Forskrift til arrestordreloven (arrestordreforskrifta)

DatoFOR-2012-09-21-896
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 2012 hefte 11
Ikrafttredelse16.10.2012
Sist endretFOR-2015-09-18-1064 fra 01.10.2015
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2012-01-20-4-§5, LOV-1981-05-22-25-§62
Kunngjort25.09.2012   kl. 16.10
KorttittelArrestordreforskrifta

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 21. september 2012 med heimel i lov 20. januar 2012 nr. 4 om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven) § 5 og lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker (Straffeprosessloven) § 62. Fremja av Justis- og beredskapsdepartementet.
Endringar: Endra ved forskrift 18 sep 2015 nr. 1064.

§ 1.Utforming av ein nordisk arrestordre

Ein nordisk arrestordre skal førast i skjemaet som følgjer som vedlegg til denne forskrifta.

§ 2.Kompetanse til å avgjere om ein nordisk arrestordre skal etterkomast eller ikkje

Påtalemakta i politiet avgjer om ein nordisk arrestordre skal etterkomast eller ikkje, jf. arrestordreloven § 21. Kompetansen ligg hos politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse i medhald av straffeprosessloven § 67 tredje ledd andre punktum.

Er vedkomande sikta i Noreg for eit forhold der statsadvokaten eller riksadvokaten har tiltalekompetanse, treff likevel statsadvokaten avgjerda. Har riksadvokaten teke ut tiltale, skal riksadvokaten informerast før avgjerda vert treft.

Statsadvokaten treff også avgjerd dersom det ligg føre to eller fleire nordiske arrestordrar som gjeld same person. Dersom det i tillegg til ein nordisk arrestordre ligg føre et krav om utlevering frå ein stat utanfor Norden, sendast saka via statsadvokaten og riksadvokaten til departementet for avgjerd, jf. arrestordreloven § 29.

§ 3.Kompetanse til å ferde ut ein nordisk arrestordre

Ein nordisk arrestordre kan ferdast ut av påtalemakta i politiet. Kompetansen ligg hos politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse i medhald av straffeprosessloven § 67 tredje ledd andre punktum.

Dersom det er ferda ut sikting for handling eller forsøk på ein handling som kan medføre straff av fengsel i meir enn 10 år, eller for brot på straffeloven kapittel 17 eller § 104, § 105, § 108, § 109, § 135 eller § 136, må samtykke frå statsadvokaten innhentast. Samtykket skal normalt være skriftleg.

0Endra ved forskrift 18 sep 2015 nr. 1064 (i kraft 1 okt 2015).
§ 4.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 16. oktober 2012.

Vedlegg til arrestordreforskrifta, jf. forskrifta § 1 

For å lese vedlegget se her: pdf.gif