Forskrift om skrivemåten av stadnamn.

DatoFOR-2007-06-01-592
DepartementKulturdepartementet
PublisertI 2007 hefte 5 (med Rettleiing)
Ikrafttredelse01.06.2007
Sist endretFOR-2009-11-03-1333
EndrerFOR-1991-07-05-456
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1990-05-18-11-§13
Kunngjort12.06.2007
Rettet29.08.2007 (§ 2 første ledd)
KorttittelForskrift om skrivemåten av stadnamn

Kapitteloversikt:

Hjemmel: Fastsett av Kultur- og kyrkjedepartementet 1. juni 2007 med heimel i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn § 13 første ledd.
Endringer: Endra ved forskrift 3 nov 2009 nr. 1333.

§ 1.Generelle reglar om skrivemåten av stadnamn

Det skal takast omsyn til tidlegare normeringspraksis så langt ein kan gjere det utan å komme i strid med lova. Når nye namneobjekt skal namnsetjast, bør namneskikken på staden følgjast.

Ved namn på større og/eller særleg kjende lokalitetar kan det takast omsyn til innarbeidd skrifttradisjon. For samiske eller kvenske namn skal det særleg takast omsyn til munnleg tradisjon.

Skrivemåten i primærfunksjonen skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane.

§ 2.Normering av lydleg lånte stadnamn i fleirspråklege område

Lydleg lånte stadnamn som har fått ein innarbeidd uttale, skriv ein etter rettskrivingsreglane i låntakarspråket. (Døme 1: norsk Badderen, kvensk Paattari av samisk Báttar. Døme 2: kvensk Kiiperi av norsk Kiberg.)

Ikkje-innarbeidde namneformer skal skrivast i samsvar med reglane i opphavsspråket. (Døme: Šihčajávri. Namnet skrivast etter reglane i nordsamisk fordi lokaliteten har ikkje-innarbeidde namn på andre språk.)

Om eit lånt stadnamn inneheld eit ledd, oftast forledd, som er brukt i eit stadnamn i eit anna språk, kan namneleddet skrivast i samsvar med rettskrivingsreglane i dette språket. Den andre delen av stadnamnet, oftast etterleddet, skriv ein i samsvar med rettskrivingsreglane i låntakarspråket. (Døme: Kaiskikotavatnet, Lallakuruvegen.) I andre tilfelle skriv ein namneleddet i samsvar med reglane i låntakarspråket. (Døme: Tjorteberget, Gottivollen, Kontefjellet.)

§ 3.Særlege reglar om skrivemåten av norske stadnamn

Ved fastsetjing av skrivemåten skal det veljast ei tillaten form i den målforma som passar best med den nedervde lokale uttalen. Det kan likevel veljast regionale samleformer eller reine dialektformer når særlege grunnar talar for det.

Namn som inneheld allment kjende ord eller namneledd, skal som hovudregel rette seg etter gjeldande rettskriving.

Ved fastsetjing av skrivemåten av bruksnamn skal det leggjast særleg vekt på det ønsket eigaren har når det gjeld skrivemåte.

§ 4.Særlege reglar om skrivemåten av samiske stadnamn

Ved fastsetjing av skrivemåten av samiske stadnamn skal det takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk. Nordsamisk rettskriving skal brukast i Finnmark, Troms og i Nordland sør til Tysfjord kommune. Lulesamisk rettskriving skal brukast herfrå og sørover til Meløy kommune. Frå Rana kommune skal sørsamisk rettskriving brukast. I grenseområda for dei enkelte språkområda skal ein bruke den rettskrivinga som passar best med den nedervde lokale uttalen. Dersom det er brukt fleire samiske namn på same namneobjektet, skal det eldste namnet som hovudregel brukast av det offentlege.

I avveginga av dei ulike omsyna skal ein leggje særleg vekt på at stadnamna får ein mest mogleg einskapleg skrivemåte innanfor det samiske språkområdet.

Namn som inneheld allment kjende ord eller namneledd, skal som hovudregel skrivast i samsvar med gjeldande rettskriving. Dialektformer av namn og namneledd som ikkje finst andre stader, kan ein skrive i samsvar med den lokale uttalen.

§ 5.Særlege reglar om skrivemåten av kvenske stadnamn

Ved fastsetjing av skrivemåten av kvenske stadnamn skal ein ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen.

0Endra ved forskrift 3 nov 2009 nr. 1333.
§ 6.Bruk av eittspråklege namn

Når eit namneobjekt har berre eit samisk namn, eit kvensk namn eller eit norsk namn, skal dette namnet brukast utan omsetjing eller tilpassingar.

§ 7.Bruk av fleirspråklege namn

Dersom eit namneobjekt har samisk og/eller kvensk namn i tillegg til eit norskspråkleg namn, og namneformene er i bruk blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, skal begge eller alle namna brukast.

I samanhengande tekst bruker ein det namnet som samsvarer med språket i teksten.

På skilt eller kart o.l. der det blir brukt meir enn eitt namn, skal vedtaksorganet fastsetje rekkjefølgja av namna. Ved fastsetjing av rekkjefølgja skal ein ta omsyn til språkbruken på staden. I forvaltningsområdet for samisk språk skal rekkjefølgja vere samisk, norsk, kvensk.

Der det av praktiske årsaker er særskilt vanskeleg å bruke fleire namn, skal det ved valet mellom norsk, samisk og kvensk leggjast vekt på kva for eit namn som har lengst tradisjon og er best kjent på staden. Det norske namnet treng ikkje vere med dersom det er ei fornorska form av det samiske eller kvenske namnet, skil seg lite frå det og ikkje er i vanleg bruk i den norske forma. (Døme: norsk Skaidi av samisk Skáidi.)

§ 8.Saksbehandling

Dei som vil ta opp saker om fastsetjing av skrivemåten av stadnamn, må ta dei opp med det organet som etter stadnamnlova § 5 andre til fjerde ledd skal gjere vedtak om skrivemåten. Organet skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før det blir gjort vedtak. Dersom ei sak synest å vere særleg innfløkt, kan det innhentast førebels tilråding frå namnekonsulentane.

Vedtaksorganet skal førebu og avgjere saka utan ugrunna opphald. Det skal setjast av to månader til høyring av dei som etter stadnamnlova § 6 første ledd har rett til å uttale seg, og to månader til saksbehandlinga hos namnekonsulentane.

I område med samiske og/eller kvenske stadnamn må saka også sendast til namnekonsulentane for samisk og/eller kvensk slik at dei kan vurdere om saka gjeld parallellnamn og gi ei førebels tilråding om skrivemåten. Samiske og kvenske organisasjonar skal få saker som gjeld samiske og kvenske stadnamn, tilsende direkte.

I saker der same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten i primærfunksjonen fastsetjast først. Vedtaksorganet må sjå til at alle funksjonane av namnet blir tekne opp i namnesaka. Namnekonsulenttenesta samordnar vedtaksprosedyren slik at skrivemåten i primærfunksjonen blir vedteken først.

Statens kartverk kan gjere samlevedtak for skriftformer av namn eller namneledd innanfor same administrative område. Slike vedtak kan gjelde naturnamn og umatrikulerte seternamn. Samlevedtak kan berre brukast der dialektformene i det aktuelle området gjer slike vedtak naturlege.

§ 9.Vedtak

Vedtak skal vere skriftlege. Fagleg grunngiving for avgjerda skal givast samtidig med vedtaket for bruksnamn og gardsnamn. Dei som har klagerett etter stadnamnlova § 10 første ledd, kan krevje å få grunngivinga etterpå for andre enkeltnamn. Grunngivinga skal vise til den regelen vedtaket byggjer på, og om nødvendig sitere denne. Dei faglege føresetnadene og den vurderinga som ligg til grunn for vedtaket, skal også takast med.

Melding eller kunngjering om vedtak skal innehalde opplysningar om klagerett, klagefrist, framgangsmåte ved klage, vidare om rett til å sjå saksdokumenta og om høve til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga avgjord.

