Forskrift om minstekrav til sikringsordningar i burettslag

DatoFOR-2010-12-15-1694
DepartementKommunal- og moderniseringsdepartementet
PublisertI 2010 hefte 14
Ikrafttredelse01.01.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2003-06-06-39-§5-28
Kunngjort23.12.2010   kl. 14.30
KorttittelForskrift om sikringsordningar i burettslag

Heimel: Fastsett av Kommunal- og regionaldepartementet 15. desember 2010 med heimel i lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova) § 5-28.

§ 1.Sikring mot tap av felleskostnadar

Med sikring mot tap av felleskostnader i burettslag er meint overtaking av risikoen burettslaget har for manglande dekning av felleskostnader.

§ 2.Krav til produktet

Sikring etter § 1 må oppfylle følgjande krav:

a.Sikringa må dekkje tap knytta til den einskilde andelen for minst 24 månader rekna frå første månaden tapet oppsto.
b.Sikringa i det einskilde rekneskapsåret skal minst svara til 15 prosent av dei årleg fastsette felleskostnadene i burettslaget for forrige rekneskapsår. Oppstår tap i det første driftsåret, skal felleskostnadene på avtaletidspunktet leggjast til grunn. Sikring som omtala i denne bokstaven skal uansett ikkje vera lågare enn tilsvarande fire gonger grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet.
c.Eigenandel kan ikkje vere høgare enn ti prosent av sikringa etter bokstav a og b. For tap knytta til den einskilde andelen kan det likevel krevjast eigenandel svarande til 1/10 av grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet.
d.Avtalar om sikring som ikkje er omfatta av forsikringsavtaleloven, kan tilbydaren berre seie opp skriftleg med frist på minst seks månader.
§ 3.Ikrafttredelse

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2013.