Forskrift om beredskapslagring av petroleumsprodukt.

DatoFOR-2006-09-01-1019
DepartementOlje- og energidepartementet
PublisertI 2006 hefte 12 (Merknader)
Ikrafttredelse02.09.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2006-08-18-61-§1
Kunngjort05.09.2006
KorttittelForskrift om beredskapslagring av petroleum

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 1. september 2006 med heimel i lov 18. august 2006 nr. 61 om beredskapslagring av petroleumsprodukt § 1. Fremja av Olje- og energidepartementet.

§ 1.Føremål

Forskrifta har til føremål å sikre forsyningane nasjonalt og internasjonalt av petroleum og petroleumsprodukt.

§ 2.Lagringsplikt

Den som har importert til/eller framstilt lagringspliktige petroleumsprodukt i landet på til saman 10.000 m³ eller meir i føregåande basisår, skal halde lager av slike produkt i tråd med føresegnene i forskrifta. Det same gjeld importørar og produsentar som ikkje importerte eller framstilte lagringspliktige produkt i føregåande basisår, men som i løpet av inneverande lagerår er venta å importere eller framstille lagringspliktige produkt på 10.000 m³ eller meir. Lagerår er perioden frå 1. juli til 30. juni. Basisår er perioden frå 1. januar til 31. desember det året vert avslutta 6 månader før eit nytt lagerår tek til.

Ved utrekning av volum for å fastslå om lagerplikt ligg føre, kan departementet leggje saman volum frå forskjellige verksemder innan same konsern.

§ 3.Lagringspliktige produkt

Med mindre departementet bestemmer noko anna er følgjande produkt lagringspliktige:

a)Kategori 1: Bensin.
b)Kategori 2: Autodiesel, anleggsdiesel, lett fyringsolje, fyringsparafin, jetdrivstoff, marine gassoljer.
c)Kategori 3: Tungdestillat, tungolje.

Produkta skal vere i samsvar med Norsk Petroleumsinstitutts bransjestandard for oljeprodukt. Med tungdestillat er meint spesialdestillat fyring og spesialdestillat marine.

§ 4.Storleiken på beredskapslageret

Beredskapslageret skal til ei kvar tid innan eit lagerår tilsvare forbruket i 20 dagar av den totale mengda lagringspliktige produkt som den lagringspliktige har selt eller forbrukt i føregåande basisår.

Importørar eller produsentar som ikkje importerte eller framstilte lagringspliktige produkt i føregåande basisår, pliktar å halde lager som tilsvarer forbruket i 20 dagar basert på import- og produksjonsmengd og venta årsimport og årsproduksjon i inneverande lagerår.

§ 5.Sal og forbruk unnateke frå lagring

Ved utrekning av lagringsplikta inngår ikkje

a)sal og forbruk av mengd som lagringspliktige har kjøpt av annan lagringspliktig
b)sal og forbruk av mengd som den lagringspliktige har kjøpt av ein som ikkje er lagringspliktig
c)sal til eksport
d)sal til skip i utanriksfart
e)sal til forsvarsstyresmaktene
f)eige forbruk i raffineri.

Lagringspliktig som har importert eller sjølv framstilt og kjøpt lagringspliktige produkt av andre lagringspliktige, kan i medhald av første ledd berre gjere slike frådrag i lagringspliktige importerte eller eigenproduserte volum at det står i høve til dei importerte eller eigenproduserte voluma, slik dei importerte eller eigenproduserte voluma står i høve til totalen av importerte eller eigenproduserte volum og volum kjøpt av andre lagringspliktige. Dette gjeld likevel ikkje der lagringspliktig kan dokumentere at ein større del av importerte eller eigenproduserte volum har gått med til sal eller forbruk som gir rett til frådrag.

Lagringspliktig produsent kan òg gjere frådrag etter første ledd for selde volum, dersom det kan dokumenterast at voluma ved vidaresal eller forbruk ville ha gitt rett til frådrag for kjøparen, dersom kjøparen sjølv hadde vore lagringspliktig. Kjøpar skal sende dokumentasjon for vidaresal eller forbruk til Olje- og energidepartementet.

§ 6.Tankanlegg, fleksibilitet i lagringa, råolje og komponentar

Beredskapslageret skal bestå av lagringspliktige produkt og skal med dei unntaka som følgjer av § 7, § 8 og § 9 eigast av den lagringspliktige og vere lagra i denne sine tankanlegg i Noreg. Med tankanlegg i Noreg er meint mellom anna tankanlegg ved produksjonsanlegg, lager i hamner, terminalar for oljerøyrleidningar og tankskip i innanriksfart.