Klagefristen er tre veker frå melding om vedtaket er kommen fram. Dersom meldinga skjer ved offentleg kunngjering, tek klagefristen til den dagen vedtaket blei kunngjort første gongen.

Det organet som gjer vedtak, skal sende melding til partane i saka, til vedkommande kommune/fylkeskommune (jf. stadnamnlova § 6 første ledd) dersom kommunen/fylket ikkje sjølv er vedtaksorgan, til statlege organ som skal bruke namnet i tenesta, til namnekonsulenttenesta og til Sentralt stadnamnregister (sjå § 15).

Vedkommande kommune skal syte for å gjere vedtaket kjent for dei i kommunen som har klagerett etter stadnamnlova § 10 første ledd men som ikkje er part i saka.

0Endra ved forskrift 3 nov 2009 nr. 1333.
§ 10.Klage

Klage skal grunngivast, og grunngivinga må behandle alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Klage skal sendast til det organet som har fastsett skrivemåten, med kopi til vedkommande kommune der kommunen ikkje er vedtaksorgan. Med dei unntaka som går fram av § 6 og § 10 i stadnamnlova, gjeld kapittel VI i forvaltningslova.

§ 11.Klagenemnda

Klagenemnda skal oppnemnast av departementet. Medlemmene blir oppnemnde for fire år om gongen.

Nemnda skal ha ein fast leiar som er jurist og to andre faste medlemmer oppnemnd på fritt grunnlag etter forslag frå KS (kommunenes arbeidsgiver-, interesse- og medlemsorganisasjon). I tillegg skal det oppnemnast ein språkkunnig representant for kvar av dei to offisielle målformene, ein kunnig i samiske språk og ein som er kunnig i kvensk. Medlemmene skal ha personlege varamedlemmer. Nestleiar er vara for leiar.

Klagenemnda vil etter dette ha fem medlemmer ved behandling av norske stadnamn, elles minst fire medlemmer. Dersom stemmetalet står likt, avgjer leiaren saka.

Når det gjeld norske stadnamn, er klagenemnda vedtaksfør når minst fire medlemmer er til stades, av desse leiar eller nestleiar. I saker som gjeld samiske eller kvenske stadnamn, må nemnda vere fulltalig, det vil seie leiar eller nestleiar, to medlemmer oppnemnd på fritt grunnlag og den sakkunnige i samisk eller kvensk.

0Endra ved forskrift 3 nov 2009 nr. 1333.
§ 12.Verknad av klage

Underinstansen, klageinstansen eller eit anna overordna organ kan fastsetje at eit vedtak ikkje skal setjast i verk før klagefristen er ute eller klaga er avgjord. Avslag på søknad om utsetjing skal vere grunngitt.

§ 13.Gjenopptaking

Vedtaksorganet avgjer om ei sak skal takast opp att. Det gjeld òg saker som har vore behandla i klagenemnda. Avslag på gjenopptaking kan påklagast til klagenemnda. Vedtaksorganet avgjer om saka skal ut på høyring.

§ 14.Stadnamnkonsulenttenesta

Det skal oppnemnast to namnekonsulentar for norskspråklege stadnamn for kvart av dei geografiske områda Austlandet med Agderfylka, Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg. Det skal også oppnemnast namnekonsulentar for nord-, sør- og lulesamisk og for kvensk. Konsulentane blir oppnemnde på åremål for seks år om gongen.

Konsulentane skal gi råd og rettleiing til offentlege organ og andre som skal fastsetje skrivemåtar. Dei kan også gi råd i spørsmål om namnsetjing og elles svare på spørsmål om stadnamn og stadnamnbruk generelt.

§ 15.Sentralt stadnamnregister

Registeret skal innehalde opplysningar om alle stadnamn som har fått skrivemåten vedteken etter lova. I tillegg skal registeret innehalde flest mogleg av andre stadnamn som er godkjende og brukte i offentleg samanheng etter gammalt regelverk. 

For alle namna skal registeret ha opplysningar om:

a)skrivemåte av namnet
b)status for skrivemåten (vedteken, godkjend, avslått m.m.)
c)språk eller språkform (norsk, kvensk, nord-, lule- eller sørsamisk)
d)objekttype (grend, gard, bruk, veg, vatn, elv, nes osv.)
e)om det finst fleire namn i same språkform for same namneobjekt, kva for namn som er mest vanleg brukt der ein har kunnskap om det
f)koordinat med referanse til eit nasjonalt brukt koordinatsystem
g)administrativ tilhøyrsel (kommunenummer).

For vedtekne namn skal registeret i tillegg ha følgjande opplysningar:

h)kven som har gjort vedtaket, og vedtaksdato
i)identitetsnummer i det sentrale eigedomsregisteret (tidligare GAB (grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret)/matrikkelen) for namn som også skal brukast i dette registeret.

For namn med status godkjend skal i tillegg registrerast:

j)kva for offentleg bruk (t.d. kart, skilt) namnet er henta frå og publiseringsår eller tilsvarande.

Statens kartverk er registerstyresmakt og skal syte for at opplysningane er allment tilgjengelege. Statens kartverk er ansvarleg for å utarbeide dei standardane og rutinane som skal nyttast ved rapportering til registeret. For vedtak som også skal brukast i GAB/matrikkelen, skal Statens kartverk syte for oppdatering mellom dei to registera.

Når eit namn ikkje er behandla etter reglane i lov om stadnamn, og to eller fleire skrivemåtar av namnet på same språk er i offentleg bruk og er registrerte i Sentralt stadnamregister (SSR) som godkjende skrivemåtar, bør ein i offentleg bruk velje den skrivemåten som er brukt på namneeiningsplassen i SSR.

0Endra ved forskrift 3 nov 2009 nr. 1333.
§ 16.Iverksetjing

Desse forskriftene tek til å gjelde straks. Frå same tid blir forskrift 5. juli 1991 nr. 456 om skrivemåten m.v. av stadnamn oppheva.

Rettleiing til forskrift om skrivemåten m.m. av stadnamn:

Lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn blei endra av lov 10. juni 2005 nr. 53, som trer i kraft 1. august 2006. Forskrifta til den nye lova, gitt av Kulturdepartementet med heimel i endringslova § 13, tek til å gjelde frå 1. juni 2007.

I denne rettleiinga har vi plassert nokre definisjonar og presiseringar relatert til innhaldet i forskrifta, og ein del praktisk informasjon om namnekonsulenttenesta. Rettleiinga erstattar rundskriv V-13/91, V-13/92 og V-5/94.

1. Ordforklaringar og definisjonar

Assimilasjondet at ein språklyd påverkar ein annan slik at dei blir heilt eller delvis like (t.d. tjønn/tjenn av gammalnorsk rn)
Diftongsamband av to ulike vokalar innanfor ei staving (t.d. au, ei, øy)
Gjeldande rettskrivingden rettskrivinga som til kvar tid gjeld, og som ein finn i godkjende ordbøker og ordlister, alle tillatne former
Grendenamnnamn på ei gruppering av gardar og/eller hus som er skild frå bygda elles
Ikkje-innarbeidde namneformerlydleg lånte stadnamn utan fast uttale og tradisjon
Intervokalisk konsonantKonsonant mellom to vokalar
Jamvektsordord som i gammalnorsk hadde likt trykk på hovudstavinga og endestavinga (t.d. hag(g)a, håg(g)å)
Klusillukkelyd (p, t, k, b, d, g)
Lokalitetavgrensa geografisk område
Lydleg lånte stadnamnnamn med ei rekkje av lydkombinasjonar som er lånte frå eit språk til eit anna
Midlandsmåldialektar midt i Sør-Noreg, dvs. i dei vestvende austnorske fjelldalane frå Telemark til Nord-Gudbrandsdalen
Monoftongenkeltvokal (t.d. a, e, i)
Monoftongeringsamandraging av diftong (t.d. stein > sten, straum > strøm)
Namneobjektstaden, punktet, lina, området, anlegget osv. som har eller får namn
Nedervd lokal uttaleden uttalen som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk
Normerefastsetje skrivemåte; ord som «er normerte», er ord som har fått fastsett offisiell skrivemåte som står i godkjende ordbøker og ordlister
Overvektsordord som i norrønt hadde trykksterk hovudstaving og trykklett endestaving (t.d. bakke, slette)
Primærfunksjonden lokaliteten eit namn opphavleg blei brukt om
Skrivemåtesame som skriftform, den forma eit ord eller språk har i skrift
Sterke hokjønnsordhokjønnsord som endar på konsonant eller trykksterk vokal (t.d. ei bygd, ei li)
Svake hokjønnsordhokjønnsord som endar på trykksvak vokal (t.d. ei slette, ei flate)
Uaspirert klusillukkelyd som blir uttalt utan pustelyd (p,t,k på kvensk)

2. Kommentarar til lovteksten

Kommentarane nedanfor er i all hovudsak tekne frå Ot.prp.nr.42 om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn. Det blei gjort nokre endringar av lovteksten av Stortinget under stortingsbehandling av saka. Desse endringane er tekne inn i kommentarane til dei enkelte føresegnene.

