Forskrift om klagenemnd for Husbanken

DatoFOR-2012-10-31-1182
DepartementKommunal- og moderniseringsdepartementet
PublisertI 2012 hefte 13
Ikrafttredelse01.01.2013
Sist endret
EndrerFOR-1992-09-14-692
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2009-05-29-30-§6, LOV-2012-08-24-64-§13
Kunngjort13.12.2012   kl. 16.30
KorttittelForskrift om klagenemnd for Husbanken

Heimel: Fastsett av Kommunal- og regionaldepartementet 31. oktober 2012 med heimel i lov 29. mai 2009 nr. 30 om Husbanken § 6 og lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte (bustøttelova) § 13.

§ 1.Kompetansen til klagenemnda

Klagenemnda er klageinstans for enkeltvedtak Husbanken gjer om lån, tilskot og bustøtte.

Klagenemnda skal avgjere klage på enkeltvedtak om

a)tildeling, utmåling, avvisning og avslag på lån, tilskot og bustøtte
b)krav på tilbakebetaling av bustøtte, jf lov om bustøtte § 11.

Departementet kan ikkje instruere klagenemnda om verken tolking av regelverket, utøving av skjønn, avgjerd av enkeltsaker eller sakshandsaminga.

Avgjerder tekne av klagenemnda kan ikkje påklagast.

§ 2.Oppnemning og samansetjing av nemnda

Klagenemnda skal setjast saman av tre medlemmer med personlege varamedlemmer.

Departementet nemner opp medlemmene for fire år og peiker ut leiaren og den personlege varamedlemmen.

Leiaren og den personlege varamedlemmen skal ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap.

§ 3.Sekretariatet for nemnda

Sekretariatet har ansvar for å førebu og leggje sakene til rette for klagenemnda. Sekretariatet skal elles utføre oppgåver som klagenemnda eller leiaren av nemnda delegerer til sekretariatet. Nemnda kan gje instruks om arbeidet i sekretariatet.

Husbankens hovudkontor tek hand om sekretariatet for klagenemnda.

§ 4.Samansetjing av nemnda i den enkelte saka o.a.

Nemnda er vedtaksfør i den enkelte saka når to av medlemmene, medrekna leiaren, er til stades og begge meiner det er tilrådeleg å handsame saka.

Nemnda skal ta avgjerd i møte. Nemnda må ha fleirtal for å ta gyldig avgjerd.

Nemnda skal halde møte etter behov. Leiaren fastset tid og stad for møtet.

§ 5.Teieplikt og habilitet

Alle som deltek i handsaminga av saker for nemnda har teieplikt etter reglane i forvaltningslova § 13 til § 13 e.

Reglane om habilitet i forvaltningslova § 6 til § 10 gjeld for medlemmene i nemnda så langt dei passar.

§ 6.Sakshandsaming o.a.

Klager skal sendast til Husbanken, jf. forvaltningslova § 32. Dersom Husbanken ikkje treffer vedtak etter forvaltningslova § 33, annet ledd, skal parten ha skriftleg melding om det med grunngjeving. Parten må innan tre veker gje beskjed om han vil halde fast ved klagen. Saken skal då leggjast fram for klagenemnda til avgjerd.

Reglane om klage i forvaltningslova § 29 – § 34 gjeld elles.

§ 7.Årsmelding

Klagenemnda skal årleg gje ei melding om verksemda.

§ 8.Iverksetting

Forskrifta gjeld frå 1. januar 2013.

Frå same tid blir forskrift 14. september 1992 nr. 692 om klagenemnda for Husbanken oppheva.