunnskolar

(Heimel: friskolelova § 6-1 tredje ledd.)

0Kapitteloverskrifta og heimelstilvisinga endra ved forskrift 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), heimelstilvisinga endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 9-1.Statstilskot til grunnskolar

Ved utrekninga av statstilskot etter friskolelova § 6-1 første og tredje ledd skal det for grunnskolar i Noreg også takast omsyn til skilnaden mellom utgiftene i den kommunen skolen ligg og utgiftene på landsbasis.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Kapittel 9A. Tilskot til skolar som driv særskild tilrettelagd opplæring for funksjonshemma

(Heimel: friskolelova § 6-1 fjerde ledd.)

0Kapitlet tilføyd ved forskrift 22 juni 2010 nr. 954 (i kraft 1 aug 2010). Heimelstilvisinga endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 9A-1.Tilskot til skolar som driv særskild tilrettelagd opplæring for funksjonshemma

Skolar som er godkjente etter friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav f) får alle driftsutgiftene dekte etter ein normalsats per elev per skoleår, jf. § 6-1 fjerde ledd i lova.

Følgjande to satsar blir nytta:

a)Ein sats for nokså ressurskrevjande elevar, og
b)Ein sats for særleg ressurskrevjande elevar.

Kvar skole får tilskot basert på ein av satsane i andre ledd.

0Tilføyd ved forskrift 22 juni 2010 nr. 954 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 9A-2.Sats for nokså ressurskrevjande elevar

Satsen for nokså ressurskrevjande elevar blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med generelle eller samansette lærevanskar. Lærevanskane skal vere langvarige eller permanente.

Følgjande skolar får tilskot etter denne satsen: Soon Sjøskole, Aglo vidaregåande skole, Hop vidaregåande skole, Østerbo vidaregåande skole, Krokeide vidaregåande skole, Seiersborg vidaregåande skole, Øvrebø vidaregåande skole, Briskeby videregående skole AS og Rostad skole.

0Tilføyd ved forskrift 22 juni 2010 nr. 954 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrifter 30 aug 2012 nr. 856, 27 juni 2013 nr. 796.
§ 9A-3.Sats for særleg ressurskrevjande elevar

Satsen for særleg ressurskrevjande elevar blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med omfattande generelle eller samansette lærevanskar. Lærevanskane skal vere langvarige eller permanente. Elevane som fell inn under denne satsen har eit stort behov for oppfølging for å kunne meistre ulike delar av opplæringssituasjonen.

Følgjande skolar får tilskot etter denne satsen: Helsepedagogisk Rudolf Steinerskole i Oslo, Helsepedagogisk Steinerskole på Hedemarken, Steinerskolen på Skjold, helsepedagogisk avdeling, Signo grunn- og videregående skole AS og Momo Waldorfskole.

0Tilføyd ved forskrift 22 juni 2010 nr. 954 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrift 30 aug 2012 nr. 856, 10 sep 2013 nr. 1069.
§ 9A-4.Forholdet til spesialundervisning

Dersom ein elev for ein kortare eller lengre periode er vesentleg meir ressurskrevjande enn kva den satsen skolen får for eleven dekkjer, må det vurderast om eleven har rett til spesialundervisning, jf. friskolelova § 3-6.

0Tilføyd ved forskrift 22 juni 2010 nr. 954 (i kraft 1 aug 2010), endra ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 9A-5.Krav til dokumentasjon av funksjonshemminga til eleven

Skolen har ansvaret for at elevane som blir tekne inn har slike lærevanskar som skolen får tilskot etter, jf. § 9A-2 og § 9A-3. Skolen skal derfor sørgje for dokumentasjon av diagnosen og/eller ei vurdering av behovet til søkjaren for å få eit tilrettelagt opplæringstilbod. Ein kompetent instans utanfor skolen skal gje denne dokumentasjonen.

0Tilføyd ved forskrift 22 juni 2010 nr. 954 (i kraft 1 aug 2010).

Kapittel 10. Husleige og kapitalkostnader

(Heimel: friskolelova § 6-2 første ledd).