Til § 1. Formål og verkeområde

Første leddet gir intensjonane med lova. Stadnamn er immaterielle kulturminne, og som slike har dei krav på vern. Det er likevel ikkje ei bestemt skriftform som er avgjerande for verdien som kulturminne, eller at denne byggjer på ein bestemt uttale, men at det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved mange av dei, særleg dei eldre, som kastar lys over tidlegare tiders liv og virke, kjem fram. Alle stadnamn kan heller ikkje vernast ved at dei blir tekne i bruk av det offentlege og derfor får ei offisiell skriftform. Mange vil berre finnast i namnesamlingar og bygdebøker. Den skriftforma namna får, skal ikkje skyggje for meiningsinnhaldet, og i dei fleste tilfella er stadnamna samansette av vanlege ord sjølv om uttalen varierer.

Etter andre ledd skal lova dokumentere, bevare og synleggjere språkleg og kulturelt mangfald slik dette manifesterer seg i samiske, kvenske og skogfinske stadnamn.

I tillegg til å vere kulturminne har stadnamna ei rekkje daglege funksjonar i privat og offentleg bruk. Den viktigaste funksjonen ved stadnamn i offentleg teneste er å identifisere eit namneobjekt, ein lokalitet, så eintydig som råd - altså ein adressefunksjon. Stadnamna har nedfelt seg i språket gjennom lang tid. Dei fleste har oppstått i talemålet og er overleverte i munnleg form frå generasjon til generasjon. Men mange namn har også ein lang skrifttradisjon. Dette gjeld i første rekkje namn på grunnleggjande økonomiske einingar i samfunnet, t.d. gardar (bruk) og administrative einingar.

Tredje leddet gir det saklege verkeområdet. Selskap omfattar både forvaltningsverksemder og statlege, fylkeskommunale og kommunale verksemder som det offentlege eig fullt ut. Departementet kan gi forskrift om at lova i særskilde tilfelle også skal gjelde for bruk av stadnamn i selskap som det offentlege ikkje eig fullt ut. Dette vil vere aktuelt for selskap som nyttar stadnamn som eit ledd i ein omfattande publikumskontakt, t.d. Telenor ASA (telefonkatalogar), eller for NSB (stasjonsnamn) og Posten Noreg AS (poststadnamn) dersom desse blir privatiserte. For Stortinget gjeld lova berre for bruk.

Lova gjeld ikkje når private rettssubjekt skriv stadnamn, bortsett frå når dei fungerer som forvaltningsorgan, jf. § 1 i forvaltningslova. Når private kartprodusentar lagar kart for det offentlege, pliktar oppdragsgivaren å syte for at kartprodusenten bruker fastsette skriftformer. Tilsvarande gjeld når andre lagar materiale som inneheld stadnamn for eit offentleg organ.

Med læremiddel er her meint trykte læremiddel som dekkjer vesentlege delar av eit fag etter læreplanen for vedkommande klassetrinn eller kurs, og som elevane regelmessig skal bruke.

Fjerde leddet tilsvarer tidlegare § 2 Geografisk verkeområde, men er noko endra. Lova vart ikkje gjord gjeldande for dei områda det her er tale om, på grunn av spesielle faktorar som internasjonale avtalar og traktatar og omsynet til andre nasjonar. Namnetilfanget i desse områda er også av ein annan og nyare karakter enn namna i Fastlands-Noreg. Dei same rammevilkåra gjeld også i dag, og ei utviding av verkeområdet er såleis ikkje aktuelt.

Til § 2. Definisjonar

I første ledd bokstav a er omgrepet «stadnamn» definert med ei vidareføring av definisjonen i den opphavlege lova. Stadnamn er ei fellesnemning for namn på geografiske lokalitetar av ulike slag (punkt, liner eller område), også kalla namneobjekt. Geografiske lokalitetar som har eller kan få namn, kan delast inn i undergrupper, t.d.

-terrengformasjonar (fjell, dalar, vatn, fjordar, øyar osv.)
-kulturformasjonar, dvs. menneskelaga formasjonar (gardar, bruer, tunnelar osv.)
-administrative område (kommunar, sokn, skolekrinsar, valkrinsar osv.)
-bygningar, institusjonar.

Omgrepet skal dekkje namn på alle undergruppene dersom ikkje anna er sagt.

I bokstav b er omgrepet «gardsnamn» definert. Det vanlege er at gardsnamnet berre er knytt til eitt gardsnummer, men i nokre tilfelle finst det døme på same gardsnamn på fleire gardsnummer.

I bokstav c er omgrepet «bruksnamn» definert. Bruksnamn er namn på eigedommar som er utskilde frå opphavsgarden med eige bruksnummer eller festenummer. Namna på eigedommane med dei lågaste bruksnummera er ofte identiske med gardsnamnet, gjerne med ei presisering, slik som nordre, nedre, store eller liknande.

Omgrepet «nedervd stadnamn» i bokstav d dekkjer både munnleg og skriftleg overlevering. I omgrepet «nedervd» ligg eit krav til at namnet skal ha vore brukt i eit lengre tidsrom. Det er likevel ikkje eit krav at namnet skal vere frå ein gitt tidsepoke.

I lovforslaget blei det foreslått å nytte omgrepet «den lokale talemålsforma», som derfor er definert i bokstav e. I stortingsbehandlinga av saka blei dette omgrepet teke ut av føresegna i § 4 og erstatta med det opphavlege omgrepet «den nedervde lokale uttalen». § 2 blei ikkje endra samstundes, og dette vil måtte gjerast i ein tilleggsproposisjon på eit seinare tidspunkt. Med den nedervde lokale uttalen meiner ein den uttalen som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk.

Omgrepet «rettskrivingsprinsipp», som er definert i bokstav f, vil seie dei allmenne reglane for korleis lydar og lydkombinasjonar skal skrivast. Til dømes skal lang vokal skrivast med ein vokal og ein konsonant, som i tak, mens kort vokal skal skrivast med ein vokal og to konsonantar, som i takk. Desse prinsippa blir realiserte gjennom rettskrivinga.

Til § 3. Namnevern og namnsetjing

Som del av kulturarven har mange av stadnamna krav på vern. Eit namn som høyrer med blant dei som er nemnde i første ledd, kan derfor som hovudregel ikkje takast i bruk på ein stad dersom det ikkje kan dokumenterast at namnet har gammal tilknyting til staden. At eit etternamn er verna, vil seie at det er i bruk som etternamn av færre enn 200 personar i Noreg, jf. lov 7. juni 2002 nr. 19 om personnavn (navneloven) § 3 første ledd. At eit namn er særeige, vil seie at det er spesielt for den staden der det høyrer heime, t.d. Jarlsberg eller Portør. Andre grunnar til at eit stadnamn bør vernast, kan vere at namnet har ei særleg historisk eller kulturell interesse på staden, som t.d Gardermoen.

