Forskrift om bustøtte

DatoFOR-2012-11-29-1283
DepartementKommunal- og moderniseringsdepartementet
PublisertI 2012 hefte 14
Ikrafttredelse01.01.2013
Sist endretFOR-2016-06-17-721 fra 01.07.2016
EndrerFOR-2009-06-19-699
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2012-08-24-64-§6, LOV-2012-08-24-64-§7, LOV-2012-08-24-64-§8, LOV-2012-08-24-64-§10, LOV-2012-08-24-64-§14
Kunngjort20.12.2012   kl. 14.50
KorttittelForskrift om bustøtte

Heimel: Fastsett av Kommunal- og regionaldepartementet 29. november 2012 med heimel i lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte (bustøttelova) § 6, § 7, § 8, § 10 og § 14.
Endringar: Endra ved forskrifter 19 juni 2013 nr. 676, 12 des 2013 nr. 1495, 17 des 2014 nr. 1772, 19 des 2014 nr. 1857, 16 des 2015 nr. 1688, 17 juni 2016 nr. 721.

§ 1.Utrekning av bustøtte

Utbetalt bustøtte er 73,7 prosent av differansen mellom godkjente buutgifter etter § 2 og § 3 og ein eigendel etter § 4, § 5, § 6, § 7 og § 8.

0Endra ved forskrifter 19 des 2014 nr. 1857 (i kraft 1 jan 2015), 16 des 2015 nr. 1688 (i kraft 1 jan 2016).
§ 2.Utrekning av godkjente buutgifter

Ved utrekning av godkjente buutgifter inngår:

a)Husleige for leigde bustader
b)Felleskostnader og utgifter til renter, avdrag og gebyr på lån til finansiering av bustaden for bustader i burettslag, eigarseksjonssameige, aksjeleilegheiter og obligasjonsleilegheiter
c)For andre bustader er godkjente buutgifter
1.driftsutgifter med kr 12 000 per år
2.utgifter til renter, avdrag og gebyr på lån til finansiering av bustaden
3.utgifter til kommunale avgifter som er fastsett på grunnlag av innhenta opplysningar om gjennomsnittet frå kvar kommune
4.eigedomsskatt
5.festeavgift.
d)For alders-, uføre- og etterlattepensjonistar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter, inngår i tillegg utgifter til oppvarming med kr 6 000 per år.
§ 3.Øvre grense for buutgifter

Årlege buutgifter som ligg innanfor følgjande øvre grenser (buutgiftstak) går inn i utrekninga:

a)kr 63 700 i ein husstand med ein person
b)kr 71 600 i ein husstand med to personar
c)kr 79 500 i ein husstand med tre personar
d)kr 87 400 i ein husstand med fire personar
e)kr 95 300 i ein husstand med fem personar eller fleire.

I nokre kommunar er den øvre grensa for årlege buutgifter høgare enn i resten av landet. Grensa er:

a)kr 22 000 høgare i Oslo
b)kr 15 000 høgare i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum
c)kr 10 000 høgare i Kristiansand, Skedsmo, Frogn, Lørenskog, Oppegård, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes.

Har husstanden særskilt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene aukast med kr 4 500 per år.

0Endra ved forskrifter 19 juni 2013 nr. 676 (i kraft 1 juli 2013), 12 des 2013 nr. 1495 (i kraft 1 jan 2014), 19 des 2014 nr. 1857 (i kraft 1 jan 2015), 16 des 2015 nr. 1688 (i kraft 1 jan 2016).
§ 4.Utgangspunktet for fastsetting av eigendelen

Eigendelen som blir trekt i frå buutgiftene, jf. § 1, blir bestemt av den omrekna inntekta, jf. § 7.

Minste eigendel er kr 19 300 per år for alle. For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 92 000 blir 17 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 92 000 lagt til eigendelen.

Eit progressivt ledd blir lagt til eigendelen for omrekna inntekter over kr 162 000. Det er 0,3 prosent av ei omrekna inntekt på kr 162 001. Satsen aukar deretter med 0,3 prosentpoeng for kvar kr 1 000 den omrekna inntekta aukar.

