Forskrift om gjennomføring i norsk rett av vedlegg IV nr. 30 til EØS-avtala (forordning (EF) nr. 106/2008 om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr)

DatoFOR-2010-06-25-940
DepartementOlje- og energidepartementet
PublisertI 2010 hefte 8
Ikrafttredelse01.07.2010
Sist endretFOR-2014-10-10-1279
EndrerFOR-2005-05-23-458
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1981-12-18-90-§3, LOV-1981-12-18-90-§4, LOV-1981-12-18-90-§5
Kunngjort25.06.2010   kl. 15.30
KorttittelForskrift om energimerking av kontorutstyr

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 25. juni 2010 med heimel i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer m.v. (forbrukermerkeloven) § 3 første ledd bokstavane a, b og c, jf. § 3 andre ledd og fjerde ledd, § 4 og § 5 første og tredje ledd. Fremja av Olje- og energidepartementet.
EØS-tilvisingar: EØS-avtala vedlegg IV nr. 30 (forordning (EF) nr. 106/2008 som endra ved forordning (EU) nr. 174/2013).
Endringar: Endra ved forskrift 10 okt 2014 nr. 1279.

§ 1.Gjennomføring av forordning (EF) nr. 106/2008 og forordning (EU) nr. 174/2013

EØS-avtala vedlegg IV nr. 30 (forordning (EF) nr. 106/2008 om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr), som endra ved EØS-avtala vedlegg IV nr. 30 (forordning (EU) nr. 174/2013 av 5. februar 2013 om endring av forordning (EF) nr. 106/2008 om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr) gjeld som forskrift med dei endringar og tillegg som følgjer av vedlegg IV, protokoll 1 til avtala og avtala elles.

0Endra ved forskrift 10 okt 2014 nr. 1279.
§ 2.Tilsyn

Noregs vassdrags- og energidirektorat fører tilsyn med at forskrifta vert overhalde.

§ 3.Ikraftsetjing

Forskrifta gjeld frå 1. juli 2010. Frå same tidspunkt vert forskrift 23. mai 2005 nr. 458 om gjennomføring i norsk rett av vedlegg IV til EØS-avtala nr. 18 (forordning (EF) nr. 2422/2001) om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr gjeld som forskrift med dei tilpassingar som følgjer av vedlegg IV og protokoll 1 til avtala og avtala elles oppheva.

Forordninger 

For å lese forordning (EF) nr. 106/2008 sjå her: pdf.gif  

For å lese forordning (EU) nr. 174/2013 sjå her: pdf.gif

0Endra ved forskrift 10 okt 2014 nr. 1279.