Forskrift om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter friskolelova (økonomiforskrift til friskolelova)

DatoFOR-2006-12-19-1503
DepartementKunnskapsdepartementet
PublisertI 2006 hefte 15
Ikrafttredelse01.01.2007, 01.07.2007
Sist endretFOR-2016-08-29-1013
EndrerFOR-2003-09-25-1182
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2003-07-04-84-§6-1, LOV-2003-07-04-84-§7-1
Kunngjort21.12.2006
Rettet02.09.2015 (tittel)
KorttittelØkonomiforskrift til friskolelova

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 19. desember 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) § 6-1 femte ledd og § 7-1.
Endringar: Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833, 22 juni 2010 nr. 1023, 14 sep 2010 nr. 1270, 22 sep 2015 nr. 1093 (heile forskrifta gitt på nytt), 4 juli 2016 nr. 874, 6 juli 2016 nr. 900, 29 aug 2016 nr. 1013.
Rettingar: 02.09.2015 (tittel).

Kapittel 1. Verkeområde og formål

§ 1.Verkeområde og formål

Denne forskrifta gjeld skolar som søkjer om godkjenning etter friskolelova og skolar som driv verksemd etter friskolelova.

Forskrifta skal vere med på å sikre at grunnlaget for statstilskot til den enkelte skolen er korrekt, og at skolane brukar det offentlege tilskotet og skolepengane i samsvar med friskolelova og føresetnadene for godkjenninga.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 22 sep 2015).

Kapittel 2. Budsjett og rekneskap

§ 2.Krav til budsjettet

Ein søknad om godkjenning etter friskolelova skal følgjast av eit realistisk budsjett. Budsjettet skal vise korleis drifta skal finansierast og kva for kostnader som vil kome på det året skolen startar opp, første heile driftsår og ved fullt utbygd skole. Budsjettet skal m.a. vise kostnader til lønn, under dette arbeidsgjevaravgift og pensjonskostnader, materiell, inventar, husleige og finanskostnader. I tilknyting til budsjettet skal det leggjast fram ein prognose for elevtal, ei oversikt over korleis statstilskotet og storleiken på skolepengane er rekna ut, og ei utgreiing om planlagde investeringar. Budsjettet skal følgje Norsk Standard 4102.

Dersom skolen skal drive skolefritidsordning, internat, utleige av tenestebustader ved internatet og/eller tilrettelegging i samband med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar som er knytte til den enkelte skolen, jf. friskolelova § 2-2 første ledd andre punktum, må ein søknad om godkjenning etter friskolelova òg følgjast av eit realistisk budsjett for denne drifta. Skolen skal utarbeide eige budsjett for skoleverksemda, skolefritidsordninga, internatet, utleiga av tenestebustader ved internatet og/eller tilrettelegginga i samband med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar.

Ved søknad om unntak etter friskolelova § 2-2 første ledd tredje punktum for anna verksemd som er nært knytt til skoleverksemda, gjeld andre ledd tilsvarande.

Ved søknad om driftsendringar etter friskolelova, skal skolen sende inn nytt budsjett og rekneskap frå det siste året til Utdanningsdirektoratet.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 22 juni 2010 nr. 1023 (i kraft 1 juli 2010), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).
§ 3.Krav til rekneskapen

Alle skolar som driv verksemd etter friskolelova, skal føre rekneskap. Rekneskapsføringa skal følgje rekneskapsloven og bokføringsloven. Kontoplanen skal byggje på Norsk Standard 4102 med eigne konti for skolepengar og statstilskot.

Alle transaksjonar som gjeld skoledrifta etter friskolelova, skal førast i rekneskapen. Rekneskapen skal ikkje innehalde transaksjonar som ikkje vedkjem skoledrifta, jf. friskolelova § 2-2 første ledd første punktum. Rekneskapen kan likevel innehalde eigarskap, kostnader og inntekter knytte til tilleggsverksemd, jf. § 4A. Skoledrifta etter friskolelova og tilleggsverksemd skal førast på eigne avdelingar. Ein rekneskap som blir ført ved å bruke fleire avdelingar, skal vise interne transaksjonar. Desse transaksjonane skal vere tilfredsstillande dokumentert.

Årsrekneskap, årsberetning, jf. rekneskapslova § 3-1, og revisjonsberetning skal sendast utan oppmoding til Utdanningsdirektoratet innan 1. juni året etter rekneskapsåret. Driv skolen tilleggsverksemd etter § 4A, skal skolen også sende inn avdelingsrekneskap.

