Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

DatoFOR-2008-12-18-1436
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
PublisertI 2008 hefte 14
Ikrafttredelse01.01.2009
Sist endretFOR-2015-06-04-589
EndrerFOR-1983-09-26-1495
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1957-06-28-12-§4
Kunngjort22.12.2008   kl. 15.20
KorttittelForskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

Heimel: Fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet (nå Nærings- og fiskeridepartementet) 18. desember 2008 med heimel i lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere § 4.
Endringar: Endra ved forskrifter 16 sep 2009 nr. 1196, 8 jan 2010 nr. 16, 4 mai 2010 nr. 645, 17 des 2010 nr. 1705, 12 juni 2012 nr. 519, 11 des 2012 nr. 1191, 17 juni 2014 nr. 769, 4 juni 2015 nr. 589.

§ 1.Formål

Formålet med forskrifta er å regulere manntalet for fiskarar og fangstmenn (fiskarmanntalet) slik at det er eit påliteleg register for offentlege etatar over personar som er busette i Noreg og som har fiske eller fangst i havet som leveveg åleine eller saman med anna næring eller anna arbeid.

0Endra ved forskrift 17 des 2010 nr. 1705 (i kraft 1 jan 2011).
§ 2.Organisering av fiskarmanntalet

Fiskarmanntalet er organisert i to blad, A og B. På blad A vert personar som har fiske eller fangst som binæring registrerte. På blad B vert personar som har fiske eller fangst som hovudnæring registrerte.

§ 2a.Særleg verkeområde

Med særleg verkeområde skal ein i denne forskrifta forstå Finnmark, kommunane Karlsøy, Kåfjord, Nordreisa, Kvænangen, Lyngen, Skjervøy, Storfjord, Balsfjord, Sørreisa, Salangen, Gratangen, Lavangen, Skånland, Narvik, Hamarøy, Tysfjord og Evenes, og grunnkretsane Jøvik, Olderbakken, Lakselvbukt, Lakselvdalen, Sjøvassbotn, Stordal, Sjursnes, Reiervik, Breivika og Ullsfjordmoane i Tromsø kommune.

0Tilføyd ved forskrift 17 juni 2014 nr. 769.
§ 3.Vilkår for å stå på blad A i manntalet

Ein person har rett til å stå på blad A dersom følgjande vilkår er oppfylte:

1.Vedkomande har fylt 15 år.
2.Vedkomande er busett i Noreg.
3.Vedkomande arbeider om bord på fartøy innført i registeret over merkepliktige norske fiskefartøy. I heilt spesielle tilfelle kan det gjerast unntak frå kravet om innføring i registeret.
4.Vedkomande har på årsbasis ei brutto inntekt frå fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som svarer til minst 50 000 kroner. Brutto inntekt frå fiske eller fangst svarer til brutto lottinntekt til skattlegging for lottmottakarar, og 2/3 av brutto omsetning fråtrekt eventuelle salskostnader for einefiskarar.
5.Vedkomande er ikkje sysselsett i full verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar. Det er å rekne som full verksemd dersom ein har ei arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg i vedkomande yrke eller næring. Det er også å rekne som full verksemd dersom inntekta på årsbasis overstig 400 000 kroner. Dersom vedkomande er busett i det særlege verkeområdet nemnd i § 2a, er inntektsgrensa 500 000 kroner. Som inntekt i anna yrke eller næring er å rekne summen av brutto lønnsinntekt, netto næringsinntekt påplussa eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekter. Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon, om uføretrygd for personar som har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra, eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.
6.Vedkomande tek ikkje imot uføretrygd etter ein uføregrad på 100 % med mindre vedkomande har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra, eller ugradert alderspensjon med mindre vedkomande er under 75 år og har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.
7.Vedkomande er ikkje teken opp på blad B.
0Endra ved forskrifter 8 jan 2010 nr. 16, 4 mai 2010 nr. 645 (i kraft 1 juli 2010), 17 des 2010 nr. 1705 (i kraft 1 jan 2011), 11 des 2012 nr. 1191 (i kraft 1 jan 2013), 17 juni 2014 nr. 769, 4 juni 2015 nr. 589.
§ 4.Unntak frå vilkåra for å stå på blad A i manntalet

Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 3 nr. 4–nr. 6 for personar som tek imot alderspensjon eller uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller høgre, anten dersom dei har hatt fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som hovudyrke i fem av dei siste 20 åra før overgang til pensjon, eller dersom særlege høve tilseier det når dei i det vesentlege av sitt yrkesaktive liv har oppfylt vilkåra for opptak på blad B. Det er eit vilkår at vedkomande tidlegare har vore registrert i fiskarmanntalet, og at vedkomande ikkje har inntekt frå anna yrke eller næring som overstig 300 000 kroner. Dersom vedkomande er busett i det særlege verkeområdet nemnd i § 2a, er inntektsgrensa 400 000 kroner.