Eit nedervd stadnamn kan heller ikkje bytast ut med eit namn utan tradisjon på staden dersom ikkje særlege grunnar talar for det. Særlege grunnar til å byte ut eit tradisjonelt namn kan vere at namnet lett kan bli forveksla med eit anna namn i nærleiken, at namnet er nedsetjande og til byrde for dei som bur på staden (t.d. Pina, Sveltihel), eller når det nye namnet er tenkt gitt på grunn av behovet for identifikasjon. Vidare kan hendingar på ein stad gjere det naturleg å ta i bruk nye namn, til dømes å kalle opp ein stad etter ein person som har hatt mykje å seie for eit lokalsamfunn. Det skal ikkje stillast strenge krav til «særlege grunnar» i denne samanhengen.

Føresegna skal ikkje vere til hinder for nydanning av stadnamn. Stadnamn har alltid vore gjenstand for ei viss endring, og det er ikkje eit mål i seg sjølv å fryse utviklinga.

Når nye namneobjekt skal namnsetjast, bør namneskikken på staden følgjast når det er mogleg.

Til § 4. Reglar om skrivemåten

Første ledd fastset at utgangspunktet for fastsetjing av skrivemåten skal vere den nedervde lokale uttalen av namnet. Med den nedervde lokale uttalen meiner ein den uttalen som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk. I konkrete namnesaker må det påvisast kva som er den nedervde lokale uttalen, og om det finst fleire uttaleformer av same namnet, både skriftpåverka former og nyare talemålsformer. Dersom fleire uttaleformer er i bruk, skal ein som hovudregel ta utgangspunkt i den uttaleforma som har lengst tradisjon på staden. Departementet vil likevel understreke at også skriftpåverka namneformer og nyare namneformer er ein del av norsk namnetradisjon. Dersom slike namneformer er i allmenn bruk lokalt og lokalsamfunnet identifiserer seg med dei, må det leggjast vekt på dette ved fastsetjing av skrivemåten når formene ligg innanfor regelverket.

Stadnamna skal som hovudregel skrivast i samsvar med gjeldande rettskriving når det er tale om ord og namneledd som er normerte i moderne norsk. Det er gitt forskrift med utfyllande reglar om skrivemåten av stadnamn, og dei to målformene er likestilte ved fastsetjing av skrivemåten. Namn med utdøydde eller uklare språkelement skal, så langt det er rimeleg, skrivast i samsvar med gjeldande rettskrivingsprinsipp.

Stadnamna bør i visse tilfelle kunne avspegle regionale målmerke. Det same gjeld lokale målføreformer når særlege grunnar talar for det. Det er likevel ikkje meininga å gi att alle lokale målførevariantar. Ein bør halde seg til visse hovudtypar i lydverk og formverk og leggje større vekt på regionale enn lokale målmerke.

Kvenske stadnamn i Troms og Finnmark skal følgje rettskrivingsprinsippa i finsk. Finske stadnamn på Austlandet kan tilpassast norske rettskrivingsprinsipp.

Andre ledd tek for seg dei tilfella der same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden. Det same stadnamnet kan samstundes vere namn på fleire gardsbruk, ei grend, ein skole, ein poststad, ein haldeplass m.m. Når same namnet slik blir brukt om ulike einingar på same staden, skal det som hovudregel ha berre ei skriftform på kvart språk. Ofte vil ein funksjon vere primær i høve til dei andre, og i slike tilfelle skal skrivemåten i primærfunksjonen som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane. Føresetnaden må vere at den lokale talemålsforma er den same i dei ulike funksjonane, og at det ikkje er andre grunnar som tilseier ulike skrivemåtar, t.d. skrifttradisjonen i dei ulike funksjonane, ønsket til eigaren ved bruksnamn, eller at det knyter seg sterke interesser til dei ulike formene. Når kommunen ønskjer å nytte eit stadnamn som er knytt til staden frå før i ei offisiell adresse, vil adressefunksjonen vere sekundær i forhold til det opphavlege stadnamnet. Skrivemåten til stadnamnet vil då vere retningsgivande for skrivemåten til adressa. Det er namnekonsulentane som skal samordne vedtaksprosedyren, slik at skrivemåten i primærfunksjonen blir vedteken først.

Det kan i ein del tilfelle vere vanskeleg å avgjere kva som er primærfunksjonen. Nokre haldepunkt finst: Dersom eit namn blir brukt både som naturnamn og gardsnamn/bruksnamn, og hovudleddet (oftast sisteleddet) karakteriserer ein naturformasjon, t.d. Brattbakken, Storhaugen, Djupvik, vil funksjonen som naturnamn normalt vere primær. Er eit namn brukt både som gardsnamn/bruksnamn, grendenamn og poststadnamn, vil funksjonen som gardsnamn/bruksnamn normalt vere den primære, og funksjonen som grendenamn sekundær. Dersom partane i ei slik sak er usamde om kva som er primærfunksjonen, må fråsegna til namnekonsulentane tilleggjast avgjerande vekt.

Dagens skriftformer kan ha oppstått på ulike måtar, nokre meir tilfeldig, andre etter vurdering i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom den forma som er brukt i statleg samanheng, byggjer på det regelverket for skrivemåten av stadnamn som til kvar tid har vore gjeldande, bør det leggjast vekt på denne. Dersom ei anna skriftform er vel kjend og meir brukt, må det likevel vurderast om ho bør brukast.

Skrivemåten av stadnamn kan avvike frå gjeldande rettskrivingsprinsipp når skriftforma har vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, eller at det knyter seg særleg sterke interesser til denne skriftforma, t.d. av økonomisk karakter. Utanlandske og reint litterære namn og nyare personnamn treng ikkje følgje norske rettskrivingsprinsipp.

To eller fleire skriftformer av same namn på same namneobjekt kan fastsetjast som sidestilte dersom eitt eller fleire av vilkåra i andre ledd, bokstav a til c er oppfylte. Det er nok at eit av dei tre vilkåra er oppfylt for at fastsetjing av to eller fleire alternative former skal vurderast. Dersom to eller alle alternativa er oppfylte, talar det for å godta fleire skriftformer.

Til § 5. Fastsetjing av skrivemåten

§ 5 gir reglar om kven som kan ta opp saker, kven som kan gjere vedtak, og kven som kan avgjere tvilsspørsmål. Dersom bruksnamnet er ein del av den offisielle adressa, ved at det t.d. er del av eit vegnamn, skal skrivemåten som er fastsett for bruksnamnet, nyttast.

Dei organa som kan gjere vedtak om skrivemåten etter andre og tredje ledd i denne paragrafen, kan også ta opp namnesak etter første ledd bokstav a. I tillegg kan også eigar og festar av bruk, lokal organisasjon og stadnamnkonsulentar ta opp saker når visse vilkår er oppfylte. Avgjerdsorgana pliktar å ta stilling til skrivemåten i saker som er tekne opp av dei som er nemnde i første ledd, men kan sjølve velje om dei vil behandle saker som blir tekne opp av andre.

Det er gitt eigne reglar om saksbehandlinga i forskrifta til lova.

Første ledd regulerer kven som kan ta opp sak om skrivemåten av stadnamn. Bokstav a slår fast at alle organ for stat, fylkeskommune og kommune kan ta opp saker som gjeld namn dei skal bruke i tenesta. Det same kan selskap som fullt ut er eller har vore i offentleg eige. Med omgrepet «festar» i bokstav b er her tenkt på langvarig feste av grunn; leige og forpakting fell utanfor. Offentleg organ kan berre ta opp slike saker dersom det skal bruke namnet i tenesta. Med lokal organisasjon i bokstav c er meint organisasjonar og samanslutningar som t.d. burettslag, velforeiningar, språkorganisasjonar og historielag. Etter bokstav d har også stadnamnkonsulentane rett til å ta opp sak om skrivemåten av stadnamn. Dei har eit særleg ansvar for at vi i rimeleg grad får eit namneverk som er i samsvar med lova og forskrifta, og bør såleis ha rett til å ta opp namnesaker i område dei har særskilt ansvar for.

Kommunar og fylkeskommunar vil etter andre ledd i denne føresegna framleis fastsetje skriftformer for dei same stadnamna som dei til no har hatt ansvaret for. Kommunane skal dessutan ha ansvaret for vedtak om skrivemåte for alle namn som skal brukast som offisiell adresse med unntak av bruksnamn. Desse skal få si skriftform i samsvar med § 8, jf. § 4 andre ledd om primærfunksjon.

