Forskrift om krav til bachelorgrad ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar

DatoFOR-2010-05-27-1897
DepartementKunnskapsdepartementet
PublisertI 2011 hefte 3
Ikrafttredelse27.05.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2005-04-01-15, FOR-2005-12-16-1574-§61
Kunngjort22.03.2011   kl. 15.05
KorttittelForskrift om krav bachelorgrad ved HLB

Heimel: Fastsett av Styret ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringer 27. mai 2010 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) og forskrift 16. desember 2005 nr. 1574 om grader og yrkesutdanninger, beskyttet tittel og normert studietid ved universiteter og høyskoler § 61.

§ 1.Verkeområde

Forskrifta gjeld krav til bachelorgrad ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar.

§ 2.Krav til innhald og omfang i bachelorgrada

Bachelorgrada vert tildelt på grunnlag av eksamenar som til saman omfattar minimum 180 studiepoeng.

Grunnlaget for bachelorgrada er:

1.Fullført tverrfagleg studieprogram i bygdeutvikling av omfang på minimum 180 studiepoeng etter godkjent studieplan fastsett av styret for Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (studieplan er sett saman av studieplanane for kvart akkrediterte studium).
2.Fullført studieprogram av omfang på minimum 120 studiepoeng kombinert med godkjent og fullført påbygging eller spesialisering av minimum 60 studiepoeng omfang.
§ 4.Overlapping

Studieprogram som vert godskrivne i grad må ikkje ha ei overlapping i sitt faglege innhald på meir enn 10 studiepoeng.

§ 5.Fritak for eksamen eller prøve

Det kan verta gitt fritak frå eksamen eller prøve som inngår i grunnlaget for bachelorgrada dersom tilsvarande krav er oppfylt gjennom tidlegare avlagt eksamen eller prøve avlagt ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar eller anna utdanningsinstitusjon (jf. lov om universiteter og høyskoler § 3-5).

§ 6.Vitnemål og vitnemålstillegg

For oppnådd bachelorgrad vert det utskrive vitnemål på norsk. Vitnemålet skal visa det faglege innhaldet i grada. På vitnemålet skal eksamenskarakter frå alle eksamenane vera påført.

Eit eige vitnemålstillegg (Diploma Supplement) skal gi informasjon på engelsk av kandidaten si utdanning og av det norske høgre utdanningssystemet.

For å kunne tildela ei bachelorgrad med vitnemål frå Høgskulen for landbruk og bygdenæringar må eksamenar med eit omfang på minimum 120 studiepoeng vera avlagde ved høgskulen.

Vitnemål for oppnådd bachelorgrad etter denne forskrifta § 2 nr. 1 vert utskriven automatisk til dei kandidatane som oppfyller krava.

Vitnemål for oppnådd bachelorgrad etter denne forskrifta § 2 nr. 2 vert utskriven etter søknad. Søkjaren må sjølv dokumentera at krava er oppfylte.

§ 7.Utfyllande vilkår/retningsliner

Styret for Høgskulen for landbruk og bygdenæringar kan fastsetja utfyllande vilkår/retningsliner til denne forskrifta.

§ 8.Ikrafttredelse

Forskrifta trer i kraft straks.