Forskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet (UiT)

DatoFOR-2012-10-25-1150
DepartementKunnskapsdepartementet
PublisertI 2012 hefte 13
Ikrafttredelse01.01.2013
Sist endretFOR-2014-12-04-1523
EndrerFOR-2009-11-19-1858
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2005-04-01-15-§3-3, LOV-2005-04-01-15-§3-7, LOV-2005-04-01-15-§3-9, LOV-2005-04-01-15-§4-13
Kunngjort11.12.2012   kl. 15.00
KorttittelForskrift om graden ph.d. ved UiT

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av styret ved Universitetet i Tromsø 25. oktober 2012 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 3-3, § 3-7, § 3-9 og § 4-13.
Endringar: Endra ved forskrift 4 des 2014 nr. 1523

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Verkeområde

Denne forskrifta gjeld utdanninga som fører fram til graden philosophiae doctor (ph.d.). Ho gir reglar om opptak til, gjennomføring av, og avslutning av ph.d.-graden ved Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet (UiT). Forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø gjeld for emne i opplæringsdelen av studiet.

0Endra ved forskrift 4 des 2014 nr. 1523.
§ 2.Målsetjing

Doktorgradsutdanninga skal kvalifisera for forskingsverksemd av internasjonal standard og for anna arbeid i samfunnet der det vert stilt høge krav til vitskapleg innsikt og analytisk tenking, i samsvar med god vitskapleg skikk og forskingsetiske standardar.

§ 3.Ansvar for doktorgradsutdanninga
(1) Universitetsstyret har det overordna ansvaret for utdanninga og
-gir reglar for organisering av utdanninga
-gjer vedtak om oppretting og nedlegging av ph.d.-program og studieretningar
-gjer vedtak om opptakstal dersom eit fakultet ynskjer opptaksregulering på eit program eller ei studieretning
-gjer vedtak om oppretting av fellesgradar med andre institusjonar.
(2) Fakultetet sjølv kan fastsetja utfyllande reglar til forskrifta for program det er fagleg ansvarleg for. Universitetsdirektøren skal informerast om utfyllande reglar som vert fastsette.
(3) Fakulteta skal ha programstyre som har ansvaret for heilskapen i programmet/programma.
(4) Oppgåver som er lagt til fakultetsstyret sjølv kan ikkje delegerast. Andre oppgåver kan fakultetsstyret delegera til programstyret.
(5) Programstyret skal oppnemnast av fakultetsstyret sjølv. Medlemmene skal vera forskarar med doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, og ph.d.-studentar. Studentane skal ha minst 20 % av medlemmene. Dersom studentane berre får ein medlem, skal dei ha rett til å møta med ein student til. Han/ho skal ha tale- og forslagsrett.
§ 4.Terminologi
Avtale (doktorgradsavtale)Avtale mellom student og fakultet og mellom student, rettleiar og fakultet om studievilkåra. Utdanningsplanen er ein del av avtalen. Det skal også gjerast avtale mellom fakultet, student og eventuell ekstern part om vilkåra i studietida.
Diploma SupplementVitnemålstillegg på engelsk med informasjon om utdanningssystemet ved norske universitet og høgskolar, og den enkelte student si utdanning.
DisputasOffentleg drøfting og forsvar (mot kritikk frå opponentane) av ei doktoravhandling før ein får doktorgrad.
DoktorandPerson som forsvarar doktoravhandlinga si i ein disputas.
Doktorgradsprogram (ph.d.-program)Eit treårig studieprogram som fører fram til graden ph.d. Studieprogram kan etablerast som fellesgrad.
EksamenPrøving av ein student sine kunnskapar og dugleik når det vert gitt ein karakter som skal stå på vitnemålet eller karakterutskrifta, eller som går inn i berekningsgrunnlaget for ein karakter som står på vitnemålet eller karakterutskrifta.
EmneDen minste eininga som kan gå inn i eit fag eller eit studieprogram. Alle emne skal vera studiepoengfesta. Emne i opplæringsdelen til ph.d.-studiet er kalla 8000-emne.
EmnebeskrivingBeskriving av læringsmål, faglege komponentar, oppbygging og gjennomføring av emnet. Det finst emnebeskriving for alle emne ved UiT.
Erfaringsbasert mastergradEin grad som er oppretta med yrkesretta vidareutdanning som føremål. Det er ikkje krav om fagspesifikk/disiplinær fordjuping i bachelordelen ved opptak til erfaringsbasert master.
Ex auditorio«Frå auditoriet». Ein tilhøyrar ved ein disputas har høve til å melda seg som opponent ex auditorio.
FellesgradEin grad etablert i samarbeid mellom norske institusjonar eller norske og utanlandske gradsgivande institusjonar.
FinansieringsplanPlan for finansiering av ph.d.-studiet. Både sum, finansieringskjelde og fordeling over år.
KandidatPh.d.-student som har levert avhandlinga til vurdering.
KreeraNemna ut nokon til ein akademisk grad.
OpplæringsdelOrganisert utdanning innafor forskaropplæringa - etikk, vitskapsteori og faglege emne.
OpponentKomitémedlem som ved ein doktordisputas går kritisk igjennom avhandlinga til doktoranden.
OpptakskomitéFakultetsorgan som har ansvar for opptak av studentar til den organiserte forskarutdanninga (ph.d.-studiet).
Ph.d.-student (doktorgradsstudent)Ein person som er teken opp til ph.d.-studiet ved UiT.
ProgramstyreFakultetsorgan som har ansvar for ph.d.-studiet og for saker som gjeld graden dr.philos.
RettleiarEin fagperson som er oppnemnd for å sikra at studenten får god fagleg støtte i sitt arbeid. Rettleiar sine plikter går fram av forskrifta og av retningslinjer universitetet har vedteke.1
StipendiatEi stilling som har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål.
StudieplanEin plan som beskriv læringsmål, faglege komponentar, oppbygging og gjennomføring av studiet.
StudieretningDefinerte fagretningar innafor eit studieprogram.
StudierettRettar knytt til eit studium, t.d. rett til rettleiing og til eit tilbod innafor opplæringsdelen. Innafor ph.d.-studiet vert studieretten tildelt gjennom tilbod frå institusjonen og avtale mellom fakultet og student.
StudiepoengMål på arbeidsmengde. 60 studiepoeng tilsvarar arbeidsinnsatsen i eitt studieår.
UtdanningsplanPlan for gjennomføring av studiet avtala mellom institusjonen og kvar enkelt student. Planen inneheld vedtak om plikter og ansvar institusjonen har overfor studenten, og studenten sine plikter overfor institusjonen og medstudentar. I ph.d.-studiet skal planen omfatta opplæringsdel og avhandling med beskriving av forskingsprosjektet.
0Endra ved forskrift 4 des 2014 nr. 1523.
1Gjeldande retningsliner er Etiske retningslinjer for veiledning ved Universitetet i Tromsø http://uit.no/forsknavd/Forskningsetikk/8.
§ 5.Innhaldet i doktorgradsutdanninga
(1) Doktorgradsutdanninga er i hovudsak ei vitskapleg undersøking som vert gjennomført under aktiv rettleiing. Ho omfattar:
-eit sjølvstendig forskingsarbeid eller kombinert forskings- og utviklingsarbeid i aktivt samarbeid med rettleiar(ar) og andre forskarar
-ein godkjend opplæringsdel
-deltaking i aktive forskarmiljø, nasjonalt og internasjonalt
-fagleg formidling som er nært relatert til forskingsarbeidet.
(2) Ph.d.-graden vert tildelt ved kreering på grunnlag av:
-godkjend gjennomføring av opplæringsdelen
-godkjend doktoravhandling
-godkjend prøveførelesing over oppgitt emne
-godkjent forsvar av avhandlinga i ein offentlig disputas.
(3) Doktorgradsutdanninga bør sikra tilgang til opplæring og kontinuerleg utvikling av dugleik og kompetanse og gjera studenten til ein sterkare kandidat i tilstjingsprosessar etter avslutta utdanning.
0Endra ved forskrift 4 des 2014 nr. 1523.