Tredje ledd gjeld det ansvaret Statens kartverk har for fastsetjing av skriftformer. Kartverket skal fastsetje skriftformer i all statleg samanheng, medrekna gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, med unntak av skriftformer som skal fastsetjast av Kongen, Stortinget eller eit departement. Kartverket skal også fastsetje kva for skriftform som skal nyttast av selskap som er eller har vore i offentleg eige. Det kan gjerast samlevedtak for korleis eit namneledd i eit naturnamn skal skrivast innanfor eit administrativt område, t.d. vann/vatn eller tjørn/tjern, slik at det ikkje skal vere nødvendig å reise namnesak i alle tilfelle der heile eller delar av namn skal skrivast på ein måte som alt er vedteken.

Dersom det er tvil om kven som skal fastsetje skrivemåten etter reglane i stadnamnlova, fastset fjerde ledd at spørsmålet kan leggjast fram for departementet. I dei fleste tilfelle der ikkje anna er fastsett, vil det vere Kartverket som fastset skrivemåte. Dette vil t.d. gjelde skrivemåten av poststadnamn.

Til § 6. Nærmare om saksbehandlinga

I første ledd i denne paragrafen er eigar eller festar, kommune og lokale organisasjonar gitt rett til å uttale seg i visse tilfelle. I forskrifta til lova vil det bli fastsett høvelege fristar for slike fråsegner. Kommunane må få rimeleg tid til saksbehandlinga, samtidig som dette ikkje må seinke kartproduksjon og annan bruk av fastsette skriftformer så mykje at det skaper vanskar.

Når skrivemåten av eit bruksnamn skal fastsetjast av andre enn eigar eller festar, dvs. av eit offentleg organ, har eigar eller festar rett til å uttale seg i saka før skrivemåten blir fastsett. Det skal leggjast særleg vekt på det ønsket eigaren har med omsyn til skrivemåte, når den skriftforma han eller ho ønskjer, ligg innanfor regelverket.

Eigar eller festar har også rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn, når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet (jf. merknadene til § 8 andre ledd), fordi dei i slike tilfelle vil ha ei særleg interesse i utfallet av namnesaka. Dersom bruksnamnet inneheld heile eller delar av eit gardsnamn, skal skrivemåten av gardsnamnet vere retningsgivande for korleis bruksnamnet skal skrivast.

Andre ledd fastset at når vedtaket skal gjerast av andre enn kommunen, skal vedtaksorganet sende saka til vedkommande kommune, som skal syte for at ho blir kunngjord for dei som har rett til å uttale seg. Eigar eller festar skal få tilsendt saka direkte i saker som gjeld bruksnamn, eller gardsnamn som utgjer heile eller delar av bruksnamnet, og som vil vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet. Andre med uttalerett i saker som gjeld bruksnamn, t.d. lokale organisasjonar med særleg tilknyting til namnet, skal varslast med kunngjering i minst to aviser som er vanleg lesne på staden, eller på anna høveleg vis, som t.d. i lokale informasjonstrykksaker. I saker som gjeld samiske eller kvenske namn, skal interesserte organisasjonar få tilsendt saka direkte. Bakgrunnen for dette er at desse organisasjonane ikkje alltid er lokaliserte slik at dei les dei lokale avisene.

Saker som gjeld andre namn enn bruksnamn, skal kunngjerast på same måten. Kunngjeringa må innehalde opplysningar om kva for namnesaker som er reiste, kvar sakspapira er utlagde, og frist for å komme med merknader. Kommunen sender dei innkomne fråsegnene saman med eiga fråsegn til namnekonsulentane, som gir tilråding om skrivemåten til vedtaksorganet.

Tredje ledd fastset at dersom ein stad har namn på fleire språk, skal det reisast sak for alle namna samtidig. Namnekonsulentane må undersøkje om det finst parallellnamn.

Til § 7. Gjenopptaking

Denne paragrafen er ny og opnar for at det skal vere mogleg å ta opp att ei sak dersom ein har nye opplysningar som vil kunne verke inn på vurderinga. For at opplysningane skal bli vurderte som nye, er det tilstrekkeleg at dei ikkje har vore med i den førre vurderinga av korleis stadnamnet skal skrivast. Nye reglar som endrar det faktiske vurderingsgrunnlaget, er også grunn til gjenopptaking. Føresetnaden er at desse reglane endrar vurderingsgrunnlaget på ein slik måte at det er sannsynleg at dei nye reglane vil føre til eit anna vedtak i saka. For at den som ønskjer at ei sak skal takast opp att, skal kunne vurdere om opplysningane er nye, må vedtaksorgan som har gitt avslag, på spørsmål kunne opplyse om grunngivinga for det, dersom dette ikkje er gjort samtidig med avslaget.

Til § 8. Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

Første ledd regulerer eigars eller festars rett til å fastsetje namn på eige bruk. Bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, er blant dei eldste stadnamna i landet, og dei bør takast vare på som kulturminne. Eigar eller festar kan ikkje gi eigedommen nytt namn i staden for det tradisjonelle namnet, dersom ikkje særlege grunnar talar for det. For særlege grunnar sjå merknadene til § 3 Namnevern og namnsetjing. Eigar eller festar kan likevel gi eigedommen eit eige bruksnamn i tillegg til det tradisjonelle namnet.

Eigar eller festar kan gi eigedom med norsk namn i samisk eller kvensk busetjingsområde samisk eller kvensk namn i tillegg til eller i staden for det norske namnet. Bruksnamna skal brukast av det offentlege i samsvar med reglane om fleirspråkleg namnebruk.

Andre ledd regulerer skrivemåten av bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, og som derfor skal fastsetjast etter reglane i denne lova. Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identiske med gardsnamnet, eller der gardsnamnet går inn som heile eller ein del av bruksnamnet.

Tredje ledd regulerer når vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn. Heile eller delar av mange bruksnamn er identiske med namnet på opphavsgarden. Fordi det her i utgangspunktet gjeld sekundær bruk av eit namn, er det rimeleg at skrivemåten av gardsnamnet som hovudregel skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamna. Dette er også i samsvar med § 4 andre ledd om skrivemåten i primærfunksjon som retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane.

Fjerde ledd fastset at skrivemåten av andre bruksnamn skal fastsetjast av eigar eller festar. Det vil normalt gjelde uavkorta for namn på nye bruk, bustadhus, hytter o.l.

Til § 9. Bruk av stadnamn

Første ledd pålegg offentleg organ mv. plikt til å bruke fastsette namneformer i tenesta når slike finst. Dette skal gjerast på eige initiativ.

Samiske og kvenske stadnamn skal etter andre ledd brukast av det offentlege på kart, skilt, i register mv., dersom dei er nytta av folk som bur fast på staden eller har næringsmessig tilknyting til han. At nokon «bur fast» på staden, inneber at dei må ha regelmessig tilknyting til staden over lengre tid. Dette gjeld også «næringsmessig tilknyting» til staden, t.d. for flyttsamar og fiskarar.

Ut frå praktiske grunnar kan det vere nødvendig å velje eitt eller to av namna på kart, skilt, i register mv. I slike høve kan ein velje bort det norske namnet dersom det er ei fornorska form av det samiske eller finske namnet og skil seg lite frå det og ikkje er innarbeidd i den norske varianten, t.d. Vækker (finsk) og Skaídi (samisk). Innarbeidde norske namn som Kautokeino og Karasjok kan ikkje veljast bort, heller ikkje norske omsetjingsnamn eller namn med eitt norsk og eitt samisk/kvensk ledd. Ved valet mellom samisk og kvensk namn bør ein velje eldre namn framfor yngre og til vanleg sjå bort frå omsetjingar. Avgjerande vekt bør leggjast på den lokale namnetradisjonen og på kulturminneomsynet. Regelen gjeld også tilvisingsskilt til fleirspråkleg område.

Med «i bruk av det offentlege» i tredje ledd i paragrafen er meint at det offentlege nyttar namnet i tenesteutøving, på kart, skilt, i register mv. Oppføring i namnesamlingar, bygdebøker o.l. er ikkje offentleg bruk.