Inntektsgrensa i tredje ledd er kr 202 000 for husstandar som har eit medlem som har varig uføretrygd eller uførepensjon ved yrkesskade, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12, og som i tillegg er ung ufør, jf. § 12-13 i loven.

0Endra ved forskrifter 19 juni 2013 nr. 676 (i kraft 1 juli 2013), 16 des 2015 nr. 1688 (i kraft 1 jan 2016), 17 juni 2016 nr. 721 (i kraft 1 juli 2016).
§ 5.Opplysningar om inntekta og formuen til husstanden

Inntekta og formuen til alle i husstanden blir lagt til grunn ved fastsetting av den omrekna inntekta som er grunnlaget for utrekninga av eigendelen, jf. § 4.

Inntekta som blir nytta er det høgste beløpet av personinntekt (grunnlaget for trygdeavgift til folketrygda) og allmenn inntekt (arbeids-, kapital- og næringsinntekter, med dei frådrag som følgjer av skattereglane) med tillegg av eit beløp som svarar til minstefrådraget i skattelikninga.

Skattefrie leigeinntekter skal reknast som inntekt.

Barn under 18 år kan ha ei inntekt på kr 30 000 per år utan at ho blir teke med i grunnlaget for bustøtte.

All inntekt og formue i eller frå utlandet, som ikkje går fram av likninga, blir rekna med brutto beløp i norske kroner.

§ 6.Formue som blir lagt til inntekt

Til inntekta blir det lagt 65 prosent av netto formuen til husstanden, med fråtrekk for eit fribeløp. Fribeløpet er kr 250 000 for husstandar i leigde bustadar. For andre husstandar er fribeløpet likningsverdien av eigen bustad inntil kr 525 000.

0Endra ved forskrifter 12 des 2013 nr. 1495 (i kraft 1 jan 2014), 19 des 2014 nr. 1857 (i kraft 1 jan 2015).
§ 7.Omrekning av inntekt etter talet på personar i husstanden

Det blir fastset ei omrekna inntekt som blir nytta ved utrekninga av eigendel, jf. § 4. Inntekta til husstanden, medrekna tillegg for formue, blir dividert med ei vekt etter kor stor husstanden er. Vekta til husstanden kjem fram ved å summere dei einskilde vektene til personane i husstanden. Første person i husstanden har vekta 1,0 og kvar einskild av dei andre personane har ei vekt på 0,1.

§ 8.Inntektsperiode

Inntektsopplysningar frå sist tilgjengelege skattelikning blir nytta i utrekninga, jf. § 5.

Eit overslag over omrekna inntekt i det kalenderåret, der perioden det er søkt om bustøtte for inngår, skal likevel nyttast dersom overslaget for den omrekna inntekta er meir enn kr 50 000 over den øvre grensa for å få bustøtte. Retten til bustøtte fell då bort.

Dersom forventa inntekt for den perioden det blir søkt om bustøtte for ligg 10 prosent under det som følgjer av den siste likninga, kan eit overslag for omrekna inntekt i perioden bli lagt til grunn for utrekninga av bustøtte. Inntektsgrensene for heile året, jf. føresegna ovanfor og § 14, gjeld likevel ved slik inntektsnedgang.

0Endra ved forskrift 19 juni 2013 nr. 676 (i kraft 1 juli 2013).
§ 8a.Berekningsreglar i samband med iverksetting av uførereforma i 2015

Personar som var del av ein husstand som fekk utbetalt bustøtte for desember 2014, og som då fekk ytingar etter folketrygdlova kapittel 12, skal ha eit frådrag i inntekta. Frådraget skal nyttast både i vurderinga av om vilkåra for å bruke overslag over omrekna inntekt i perioden er oppfylt og i utrekninga av omrekna inntekt i perioden. Det blir først fastsett eit årsbeløp som svarer til dei ytingane vedkomande hadde per 1. desember 2014 og som gikk inn i grunnlaget for uføretrygd etter forskrift 3. juli 2014 nr. 947 om omregning av uførepensjon til uføretrygd. Deretter blir det rekna ut eit årsbeløp som svarer til uføretrygda per 1. januar 2015. Frådraget i inntekta skal svare til differansen mellom dei to beløpa.