Kapittel II. Opptak, studierett og permisjon

§ 6.Opptakskrav
(1) For å bli teken opp på eit doktorgradsprogram må søkjar ha ein mastergrad med gode resultat, enten integrert mastergrad på 300 studiepoeng, eller ein mastergrad på 120 studiepoeng som byggjer på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng. Fakultetet kan etter særskilt vurdering godkjenna anna likeverdig utdanning som grunnlag for opptak.
(2) Erfaringsbasert mastergrad på 120 studiepoeng kan gi grunnlag for opptak til ph.d.-studiet. I slike tilfelle skal fakultetet på førehand ha henta inn ei ekstern vurdering av om det sjølvstendige arbeidet i mastergraden har så høg kvalitet, fagleg, metodisk og vitskapsteoretisk, at det kan vera grunnlag for opptak til ph.d.-studiet. Slik vurdering skal gjerast av minst ein professor/førsteamanuensis frå eit relevant fagområde ved ein annan lærestad som sjølv gir doktorgradsutdanning innafor det aktuelle fagområdet. Opptakskomiteen skal leggja avgjerande vekt på den eksterne vurderinga.
(3) Fakultetet sjølv kan fastsetja faglege minstekrav, t.d. krav til karakternivå, ved opptak til ph.d.-studiet.
(4) Søkjarane må dokumentera engelskkunnskapar som tilfredsstiller kravet i norsk generell studiekompetanse. Fakultetet kan i spesielle tilfelle, og på vilkår av at søkjar kan norsk, dispensera frå dette kravet.
(5) Eit krav for å bli teken opp er tilfredsstillande finansiering av studiet, som hovudregel lønn på nivå med lønns- og driftsmidlar, infrastruktur og overhead for ei stipendiatstilling. For deltidsstudentar er det eit vilkår at minst 50 % av arbeidstida kan nyttast til doktorgradsstudiet.
§ 7.Søknaden
(1) Eit doktorgradsstipend universitetet lyser ut er ein studieplass. Søknad om doktorgradsstipend universitetet lyser ut er søknad om opptak til ph.d.-studiet. Den som vert tilsett kan bli bedt om å supplera søknaden.
(2) Søkjarar med anna finansiering enn stipend der universitetet er arbeidsgivar, må søkja direkte til opptakskomiteen. Søknaden skal skrivast på fastsett søknadsskjema.
(3) Dersom det er att mindre enn eitt år fulltidsarbeid med forskingsprosjektet ved søknadstidspunktet, skal søknaden avvisast. Dette gjeld ikkje søkjarar som har starta prosjektet som student ved ei forskarlinje.
(4) Avhengig av krava i stillingsutlysinga og/eller søknadsskjemaet skal søkjar
-dokumentera den utdanninga som skal liggja til grunn for opptaket
-dokumentera nødvendige engelskkunnskapar
-utarbeida prosjektbeskriving/fylla ut søknad som omfattar:
-faglig utgreiing for prosjektet der det vert gjort greie for tema, problemstillinger og valg av teori og metode
-forslag om utdanningsplan
-plan for finansiering
-dokumentasjon av spesielle behov for faglege og materielle ressursar
-plan for tilknyting til forskarmiljø og eventuelle opphald ved andre forskingsinstitusjonar
-plan for fagleg formidling
-opplysningar om eventuelle immaterialrettslege restriksjonar for å verna andre sine rettar
-utgreiing om eventuelle rettslege og etiske problemstillingar som prosjektet reiser og korleis dei kan avklarast.
(5) Søkjarar som ikkje skal ha arbeidsstad ved universitetet, må vera knytt til eit anna aktivt forskarmiljø/arbeidsstad der prosjektet skal gjennomførast. Det må gå fram av søknaden kvar arbeidsstaden skal vera.
(6) Det skal vidare gå fram av søknaden om prosjektet er avhengig av løyve frå forskningsetiske komitear, personvernombodet NSD, andre offentlege institusjonar og/eller frå private (informantar, pasientar, foreldre etc.). Slike løyve bør om mogeleg vera innhenta og følgja søknaden.
(7) Fakultetet kan fastsetja krav til ytterlegare dokumentasjon.
(8) Student og hovudrettleiar bør raskast mogeleg og seinast innan to månader etter opptak saman gå gjennom prosjektbeskrivinga og vurdera eventuelle behov for justeringar.
§ 8.Opptakskomité
(1) Fakulteta skal ha ein opptakskomité som har fagleg ansvar for opptaket til ph.d.-studiet og til emne i opplæringsdelen (8000-emne).
(2) Opptakskomiteen skal oppnemnast av fakultetsstyret sjølv. Medlemmene skal vera forskarar med doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, og ph.d.-studentar. Programstyret kan vera opptakskomité. Studentane skal ha minst 20 % av medlemmene. Der dette ikkje er meir enn ein medlem, skal studentane ha rett til å møta med ein til student med tale- og forslagsrett.
§ 9.Avgjerd om opptak
(1) Avgjerd om opptak skal vera basert på ei fagleg vurdering av prosjektbeskrivinga og av søkjar sitt potensiale for forsking slik dette går fram av søknaden. Dersom det er fastsett opptakstal, og det er fleire søkjarar enn det er plassar, skal rangeringa skje etter ei samla vurdering av søknadane. Fagleg relevans for fagmiljøet skal vera eit moment i vurderinga.
(2) Ein stipendiat ved universitetet må vera teken opp til ph.d.-studiet før han/ho tek til i stillinga. Det kan gjerast foreløpig vedtak om opptak med atterhald om utarbeiding av individuell utdanningsplan, tilleggsutdanning og immaterialrettslege avtalar. I foreløpig vedtak skal det oppnemnast minst ein rettleiar - hovudretteleiar.