Mange av dei skriftformene som er i bruk av det offentlege, er fastsette etter dei reglane som var gjeldande før denne lova blir sett i verk. Andre er tekne i bruk utan særskilt vedtak. Desse skriftformene treng ikkje vurderast på nytt utan at nokon av dei som er nemnde i § 5 første ledd, tek opp sak om det. Vedtak om skrivemåte som blir gjort etter at denne lova er sett i verk, skal meldast til stadnamnregisteret og takast inn der, jf. § 12 andre ledd.

Til § 10. Klage

Stadnamn er noko som opptek svært mange menneske. Stadnamna er dessutan ledd i eit nasjonalt namneverk med stor kulturhistorisk verdi. Departementet finn det derfor rimeleg at alle vedtak, med unntak av vedtak gjorde av Kongen og Stortinget, kan påklagast.

Eit offentleg organ er i første ledd i paragrafen gitt klagerett i saker som gjeld namn det skal bruke i tenesta. Det kan t.d. vere at det er fastsett ei skriftform som kan føre til uheldig og unødvendig forveksling med andre stadnamn. Eigar eller festar av bruk kan klage på vedtak om skrivemåten av bruksnamn etter § 8 andre ledd. Av omsyn til allmenta er det også rimeleg at lokale organisasjonar og samanslutningar med særleg tilknyting til stadnamnet har klagerett.

Klage over vedtak om skrivemåte eller namnsetjing (§ 3) skal avgjerast av Klagenemnda for stadnamnsaker. Klage over manglande vedtak skal også behandlast av klagenemnda. Klage over feilbruk eller manglande bruk av eit vedteke stadnamn skal avgjerast av overordna departement. Dette vil t.d. gjelde Kommunal- og regionaldepartementet i saker der kommunar ikkje nyttar vedteken skriftform, eller Samferdselsdepartementet i tilfelle der Statens vegvesen ikkje nyttar vedtekne skriftformer.

Klage skal grunngivast. På denne måten vil klagaren vere sikra at klageorganet vurderer dei synspunkta og merknadene som han eller ho byggjer klaga si på, jf. forvaltningslova § 34 andre ledd andre punktum.

Det er naturleg at det overordna departementet har ansvar for å behandle klager over feilbruk eller manglande bruk. Klagenemnda bør ikkje vere klageinstans i slike klagesaker, sidan deira oppgåve er å ta stilling til kva for stadnamn som skal nyttast, og kva for skrivemåte dette namnet skal ha.

Andre ledd fastset at klagesaker skal behandlast av ei klagenemnd oppnemnd av Kongen. Klagenemnda skal samansetjast slik: leiar med dommarkompetanse, slik den er definert i § 54 andre ledd i domstolslova, og ein annan fast medlem oppnemnd på fritt grunnlag. I saker som gjeld norske stadnamn, skal nemnda i tillegg ha ein medlem for kvar målform. I saker som gjeld samiske eller kvenske stadnamn, skal nemnda ha ein medlem for samisk eller kvensk. Reglar om samansetjing av klagenemnda skal fastsetjast i forskrift.

Sametinget kan uttale seg i prinsipielle saker som gjeld samiske stadnamn, og Språkrådet i prinsipielle saker som gjeld norske stadnamn.

Tredje ledd fastset at klage på vedtak gjort av eit departement ikkje skal avgjerast av klagenemnda, då ein ikkje finn det rett at eit slikt organ skal føre kontroll med verksemda i departementa. Dersom nokon klagar på slike vedtak, skal vedkommande departement innhente tilråding frå klagenemnda før det vurderer omgjering av vedtaket. Klagenemnda vil såleis ha ein dobbel funksjon: Ho er klageorgan for vedtak som etter denne lova er gjorde av andre enn eit departement, og rådgivande organ i klagesaker for departementa.

Til § 11. Stadnamnkonsulentar

§ 11 første ledd fastset at departementet oppnemner stadnamnkonsulentar for norske og kvenske stadnamn, mens Sametinget oppnemner stadnamnkonsulentar for samiske stadnamn. Namnekonsulentane skal oppnemnast på åremål for seks år om gongen. Dei må ha embetseksamen med norsk hovudfag eller tilsvarande utdanning og røynsle frå stadnamnarbeid, eller tilsvarande utdanning i samisk eller finsk. Til hjelp for konsulentane skal det tilsetjast sekretærar. Reglar om oppnemning av stadnamnkonsulentar skal fastsetjast i forskrift. Departementet skal gi instruks for tenesta til namnekonsulentane og sekretærane.

Departementet har høve til å engasjere konsulentar til særlege oppgåver, t.d. i samband med revisjon av kartverk. Desse korttidskonsulentane må stå i nær kontakt med dei ordinære namnekonsulentane, slik at reglane blir praktiserte mest mogleg likt.

Departementet har i brev av 22.12.1993 delegert ansvaret for å engasjere namnekonsulentar til Norsk språkråd. Denne fullmakta gjeld også Språkrådet (som blei oppretta frå 1.1.2005).

Til § 12. Stadnamnregister

I det sentrale stadnamnregisteret skal alle dei offisielle stadnamna i landet førast inn. Opplysningane i registeret er gratis og offentlege.

Til § 13. Forskrift og unntak

Stadnamn har ein svært vid definisjon. Og sjølv om lova i hovudsak berre gjeld stadnamn som er eller blir tekne i bruk av offentlege organ, får ho verknad for mange tusen namn. Det er vanskeleg å lage eit regelverk som på ein tenleg måte kan ta omsyn til alle sider av saka. Mange av dei meir detaljerte reglane vil bli fastsette i forskrift, t.d. språklege retningsliner og reglar for konsulenttenesta.

Når særlege grunnar talar for det, bør departementet ha høve til å gjere unntak frå reglane i lova og forskrifta. Føresetnaden må likevel vere at det blir lagt vekt på intensjonane i lova.

3. Kommentarar til forskrifta 

1.Om skrivemåten av norske stadnamn
a)Til § 1 i forskrifta: Generelle reglar om skrivemåten av stadnamn

Utanlandske namn og nyare personnamn treng ikkje normerast etter gjeldande rettskriving. Ved oppkalling etter historiske personar skal ein følgje dei offisielle retningslinene for skrivemåtar av historiske namn, som mellom anna finst på Språkrådets heimeside (www.sprakradet.no/www.språkrådet.no). Ved oppkalling etter litterære personar skal ein bruke den skrivemåten som er brukt i det verket namnet er henta frå. Dersom namnet på ein litterær person finst i fleire skrivemåtar, kan ein bruke den namneforma som høver best med moderne rettskriving. 

b)Til § 3 i forskrifta: Særlege reglar om skrivemåten av norske stadnamn - nokre presiseringar
i.Kjønn, tal og form

Grammatisk kjønn og eintals- eller fleirtalsform skal som hovudregel rette seg etter dialektuttalen.

Bunden form skal brukast i naturnamn dersom den bundne forma er i levande bruk i talemålet. Bunden eller ubunden form kan brukast i gards- og bruksnamn, tettstadnamn, administrasjonsnamn og kommunikasjonsnamn. Bunden form skal brukast dersom ho er i levande bruk i talemålet i dag. Ubunden form skal brukast dersom ho er i levande bruk i talemålet i dag og dessutan er godt innarbeidd i skrift.

Dersom det er vakling i bruken og lokal usemje, skal det leggjast stor vekt på fråsegna frå eigaren for namn på privat eigedom, eller frå kommunen og andre med uttalerett for andre namn.

ii.Bøyingsverk

Eintal

Hankjønnsord får i bunden form endinga -en eller -n i samsvar med dialekten.

Sterke hokjønnsord får i bunden form som hovudregel endinga -a. Når dialekten har endinga -i eller -ei, brukar ein -i. Når dialekten har endinga -e brukar ein -e. Bergensk får -en. Når særlege grunnar talar for det, kan endingane -na, -ne eller -ni brukast.