0Heimelstilvisinga endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 sep 2010 nr. 1269 (i kraft 1 okt 2010), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 10-1.Tillegg for huseleige og kapitalkostnader

I tillegg til dei ordinære skolepengane kan skolane ta inntil 3 400 kr per år for elevar i grunnskolen og inntil 4 500 kr per år for elevar i den vidaregåande skolen for dekning av utgifter til husleige eller kapitalkostnader, jf. friskolelova § 6-2 første ledd.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 18 juni 2008 nr. 608 (i kraft 1 aug 2008), 14 sep 2010 nr. 1269 (i kraft 1 okt 2010), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Kapittel 10A. Trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr i vidaregåande opplæring

0Kapitlet tilføyd ved forskrift 3 juli 2007 nr. 879 (i kraft 1 aug 2007).
§ 10-1a.Økonomisk ansvar for utgifter til nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr

Frå 1. august 2007 skal skolen halde elevar på vidaregåande trinn 2 med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Frå 1. august 2008 gjeld ansvaret for elevar på vidaregåande trinn 3 og frå 1. august 2009 gjeld ansvaret elevar på vidaregåande trinn 1.

Dersom skolen organiserer opplæringa på ein måte som krev at elevane må ha berbar pc, kan skolen krevje ein årleg eigendel frå eleven for å dekkje delar av kostnaden for pc-en. Eigendelen kan ikkje setjast høgare enn den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde læremiddelstipendet. Etter vidaregåande skole skal eleven få behalde pc-en.

Elevar som ikkje fullfører opplæringa skal få tilbod om å kjøpe pc-en. Samla betaling kan ikkje overstige tre gonger den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde læremiddelstipendet berekna på avbrotstidspunktet.

0Tilføyd ved forskrift 3 juli 2007 nr. 879 (i kraft 1 aug 2007).

Kapittel 11. Inntak til vidaregåande opplæring i frittståande skoler

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 11-1.Elevstatus og bruk av retten til vidaregåande opplæring

Alle som blir tekne inn ved ein vidaregåande skole som driv verksemd etter friskolelova, blir rekna som elevar.

Elevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 bruker ikkje av retten dersom opplæringa utgjer 1/3 eller mindre av timetalet frå eit utdanningsprogram eller eit programområde.

0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 11-2.Vilkår for inntak og prioritering av ungdom

Vidaregåande skolar som driv verksemd etter friskolelova, kan berre ta inn søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 eller § 4A-3. Skolar nemnde i § 11-3, kan òg ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.

Ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 skal prioriterast føre vaksne søkjarar.

0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 11-3.Skolar som kan ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring

Skolar som er godkjende for å drive særskilt tilrettelagt opplæring for funksjonshemma kan ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.

I tillegg kan desse skolane ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring:

Foreningen Danielsen Intensivgymnas med inntil 186 elevar

Gjennestad videregående skole med inntil 58 elevar

Aglo videregående skole med inntil 43 elevar

Bybroen videregående skole AS med inntil 95 elevar

Foreningen Danielsen videregående skole med inntil 19 elevar

Handverksskolen med inntil 30 elevar

Haugesund toppidrettsgymnas AS med inntil 27 elevar

Stiftelsen Kristen videregående skole Nordland med inntil 40 elevar

Kristen videregående skole Trøndelag med inntil 21 elevar

Lukas videregående skole AS med inntil 74 elevar

Natur videregående skole med inntil 89 elevar

Nordborg vgs AS med inntil 13 elevar

Plus-Skolen BA med inntil 44 elevar

Tomb Videregående skole og landbruksstudier med inntil 21 elevar

Tveit vidaregåande skule med inntil 3 elevar

Tyrifjord videregående skole med inntil 13 elevar

Uldals vidaregåande skole AS med inntil 65 elevar

Val videregående skole AS med inntil 9 elevar

Vinterlandbruksskulen på Jæren med inntil 21 elevar

Vinterlandbruksskulen i Ryfylke med inntil 17 elevar

Wang AS med inntil 45 elevar

Østfold Møbelsnekkerskole med inntil 15 elevar

Øya videregående skole med inntil 7 elevar.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 9 juli 2009 nr. 995 (i kraft 1 aug 2009), 14 sep 2010 nr. 1269 (i kraft 1 okt 2010), 30 aug 2012 nr. 856, 16 jan 2013 nr. 41, 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016, tidlegare § 11-1).
§ 11-4.Kvote for vaksne søkjarar

Skolar som driv verksemd etter friskolelova, kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få godkjend ein kvote for vaksne med rett til vidaregåande opplæring innafor ramma av det elevtalet skolen er godkjend for. Skolar kan etter reglane i § 11-3 òg ta inn vaksne søkjarar utan rett innanfor denne kvoten. Kvoten kan ikkje nyttast til å ta inn ungdom med rett til vidaregåande opplæring.

Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring skal prioriterast føre vaksne søkjarar utan slik rett.

0Tilføyd ved forskrift 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015), endra ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016, tidlegare § 11-2).
§ 11-5.Reservering av plassar for utvekslingselevar

Utvekslingselev er norsk ungdom som tek utdanning i utlandet på nivå med norsk vidaregåande opplæring, og utanlandsk ungdom som tek vidaregåande opplæring i Noreg som ledd i elevutveksling.

Styret ved skolen kan i inntaksreglementet reservere plassar for utvekslingselevar frå andre land. Styret kan òg reservere plassar for norske elevar som tek imot plass som utvekslingselev i eit anna land med avvikande skoleår.

Søknadar frå elevar som har teke Vg1 eller Vg2 i utlandet, og som søkjer om inntak til vidaregåande opplæring på neste trinn, skal behandlast individuelt etter § 11-10 andre ledd.

0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 11-6.Særlege reglar om inntak på grunnlag av ferdigheit eller inntaksprøve

Styret ved skolar godkjent for Vg1 i utdanningsprogram for musikk, dans og drama og utdanningsprogram for idrettsfag kan fastsetje i inntaksreglementet at plassane på desse utdanningsprogramma kan tildelast på grunnlag av dokumentasjon av ferdigheit eller inntaksprøve, i tillegg til poeng rekna ut frå karakterar. Det same gjeld for skolar med særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett.

Tildeling på grunnlag av ferdigheit eller inntaksprøve kan berre skje i situasjonar med oversøking.

0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 11-7.Eigen søknadsfrist for søkjarar med rett til fortrinn eller inntak etter individuell behandling

Styret ved skolen kan i inntaksreglementet fastsetje ein eigen søknadsfrist for søkjarar som har rett til fortrinn eller inntak etter individuell behandling etter kapittel 6 i forskrift til opplæringslova. Styret kan òg reservere eit bestemt tal med plassar for dette opptaket.

0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 11-8.Fulltidselev og deltidselev

Fulltidselev er ein elev som er teken inn til eit fullstendig utdanningsprogram på Vg1 eller eit fullstendig programområde på Vg2 eller Vg3.

Deltidselev er ein elev som er teken inn til mindre opplæring enn det som er fastsett som full tid i det aktuelle utdanningsprogrammet på Vg1 eller programområdet på Vg2 eller Vg3 etter læreplanverket. Deltidselevar kan vere tekne inn til eit eller fleire fag.

Styret ved skolen avgjer om søknaden frå ein fulltidselev om å bli deltidselev skal innvilgast. Søknaden frå ein elev som er teken inn som fulltidselev, om å bli deltidselev etter at vedtak om inntak er gjort, kan berre innvilgast når det ligg føre tungtvegande grunnar.

Deltidselevar blir tekne inn til vidaregåande opplæring etter fulltidselevar.

Ein søkjar som får innvilga omval etter opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, skal som hovudregel takast inn som fulltidselev.

0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 11-9.Vilkår for inntak til Vg1

Vilkår for inntak til vidaregåande opplæring til utdanningsprogram på Vg1 er at søkjaren har fullført norsk grunnskoleopplæring eller tilsvarande. Dette kan dokumenterast ved vitnemål for fullført norsk grunnskole eller stadfesting av at søkjaren fyller eitt av desse vilkåra:

a)er skriven ut av grunnskolen etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd.
b)har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år.
c)har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1 og forskrift til opplæringslova § 4-33.

Søkjarar som hevdar at dei har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet etter bokstav b, må sjølve dokumentere dette eller grunngi at det er sannsynleg at han eller ho oppfyller vilkåret. Om skolen finn at vilkåret ikkje er oppfylt, skal saka sendast til heimkommunen som avklarar om søkjaren har tilsvarande realkompetanse etter bokstav c.

Heimkommunen har ansvaret for å vurdere om søkjaren har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring etter bokstav c. Heimkommunen gjennomfører ei vurdering av realkompetansen til søkjaren og gjer eit enkeltvedtak der det går fram om søkjaren oppfyller vilkåret i bokstav c etter krava i § 4-33, jf. opplæringslova § 4A-1, eller om søkjaren treng meir grunnskoleopplæring. Når fylkeskommunen har ansvar for grunnskoleopplæringa, er ansvaret for gjennomføringa av realkompetansevurdering av søkjaren tilsvarande lagt til fylkeskommunen.