(3) For eksterne søkjarar kan det gjerast foreløpig vedtak om opptak med atterhald om finansiering, opptakskapasitet, utarbeiding av individuell utdanningsplan, tilleggsutdanning og immaterialrettslege avtalar. Det kan stillast krav om at studenten skal vera ved fakultetet heile eller deler av studietida. I foreløpig vedtak skal det nemnast opp minst ein rettleiar - hovudretteleiar.
(4) Vedtak om endeleg opptak skal gjerast seinast tre månader etter studiestart. Når endeleg opptaksvedtak vert gjort, skal ansvaret for løysing av behov som er skissert i søknaden plasserast, avtaleperioden skal fastsetjast med startdato og sluttdato, og det skal vera oppnemnt minst to rettleiarar. Eventuell forlenging av avtaleperioden må knytast til rettar som arbeidstakar, eller avklarast spesielt. Dersom det vert oppnemnd ein rettleiarkomité, skal ein av rettleiarane peikast ut til å ha det formelle ansvaret hovudrettleiar normalt har.
(5) Det er ikkje grunnlag for opptak dersom:
-avtalar med ekstern tredjepart er til hinder for offentleggjering og offentlig forsvar av avhandlinga
-dei immaterialrettslege avtalane som er inngått er så urimelege at institusjonen ikkje bør medverka i prosjektet.
§ 10.Opptak til emne i opplæringsdelen
(1) Fakultetet tek opp studentar til ph.d.-emne (8000-emne). Søkjarar som fyller krava i ein av desse kategoriane kan takast opp:
-kategori 1: Personar som er tekne opp til ph.d.-studiet ved UiT.
-kategori 2: Deltakarar på førstelektorprogrammet som fyller utdanningskravet.
-kategori 3: Doktorgradsstudentar frå andre universitet.
-kategori 4: Personar med minimum mastergrad (eller tilsvarande) som ikkje er doktorgradsstudentar.
(2) Forskarlinjestudentar ved Det helsevitskaplege fakultetet som har fått oppnemnt rettleiar kan ta ph.d.-emne som ligg i studieplanen for forskarlinjestudiet, og ph.d.-emne som er godkjende i den enkelte student sin rettleiingskontrakt for forskarlinjestudiet. Dei skal rangerast etter kategori 1. Forskarlinjestudentar frå andre medisinske fakultet skal rangerast etter kategori 3 ved opptak.
(3) Fakultetet kan fastsetja spesielle opptakskrav innafor denne ramma. Dette må gjerast i emnebeskrivinga.
(4) Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar enn plassar, skal søkjarane prioriterast i rekkefølgja kategori 1 til kategori 4.
(5) Studentar i kategori 2, 3 og 4 må søkja om opptak på fastsett søknadsskjema. For søkjarar i kategori 1 og 2 og forskarlinjestudentar bestemmer fakultetet om det skal brukast søknadsskjema.
§ 11.Avtale
(1) Opptak skal formaliserast i skriftlig avtale mellom student, rettleiar og fakultet.
(2) Har ein ph.d.-student finansiering av studiet frå, tilsetjing hjå eller andre tilskot frå ein ekstern part, skal det skrivast eigen avtale mellom studenten, fakultetet og den eksterne parten, jf. § 17. Denne avtalen må vera underskriven ved studiestart.
§ 12.Studierett
(1) Ph.d.-utdanninga er normert til tre år (180 stp.). Den som har teke imot tilbod om studieplass beheld studieretten i ein periode som tilsvarar to år effektiv studietid ut over normert studieprogresjon. Det kan stillast krav om at studenten har finansiering for den overskytande perioden. Fakultetet sjølv kan utvida denne tidsramma for sitt/sine program i sine utfyllande reglar.
(2) Studentar som står i fare for å mista studieretten etter denne regelen skal få skriftlig varsel om det seinast eitt år før studieretten går ut. Den som mister studieretten, kan søkja om nytt opptak.
(3) Studentane må kvart semester stadfesta utdanningsplanen innan fastsett frist. Med stadfesting av utdanningsplanen er meint den delen av planen som gjeld for inneverande semester.
(4) Ein kandidat som fyller krava i § 3-10 i lov om universiteter og høyskoler vil kunna levera avhandlinga til vurdering for ph.d.-graden sjølv om studieretten har gått ut, på vilkår av at opplæringdelen framleis fyller krava i det aktuelle programmet.
§ 13.Permisjon
(1) Ein ph.d.-student som får barn skal få permisjon frå studiet under svangerskap og til omsorg for barn (foreldrepermisjon), jf. lov om universiteter og høyskoler § 4-5. Militærteneste gir og rett til permisjon.
(2) Ein student som har foreldrepermisjon, kan likevel følgja undervisning og ta eksamenar i emne og kurs som skal vera ein del av opplæringsdelen.2
(3) Stipendiatar får automatisk permisjon frå studiet i samband med permisjon frå stillinga.
(4) Fakultetet kan gi permisjon frå studiet i inntil to år i løpet av studiet på grunnlag av deltaking i internasjonale forsvarsoperasjonar, studentpolitisk arbeid, langvarig sjukdom og andre viktige faglege, sosiale eller personlege grunnar. Fakultetet sjølv kan utvida høvet til permisjon for sine ph.d.-studentar i utfyllande reglar.
(5) Avtaleperioden skal forlengast med ein periode tilsvarande permisjonen.
2jf. Lov om folketrygd § 14-10, fjerde ledd og NAV sitt rundskriv til § 14-10, fjerde ledd av 18. desember 2006, sist endra 30. juni 2009.

