Forskrift om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr etter omstillingslova

DatoFOR-2008-06-24-713
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
PublisertI 2008 hefte 7
Ikrafttredelse01.07.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2008-06-06-38-§7, LOV-2008-06-06-38-§8, FOR-2008-06-06-543
Kunngjort27.06.2008   kl. 14.40
KorttittelForskrift om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr

Heimel: Fastsett av Nærings- og handelsdepartementet 24. juni 2008 med heimel i lov 6. juni 2008 nr. 38 om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova) § 7 og § 8, jf. delegeringsvedtak 6. juni 2008 nr. 543.

§ 1.Verkeområde

Forskrifta har reglar om pålegging av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr etter føresegnene i omstillingslova § 7 og § 8.

§ 2.Tvangsmulkt

Tvangsmulkt etter omstillingslova § 7 kan fastsetjast som ei laupande dagmulkt eller som eit eingongsbeløp. Om plikta til å betale eit eingongsbeløp ikkje er oppfylt innan fristen, kan det fastsetjast eit nytt eingongsbeløp med ny frist. Laupande dagmulkt lauper både på vyrkedagar og fridagar og held fram til plikta vert oppfylt.

Tvangsmulkt kan berre gjevast ved alvorlege brot på pliktene etter § 3, § 4 eller § 6. Som alvorlege brot reknast blant anna at det ikkje er sendt inn melding i det heile, eller at meldinga er so mangelfull eller at endeleg avgjerd om nedlegging er treft så kort tid etter meldinga er sendt inn, at fylkeskommunen ikkje har hatt høve til å gjennomføre behandling av meldinga, jf. omstillingslova § 5.

Har fylkeskommunen fastsett laupande tvangsmulkt, skal mulkta kunne setjast til opp til halvparten av grunnbeløpet i folketrygda (G) per dag.

Har fylkeskommunen fastsett eit eingongsbeløp kan mulkta ikkje setjast høgare enn 5 G. Ved fastsetjing av storleiken på mulkta skal det takast omsyn til at mulkta skal få tilstrekkeleg førebyggjande verknad. Ved vurderinga kan ein sjå hen til kor grovt lovbrotet er og til bedrifta sin storleik, mellom anna omsetnad og tal på tilsette.

Fylkeskommunen fastset frist for betaling etter reglane i omstillingslova § 7 andre ledd. Frist for betaling av eingongsbeløp skal vere minst ei veke etter at underretning med pålegg om tvangsmulkt er motteke av bedrifta. Mulkta forfell til betaling første vyrkedag etter at fristen er ute. Laupande dagmulkt forfell til betaling i daglege terminar frå og med første vyrkedag etter at fristen er ute. Ved forseinka betaling gjeld forsinkelsesrentelova.

§ 3.Lovbrotsgebyr

Lovbrotsgebyr etter omstillingslova § 8, jf. § 4, kan ikkje setjast høgare enn 5 G. Ved fastsetjing av storleiken på gebyret skal det takast omsyn til at gebyret skal få tilstrekkeleg førebyggjande verknad. Ved vurderinga kan ein sjå hen til kor grovt lovbrotet er og til bedrifta sin storleik, mellom anna omsetnad og tal på tilsette.

Lovbrotsgebyr kan berre ileggast ved alvorlege brot på § 4. Som alvorlege brot reknast mellom anna at avgjerd om nedlegging er treft før melding er sendt inn, eller at avgjerd er treft så kort tid etter meldinga er sendt inn at fylkeskommunen ikkje har hatt høve til å gjennomføre behandling av meldinga, jf. omstillingslova § 5.

Frist for å betale lovbrotsgebyret skal vere to veker etter at underretning med pålegg om lovbrotsgebyr er motteke av bedrifta. Gebyret forfell til betaling første vyrkedag etter at fristen er ute. Ved forseinka betaling gjeld forsinkelsesrentelova.

§ 4.Inndriving av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr

Tvangsmulkt og lovbrotsgebyr skal betalast til statskassen. Fylkeskommunen sender påkrav om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr som er forfalle. Blir beløpet ikkje betalt, skal kravet sendast til namsstyresmakta for inndriving.

§ 5.Ettergjeving

Fylkeskommunen kan etter søknad heilt eller delvis ettergje pålagt lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt om det vert godtgjort at det låg føre særskilte omstende som gjorde det svært vanskeleg å oppfylle pliktene etter omstillingslova § 3, § 4 eller § 6.

Søknad om ettergjeving må setjast fram for fylkeskommunen innan ein månad etter at vedtak om ilegging av lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt er motteke av bedrifta.

Fylkeskommunens vedtak i sak om ettergjeving kan påklagast til Fylkestinget etter reglane i forvaltningslova § 28 flg.

§ 6.Klage

Vedtak om lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt kan klagast inn for Fylkestinget etter reglane i forvaltningslova § 28 flg.

§ 7.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå 1. juli 2008.