Lagringsplikta etter § 3 er oppfylt når minst 40 prosent av lagra volum består av produkt som høyrer under det aktuelle litra.

Lagringsplikta kan òg oppfyllast ved lager av råolje, kondensat og halvfabrikata. Lagringspliktig må då halde lager av råolje, kondensat og halvfabrikata som i volum tilsvarer dei voluma som ville ha gått med i framstillinga av dei aktuelle lagringspliktige produkta. Inntil 40 prosent av den totale lagringsplikta kan bestå av råolje, kondensat eller halvfabrikata.

Med mindre anna produktutbytte kan dokumenterast, skal det ved utrekning av voluma etter tredje ledd leggjast til grunn følgjande utbyttefordeling for råolje tilsvarande

a)20 prosent for produkt i kategori 1
b)50 prosent for produkt i kategori 2
c)30 prosent for produkt i kategori 3.

Med dei avgrensingane som følgjer av andre ledd, kan lager av fleire komponentar som skal inngå i framstillinga av dei lagringspliktige produkta, tre i staden for dei produkta som skal framstillast av dei. Lagringspliktig må dokumentere at det vert halde lager av alle komponentane som går med i det produktet som skal erstattast. Ved utrekninga vert det teke utgangspunkt i det største volumet ferdig produkt som kan framstillast ved blanding av dei lagra komponentane.

§ 7.Produkt som ikkje kan inngå i eit beredskapslager

Følgjande lagringspliktige produkt kan ikkje inngå i eit beredskapslager:

a)råolje og kondensat som ikkje er utvunne
b)lagringspliktige produkt som er i røyrleidningar, i transitt over land og i detaljsalsanlegg med unntak for bunkersanlegg for skip
c)lagringspliktige produkt som er lagra på vegner av forsvarsstyresmaktene
d)lagringspliktige produkt i tankskip i utanriksfart.
§ 8.Lagring av andre

Heile eller delar av lagringspliktig volum kan lagrast av andre for den lagringspliktige si rekning, mellom anna kan ei eller fleire verksemder innanfor eit konsern oppfylle lagringsplikta ved at morselskapet held lager som oppfyller lagringsplikta for eitt eller alle dotterselskap. Avtale om lagring skal innehalde føresegner om at den lagringspliktige skal ha rett til å disponere over fastsette volum av fastsette produkt innan ein fastsett periode, om vedtak blir fatta etter § 11.

§ 9.Lagring i utlandet

Departementet kan etter søknad gi lagringspliktige løyve til å lagre inntil 20 prosent av den totale lagringsforpliktinga i eit anna land, dersom det er inngått avtaler om slik lagring mellom landa. Dersom særlege forhold tilseier det, kan departementet gi løyve til at inntil 75 prosent blir lagra i anna land. I samtykkevurderinga blir det lagt vekt på kor nært geografisk lageret er Noreg, kva slag høve til transport som ligg føre for å få bringa produkta til Noreg og norske marknader, i kva grad produkta som er lagra er tilpassa den norske marknaden og kva rett den lagringspliktige har til produkta. Lagringa skal oppfylle kravet i første leddet andre punktum.

§ 10.Rapportering

Lagringspliktige eller den som lagrar petroleumsprodukt for lagringspliktige, skal årleg sende inn opplysningar om import, sal og beredskapslageret mv. til departementet på særskilt skjema. Opplysningane skal sendast innan 15. april og innehalde oversikt over produksjon, import og sal i føregåande basisår. Denne rapporteringa er grunnlaget når styresmaktene fastset lagringsplikt og omfang av lagerhald. Fire gonger årleg, innan 15. januar, 15. april, 15. juli og 15. oktober, skal oversikt over lagerhaldet sendast inn, med mindre departementet bestemmer noko anna.

Den lagringspliktige skal samtidig gi erklæring om at lagringsplikta er oppfylt.

§ 11.Pålegg om bruk

Ved mangel i forsyningane av petroleum og petroleumsprodukt, både nasjonalt og internasjonalt, kan Kongen gi pålegg om eller løyve til at beredskapslager etter denne forskrifta skal takast i bruk av den lagringspliktige i den utstrekning som er påkravd med omsyn til den aktuelle situasjonen.

I situasjonar der Det internasjonale energibyrået (IEA) ber Noreg om å medverke til ein IEA-koordinert krisehandteringsplan kan Olje- og energidepartementet i samråd med Utanriksdepartementet gi pålegg om at beredskapslager etter denne forskrifta blir tekne i bruk i den utstrekning og omfang som er påkravd med omsyn til den aktuelle situasjonen.