Kapittel III. Studiet

§ 14.Doktorgradsutdanninga
(1) Ph.d.-utdanninga er på 180 studiepoeng - fordelt med 30 studiepoeng på opplæringsdelen og 150 studiepoeng på avhandlinga. I normeringa for avhandlinga er prøveførelesing og disputas inkludert. Utdanninga skal gi kandidaten kunnskap, dugleik og kompetanse i tråd med beskrivinga av ph.d.-studiet (tredje syklus) i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høgare utdanning, og skal vera lagt opp slik at ho skal kunna fullførast innafor normert tidsramme, tre år effektiv tid.
(2) Fakultetet har ansvar for at opplæringsdelen, saman med avhandlingsarbeidet, gir utdanning på høgt fagleg nivå og i samsvar med internasjonal standard, med gjennomføring av eit vitskapleg arbeid, trening i fagleg formidling og innføring i forskingsetikk, vitskapsteori og vitskapsmetode.
0Endra ved forskrift 4 des 2014 nr. 1523.
§ 15.Opplæringsdelen
(1) Emne i opplæringsdelen skal vera på ph.d.-nivå (8000-emne) og skal mellom anna omfatta opplæring i vitskapsteori og etikk. Opplæringa skal bidra til at forventa læringsutbyte, slik det går fram av det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høgare utdanning, vert oppnådd. Opplæringsdelen er på 30 studiepoeng, og minst 20 av dei bør takast etter opptak. Element i opplæringsdelen bør ikkje vera eldre enn to (2) år ved studiestart. For ph.d.-studentar som har teke forskarlinja gjeld at heile opplæringsdelen skal takast etter opptak til forskarlinja.
(2) Fakultetet kan gi fritak/fagleg godkjenning for deltaking i delar av opplæringsdelen dersom tilsvarande krav er oppfylt ved anna eining eller institusjon som gir godkjend opplæring, jf. lov om universiteter og høyskoler, § 3-5 andre ledd. I emne der det ikkje finst kurstilbod, kan individuelt lesepensum godkjennast som element i opplæringsdelen.
(3) Dersom fakultetet ikkje sjølv arrangerer heile opplæringsdelen, skal det syta for at studentane får tilsvarande opplæring ved andre fakultet/institusjonar som gir godkjend doktorgradsutdanning.
(4) Kurs på doktorgradsnivå ved annan institusjon skal godkjennast i samsvar med reglene i lov om universiteter og høyskoler, § 3-5 første ledd.
(5) Opplæringsdelen skal vera gjennomførd og godkjend av programstyret før studenten leverer avhandlinga. Søknad om endringar i godkjend plan for opplæringsdelen skal utarbeidast i samråd med hovudrettleiar og avgjerast av programstyret.
0Endra ved forskrift 4 des 2014 nr. 1523.
§ 16.Rettleiing
(1) Ein ph.d.-student skal få individuell rettleiing i arbeidet med avhandlinga i samsvar med gjeldande retningslinjer3 og etter tidsnorm som fakultetet har fastsett.
(2) Studenten skal ha minst to rettleiarar, og ein av dei skal oppnemnast som hovudrettleiar. Hovudrettleiar skal som hovudregel vera tilsett ved universitetet. Han/ho skal vera oppnemnd seinast ved studiestart.
(3) Hovudrettleiar har det faglege hovudansvaret for studenten. Dersom fakultetet oppnemner ekstern hovudrettleiar, skal det oppnemnast medrettleiar frå fakultetet.
(4) Medrettleiarar er fagpersonar som gir rettleiing og som deler det faglege ansvaret for studenten med hovudrettleiar.
(5) Habilitetsreglane i forvaltningslova § 6–§ 10 gjeld for rettleiarane.
(6) Rettleiarar skal ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor fagfeltet og vera aktive forskarar. Minst ein av de oppnemnde rettleiarane bør ha tidlegare erfaring frå eller opplæring som rettleiar av ph.d.-studentar.
(7) Studenten skal ha kontakt med sine rettleiarar med jamne mellomrom.
(8) Rettleiarane har plikt til å halda seg orienterte om framdrifta i studenten sitt arbeid og vurdera ho i forhold til framdriftsplanen.
(9) Rettleiarane har plikt til å følgja opp faglege forhold som kan føra til at gjennomføringa av forskarutdanninga vert forseinka, slik at ho kan fullførast innafor normert tid.
(10) Rettleiarane skal gi råd om formulering og avgrensing av tema og problemstillingar, drøfta og vurdera hypoteser og metodar, drøfte resultat og tolkninga av desse, drøfta opplegg og gjennomføring av framstillinga, under dette disposisjon, språkleg form, dokumentasjon mv., og gi hjelp til orientering i faglitteratur og datagrunnlag i forhold til bibliotek, arkiv, etc. Vidare skal rettleiarane rettleia studenten i forskningsetiske spørsmål knytt til avhandlinga.
(11) Student og rettleiar kan saman eller kvar for seg be fakultetet om å oppnemna ny rettleiar. Rettleiar kan ikkje fråtre før ny rettleiar er oppnemnd.
(12) Tvistar om rettleiar og student sine faglege rettar og plikter kan kvar part leggja fram for fakultetet til behandling og avgjerd.
3Jf. fotnote 1.
§ 17.Tilknyting til forskarmiljø
(1) Fakulteta har, i samråd med rettleiarane, ansvar for å leggja til rette for ph.d.-studentane slik at dei tek regelmessig del i eit aktivt forskarmiljø med seniorforskarar og andre studentar. For studentar som har hovudtilknyting ved annan institusjon skal avtalen mellom universitetet og den samarbeidande institusjon regulera arbeidsvilkåra og sikra at studenten tek del i eit aktivt forskarmiljø, jf. § 11.
(2) Arbeidsvilkåra skal vera i samsvar med prinsippa i The European Charter for Researchers og The Code of Conduct for the Recruitment of Researchers.
§ 18.Infrastruktur