0Endra ved forskrifter 16 sep 2009 nr. 1196, 4 mai 2010 nr. 645 (i kraft 1 juli 2010), 11 des 2012 nr. 1191 (i kraft 1 jan 2013), 17 juni 2014 nr. 769.
§ 5.Vilkår for å stå på blad B i manntalet

Ein person har rett til å stå på blad B dersom følgjande vilkår er oppfylte:

1.Vedkomande har fylt 15 år.
2.Vedkomande er busett i Noreg.
3.Vedkomande arbeider om bord på fartøy innført i registeret over merkepliktige norske fiskefartøy. I heilt spesielle tilfelle kan det gjerast unntak frå kravet om innføring i registeret.
4.Vedkomande har på årsbasis ei brutto inntekt frå fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som svarer til minst 100 000 kroner. Brutto inntekt frå fiske eller fangst svarer til brutto lottinntekt til skattlegging for lottmottakarar, og 2/3 av brutto omsetning fråtrekt eventuelle salskostnader for einefiskarar. Som inntekt frå fiske eller fangst er også å rekne sjukelønn og garantilott og a-trygd i fiske eller havari eller liknande.
5.Vedkomande er ikkje sysselsett i full eller avgrensa verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar. Det er å rekne som full eller avgrensa verksemd dersom ein har ei arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg i vedkomande yrke eller næring, eller om ein er sjølvstendig næringsdrivande og har arbeidstakarar i verksemda si utanom hausting av viltlevande marine ressursar. Det er også å rekne som full eller avgrensa verksemd dersom inntekta på årsbasis overstig 300 000 kroner. Dersom vedkomande er busett i det særlege verkeområdet nemnd i § 2a, er inntektsgrensa 400 000 kroner. Som inntekt i anna yrke eller næring er å rekne summen av brutto lønnsinntekt, netto næringsinntekt påplussa eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekter. Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon, om uføretrygd for personar som har vore registrert på blad B samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra, eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert på blad B samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.
6.Vedkomande må ha inntekt frå fiske og fangst, jf. nr. 4, som er minst to gonger så høg som inntekta frå anna yrke eller næring, jf. nr. 5.
7.Vedkomande tek ikkje imot uføretrygd etter ein uføregrad høgre enn 60 % med mindre vedkomande har vore registrert på blad B samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra, eller ugradert alderspensjon med mindre vedkomande er under 75 år og har vore registrert på blad B samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.
0Endra ved forskrifter 8 jan 2010 nr. 16, 4 mai 2010 nr. 645 (i kraft 1 juli 2010), 17 des 2010 nr. 1705 (i kraft 1 jan 2011), 11 des 2012 nr. 1191 (i kraft 1 jan 2013), 17 juni 2014 nr. 769, 4 juni 2015 nr. 589.
§ 6.Unntak frå vilkåra for å stå på blad B i manntalet

Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 3-nr. 4 for personar som mellombels ikkje oppfyller dei på grunn av omsorgsplikter eller andre særlege forhold.

Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 3-nr. 6 for administrerande fiskebåtreiarar og for personar som på grunn av tillitsverv er hindra frå å drive fiske eller fangst i same omfang som tidlegare. Det er eit vilkår at vedkomande har vore registrert på blad B i føregåande år eller oppfyller vilkåret for tidsavgrensa ervervsløyve i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakarlova) § 7 andre ledd.

Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 4–nr. 6 for personar som har fylt 60 år eller tek imot uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller lågare, og som har vore registrert på blad B dei siste 10 åra. Det er eit vilkår at personen på årsbasis har ei inntekt som minst svarer til 50 000 kroner.

Personar som står på blad B, og som har født eller skal føde barn, skal, utan omsyn til vilkåra i § 5 nr. 3-nr. 4, bli ståande på blad B frå dei går ut i fødselspermisjon og fram til utgangen av kalenderåret etter fødselen.