0Tilføyd ved forskrift 17 des 2014 nr. 1772 (i kraft 1 jan 2015), endra ved forskrift 17 juni 2016 nr. 721 (i kraft 1 juli 2016).
§ 9.Søknaden

Ein søknad om bustøtte skal setjast fram på søknadsskjema og innan fristen Husbanken har fastsett. Ufullstendige søknader blir rekna som om dei ikkje er komne innan søknadsfristen. Blir søknaden retta innan éin månad etter søknadsfristen, blir han likevel rekna som komen innan fristen.

§ 10.Opplysningar om husstanden og bustaden

Den første i kvar månad er utgangspunktet for alle opplysningar om husstanden og bustaden ved utrekninga av bustøtte for denne månaden.

Både dei som faktisk bur i bustaden og dei som er registrerte i folkeregisteret som busette på adressa, blir rekna med i husstanden. Det kan i særlege høve gjevast fritak frå kravet om registrering som busett i bustaden.

§ 11.Opplysingsplikt om endringar

Søkjaren skal gje opplysningar til kommunen om endra forhold som søkjaren forstår eller bør forstå har verknad for utrekning og utbetaling av bustøtte.

§ 12.Utlevering av opplysningar

Teieplikta etter forvaltningslova hindrar ikkje Husbanken og kommunane i å gje ut opplysningar frå bustøtteregisteret og bustøttesøknadene til

a)NAV, likningskontor og andre kommunale instansar som i sakshandsaminga si treng opplysningar om dei som får bustøtte og kor mykje bustøtte dei får
b)revisjon eller anna form for kontroll av verksemda til Husbanken og kommunane.
§ 13.Utbetaling

Bustøtte blir utbetalt på etterskot rundt den tiande i kvar månad. Minste utbetaling er kr 300 per månad.

Husbanken betaler bustøtte direkte til søkjaren. Utbetalinga skal skje direkte til kommunen dersom søkjaren og kommunen har inngått avtale om det, jf. lov om bustøtte § 9.

§ 14.Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake

Dersom etterkontroll syner at husstanden har hatt ei omrekna inntekt i kalenderåret, som er kr 50 000 over den øvre inntektsgrensa som gjev rett til bustøtte, kan støtta for heile året krevjast tilbake utan omsyn til skuld. Krav under kr 10 000 skal likevel ikkje betalast tilbake.

Krav om tilbakebetaling etter første ledd, som er under kr 10 000 skal ikkje betalast tilbake. Dette gjeld ikkje for krav om tilbakebetaling etter bustøttelova § 10 første ledd, bokstavane a, b og c.

0Endra ved forskrifter 19 juni 2013 nr. 676 (i kraft 1 juli 2013), 12 des 2013 nr. 1495 (i kraft 1 jan 2014).
§ 15.Rett til motrekning

Bustøtte kan bli nytta til motrekning av eit krav som Husbanken har på tilbakebetaling av feil utbetalt bustøtte.

§ 16.Ikraftsetjing

Forskrifta blir sett i kraft 1. januar 2013. Frå same tidspunkt blir forskrift 19. juni 2009 nr. 699 om bustøtte oppheva.

§ 17.Overgangsordning

Mottakarar som fekk bustøtte i juni 2009 skal ikkje få mindre utbetalt som følgje av endra bustøttereglar frå 1. juli 2009.

Overgangsordninga etter første ledd gjeld ikkje dersom den omrekna inntekta til husstanden blir høgare enn den høgste av den øvre inntektsgrensa for å få bustøtte i juni 2009 og inntektsgrensa for tilbakebetaling av bustøtte i § 14 første ledd. Overgangsordninga gjeld heller ikkje dersom husstanden flyttar eller talet på medlemer i husstanden endrar seg.

For andre enn unge uføre, jf. § 4 siste ledd, blir overgangsordninga trappa ned med 20 prosentpoeng kvart år over fem år frå og med 1. juli 2010.

§ 13 om minste utbetaling gjeld òg for overgangsordningane.

0Endra ved forskrift 12 des 2013 nr. 1495 (i kraft 1 jan 2014).