Ph.d.-studenten skal ha til disposisjon nødvendig infrastruktur for gjennomføring av forskingsprosjektet. Institutt/fakultet avgjer kva som er nødvendig utstyr. For studentar med ekstern finansiering og/eller arbeidsplass skal det gjerast avtale mellom institusjonen og ekstern part i samband med kvart enkelt forskingsprosjekt. Slik avtale skal som hovudregel vera gjort ved vedtak om opptak, eller rett etterpå, jf. § 11.

Kapittel IV. Doktoravhandlinga

§ 19.Krav til doktoravhandlinga
(1) Avhandlinga skal vera eit sjølvstendig vitskapleg arbeid som oppfyller internasjonale standardar for etikk, fagleg nivå og metode innafor fagområdet. Studenten skal gjennom avhandlinga vera med på å utvikla ny fagleg kunnskap, og avhandlinga skal liggja på eit nivå som tilseier at ho vil kunna publiserast som ein del av den vitskaplege litteraturen i faget.
(2) Avhandlinga kan vera ein monografi eller ei samanstilling av fleire mindre arbeid - ei artikkelsamling. I ei artikkelsamling må det vera samanheng mellom delane og det må gjerast greie for denne samanhengen i eit samandrag.
(3) Del av fellesarbeid vert godteke som avhandling i den grad ph.d.-studenten sin sjølvstendige innsats kan identifiserast og dokumenterast. Det skal følgja med avhandlinga ei underskriven erklæring som beskriv studenten sin innsats i arbeidet/arbeida.
(4) Dersom eit skriftlig arbeid har vorte til i samarbeid med andre forfattarar, skal studenten følgja dei normene for medforfattarskap som er allment akseptert i fagmiljøet og i samsvar med internasjonale standardar.
(5) Dersom avhandlinga hovudsakleg består av artiklar, skal studenten normalt vera hovudforfattar av minst halvparten av artiklane.
(6) Fakultetet sjølv kan i sine utfyllande reglar opna for ei ordning med at fleire studentar skriv avhandling i lag.
(7) Fakultetet bestemmer kva språk som kan brukast i ei avhandling.
§ 20.Arbeid som ikkje vert godtekne
(1) Ein kandidat kan ikkje levera arbeid eller deler av eit arbeid som har vore godteke som grunnlag for tidlegare eksamenar, med mindre arbeidet er ein mindre del av ei avhandling med fleire arbeid som heng saman. Data, analysar eller metodar frå tidlegare gradar kan likevel brukast som grunnlag for arbeid med ph.d.-prosjektet.
(2) Arbeid som er publiserte meir enn fem år før studiestart kan ikkje vera del av avhandlinga. Fakultetet kan dispensera frå dette dersom heilt ekstraordinære forhold tilseier det.
(3) Ei avhandling som har vore levert for vurdering ved ein annan lærestad kan ikkje leverast.
§ 21.Offentleggjering av avhandlinga
(1) Avhandlinga skal være offentlig tilgjengeleg seinast to veker før disputasen. Ho skal gjerast tilgjengeleg i den forma ho vart levert til vurdering, eventuelt etter omarbeiding med grunnlag i § 31, tredje ledd.
(2) Det kan ikkje leggjast restriksjonar på offentleggjering og publisering av ei doktoravhandling, med unntak for ei utsetjing av dato for offentleggjering/publisering som er avtala på førehand. Slik utsetjing kan avtalast mellom ph.d.-studenten og finansieringskjelder/arbeidsgivar når føremålet er at desse skal kunna ta stilling til patentering/kommersialisering, jf. det som er bestemt i lov om retten til oppfinningar som er gjort av arbeidstakarar.
(3) Ekstern part kan ikkje stilla som vilkår at heile eller delar av avhandlinga ikkje skal kunna offentleggjerast eller publiserast.
(4) Ved publisering av avhandlinga skal kandidaten følgja gjeldande retningslinjer for kreditering av institusjonar. Hovudregelen er at ein institusjon skal givast opp som adresse i ein publikasjon dersom den har gitt eit nødvendig og vesentleg tilskot til eller grunnlag for ein forfattar sin medverknad til det publiserte arbeidet. Same forfattar skal gi opp også andre institusjonar som adresse dersom dei i kvart enkelt tilfelle tilfredsstiller kravet til medverknad.

Kapittel V. Kvalitetssikring og rapportering

§ 22.Kvalitetssikring og rapportering
(1) Alle aktuelle nivå ved universitetet har ansvar for at Kvalitetssystem for utdanningsvirksomheten ved UiT vert følgt.
(2) Eit ledd i kvalitetssikringa er årleg framdriftsrapportering frå ph.d.-student og rettleiar. Både rettleiarar og student pliktar å levera framdriftsrapport. Føremålet med rapportane er å få grunnlag til å betra studiekvaliteten. Frekvens av, og kvalitet på, retteleiinga bør vera eit tema i rapportane.
(3) Manglande eller mangelfull rapportering frå studenten kan føra til tvungen avslutning av forskarutdanninga, jf. § 25. Rettleiarar som ikkje følgjer opp rapporteringsplikta kan bli fråtekne rettleiaransvaret.
(4) Fakultetet kan ved behov krevja særskilt rapportering.
0Endra ved forskrift 4 des 2014 nr. 1523.

