Forskrift om tilskot til landbruksvikarverksemd

DatoFOR-2007-10-22-1167
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 2007 hefte 10
Ikrafttredelse01.01.2008
Sist endretFOR-2016-07-21-942 fra 15.09.2016
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§18
Kunngjort23.10.2007   kl. 15.00
KorttittelForskr. om tilskot til landbruksvikarverksemnd

Hjemmel: Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 22. oktober 2007 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 18 og etter samråd med Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag.
Endringar: Endra ved forskrifter 3 sep 2014 nr. 1144, 30 juni 2015 nr. 824, 21 juli 2016 nr. 942.

§ 1.Føremål

Tilskotet skal bidra til å sikre at føretak med husdyr- og planteproduksjon får tilgang på kvalifisert hjelp til avløysing ved sjukdom og i krisesituasjonar.

§ 2.Bruk av landbruksvikar

Avløysarlaga skal ved sjukdom og i krisesituasjonar yte hjelp til føretak med husdyr- og planteproduksjon, som har rett på tilskot til avløysing ved sjukdom mv., jf. forskrift 19. desember 2014 nr. 1821 om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. Denne plikta er avgrensa til 14 dagar per tilfelle. Dersom landbruksvikaren ikkje nyttast i slik samanheng, kan vikaren nyttast til annan avløysing.

Avløysarlag som mottek tilskot til landbruksvikarverksemd pliktar innanfor sitt geografiske ansvarsområde, fastsett av fylkesmannen etter samråd med avløysarlaga, å ha tilstrekkeleg landbruksvikarberedskap tilgjengeleg.

Den maksimale dagsatsen som føretaket skal betale ved bruk av landbruksvikar ved sjukdom og i krisesituasjonar, skal ikkje vere større enn den maksimale dagsatsen for refusjon ved avløysing ved sjukdom.

0Endra ved forskrifter 30 juni 2015 nr. 824, 21 juli 2016 nr. 942 (i kraft 15 sep 2016).
§ 3.Søknad og rapportering

Søknadsskjema og rapporteringsskjema vert fastsett av Landbruksdirektoratet.

Søknad om tilskot til landbruksvikarverksemd for kommande år skal sendast fylkesmannen innan 1. oktober, eller nærare fastsett frist av Landbruksdirektoratet. Rapport om landbruksvikarverksemda for føregåande år skal sendast fylkesmannen innan 1. februar.

0Endra ved forskrift 3 sep 2014 nr. 1144.
§ 4.Tilskot

Tilskotet vert gjeve som eit forskotsvis beløp til avløysarlag etter søknad om tilskot til landbruksvikarverksemd. Tilskotet, og kor stor del av dette som kan nyttast av avløysarlaget til administrasjon, opplæring m.m., vert utrekna med grunnlag i føresegner fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

§ 5.Administrasjon, dispensasjon og klage

Landbruksdirektoratet administrerer tilskot etter denne forskrifta. Vedtak om tilskot etter forskrifta gjerast av fylkesmannen.

Fylkesmannen kan gi dispensasjon frå denne forskrifta når særlege grunnar talar for det.

Vedtak som er fatta i medhald av forskrifta kan påklagast til Landbruksdirektoratet.

0Endra ved forskrifter 3 sep 2014 nr. 1144, 21 juli 2016 nr. 942 (i kraft 15 sep 2016).
§ 6.Opplysningsplikt og kontroll

Avløysarlag som mottek tilskot etter denne forskrifta er pliktig til å gje alle nødvendige opplysningar som fylkesmannen eller Landbruksdirektoratet krev.

Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet kontrollerar at utbetaling av tilskot etter denne forskrifta er rett, og kan foreta stadleg kontroll hos avløysarlag som mottek tilskot. Avløysarlaget pliktar å medverke ved slik kontroll.

0Endra ved forskrift 3 sep 2014 nr. 1144.
§ 7.Avkorting av tilskotet mv.

Ved brot på føresegner i denne forskrifta kan heile eller deler av tilskotet krevjast tilbake. Ved gjentatte brot kan avløysarlaga miste retten til å motta tilskot.

For mykje utbetalt tilskot kan krevjast tilbake eller motreknast i seinare utbetalingar av tilskot.

Dersom søknaden eller rapportering om tilskot er sendt inn for seint eller inneheld urette opplysningar, kan tilskotet verte avkorta eller utbetaling avslått.

Det kan krevjast forseinkingsrente i medhald av lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. for det beløp som krevjast tilbakebetalt.

§ 8.Ikraftsetjing

Forskrifta gjeld frå 1. januar 2008.