Dersom pålegg etter første ledd medfører økonomisk tap, er staten erstatningspliktig i samsvar med alminnelege rettsgrunnsetningar. Erstatning kan likevel ikkje krevjast i den utstrekning utgiftene kan dekkjast inn ved innkalkulering i vedkommande produktpris, dersom ei slik innkalkulering ikkje vil gjere konkurransesituasjonen mindre gunstig for den som får eit pålegg retta mot seg, i høve til andre i same bransje.

Lagringspliktige skal innan rimelig tid etter at forsyninga av petroleum og petroleumsprodukt er normalisert byggje opp beredskapslager i same utstrekning som før pålegg om eller løyve til bruk vart vedteke.

§ 12.Tilsyn

Departementet fører tilsyn med at føresegnene i denne forskrifta blir haldne. Departementet kan delegere myndigheita til å føre tilsyn til andre statlege organ.

§ 13.Revisjon og kontroll

Departementet kan krevje at alle som har lagringsplikt etter denne forskrifta eller som lagrar petroleumsprodukt på vegner av ein eller fleire lagringspliktige, gir de opplysingane departementet finn nødvendige for å kontrollere at føresegnene i forskrifta er haldne. Det same gjeld alle som lagrar petroleumsprodukt for ein som er lagringspliktig etter lovgiving i anna land, dersom norske styresmakter har inngått slik avtale som nemnt i § 9.

Departementet kan krevje tilgang til lager som oppgitt i § 8 for å gjennomføre kontroll med at lagringsplikta er halden.

§ 14.Delegering

Departementet kan utferde dei forskriftene og gi dei pålegga som er nødvendige for å gjennomføre denne forskrifta.

§ 15.Dispensasjon

Departementet kan etter søknad frå den lagringspliktige i særlege tilfelle dispensere frå føresegner gitt i eller i medhald av denne forskrifta.

§ 16.Gebyr ved brot

Ved brot på føresegnene i § 2, § 4, § 6, § 10 og § 11 kan føretak bli pålagt overtredingsgebyr. Departementet skal ta omsyn til kor grovt brotet er og kor lenge den leveringspliktige har brote føresegna når gebyr vert fastsett. Gebyret skal ikkje overstige NOK 10 millionar per vedtak.

Fristen for å betale gebyret er 4 veker frå vedtaket vart fatta.

§ 17.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå 2. september 2006.

Merknader til dei enkelte føresegnene

Til § 2 

§ 2 første ledd:

Departementet har her valt same løysing som i Danmark. Lagringsplikta ligg på verksemder som importerer til Noreg eller i landet framstiller lagringspliktige produkt. Verksemder som berre står for sal av lagringspliktige produkt, men ikkje sjølve importerer eller framstiller slike, er ikkje pålagt lagringsplikt. Ved utrekning av kor vidt det er importert eller framstilt så mykje lagringspliktige produkt at det medfører lagringsplikt for ei verksemd, vil det vere avgjerande om den samla importen og/eller produksjonen av lagringspliktige produkt overstig 10.000 m³ . Ved utrekninga skal det gjerast same frådrag som oppgitt i § 5.

Føresegna i andre punktum skal sikre at ikkje nye importørar eller produsentar frir seg frå lagringsplikt eller at verksemder vert lagt ned ved utgangen av lagringsåret for så å stå fram att under anna namn neste lagerår. Den aktuelle verksemda må sjølv vurdere kor vidt lagringsplikt ligg føre, jf. § 10 andre ledd. 

§ 2 andre ledd:

Formålet med denne føresegna er å hindre at verksemda vert splitta opp i fleire mindre føretak som kvar importerer eller produserer lagringspliktige produkt i storleiksorden mindre enn 10.000 m³ . Ved vurderinga av kor vidt det ligg føre eit konsern vil lovgivinga omkring aksje- og allmennaksjeselskap bli lagt til grunn.

Til § 4 

§ 4 første ledd:

Føresegna inneber at den lagringspliktige skal kunne selje og forbruke lagringspliktige produkt i minst 20 dagar utan tilførsel av nye produkt. Ved utrekninga av forbruk i 20 dagar skal eit gjennomsnittleg normalforbruk, utrekna på bakgrunn av sal og/eller forbruk i føregåande lagerår leggjast til grunn. Føresegna må tolkast med dei avgrensingane som følgjer av § 6 andre ledd. 