Kapittel VI. Plikt til å melda frå om resultat

§ 23.Plikt til å melda frå om resultat som har potensial for næringsutnytting
(1) Ein ph.d.-student som er tilsett ved UiT har plikt til å melda frå om arbeidsresultat i samsvar med gjeldande reglement.4
(2) For studentar med ekstern arbeidsgivar skal det gå fram av avtalen mellom universitetet, studenten og arbeidsgivaren om studenten har meldeplikt.
(3) For ph.d.-studentar utan arbeidsgivar, skal tilsvarande meldeplikt nedfellast i opptaksavtalen mellom fakultetet og studenten.
0Endra ved forskrift 4 des 2014 nr. 1523.
4Reglement om sikring og forvaltning av arbeidsresultater ved Universitetet i Tromsø.

Kapittel VII. Heving av avtalen

§ 24.Frivillig avslutning
(1) Ph.d.-student og fakultet kan avtala at utdanninga skal avsluttast før avtala tid. Ved slik avslutning av ph.d.-utdanninga skal det fastsetjast skriftleg korleis spørsmål som er knytte til eventuelle tilsetjingsforhold, finansiering, rett til resultat mv. skal ordnast.
(2) Ved frivillig avslutning fordi studenten ynskjer å skifta prosjekt eller å gå over til eit anna program, skal han/ho søkja nytt opptak på grunnlag av det nye prosjektet. I denne samanhengen er overgang til fri grad (dr.philos.) det same som frivillig avslutning.
§ 25.Tvungen avslutning
(1) Fakultetet kan med heimel i uhl. § 4-13 første ledd vedta tvungen avslutning av doktorgradsutdanninga ved vitskapleg uærlegdom etter forskingsetikklova § 5 andre ledd.
(2) Fakultetet kan med heimel i § 4-13 andre ledd i lov om universiteter og høyskoler (uhl.) vedta tvungen avslutning av doktorgradsutdanninga når ein ph.d.-student i vesentleg grad ikkje oppfyller sine plikter etter doktorgradsavtalen. Døme på avtalebrot som kan føra til tvungen avslutning:
-Studenten har brote informasjons-, oppfølgings- eller rapporteringsplikta fleire gonger eller på vesentlege punkt.
-Framdrifta av forskingsprosjektet er så mykje forseinka at det skaper rimeleg tvil om studenten vil kunna fullføra prosjektet innafor avtala tid, og forseinkinga skuldast forhold som han/ho sjølv har herredømme over.
-Gjennomføringa av opplæringsdelen er vesentlig forseinka, av grunnar studenten sjølv har herredømme over.
-Studenten har handla på ein måte som er i strid med den tilliten som må vera mellom universitet og student under gjennomføringa, medrekna ulovlege forhold knytt til gjennomføring av utdanninga som t.d. fusk på enkeltemne i opplæringsdelen.
-Finansieringa som er grunnlag for opptak til ph.d.-studiet vert stansa, t.d. ved at studenten vert sagt opp frå stillinga si.
(3) Ved mistanke om fusk som kunne ha vore ramma av uhl. § 4-7, men der studenten er stipendiat ved UiT, skal fakultetet vurdera om forholdet gir grunnlag for tvungen avslutning. Ved mistanke om fusk som kan vera ramma av uhl. § 4-7, og studenten ikkje er stipendiat ved UiT, skal fakultetet vurdera om saka skal leggjast fram for Universitetets klagenemnd etter uhl. § 4-8, jf. § 4-7 eller om forholdet skal handsamast som sak om tvungen avslutning, jf. uhl. § 4-13 tredje ledd. Ved sak om tvungen avslutning, skal det også vurderast om bestått eksamen eller prøve eller godkjenning av kurs skal annullerast etter forvaltningslova § 35.
(4) Studenten og vedkommande institutt skal få høve til å uttala seg før vedtak om tvungen avslutning vert gjort.
(5) Departementet, eller særskilt klageorgan oppnemnt av departementet, er klageinstans for vedtak om tvungen avslutning, jf. uhl. § 4-13 første ledd. Universitetets klagenemnd er klageinstans for vedtak om tvungen avslutning etter uhl. § 4-13 andre ledd.
0Endra ved forskrift 4 des 2014 nr. 1523.