For norske skolar i utlandet som har plikt til å føre rekneskap etter lovgivinga i vertslandet, kan Utdanningsdirektoratet etter søknad gi dispensasjon frå tidsfristen i tredje ledd.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 22 juni 2010 nr. 1023 (i kraft 1 juli 2010), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015), 4 juli 2016 nr. 874 (i kraft 1 aug 2016).
§ 4.Krav om noteopplysningar i rekneskapen

I tillegg til dei krava rekneskapslova stiller til rekneskapsføringa, skal det i note til årsrekneskapen givast særskilde opplysningar om følgjande:

a)Spesifisering av offentlege finansieringskjelder. Spesifiseringa må vise kven som har ytt midlane og formålet med ytinga.
b)Skolepengesatsane.
c)Kva formål investeringsfondet, jf. kapittel 5, skal nyttast til, og korleis grunnlaget for fondsavsetning er rekna ut. Dersom skolen har brukt av fondsmidlane, skal det stå kva midlane er brukte til i note til rekneskapen. Dersom skolen vil bruke fondsmidlane til eit anna investeringsformål knytt til skoledrifta enn det som opphavleg var vedteke, skal dette omtalast i note.
d)Spesifisering av handel med eigarane til skolen eller deira nærståande. Spesifiseringa må vise kven skolen handlar med, kva slags vare eller teneste som er kjøpt og totalbeløpa for dei ulike varene og tenestene.

Driv skolen tilleggsverksemd etter § 4A, skal det i note til årsrekneskapen givast særskild opplysning om avdelingsvis fordeling av fellesutgifter.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015), 4 juli 2016 nr. 874 (i kraft 1 aug 2016).
§ 4A.Tilleggsverksemd

Skolen kan, i tillegg til skoleverksemd, drive følgjande verksemd utan søknad:

a)skolefritidsordning for elevar ved skolen og for eit mindretal som ikkje er elevar ved skolen
b)internat for elevar ved skolen
c)utleige av tenestebustader ved internatet for tilsette i skolen og utleige til andre i skoleferien
d)tilrettelegging i samband med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar
e)kantineverksemd som elevane eller skolen driv, og som gjeld for elevar ved skolen, og utleige av lokale til slik verksemd
f)utleige av spesialrom når romma ikkje er i bruk og utleigeverksemda ikkje er til hinder for skoleverksemda
g)utleige av skolelokala utanfor skoletida
h)praksisopplæring gjennom deltaking i lærarutdanninga
i)lærebedrift for lærlingar i fag som er knytte til skoledrifta når dette er godkjent av fylkeskommunen
j)deltaking i offentleg initierte tiltak og statlege satsingar knytte til skoleverksemd
k)tilrettelegging av skoleskyss for elevar ved skolen
l)tilrettelegging for privatisteksamen i utlandet.

Departementet kan etter søknad godkjenne at ein skole driv anna tilleggsverksemd som er nært knytt til skoleverksemda, og som utgjer ein mindre del av den totale verksemda. Ein søknad om godkjenning må følgjast av eit realistisk budsjett for denne drifta, jf. § 2 andre ledd.

Alle inntekter frå tilleggsverksemd skal kome elevane til gode. Skolen kan ikkje gi utbyte eller på anna måte overføre overskot frå slike inntekter til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller om drifta blir nedlagd.

0Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 874 (i kraft 1 aug 2016).

Kapittel 3. Statstilskot og skolepengar

§ 5.Bruk av statstilskotet og skolepengane

Statstilskot og skolepengar frå elevane skal nyttast til å gi opplæring i samsvar med godkjenninga etter friskolelova. Statstilskotet og skolepengane skal brukast det året tilskotet blir gjeve eller skolepengane kravd inn. Statstilskotet kan likevel disponerast etter reglane i kapittel 4 og 5.

Statstilskot og skolepengar kan ikkje lånast ut. Dette gjeld òg statstilskot som er disponert etter kapittel 4 og 5.

Alle inntekter frå skoleverksemd skal kome elevane til gode. Skolen kan ikkje gi utbyte eller på annan måte overføre overskot frå slike inntekter til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller om drifta blir nedlagd.