Svake hokjønnsord får i bunden form som hovudregel endinga -a. I det austlandske og trønderske dialektområdet rettar ein seg etter den enkelte dialekten med omsyn til utlydande vokal i jamvektsord (-a, -u, -o, -å). Bergensk får -en.

Fleirtal

I bunden form kan artikkelen få ei eller to stavingar i samsvar med dialekten.

Ein brukar endinga -an(e) når dialekten har -an(e), -ain(e), -ana, -adne, -ad'n/-at'n, -æn(e), -æin. Når dialekten har -en(e), -ein(e), -en(a), -edne, -ed'n/-et'n, -'n, bruker ein -en(e). Der dialekten har -in(e), -un(e), -a, kan ein rette seg etter dialekten.

Inkjekjønnsord får endinga -a, -i eller -e når det er samanfall med bunden form eintal av sterke hokjønnsord.

iii.Lydverk

Ein skal bruke monoftong (enkeltvokal) eller diftong (samband av to ulike vokalar) i samsvar med dialekten. I område med monoftongering skal ein som hovudregel bruke monoftong når denne fell saman med ei tillaten form i rettskrivinga (strøm når uttalen er strømm). Når monoftongen ikkje er representert i rettskrivinga, skal ein som hovudregel bruke diftong (straum når uttalen er strô:m, stein når uttalen er stæ:n).

I jamvektsformer skal som hovudregel rotvokalen og den trykklette vokalen i andrestavinga skrivast i samsvar med uttalen i dialekten (Furumyra, Furimyra). Den intervokaliske konsonanten kan skrivast lang eller kort på same måten (hag(g)an, håg(g)ån, stug(g)u, ståg(g)å). Overvektsord som blir bøygde som jamvektsord (bakka, tanga), skal skrivast etter same prinsippet som jamvektsorda.

I område med uttalen b, d, g for p, t, k kan b, d, g brukast.

Konsonantsambanda sl, tl, ft, pt, fs og ps kan skrivast i samsvar med dialekten. I dialektar med konsonantsambanda mb og rs kan desse brukast.

I område med uttalen nn for rn kan ein bruke skrivemåten nn (tjønn, bjønn).

Dialektformer som har nær samanheng med gammalnorske former, kan brukast (lid for li).

For dialektar med tjukk l av gammalnorsk rð skal i regelen rd brukast (skard, urd).

Ein kan bruke gv for gammalnorsk hv i område som har denne uttalen.

iv.Dativ

Når dativforma er eineform, bør ho brukast. Dativ fleirtal får endinga -o, -om eller -um etter dialektuttalen.

v.Samansette namn

I samansette namn bør ein bruke den samansetjingsmåten som samsvarer med dialektuttalen av namnet. 

c)Til § 3 i forskrifta: Særlege reglar om skrivemåten av norske stadnamn - ei liste over regionale samleformer (ikkje uttømmande) 
2.Om skrivemåten av samiske og kvenske stadnamn - nokre presiseringar 
a)Til § 2 og § 6 i forskrifta: Om bruken av eittspråklege namn

Når eit namneobjekt har berre eit samisk namn, eit kvensk namn eller eit norsk namn, skal dette namnet brukast utan omsetjing eller tilpassingar. Dette inneber at det ikkje er tillate å fornorske samiske eller kvenske namn. Der det ikkje eksisterer norsk namn på staden skal den samiske eller kvenske skrivemåten nyttes. 

b)Til § 4 i forskrifta: Særlege reglar om skrivemåten av samiske stadnamn - nokre presiseringar

I skrivemåten av samiske stadnamn kan det takast omsyn til den regionale eller lokale uttalen når det ikkje bryt med rettskrivingsprinsippa eller fører til misforståing. Når den regionale eller lokale uttalen er einerådande, eller er den mest utbreidde eller eldste tradisjonen i sitt område, kan han leggjast til grunn for skrivemåten i følgjande tilfelle:

i.Nordsamisk

I nordsamiske område kan det takast omsyn til dei mest særmerkte draga i sjøsamiske dialektar, som mangel på klusilforslag i visse sentralkonsonantar (t.d. vuonna - vuotna) og førekomst av spirant eller halvvokal framfor halvvokal framfor c, č, s, š og t (f.eks. bávti - bákti).

I dei dialektområda der -v svarer til -b i skriftspråket, kan -v brukast (t.d. rievan for rieban). På same måte kan ein i det austlege dialektområdet skrive -k, -p eller -t mellom 2. og 3. staving (t.d. vuojatan for vuojahan).

Fordelinga av utlydskonsonantane -b, -d, -g, -k, -m, -n, -p og -t kan følgje lokal uttale. Det kan takast omsyn til følgjande sentralkonsonantar i Sør-Troms/Nordre Nordland: 

a.bc-bcclábci-lábccit
b.bč-bččroabči-roabčči(kč-včč i normert rettskriving)
c.bd-bdddobdat-dobddan(vd i normert rettskriving)
d.bl-bllublu-ubllu(vl i normert rettskriving)
e.br-brrlibri-librrit(vr i normert rettskriving)
f.bj-bjjsibjjot-sibjoga(vj i normert rettskriving)
g.bž-bžžlábži-lábžžit(vž i normert rettskriving)
h.bz-bzzčibza-čibzza(vz i normert rettskriving)
i.bnj-bnnjgabnja-gabnnjat(vdnj i normert rettskriving)
j.bm-pmgiebmi-giepmit(vdn i normert rettskriving)
k.bn-bnnábnnas-ábnasa(vdn i normert rettskriving)
l.dv-dvvsladvi-sladvvit
m.gd-gddvuogdit-vuogddán(vd i normert rettskriving)
n.kččnjuokčča(včč normert rettskriving)
o.mn-mnngámnat-gámnnan(vdn i normert rettskriving)
p.sn-snnasnat-asnnai(st i normert rettskriving)
 

Når eit namneledd er forkorta i samansetningar, skal det skrivast etter den lokale uttalen, men likevel i samsvar med rettskrivingsprinsippa (t.d. Muohtajárgeahči, Govdavárorda).

ii.Sørsamisk

I sørsamisk kan ein skrive ï og ïe som i og ie. Samanfall av vokalar i trykklett staving kan komme til uttrykk i skrivemåten. Den lokale uttalen kan elles komme til uttrykk i desse tilfella:

i.ved samanfall av lang a (skriven a) og oe (t.d. bealloe - bealla),
ii.ved samanfall av å og a i det sørlege området (t.d. dålle - dalle),
iii.ved fordelinga av m og b i innlyd i det nordlege området (t.d. laemtjie - laebtjie),
iv.ved samanfall av s og sj, ts og tj og n og nj i visse posisjonar i det sørlege området (t.d. biesjie - biesie). 
c)Til § 5 i forskrifta: Særlege reglar om skrivemåten av kvenske stadnamn

Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i finsk, med følgjande presiseringar:

i.Konsonantar

Konsonantsamband som er oppstått ved assimilasjon, skal skrivast etter opphavsforma (t.d. Alattionvuono, ikkje Alattiovvuono).

Følgjande konsonantteikn blir brukt i kvenske stadnamn: đ, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, š, t, v.

ii.Vokalar

Følgjande vokalteikn blir brukt i kvenske stadnamn: a, e, i, o, u, y, ä, ö.

Når det gjeld samanskriving, særskriving eller skriving med bindestrek, skal ein følgje dei prinsippa som gjeld for rettskriving av finske stadnamn i Finland (t.d. Porsanginvuono, Niileksen Pietarin lantto, Iso-Porhas, Iso-olka).

d)Spesialteikn

Dei spesialteikna som inngår i samisk og kvensk rettskriving, skal brukast av alle som har plikt til å bruke skrivemåtar frå SSR. 

3.Om saksbehandlinga

Vi gjer merksam på at dei alminnelege reglane om saksbehandling i forvaltningssaker, jf. kapittel 3 i forvaltningslova, utfyller føresegnene om saksbehandling i stadnamnlova, forskrifta og rettleiinga. 

a)Saksgangen i stadnamnsaker

Kommunane skal fastsetje skrivemåte for namn på tettstader, grender, bydelar, gater, vegar, torg, bustadfelt mv. og for namn som skal brukast som offisiell adresse, med unntak av bruksnamn og gardsnamn.