Kapittel VIII. Vurdering av avhandlinga

§ 26.Innlevering
(1) Opplæringsdelen skal vera gjennomført og godkjend før levering av avhandlinga, jf. § 15 siste ledd. Universitetsdirektøren bestemmer korleis avhandlinga skal leverast.
(2) Hovudrettleiar har ansvar for å gjera fakultetet merksam på at studenten kjem til å levera snart, slik at arbeidet med oppnemning av komité kan starta.
§ 27.Oppnemning av komité
(1) Fakultetet nemner opp ein sakkunnig komité (bedømmelseskomité) på minst tre medlemmer til å vurdera avhandlinga og disputasen, og peikar ut leiar mellom medlemmene. Samansetjinga av komiteen bør normalt vera klarlagt når studenten leverer avhandlinga.
(2) Instituttet føreslår komité.
(3) Komiteen skal setjast saman slik at
-begge kjønn er representerte
-minst ein av medlemmene er tilsett ved universitetet
-minst ein av medlemmene ikkje er knytt til universitetet
-minst ein av medlemmene ikkje har hovudstilling ved ein norsk institusjon
-alle medlemmene har doktorgrad eller tilsvarande kompetanse
-minst ein medlem har kompetanse over førstestillingsnivå
-fleirtalet i komiteen er eksterne medlemmer
-fleirtalet i komiteen er tilsette ved ein doktorgradsgivande institusjon.
(4) Samansetjinga av komiteen skal vera grunngitt og eventuelle avvik frå kriteria skal grunngivast særskilt. Grunngivinga skal visa korleis komiteen samla dekker fagfeltet i avhandlinga.
(5) I særlege tilfelle kan fakultetet oppnemna ein administrativ leiar i tillegg til medlemmene. Han/ho skal ikkje ta del i den faglege vurderinga av avhandlinga.
(6) Fakultetet kan, når det er påkravd, oppnemna ein setjemedlem til komiteen.
(7) Ein/ei som har vore kandidaten sin medforfattar eller rettleiar, eller andre som er inhabile etter forvaltningslova § 6, kan ikkje vera medlem i, eller administrativ leiar for, komiteen.
(8) Kandidaten skal få melding om forslaget til komité, og få høve til å komma med skriftlege merknader til forslaget innan fem arbeidsdagar etter at han/ho får meldinga.
§ 28.Tilbaketrekking og retting av avhandling
(1) Eit arbeid som er levert kan ikkje trekkjast tilbake før det er endelig avgjort om det er verdig til å forsvarast for doktorgraden.
(2) Kandidaten kan likevel søkja fakultetet om få retta formelle feil i avhandlinga etter innlevering. Med søknaden skal kandidaten leggja fram ei fullstendig oversikt over alle feil (errata) han/ho ynskjer å retta. Søknaden må leverast inn seinast fire (4) veker før komiteen sin frist for å levera innstillinga. Det kan berre søkjast ein gang.
§ 29.Høve til å innhenta supplerande opplysningar
(1) Komiteen kan krevja å få lagt fram kandidaten sitt grunnlagsmateriale og utfyllande eller oppklarande tilleggsinformasjon.
(2) Komiteen kan be rettleiar om å gjera greie for rettleiinga og arbeidet med avhandlinga.

Kapittel IX. Komitéinnstillinga og behandling av innstillinga

§ 30.Fristar
(1) Komiteen skal normalt gi si innstilling seinast innan tre månader etter at han har fått avhandlinga levert til vurdering. Dersom kandidaten får høve til omarbeiding av avhandlinga etter § 31, tredje ledd, går det ny frist frå den datoen avhandlinga vert levert på nytt. Det same gjeld ved eventuell ny levering etter § 33.
(2) Disputasen skal så langt råd er haldast innan fire månader etter at avhandlinga er levert.
§ 31.Innstilling
(1) Komiteen gir innstilling til fakultetet på grunnlag av avhandlinga og eventuelt tilleggsmateriale, jf. § 29. Det skal gå fram av innstillinga om arbeidet er verdig til å forsvarast for doktorgraden eller om ho bør underkjennast. Innstillinga og eventuelle dissensar skal vera grunngitte.
(2) Komiteen kan anbefala at fakultetet gir høve til ei mindre omarbeiding før endeleg innstilling vert vedteken. Komiteen skal i slike tilfelle gi ei konkret, skriftleg, oversikt over kva kandidaten må omarbeida.
(3) Dersom fakultetet tek tilrådinga til følgje, skal studenten få ein frist for omarbeiding. Fristen skal normalt ikkje vera lengre enn tre (3) månader. Det skal også fastsetjast ein ny frist for komiteen si endelige innstilling. Kandidaten kan ikkje klaga over eit vedtak om høve til omarbeiding.
(4) Dersom komiteen finn at det er nødvendig med djuptgripande endringar når det gjeld teori, hypotese, materiale eller metode for å kunna gi tilråding om disputas, skal komiteen gi innstilling om underkjenning av avhandlinga.
(5) Fakultetet skal senda kopi av innstillinga til kandidaten med frist på ti arbeidsdagar til å komma med skriftlege merknader. Dersom innstillinga er positiv, kan fristen setjast til fem arbeidsdagar. Eventuelle merknader til innstillinga skal fakultetet senda til komiteen med ein kort frist for merknader dersom det vert vurdert nødvendig for å opplysa saka.
(6) Dersom kandidaten ikkje ynskjer å fremja merknader skal han/ho så raskt som mogeleg melda skriftleg frå til fakultetet om det.
§ 32.Handsaming av innstillinga
(1) Fakultetet vedtek om ph.d.-avhandlinga er verdig forsvar for graden philosophiae doctor på grunnlag av innstillinga og eventuelle tilleggsfråsegner.
(2) Samrøystes innstilling:
-Dersom komiteen si innstilling er samrøystes, og fakultetet finn å kunna leggja ho til grunn for vedtaket sitt, gjer fakultetet vedtak i samsvar med innstillinga.
-Dersom fakultetet finn at det er rimeleg tvil om komiteen si samrøystes innstilling skal leggjast til grunn, skal fakultetet be om nærare avklaring frå komiteen, og/eller nemna opp to nye sakkunnige som gir individuell vurdering av avhandlinga eller nemna opp ein ny komité. Dei sakkunnige skal ikkje vera tilsette ved universitetet, og dei skal ikkje ha hatt noko å gjera med avhandlinga tidligare. For oppnemning av ny komité gjeld § 27. Innstillinga og eventuelle merknader frå kandidaten skal leggjast ved til dei sakkunnige/den nye komiteen.
-Tilleggsavklaringar, individuelle fråsegner eller ny innstilling skal leggjast fram for studenten, som får høve til å komma med skriftlege merknader med same fristar som i § 31 femte ledd.
(3) Delt innstilling:
-Dersom komiteen si innstilling er delt og fakultetet finn grunn til å leggja fleirtalet si innstilling til grunn for vedtaket sitt, gjer fakultetet vedtak i samsvar med fleirtalet si innstilling.
-Dersom komiteen si innstilling er delt og fakultetet vurderer å leggja mindretalet si innstilling til grunn for sitt vedtak, kan fakultetet be om nærare avklaring frå komiteen og/eller nemna opp to nye sakkunnige som gir individuell vurdering av avhandlinga eller nemna opp ein ny komité. Dei sakkunnige skal ikkje vera tilsette ved universitetet, og dei skal ikkje ha hatt noko å gjera med avhandlinga tidligare. For oppnemning av ny komité gjeld § 27. Innstillinga og eventuelle merknader frå kandidaten skal leggjast ved til dei nye sakkunnige/den nye komiteen.
-Slike tilleggsavklaringar eller individuelle fråsegner skal leggjast fram for studenten, som får høve til å komma med merknader.
(4) Fakultetet skal orientera kandidaten om utfallet av behandlinga.
§ 33.Ny levering
(1) Ei doktoravhandling som vert underkjend, kan leverast til ny vurdering i omarbeidd form ein gong. Slik ny levering kan skje først seks månader etter at det første vedtaket vart gjort.
(2) Kandidaten skal opplysa at arbeidet har vore vurdert tidlegare utan at det vart funne verdig for forsvar. Fakultetet skal informera komiteen om dette. Komiteen kan få den første innstillinga på førespurnad.