Styret skal sjå til at all handel med eigarane eller deira nærståande er gjord på marknadsmessige vilkår. Styret skal gjere vedtak om at handelen kjem elevane til gode, under dette at det er ein rasjonell måte å skaffe vara eller tenesta på. Styrevedtaket skal så langt som mogleg dokumenterast med prisar og andre vilkår frå uavhengige tilbydarar. Krava til styrevedtak og dokumentasjon gjeld ikkje for ubetydelege totalbeløp for ein type vare eller teneste.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015), 4 juli 2016 nr. 874 (i kraft 1 aug 2016).
§ 6.Utbetaling og tilbakebetaling av statstilskot

Statstilskot blir utbetalt på grunnlag av prognose fram til rapportering av faktisk elevtal ligg føre, jf. § 15 første ledd. Dersom faktisk elevtal er lågare enn prognosen, skal for mykje utbetalt statstilskot betalast attende til Utdanningsdirektoratet.

Dersom det blir teke avgjerd om nedlegging av skoledrifta, skal skolen omgåande og utan oppmoding gi melding til Utdanningsdirektoratet. For mykje utbetalt statstilskot skal utan oppmoding betalast attende til direktoratet.

Statstilskot til nye skolar blir ikkje utbetalt før skoleanlegga er godkjende av fylkesmannen, jf. friskolelova § 2-4, skolen er registrert i Einingsregistret eller i tilsvarande register, jf. friskolelova § 2-2 andre ledd, og skolen har oppfylt eventuelle andre krav Utdanningsdirektoratet har stilt i vedtaket om godkjenning av skolen. Dersom desse krava ikkje blir oppfylt innan 15. juni det skoleåret skolen skal starte opp, vil tilskot bli utrekna og utbetalt frå den 1. i månaden etter at krava vert oppfylt. For vidaregåande skolar som har skolestart i januar månad, kan Utdanningsdirektoratet etter søknad gjere unntak frå krava i andre punktum.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 22 juni 2010 nr. 1023 (i kraft 1 juli 2010), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).

Kapittel 4. Overføring av driftstilskot

§ 7.Overføring av driftstilskot til neste rekneskapsår

Dersom rekneskapen eit år viser overskot og elevane har fått opplæring i samsvar med gjeldande reglar og føresetnadene for godkjenninga, kan styret gjere vedtak om å føre over inntil 10 % av det mottekne statstilskotet frå eit rekneskapsår til det neste. Statstilskot som er overført, må brukast til å dekkje driftsutgifter i det komande rekneskapsåret, og tilskotet må kome elevane til gode, jf. friskolelova § 6-3.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 14 sep 2010 nr. 1270 (i kraft 1 okt 2010), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).

Kapittel 5. Investeringsfond

§ 8.Skiping av investeringsfond

Dersom rekneskapen eit år viser overskot og elevane har fått opplæring i samsvar med gjeldande reglar og føresetnadene for godkjenninga, kan styret gjere vedtak om å setja av inntil 15 % av det mottekne statstilskotet til investeringsfond. Investeringsfondet skal nyttast til dekking av kostnader knytte til framtidige investeringar i driftsmidlar som har ei levetid på minst 3 år, og som kjem elevane til gode. Samstundes skal styret gjere vedtak om kva formål investeringsfondet skal nyttast til og når investeringa skal vere gjennomført.

0Endra ved forskrift 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).
§ 9.Plasseringa av fondsavsetjinga

Fondsavsetjinga skal setjast på ein eigen konto i ein bank underlagd lovgivinga i eit EØS-land. Dersom norske skolar utanfor EØS-området ønskjer å nytte ein annan bank, trengst det godkjenning frå Utdanningsdirektoratet.

0Endra ved forskrift 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).
§ 10.Bruk av investeringsfond

Styret avgjer når investeringsfondet kan nyttast, jf. § 8. Investeringsfondet skal nyttast til det føremålet fondet vart skipa for. Styret kan i særlege tilfelle gjere vedtak om at fondet kan nyttast til andre investeringar i driftsmidlar som kjem elevane til gode.

0Endra ved forskrift 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).
§ 11.Tilbakeføring av fondsmidlar

Dersom investeringsfondet ikkje er nytta slik styret har vedtatt, jf. § 8 og § 10, skal dei avsette midlane inklusiv rente førast attende til Utdanningsdirektoratet. Direktoratet kan i slike tilfelle etter søknad godkjenne at skolen får behalde fondsmidlane. Direktoratet kan også i særskilte tilfelle godkjenne at skolen avviklar fondet og nyttar midlane til skoledrift etter friskolelova.