0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 11-10.Søkjarar utan karakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag

For søkjarar som har gått på godkjende 10-årige grunnskolar, og som har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse grunnskolane rangere søkjarane etter moglege føresetnader for vidaregåande opplæring.

For andre søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag, skal søknaden vurderast individuelt.

Dette gjeld òg søkjarar som gjennom ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter forskrift til opplæringslova § 4-33.

0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 11-11.Vilkår for inntak til Vg2 og Vg3

Vilkåra for inntak til Vg2 er at søkjaren har bestått i alle dei faga som er fastsette i læreplanverket for utdanningsprogrammet på Vg1, også dei faga der det ikkje skal setjast ein standpunktkarakter. Vilkåra for inntak til Vg3 er at søkjaren har bestått i alle dei faga som er fastsette i læreplanverket for programområdet på Vg2 og utdanningsprogrammet til Vg1, også dei faga der det ikkje skal setjast ein standpunktkarakter.

Søkjarar som ikkje har oppfylt vilkåra i første ledd, men som oppfyller vilkåra for inntak til neste nivå etter § 11-10 eller § 11-12, eller § 6-35 og § 6-38 i forskrift til opplæringslova, skal òg takast inn som fulltidselev til eit programområde på Vg2 eller Vg3 som byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1 og eventuelt programområdet på Vg2.

Føresegna gjeld òg søkjarar med dokumentasjon frå bestått relevant grunnkurs eller vidaregåande kurs I frå Reform 94 eller tidlegare, jf. overgangsordningane i forskrift til opplæringslova kapittel 24.

0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 11-12.Inntak som fulltidselev til Vg2 eller Vg3 for søkjarar som ikkje har bestått i alle fag

Søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for inntak til Vg2 eller Vg3 etter § 11-11 første ledd, fordi han eller ho ikkje har bestått eit eller fleire fag, kan likevel takast inn som fulltidselev til neste nivå dersom styret ved skolen etter ei heilskapleg vurdering finn at det er forsvarleg. Styret må vurdere om det, gjennom den heilskaplege vurderinga, er dokumentert at søkjaren har den kompetansen som etter læreplanverket er nødvendig for å følgje opplæringa på neste nivå. I vurderinga av om det er forsvarleg, skal det vurderast om søkjaren samla sett har faglege føresetnader til å følgje opplæringa på dette nivået.

0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).
§ 11-13.Inntak som deltidselevar til Vg2 eller Vg3

Søkjarar som ikkje fyller vilkåra i § 11-11 eller § 11-12 for å bli teken inn som fulltidselev, kan i særskilde tilfelle takast inn som deltidselev. Styret ved skolen fastset korleis inntaket skjer.

Skolen kan ta inn som deltidselev ein søkjar som

a)manglar bestått karakter i eit eller fleire fag frå Vg1 eller Vg2, og som det etter ei heilskapleg vurdering ikkje er forsvarleg å flytte opp til neste nivå, i dei faga han eller ho har bestått på det lågare nivået,
b)manglar fag for å ha full fagkrins i eit utdanningsprogram på Vg1 eller eit programområde på Vg2 eller Vg3, dersom han eller ho har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1,
c)har rett til vidaregåande opplæring, men manglar fag for å oppnå generell studiekompetanse eller yrkeskompetanse.
0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016).

Kapittel 12. Søknadsfrist

(Heimel: friskolelova § 2-1 sjette ledd).

0Kapitteloverskrifta og heimelstilvisinga endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 sep 2010 nr. 1269 (i kraft 1 okt 2010), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).
§ 12-1.Søknadsfrist

Frist for søknad om godkjenning av skole eller driftsendringar etter friskolelova er 1. februar i kalenderåret før det året verksemda eller endringane skal ta til. Oppstart skal normalt skje i haustsemesteret. Utdanningsdirektoratet kan i særlege tilfelle fastsette andre fristar.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 847 (i kraft 1 juli 2007), 14 juli 2015 nr. 899 (i kraft 1 aug 2015).

Kapittel 13. Sluttføresegner

§ 13-1.Ikraftsetjing og oppheving av forskrifter

Denne forskrifta trer i kraft 1. august 2006.

Frå same tidspunkt blir følgjande forskrift oppheva:

Forskrift 26. september 2003 nr. 1194 til friskolelova.