§ 4 andre ledd:

Føresegna skal, som føresegna i § 2 første ledd andre punktum, sikre at ikkje nye importørar eller produsentar frir seg frå lagringsplikt eller at verksemder vert lagt ned ved utgangen av lagringsåret, for så å stå fram att under anna namn neste lagerår.

Til § 5 

§ 5 første ledd bokstav a) 

Eksempel: 

A produserer sjølv10.000 m³
A importerer sjølv5.000 m³
A kjøper av annan lagringspliktig25.000 m³
Sum40.000 m³

Av dette er A lagringspliktig for

15.000 m³
 

§ 5 første ledd bokstav b)

Dette vil dreie seg om små volum og bør derfor ikkje medreknast, på same måten som produsentar og importørar som framstiller eller importerer volum under 10.000 m³ er unnatekne frå lagringsplikta, jf. § 2. 

§ 5 første ledd bokstav d)

Med skip i utanriksfart er meint skip som seglar mellom norsk hamn der bunkring skjer og utanlandsk hamn. 

§ 5 andre ledd:

Eksempel:

A produserer sjølv10.000 m³
A importerer sjølv10.000 m³
A kjøper av annan lagringspliktig30.000 m³

Sum

50.000 m³

Her er A i utgangspunktet lagringspliktig for 20.000 m³ .

Av dette samla volumet vert 10.000 m³ selt til forsvarsstyresmaktene. Då kan A gjere frådrag i dei lagringspliktige voluma for 2/5 x 10.000 m³ = 4.000 m³ .

A er lagringspliktig for 16.000 m³ .

Dersom A kan dokumentere at alt av dei voluma som er selde til forsvarsstyresmakta kom frå dei importerte voluma, kan han gjere fullt ut frådrag for desse voluma. A er lagringspliktig for 10.000 m³ . 

§ 5 tredje ledd:

Denne føresegna gir lagringspliktig produsent eller importør høve til å trekkje frå volum som er selde på ein slik måte at dei i utgangspunktet ikkje gir frådragsrett ved utrekning av lagerplikt, dersom desse voluma er selde vidare på ein slik måte at dei gir frådragsrett. Kjøparen opplyser seljaren om kor mykje av det samla volumet som ikkje vil vere lagringspliktig etter føresegna her, men kan ikkje opplyse om kven voluma skal seljast vidare til. Dokumentasjon for vidaresal eller forbruk som her nemnt skal sendast til Olje- og energidepartementet. Det er kjøparen som er pliktig til å sende inn denne informasjonen. 

Eksempel:

A er produsent og sel 20.000 m³ til B. Av desse voluma sel B 10.000 m³ til skip i utanriksfart. Desse voluma hadde B kunna trekkje frå, dersom B var lagringspliktig.

B opplyser A om at 10.000 m³ ikkje vil utløyse lagringsplikt. A vil då kunne trekkje frå desse voluma ved utrekninga av si lagringsplikt. B sender dokumentasjon for vidaresalet til skip i utanriksfart til Olje- og energidepartementet.

Det følgjer antitetisk av føresegna at volum medgått til sal til eller forbruk i petroleumsverksemd på norsk sokkel ikkje gir rett til frådrag ved utrekninga av lagringspliktige produkt.

Til § 6 

§ 6 første ledd:

Lager som lagringspliktig har tilgang til gjennom for eksempel leigeavtale er omfatta av føresegna. Opprekninga over lageralternativ er ikkje uttømmande. Kva lager som ikkje inngår følgjer av § 7. Tankanlegg i tilknyting til installasjonar på kontinentalsokkelen, utanfor territorialfarvatnet, er ikkje i Noreg og volum lagra her kan ikkje inngå i oppfylling av lagringsplikta. 

§ 6 andre ledd:

Føresegna medfører at lagerplikt for produkt i ein kategori kan erstattast av produkt i ein annan kategori med inntil 60 prosent. Dvs. at har ein plikt til å halde lager med 1000 m³ bensin og 1000 m³ diesel, kan lagerplikta oppfyllast ved å halde lager av 400 m³ bensin og 1600 m³ diesel. 

§ 6 tredje og fjerde ledd:

Føresegna inneber at ein ikkje kan erstatte f.eks. lagerplikt for bensin liter for liter med råolje. Om det berre er bensin som skal lagrast, kan 40 prosent av volumet erstattast av råolje. Om lagerplikta er 1000 m³ bensin kan inntil 400 m³ erstattast med råolje, men det må då haldast 2000 m³ råolje for at dette skal kunne erstatte bensin.