Blir investeringsfondet nedlagt fordi skoledrifta blir avskipa, skal dei avsette fondsmidlane inklusiv rente, og aktiva som er finansiert ved slike fondsmidlar, førast attende til Utdanningsdirektoratet, jf. friskolelova § 7-2 andre ledd. Utdanningsdirektoratet kan i slike tilfelle etter søknad godkjenne at fondsmidlane blir førde over til ei anna skoleverksemd etter friskolelova. Ved overføring til ei anna skoleverksemd er bruk av fondsmidlane avgrensa til investeringar.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).
§ 12.Felles reglar for investeringsfond

Det er eit vilkår at elevane i heile levetida til investeringsfondet får opplæring i samsvar med gjeldande reglar og føresetnadene for godkjenninga, og at fondsmidlane kjem elevane til gode.

Avgjerdsretten til styret etter kapittel 5 kan ikkje delegerast. Reglane om avgjerdsretten til styret står tilbake dersom lov eller vedtekter legg avgjerdsretten til eit organ som er overordna styret, men fritar ikkje styret for ansvaret for at reglane i desse forskriftene blir haldne.

Utdanningsdirektoratet avgjer i samsvar med friskolelova § 7-2 første ledd om eit vedtak om skiping av investeringsfond, oppbygging av investeringsfond, bruk av fondsmidlar og nedlegging av investeringsfond er i strid med lov, forskrift eller føresetnadene for godkjenninga.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).

Kapittel 6. Utrekningsgrunnlag for statstilskot

§ 13.Grunnlaget for utrekning av statstilskot

Statstilskot skal reknast ut på grunnlag av talet på fulltidselever som har følgt skolens godkjende opplæring, jf. friskolelova § 2-3.

Det er berre vidaregåande skolar som kan ha deltidselevar. Deltidselevar må reknast om til fulltidselevar ved å setje timetalet til eleven opp mot årstimetalet på utdanningsprogrammet eller programområdet eleven er teken inn på. Omrekninga skal dokumenterast.

Kva som meinast med fulltidselev og deltidselev er fastsette i forskrift til friskolelova § 11-8.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 14 sep 2010 nr. 1270 (i kraft 1 okt 2010), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015), 4 juli 2016 nr. 874 (i kraft 1 aug 2016).
§ 13A.Fråvær i vidaregåande opplæring

Heiltidselevar som per 1. april har fråvær ut over 20 skoledagar, skal ikkje teljast med i grunnlaget for tilskot, jf. § 13. For deltidselevar skal fråværsgrensa reduserast prosentvis i forhold til elevens timetal. Fråvær frå enkelttimar skal reknast om til heile dagar med utgangspunkt i elevens utdanningsprogram.

Følgjande dokumentert fråvær er gyldig fråvær etter denne føresegna, og skal ikkje reknast som fråvær etter første ledd:

a)fråvær som kjem av sjukdom som er beskrive og attestert av lege
b)organisert eller sjølvstendig studiearbeid, mellom anna skoleadministrative gjeremål etter førehandsbestemt avtale med faglærar eller dagleg leiar
c)arbeid som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte, fråvær av helse- og velferdsgrunnar og fråvær ved religiøse høgtider for elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkje, avgrensa til i alt 14 skoledagar når dette kan dokumenterast
d)representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå, avgrensa til i alt 10 skoledagar når dette kan dokumenterast.

Fråvær som etter elevteljinga er dokumentert, jf. andre ledd, kan meldast til Utdanningsdirektoratet for etterbetaling av tilskot.

0Tilføyd ved forskrift 6 juli 2016 nr. 900 (i kraft 1 aug 2016).
§ 13B.Unntak frå fråværsregelen

I særlege tilfelle kan Utdanningsdirektoratet gjere unntak frå § 13A første ledd.

I søknaden om unntak må skolen føre opp elevens namn, utdanningsprogram, prosent for eventuell deltid, og talet på dagar eleven ikkje har gyldig dokumentert fråvær.

Skolen må òg beskrive årsaka til at fråværet ikkje er gyldig dokumentert, og kva som gjer at det ligg føre eit særleg tilfelle.

0Tilføyd ved forskrift 6 juli 2016 nr. 900 (i kraft 1 aug 2016).
§ 14.Registrering av frammøte og fråvær

Styret skal syte for at skolen har eit tilfredsstillande administrativt system for registrering av frammøte og fråvær, at registreringa er à jour og at dokumentasjonen er tilgjengeleg for revisor og Utdanningsdirektoratet. Fråvær skal registrerast i dagar og enkelttimar. For deltidselevar skal fråvær registrerast berre i timar. Frammøte og fråvær skal attesterast av ansvarleg undervisningspersonale (faglærar).

