Forskrift om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar

DatoFOR-2010-03-12-390
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
PublisertI 2010 hefte 4
Ikrafttredelse01.05.2010
Sist endretFOR-2010-05-27-726
EndrerFOR-1989-11-20-1185, FOR-2008-12-16-1376
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1999-03-26-15-§30, LOV-2008-06-06-37-§54
Kunngjort19.03.2010   kl. 14.00
KorttittelForskrift om inndraging av fangst m.m.

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 12. mars 2010 med heimel i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven) § 30 og lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) § 54. Fremja av Fiskeri- og kystdepartementet.
Endringar: Endra ved forskrift 27 mai 2010 nr. 726.

§ 1.Verkeområde

Denne forskrifta gjeld for inndraging av ulovleg fangst og fangst utover fastsett kvote, eller verdi av slik fangst, gjort i medhald av havressurslova § 54 og deltakerloven § 27, jf. § 30.

§ 2.Vedtakskompetanse

Salslaget som har ansvaret for omsetning i første hand av den aktuelle arten i det området der fartøyet er registrert, gjer vedtak om inndraging av fangst utover kvote, jf. havressurslova § 12, § 13 og § 14.

Salslaget som førstehandsomsetninga av fangsten som blir inndregen er lagt til, gjer vedtak om inndraging av

a)ulovleg bifangst,
b)fangst hausta i fredingstid etter forskrift 22. desember 2004 nr. 1878 om utøvelse av fisket i sjøen kap. VI,
c)fangst hausta i strid med havressurslova § 23 og
d)fangst utover turkvote jf. deltakerloven § 27.

Fiskeridirektoratet sitt regionkontor gjer vedtak om inndraging som følgje av andre brot på havressurslova og deltakerloven enn dei nemnte i første og andre ledd, og kan i tillegg gjere vedtak om inndraging etter brot som nemnt i andre ledd.

Fiskeridirektoratet er klageinstans for vedtak etter første, andre og tredje ledd.

0Endra ved forskrift 27 mai 2010 nr. 726.
§ 3.Vederlag ved ilandføring

Ved inndraging som følgje av fangst utover kvote eller andre brot skal ein gi vederlag for omkostningar ved ilandføring dersom meirfangsten eller den ulovlege fangsten ikkje var tilsikta.

Vederlaget skal setjast til 20 % av verdien av meirfangsten eller den ulovlege fangsten.

Første og andre ledd gjeld likevel ikkje ved inndraging av fangst utover kvote av brisling, lodde, makrell, hestemakrell, kolmule, norsk vårgytande sild, nordsjøsild, tobis og augepål etter havressurslova § 12, § 13 og § 14.

0Endra ved forskrift 27 mai 2010 nr. 726.
§ 4.Disponering av inndregne midlar

Midlar inndregne som følgje av brot på havressurslova og deltakerloven skal nyttast til å dekkje salslaget sine utgifter til kontroll med om føresegner fastsette i medhald av havressurslova og deltakerloven vert følgde.

Midlar inndregne som følgje av fangst utover kvote i medhald av havressurslova § 54 jf. § 12, § 13 og § 14 og deltakerloven § 27 kan, i tillegg til formålet i første ledd, nyttast til prisutjamning eller pristilskot og frakttilskot for leverte fangstar. Verdien av den delen av fangst utover kvote som overstig gruppekvoten, jf. havressurslova § 11 andre ledd, kan likevel ikkje nyttast til prisutjamning eller pristilskot og frakttilskot for leverte fangstar.

Salslaget kan nytte midlar inndregne som følgje av fangst utover kvote til andre formål når departementet i det enkelte tilfelle gir løyve til dette.

§ 5.Mellombels tilbakehald av fangstverdi

Salslaget kan halde tilbake verdien av fangst når det er grunn til å tru at verdien av fangsten vil verte inndregen. Salslaget skal halde tilbake verdien av fangst når varsel om inndraging er sendt før fiskaren har fått oppgjer for fangsten. Fiskaren skal gjerast kjend med at fangstverdien mellombels er halden tilbake.

Verdien kan haldast tilbake i inntil 45 dagar frå den dagen fiskaren fekk melding om at fangstverdien mellombels er halden tilbake. Ved motsegn mot varsel om inndraging kan tilbakehaldstida forlengast med ytterlegare 45 dagar dersom dette er meldt til fiskaren.

§ 6.Rapportering

Salslaget skal kvart år innan 1. april gi melding til Fiskeri- og kystdepartementet og Fiskeridirektoratet om kva midlar som er inndregne det føregåande år, heimelsgrunnlag og om kva midlane har vorte nytta til. Meldinga skal attesterast av salslaget sin revisor.

§ 7.Endring av forskrifta

Fiskeri- og kystdepartementet kan gjere endringar i denne forskrifta.

§ 8.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft 1. mai 2010. Samtidig vert forskrift 20. november 1989 nr. 1185 om inndragning av fangst og anvendelse av inndratte midler og delegeringsvedtak 16. desember 2008 nr. 1376 oppheva.