Forskrift om overgangsreglar ved iverksetjing av lov 19. juni 2009 nr. 76 om endring i tomtefestelova

DatoFOR-2009-09-04-1153
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 2009 hefte 10
Ikrafttredelse01.10.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2009-06-19-76 jf LOV-1996-12-20-106-§37
Kunngjort08.09.2009   kl. 14.35
KorttittelForskrift om overgangsreglar til tomtefestelova

Heimel: Fastsett ved Kronprinsreg.res. 4. september 2009 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 76 om endring i tomtefestelova del II. Fremja av Justis- og politidepartementet.

§ 1.Lov 19. juni 2009 nr. 76 om endring i tomtefestelova § 37 skal gjelde der krav om innløysing vert fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. oktober 2010 eller seinare.
§ 2.Ved krav om innløysing når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringa i § 37 der festaren døyr 1. oktober 2009 eller seinare.
§ 3.Forskrifta gjeld frå 1. oktober 2009.