Dokumentasjon som blir kravd etter denne paragrafen, skal skolen ta vare på i minst 10 år etter utgangen av det skoleåret det gjeld.

0Endra ved forskrifter 22 juni 2010 nr. 1023 (i kraft 1 juli 2010), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).
§ 15.Rapportering av elevtal

Grunnskolar skal rapportere det faktiske elevtalet per 1. oktober kvart skoleår til Utdanningsdirektoratet. Vidaregåande skolar skal rapportere det faktiske elevtalet per 1. oktober og 1. april kvart skoleår til Utdanningsdirektoratet. Det er eit vilkår at elevane har følgt den godkjende opplæringa, jf. friskolelova § 2-3, og at dette kan dokumenterast, jf. § 13. Rapportering av elevtalet skal gjerast på skjema utarbeida av Utdanningsdirektoratet og underskrivast av dagleg leiar.

Dersom ein elev ved ein vidaregåande skole per 1. oktober eller 1. april har fråvær utover 20 skoledagar, jf. § 13A, skal eleven ikkje reknast for å ha følgt opplæringa.

Dersom ein vidaregåande skole har programområde/kurs som ikkje vert gitt på nokre av teljetidspunkta, fastset Utdanningsdirektoratet i det einskilde tilfellet korleis skolen skal rapportere det dokumenterte elevtalet.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 22 juni 2010 nr. 1023 (i kraft 1 juli 2010), 14 sep 2010 nr. 1270 (i kraft 1 okt 2010), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015), 29 aug 2016 nr. 1013.

Kapittel 7. Revisjon

§ 16.Krav til revisor og revisjon

Revisjonen skal utførast av ein statsautorisert eller registrert revisor i samsvar med revisorloven.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).
§ 17.Særskilde fråsegner frå revisor

Revisor skal i tillegg til rekneskapsrevisjonen stadfeste elevtalet på skolen, under dette kontrollere om elevtalet er gitt i samsvar med den dokumentasjonen som blir kravd etter § 13, § 14 og § 15.

Revisor skal òg kontrollere og stadfeste om eventuelle investeringsfond er vedtekne, oppbygt, brukt og eventuelt nedlagt i samsvar med reglane i denne forskrifta.

Stadfestingane skal gjevast med standardtekst som Utdanningsdirektoratet fastset.

Utdanningsdirektoratet kan også krevje andre stadfestingar eller opplysningar av revisor enn dei som er nemnde i denne føresegna.

0Endra ved forskrift 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).
§ 18.Informasjon til revisor

Styret pliktar å gjere revisor kjend med friskolelova, forskrifter gitt med heimel i lova, føresetnadene for godkjenninga og det årlege tilskotsbrevet frå Utdanningsdirektoratet.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).

Kapittel 8. Kontroll frå departementet og Riksrevisjonen

§ 19.Dokumentasjon og kontroll

Styret er ansvarleg for at skolen har tilstrekkeleg dokumentasjon for at friskolelova, forskrifter gitt med heimel i lova og føresetnadene for godkjenninga er følgde.

Departementet, Utdanningsdirektoratet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at skulane har oppgitt korrekt grunnlag for å rekne ut tilskot, og at skulane brukar tilskotet i samsvar med gjeldande reglar og føresetnadene for godkjenninga. Departementet, Utdanningsdirektoratet og Riksrevisjonen kan krevje å få utlevert originale rekneskapsvedlegg og annan dokumentasjon som underbyggjer årsrekneskapen og grunnlaget for tildeling av tilskot, mellom anna enkeltvedtak om inntak, frammøte- og fråværeprotokollar, eksamensprotokollar, dokumentasjon/vitnemål og reskontro over betalte skolepengar.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2007 nr. 833 (i kraft 1 juli 2007), 22 juni 2010 nr. 1023 (i kraft 1 juli 2010), 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).

Kapittel 9. Ikraftsetjing

§ 20.Ikraftsetjing og oppheving

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2007, med unntak av § 13 sjette og sjuande ledd og § 15 første og andre ledd, som tek til å gjelde frå 1. juli 2007. Forskrift 25. september 2003 nr. 1182 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for friskolar som får statstilskot etter lov om frittståande skolar (friskolelova), med unntak av § 7 første og andre ledd, blir oppheva frå 1. januar 2007. § 7 første og andre ledd i forskrift 25. september 2003 nr. 1182 blir oppheva frå 1. juli 2007.

0Endra ved forskrift 22 sep 2015 nr. 1093 (i kraft 25 sep 2015).