Forskrift om fastsetjing av medmorskap

DatoFOR-2008-12-15-1362
DepartementBarne- og likestillingsdepartementet
PublisertI 2008 hefte 13
Ikrafttredelse01.01.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1981-04-08-7-§4a
Kunngjort17.12.2008   kl. 14.40
KorttittelForskrift om fastsetjing av medmorskap

Heimel: Fastsett av Barne- og likestillingsdepartementet 15. desember 2008 med heimel i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 4a.

§ 1.Assistert befruktning

Definisjonen av assistert befruktning i bioteknologiloven § 2-1 gjeld tilsvarande etter barnelova § 3 og § 4. Assistert befruktning krev dessutan at sæd er tilbydd av godkjent helsestell, og at sædgivaren er omfatta av eit donorregister. Barnet skal ha rett til opplysningar om sædgivar tilsvarande bioteknologiloven § 2-7.

§ 2.Godkjent helsestell

Godkjent helsestell er her i landet helsestell som har godkjenning til å utføre assistert befruktning etter bioteknologiloven og forskrift 7. mars 2008 nr. 222 om krav til kvalitet og sikkerhet ved håndtering av humane celler og vev.

Den som får utført assistert befruktning i utlandet må sjølv dokumentere at helsestellet oppfyller tilsvarande krav som etter første ledd, og at helsestellet er godkjent av myndigheitene i det landet befruktninga har funne stad.

§ 3.Tidspunkt for når vilkåra for medmorskap skal vere oppfylt

Ei kvinne som skal reknast som medmor etter barnelova § 3, skal vere gift med mora til barnet på tidspunktet fødselen skjer.

Ei kvinne som skal reknast som medmor etter barnelova § 4, skal vere sambuar med mora til barnet på tidspunktet den assisterte befruktninga skjer.

Ei kvinne som skal reknast som medmor skal ha gjeve skriftleg samtykke til assistert befruktning før behandlinga skjer. Folkeregistermyndigheita kan i særlege tilfelle godkjenne samtykkje gjeve etter behandlinga har funne stad.

§ 4.Prosedyre for fastsetjing av medmorskap

Folkeregistermyndigheita avgjer om vilkåra for medmorskap etter barnelova § 3 og § 4 er oppfylt og gjer vedtak om fastsetjing av medmorskap etter søknad frå minst ein av partane. Myndigheita kan gjere vedtak før barnet er fødd.

Reglane i forskrifta gjeld og i tilfelle ein av partane ikkje ønskjer å medverke til at medmorskap vert fastsett.

§ 5.Krav til søknad

Søknad om å få fastsett medmorskap skal ein skrive på fastsett blankett og sende til folkeregistermyndigheita. Søkjar kan sende søknad så snart den assisterte befruktninga har funne stad.

Minst ein av partane skal underteikne søknaden.

Vedlagt søknaden skal følgje

1)samtykke til assistert befruktning frå mors ektefelle eller sambuar
2)dokumentasjon frå godkjent helsestell i tråd med § 2. Dokumentasjonen skal stadfeste at assistert befruktning har funne stad
3)dokumentasjon som viser at barnet som er fødd etter assistert befruktning, ved fylte 18 år har rett til å få opplysningar om sædgivars identitet. Det må gå fram at det finst prosedyrar eller registre som gjer at denne retten kan oppfyllast.
§ 6.Klage

Partane kan klage på vedtaket til Skattedirektoratet etter føresegnene i forvaltningslova.

§ 7.Forholdet til andre forskrifter

Føresegnene i forskrift 25. oktober 1982 nr. 1524 om melding av fødsler, erkjennelse av farskap og melding om valg av navn gjeld så langt dei passar for vedgåing av medmorskap, jf. barnelova § 4.

§ 8.Ikraftsetjing

Forskrifta gjeld frå 1. januar 2009.