Forskrift om fråhaldsplikt for personell som utfører oppgåver som gjeld tryggleiken ved jernbane, medrekna sporveg, tunnelbane og forstadsbane mv. (fråhaldspliktforskrifta).

DatoFOR-2006-10-16-1160
DepartementSamferdselsdepartementet
PublisertI 2006 hefte 13
Ikrafttredelse01.01.2007
Sist endret
EndrerFOR-1993-08-06-782
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1993-06-11-100-§3a, LOV-1993-06-11-100-§3b, LOV-1993-06-11-100-§6
Kunngjort17.10.2006
KorttittelFråhaldspliktforskrifta

Fastsett av Samferdselsdepartementet 16. oktober 2006 med heimel i lov 11. juni 1993 nr. 100 om anlegg og drift av jernbane, herunder sporvei, tunnelbane og forstadsbane m.m. (jernbaneloven) § 3a, § 3b og § 6.

§ 1.Virkeområde mv.

Forskrifta gjeld personell som utfører oppgåver som gjeld tryggleiken ved jernbane, medrekna sporveg, tunnelbane og forstadsbane, mv.

Med personell meinast personar som gjer teneste for jernbaneverksemda.

Jernbane omfattar også kabelbane i forskrifta her.

§ 2.Personell ved jernbane som er omfatta av promillegrense og fråhaldsplikt mv. i jernbanelova

Personell som utfører følgjande oppgåver ved jernbane er omfatta av krava i jernbanelova § 3a og § 3b:

a)utfører trafikkstyring
b)utfører funksjonar knytte til drift av kabelbaner
c)fører rullande materiell
d)utfører eller leier skifting
e)utfører trafikktryggingsoppgåver om bord i tog, medrekna beredskapsoppgåver
f)har ansvaret for tryggleiken ved arbeid og aktivitetar i og ved spor
g)vurderer tilstanden til rullande materiell i operativ drift og dei tekniske funksjonane til køyrevegen med omsyn til trafikktryggleiken.
§ 3.Plikter for den som driv jernbaneverksemd

Den som driv jernbaneverksemd plikter å informere personell som utfører arbeidsoppgåver som nemnte i § 2 om krava i forskrifta her. Dette fråtek ikkje personell som er nemnte i § 2, ansvaret for sjølve å kjenne reglane som gjeld for utføringa av oppgåvene.

§ 4.Ikraftsetjing

Forskrifta setjast i kraft frå 1. januar 2007.

Frå same dato blir forskrift 6. august 1993 nr. 782 om pliktmessig avhold for personer ved driftsavdeling ved jernbaner, sporveier, tunnelbaner og forstadsbaner for befordring av personer eller gods oppheva.