0Endra ved forskrift 4 mai 2010 nr. 645 (i kraft 1 juli 2010), 11 des 2012 nr. 1191 (i kraft 1 jan 2013).
§ 7.Føring av manntalet

Regionkontora i Fiskeridirektoratet er manntalsførar og fattar vedtak etter denne forskrifta. Fiskeridirektoratet er klageinstans.

Reglane i forvaltningslova gjeld for vedtak som vert fatta etter denne forskrifta.

§ 8.Plikter for den manntalsførde

Den manntalsførde pliktar å gje melding til regionkontoret i Fiskeridirektoratet dersom han flyttar til utlandet eller til annan kommune, eller sluttar som fiskar eller fangstmann, eller elles ikkje lenger fyller vilkåra for å stå på same blad i manntalet.

Regionkontoret kan krevje dokumentasjon for at flytting til annan kommune faktisk er gjennomførd.

§ 9.Innføring i manntalet

Innføring i manntalet skjer etter søknad til manntalsførar. Søknad skal fremjast på særskilt skjema.

Innføring i manntalet skal berre skje dersom det er sannsynleg at søkjaren vil fylle vilkåra for å stå i manntalet i perioden registreringa skal gjelde for.

Registreringa kan tidlegast gjerast gjeldande frå søknadsdato. Med mindre det ligg føre opplysningar som tilseiar kortare varigheit, skal registreringa gjelde ut kalenderåret, eventuelt ut komande kalenderår dersom registrering skjer i perioden 1. november–31. desember.

Det skal stå i registeret om personen er registrert etter føresegnene i § 4 og § 6, og eventuelt kva ledd i § 6 som gjev heimel for registreringa. Det skal stå kva kommune den manntalsførde er busett i.

0Endret ved forskrift 17 juni 2014 nr. 769.
§ 10.Oppsett av manntalet for komande år

Manntalsførar skal kvart år innan 10. november registrere alle manntalsførde som det er grunn til å tru fyller vilkåra også for komande kalenderår. Registreringa skal kunngjerast på eigna måte innan 10. november. Registreringa gjeld for heile komande kalenderår.

Reglane i § 9 fjerde ledd gjeld tilsvarande.

0Endra ved forskrift 12 juni 2012 nr. 519.
§ 11.Sletting og endring av registrering

Personar som ber om det, eller som ikkje lenger fyller vilkåra for å stå i manntalet, skal strykast frå manntalet. Dersom årsaka er at personen ikkje lenger fyller vilkåra i § 3 nr. 5 sjette punktum, § 3 nr. 6, § 5 nr. 5 sjette punktum eller § 5 nr. 7, kan vedkomande likevel bli ståande i manntalet ut kalenderåret.

Personar som ikkje lenger fyller vilkåra for å stå på blad B, men som fyller vilkåra for å stå på blad A, skal flyttast frå blad B til blad A.

Personar som flyttar til ein annan kommune skal registrerast i tilflyttingskommunen. Dersom det er grunn til tvil om flyttinga er reell, skal registrering i ny kommune ikkje skje før det er godtgjort at flyttinga faktisk er gjennomførd, jf. § 8 andre ledd.

0Endra ved forskrift 17 des 2010 nr. 1705 (i kraft 1 jan 2011).
§ 12.Skriftleg melding om klage

Manntalsførar skal gje skriftleg melding med opplysningar om retten til å klage etter forvaltningslova når ein person:

1.får heilt eller delvis avslag på søknad om førstegongs registrering,
2.vert stroken frå manntalet,
3.er manntalsførd, men ikkje vert førd opp på lista nemnd i § 10,
4.vert flytta mellom blad A og blad B, eller
5.vert registrert som busett i ein annan kommune.

Skriftleg melding er likevel ikkje nødvendig når endringa eller slettinga er gjort etter oppmoding frå personen sjølv eller det elles er openbert unødvendig.

§ 13.Særlege reglar om forholdet til folketrygda

Registrering i fiskarmanntalet etter § 4 eller § 6 første eller fjerde ledd gjev ikkje rett til ytingar etter særføresegnene om yrkesskade i folketrygdlova.

Registrering i fiskarmanntalet etter § 6 første eller fjerde ledd gjev ikkje rett til sjukepengar etter særføresegnene for fiskarar i folketrygdlova.

§ 14.Ikrafttreding

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2009. Frå same tid vert forskrift 26. september 1983 nr. 1495 om føring av manntall for fiskere, fangstmenn m.v. oppheva.

Vedtak som er fatta med verknad for manntalsåret 2009 i medhald av tidlegare forskrift gjeld likevel etter sitt innhald i 2009.