Om råolje i tillegg skal erstatte ei lagringsplikt for diesel på 1000 m³ kan inntil 400 m³ diesel erstattast. Det må då haldast 800 m³ råolje. Då ein kan få både bensin og diesel frå råoljen, kan dei same voluma råolje gå til erstatning for både diesel og bensin. 

§ 6 femte ledd:

Føresegna inneber at produkt i alle tre kategoriar kan erstattast av komponentar. Andre og tredje punktum medfører at det ikkje kan givast frådrag for større volum enn det som maksimalt kan framstillast av dei tilgjengelege komponentane. Dersom det er små eller ingen volum tilgjengelege av ein komponent kan det ikkje givast frådrag for meir enn kva voluma av den eine komponenten tillet. Manglar denne komponenten heilt, kan det ikkje givast frådrag i det heile teke, sjølv om det finst tilgjengeleg store volum av dei andre komponentane.

Til § 7 

§ 7 bokstav a)

Med dette er meint råolje og kondensat som enno er i reservoar under havbotnen. 

§ 7 bokstav b)

Med detaljsalsanlegg er først og fremst meint bensinstasjonar, men andre detaljsalsanlegg som marinaer for fritidsbåtar vil òg falle inn under denne føresegna. 

§ 7 bokstav c)

Volum av lagringspliktige produkt som er lagra etter denne forskrifta, og volum lagra på vegner av forsvarsstyresmaktene skal tene ulike formål. Volum lagra på vegner av forsvarsstyresmaktene kan slik ikkje telje med ved utrekninga av oppfylt lagerplikt. Føresegna harmonerer med frådraget etter § 5 for volum selde til forsvarsstyresmaktene. 

§ 7 bokstav d)

Dette er skip som seglar mellom utanlandske hamner, eller mellom ei norsk hamn og hamner i utlandet.

Til § 8

Med dei avgrensingane som følgjer av andre setning, er det opp til partane i den enkelte avtala å komme fram til det konkrete innhaldet av den.

Føresegna opnar òg for felles lagring av lagringspliktige produkt gjennom eit eige selskap eller organisasjon, på same måten som Foreningen Danske Olieberedskapslagre (FDO) medverkar til oppfylle lagringsplikta i Danmark.

Til § 9 

§ 9 første ledd første setning:

Det er for tida ikkje inngått noko slik bilateral avtale mellom Noreg og andre land om beredskapslagring. Olje- og energidepartementet vil i samarbeid med Utanriksdepartementet ta initiativ til å inngå slike avtaler med aktuelle land. 

§ 9 første ledd andre setning:

Ved vurderinga av om det skal givast samtykke til at meir enn 20 prosent av lagerplikta kan oppfyllast i eit anna land vil det bl.a. bli lagt vekt på kor nært lageret er Noreg geografisk, kva slag høve til transport som ligg føre for å få bringa produkta til Noreg og norske marknader, i kva grad produkta som er lagra er tilpassa den norske marknaden og kva rett den lagringspliktige har til produkta. 

§ 9 første ledd tredje setning:

Samtykke frå departementet til lagring i utlandet vil bl.a. avhenge av kva slag avtale om lagring ein ønskjer samtykke til og at beredskapsformål vert sikra i god nok grad.

Til § 11 

§ 11 andre ledd:

Føresegna inneber inga endring i statleg politikk når det gjeld å ta i bruk beredskapsvolum. Forskjellen er at lagringspliktige med den nye ordninga får pålegg om eller løyve til bruk av volum, mens det tidlegare var staten som tok i bruk reservane sine når det var aktuelt. I situasjonar der Det internasjonale energibyrået ber Noreg om bidrag til ein krisehandteringsplan krev dette vanlegvis ei rask avgjerd. Mynde til å vedta trekk i beredskapslager som verkemiddel vert derfor delegert til Olje- og energidepartementet etter konsultasjonar med Utanriksdepartementet. Olje- og energidepartementet og Utanriksdepartementet avgjer om Noreg skal medverke til krisehandteringsplanen, mens Olje- og energidepartementet avgjer kva slag tiltak som skal setjast i verk.

Til § 15 

§ 15 første ledd:

Høve til dispensasjon er tenkt avgrensa til dei situasjonane der tungtvegande omsyn tilseier at dispensasjon skal givast. Departementet har særleg sett for seg at dispensasjon kan givast i ein overgangsfase der selskapa byggjer opp beredskapslagra sine, og vidare for selskap som er i ein etableringsfase. Det kan òg vere aktuelt å dispensere frå forskrifta dersom det skulle oppstå mellombels problem av forskjellig karakter. Ovannemnde eksempel er ikkje uttømmande. Departementet vil konkret vurdere kvar enkelt søknad.