Forskrift om unntak frå lov om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 10 tredje ledd om tidspunkt for ikrafttredelse av fjellstyrevedtak fatta med heimel i fjellova § 23 tredje ledd

DatoFOR-2010-08-12-1171
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 2010 hefte 10
Ikrafttredelse12.08.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1975-06-06-31-§10, LOV-1975-06-06-31-§23, FOR-1995-07-01-679-§3
Kunngjort13.08.2010   kl. 14.15
KorttittelForskrift om ikrafttredelse av fjellstyrevedtak

Heimel: Fastsett av Statskog SF 12. august 2010 med heimel i lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 10 tredje ledd, jf. delegeringsvedtak 1. juli 1995 nr. 679 § 3 femte strekpunkt.

§ 1.Ved regulering av jakt og fangst med heimel i lov om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 23 tredje ledd, tek fjellstyrevedtak til å gjelde 1 veke etter at det er kunngjort eller det er gjeve melding etter reglane i fjellova § 10 første ledd.
§ 2.Denne forskrifta tek til å gjelde straks.