Kapittel X. Doktorgradsprøve

§ 34.Prøveførelesing
(1) Kandidaten skal halda prøveførelesing. Førelesinga er ein sjølvstendig del av doktorgradsprøven og skal vera over oppgitt tema. Føremålet er å prøva kandidaten si evne til å tileigna seg kunnskapar ut over avhandlingstemaet og evna til å formidla desse.
(2) Fakultetet skal kunngjera tittelen på prøveførelesninga til kandidaten ti arbeidsdagar før førelesinga. Temaet for førelesinga skal ikkje stå i direkte samband med temaet for avhandlinga.
(3) Som hovudregel skal førelesinga haldast etter at avhandlinga er godkjent for forsvar i disputas, men før disputasen. Komiteen fastset tema, og vurderer førelesinga.
(4) I særlege tilfelle kan prøveførelesinga haldast før innstillinga er klar, men etter innlevering. I slike tilfelle kan fakultetet nemna opp ein egen komité som fastset tema og vurderer førelesinga. Minst ein av medlemmene i avhandlingskomiteen skal vera med i førelesningskomiteen, som så langt råd er skal setjast saman i samsvar med krava i § 27 tredje ledd.
(5) Prøveførelesinga skjer på avhandlingsspråket eller norsk med mindre fakultetet godkjenner noko anna.
(6) Komiteen avgjer om prøveførelesninga er bestått eller ikkje bestått, og skal grunngi vedtaket dersom resultatet vert ikkje bestått. Førelesinga skal være bestått før det kan haldast disputas.
(7) Dersom resultatet på prøveførelesinga vert ikkje bestått, kan kandidaten melda seg til ny prøveførelesing. Prøveførelesinga skal haldast over nytt emne, snarast mogeleg og seinast innan seks månader. Så vidt mogeleg skal ho vurderast av den opphavlege komiteen. Ny prøveførelesing kan berre haldast ein gang.
§ 35.Forsvar av avhandlinga
(1) Når doktoranden har halde prøveførelesinga og fått ho godkjend, skal han/ho forsvara avhandlinga i offentleg disputas. Tid og stad for disputasen skal offentleggjerast minst ti arbeidsdagar på førehand saman med opplysningar om korleis avhandlinga er offentleggjort.
(2) Disputasen skjer på avhandlingsspråket eller norsk med mindre fakultetet godkjenner noko anna.
(3) Det skal normalt være to opponentar. Fakultetet peikar dei ut av og mellom medlemmene av komiteen. I særlige tilfelle kan fakultetet oppnemna opponentar som ikkje har vore medlemmer av komiteen.
(4) Disputasen vert leia av dekan eller den han/ho gir fullmakt. Den som leier disputasen, gjer kort greie for innleveringa og vurderinga av avhandlinga og for prøveførelesinga. Deretter gjer doktoranden greie for siktemålet med og resultatet av den vitskaplege undersøkinga. Første opponent innleier diskusjonen, og andre opponent avsluttar disputasen. Fakultetet kan fastsetja ei anna rekkefølgje og oppgåvefordeling mellom opponentane og mellom doktoranden og første opponent. Andre som er til stades og som ynskjer å opponera ex auditorio, må gi melding om dette til leiar for disputasen innan det tidspunktet leiar fastset og kunngjer ved opninga av disputasen.
§ 36.Godkjenning av doktorgradsprøven
(1) Etter disputasen melder komiteen skriftleg frå om disputasen er godkjend/ikkje godkjend.
(2) Dersom disputasen ikkje vert godkjend, kan doktorande melda seg til ny disputas. Ny disputas skal gjennomførast snarast mogeleg og seinast innan seks månader. Så vidt mogeleg skal han vurderast av den opphavlege komiteen. Ny disputas kan berre haldast ein gang.
(3) Disputasen må vera godkjend før doktoranden kan bli kreert og få diplom.
§ 37.Kreering og diplom/vitnemål
(1) Når eit fleirtal i komiteen har godkjent disputasen, vert doktoranden kreert til philosophiae doctor (ph.d.) av universitetsstyret.
(2) Universitetet skriv ut vitnemål/diplom og diploma supplement.

Kapittel XI. Klage

§ 38.Klage over avslag på søknad om opptak

Avslag på søknad om opptak til ph.d.-studiet og vedtak om avslutning av studierett kan påklagast etter reglane i forvaltningslova § 28 flg. Klaga skal sendast til fakultetet. Dersom klagar ikkje får medhald, går ho til avgjerd i universitetet si klagenemnd.

§ 39.Klage over underkjenning av opplæringsdelen

Avslag på søknad om godkjenning av kurs eller andre delar av opplæringsprogrammet kan påklagast etter reglane i forvaltningslova § 28 flg. Ved klage over sensur på emne, gjeld og universitets- og høgskolelova § 5-3.

§ 40.Klage over avslag på søknad om vurdering eller underkjenning av avhandling, prøveførelesing eller disputas

Underkjenning av avhandling, prøveførelesing og forsvar kan påklagast etter reglane i forvaltningslova § 28 flg. Grunngitt klage skal sendast fakultetet. Alle sider ved det påklaga vedtaket kan prøvast.

Kapittel XII. Ikraftsetjing

§ 41.Ikraftsetjing

Forskrifta tek til å gjelda 1. januar 2013.

Forskrift 19. november 2009 nr. 1858 for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Tromsø vert oppheva frå 31. desember 2012.