Fylkeskommunen gjer vedtak om skrivemåte for namn på fylkeskommunale anlegg.

Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåte for alle andre stadnamn i statleg samanheng, medrekna gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift. Dette gjeld til dømes skriftformer som skal fastsetjast av Kongen, Stortinget eller eit departement.

Saksgangen vil variere noko ut frå kva for eitt organ som skal fastsetje skrivemåten. Saksgangen vil normalt sjå slik ut:

i.Namnesak blir teken opp med vedtaksorganet, i dei fleste tilfelle anten ein kommune eller Statens kartverk.
ii.Vedtaksorganet sender saka til kommunen og fastset frist for høyringssvar. I sakar som òg kan gjelde samiske eller kvenske namn, skal saka samtidig sendast den samiske og/eller kvenske namnekonsulenttenesta. Saka om det samiske eller kvenske namnet går uavhengig av den opprinnelege saka.
iii.Kommunen gjer saka og høyringsfristen kjend for alle partar som har rett til å uttale seg, til dømes ved å kunngjere saka i to aviser som er allminneleg lesne på staden, eller på annan høveleg måte.
iv.Kommunen sender dei innkomne fråsegnene til den aktuelle namnekonsulenttenesta saman med si eiga fråsegn.
v.Namnekonsulenttenesta gir tilråding om skrivemåten til vedtaksorganet.
vi.Vedtaksorganet fastset skrivemåten og sender melding om vedtaket til dei det skal gjerast kjent for, jf. § 9 fjerde ledd i forskrifta, saman med opplysningar om klagerett og klagefrist til dei som kan klage. Vedkommande kommune syter òg for å gjere vedtaket kjent, jf. § 9 femte ledd i forskrifta. Ved kommunale vedtak syter kommunen for kunngjering på vanleg måte.
vii.Eventuelle klager på vedtak skal sendast til vedtaksorganet, med kopi til kommunen. Dersom vedtaksorganet ikkje gjer om vedtaket sitt, skal dei sende saka til klagenemnda med kopi til klagaren.
viii.Klagenemnda gjer vedtak og sender melding til vedtaksorganet og dei som er part i saka. Saksgangen ved klagesaker er elles den same som ved første gongs behandling. 
b)Om behandlinga av samansette stadnamn

Ein skil mellom faste og lause samansetningar. Ved faste samansetningar nyttar ein samanskriving, t.d. Langdalen, medan lause samansetningar blir skrivne i to eller fleire ord, t.d. Den lange dalen. Det som avgjer om ei samansetning er fast eller laus, er den nedervde lokale uttalen. Dersom det er tvil eller usemje om ei samansetning er fast eller laus, t.d. Helltunnelen/Hell tunnel, Skuggetunnelen/Skuggentunnel, skal fråsegna til namnekonsulentane tilleggjast avgjerande vekt.

Namn på administrative einingar har ofte eit tillegg til det aktuelle stadnamnet som forklarer kva slags funksjon namnet har, t.d. Tromsø lufthavn, Nes kyrkje, Åsgård skole. Ved slike lause samansetningar fell berre skrivemåten av stadnamnet inn under lov om stadnamn, medan det forklarande tillegget skal følgje dei normeringsreglane som elles gjeld, t.d. lov om målbruk i offentleg teneste. Det same skal gjelde for bruksnamn når eit laust tillegg for retning, storleik o.l. ikkje er ein del av den nedervde lokale uttalen av namnet, t.d. (Øvre) Voll, (Nedre) Voll. Når den nedervde lokale uttalen av eit bruksnamn syner at samansetninga er fast, t.d. Sørebø, skal skrivemåten fastsetjast etter reglane i lov om stadnamn. 

c)Om bruksnamn som skal vere del av ei offisiell adresse

Ei endring i forskrift til lov om eigedomsregistrering vil gi grunneigarar rett til å krevje at bruksnamn skal inngå i den offisielle adressa. Det følgjer av lov om stadnamn § 5 andre ledd at det er kommunen som gjer vedtak om skrivemåten av offisielle adresser. Statens kartverk har ansvar for fastsetjing av skriftformer i all statleg samanheng, medrekna gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn. Det faktum at ein grunneigar krev at bruksnamnet skal inngå i den offisielle adressa, endrar ikkje på ansvarsfordelinga mellom kommunane og Kartverket. Av dette følgjer at det framleis er Kartverket som fastset skrivemåten av bruksnamn og gardsnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, også når namnet inngår som del av ei offisiell adresse. 

4. Oversikt over sentrale instansar i stadnamnarbeidet

Spørsmål i konkrete saker skal først og fremst rettast til namnekonsulenttenestene i regionane, eventuelt til sekretariatet for klagenemnda når det gjeld klagesaker. Spørsmål om lov og forskrifter kan også rettast til Kultur- og kyrkjedepartementet.

1.Statens namnekonsulentteneste for Nord-Noreg:

Gir tilråding om skrivemåten av norske stadnamn i Finnmark og Troms og i desse kommunane i Nordland: Andøy, Øksnes, Bø, Sortland, Hadsel, Lødingen, Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy, Røst, Tjeldsund, Evenes, Narvik, Ballangen, Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, Bodø, Gildeskål, Fauske, Saltdal, Beiarn.

Adresse:

Stedsnavntjenesten for norske namn i Nord-Norge

Det humanistiske fakultet

Universitetet i Tromsø

9037 Tromsø

2.Statens namnekonsulentteneste for Midt-Noreg:

Gir tilråding om skrivemåten av norske stadnamn frå og med Midsund kommune i Romsdalen, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Nordland til og med Meløy og Rana kommune.

Adresse:

Stedsnavntjenesten for Midt-Norge

NTNU

Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap

7491 TRONDHEIM

3.Statens namnekonsulentteneste for Vestlandet:

Gir tilråding om skrivemåten av norske stadnamn i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og på Sunnmøre så langt nord som til Haram.

Adresse:

Stadnamntenesta på Vestlandet

LLE, UiB

Postboks 7805

5020 Bergen

4.Statens namnekonsulentteneste for Austlandet og Agderfylka:

Gir tilråding om skrivemåten av norske stadnamn i Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Vestfold, Østfold, Oslo, Akershus, Hedmark og Oppland.

Adresse:

Stedsnavntjenesten for Østlandet og Agderfylkene

Institutt for lingvistiske og nordiske studier

Navnegransking

Universitetet i Oslo

Pb. 1011 Blindern

0315 Oslo

5.Stedsnavntjenesten for samiske stadnamn:

Gir tilråding om skrivemåten av samiske navn på norsk side av Sápmi.

Adresse:

SámediggiSametinget
Oahpahus-, giella- ja kulturossodatAvdeling for opplæring, språk og kultur
9520 Guovdageaidnu9520 Kautokeino
6.Statens namnekonsulentteneste for kvenske stadnamn:

Gir tilråding om skrivemåten av kvenske stadnamn.

Adresse:

Kvensk stedsnavntjeneste - PaikannimipalvelusHøgskolen i Finnmark

9509 Alta

7.Klagenemnda

Sekretariatet for klagenemnda er lagt til namnekonsulenttenesta ved Universitetet i Oslo.

Adresse:

Klagenemnda for stedsnavnsaker

Institutt for lingvistiske og nordiske studier

Navnegransking

Universitetet i Oslo

Pb. 1011 Blindern

0315 Oslo

8.Stadnamnregisteret

Sentralt stedsnavnregister (SSR) ved Statens kartverk på Hønefoss er Noregs nasjonale register for skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk. Alle vedtak om skrivemåte skal meldast til registeret, jf. § 12 i lova og § 15 i forskrifta.

Adresse:

Statens kartverk

Sentralt stedsnavnregister

3507 Hønefoss

9.Nettsider

www.språkrådet.no/stadnamn

www.sprakradet.no/stadnamn

www.statkart.no

0Rettleiinga endra ved forskrift 3 nov 2009 nr. 1333.