Forskrift for masterstudiet ved Bergen Arkitekthøgskole

DatoFOR-2013-02-06-362
DepartementKunnskapsdepartementet
PublisertI 2013 hefte 5
Ikrafttredelse06.02.2013
Sist endret
EndrerFOR-2008-08-26-1205
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2005-04-01-15-§3-3, LOV-2005-04-01-15-§3-11, LOV-2005-04-01-15-§4-2, LOV-2005-04-01-15-§4-7, LOV-2005-04-01-15-§4-8, LOV-2005-04-01-15-§5-1, LOV-2005-04-01-15-§5-3, FOR-2005-12-01-1392-§2, FOR-2007-01-31-173-§4-4
Kunngjort16.04.2013   kl. 14.15
KorttittelForskrift for masterstudiet ved BAS

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av styret for stiftinga Bergen Arkitekthøgskole 6. februar 2013 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 3-3, § 3-11, § 4-2, § 4-7, § 4-8, § 5-1 og § 5-3, forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrad § 2 og forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høyere utdanning § 4-4.

Kapittel 1: Generelle vedtak

§ 1-1.Verkeområde
1. Forskrifta gjeld for alle studentar opptatt ved masterstudie ved Bergen Arkitekthøgskole.
2. Forskrifta gjev reglar om opptak til studiet, organisering av studiet og eksamen og studenten og høgskulens pliktar og rettar.
§ 1-2.Definisjonar

Student: Student er den som er tatt opp til studiet ved BAS på grunnlag av dei opptakskrav som BAS stiller og som har betalt studieavgift for gjeldande semester.

Studieprogram: BAS sitt studieprogram er basert på eit femårig studieløp etter modellen 3+2 år som gir totalt 300 studiepoeng.

Studiepoeng: Mål på arbeidsomfang i studiet: 60 studiepoeng tilsvarar eitt års studium på full tid.

Fagområde/emneområde: BAS-studiet er organisert i fire hovudfagområde:

APP/LAPP - arkitektur, planlegging og prosjektering

TTA/LATTA - teknologi, teknikk, økonomi og administrasjon

DAV - «den andre verda» - utvikling av frie uttrykk, kunstnarlege fag

KTF - kompletterande teorifag/universitetsfag.

Gjennomgang og evaluering: Kurs vert avslutta med felles gjennomgang der kvar student presenterer prosjektet/arbeidet sitt for klassen, hovudlærar, ev. gjestelærarar og konsulentar, for å drøfte - og få konstruktiv tilbakemelding på sitt arbeid i plenum. På lengre kurs vert det også halde mellomgjennomgang undervegs. Hovudlærar gjev bestått/ikkje bestått ev. bestått med supplering etter avslutta kurs.

Eksamen: Studiet har tre hovudeksamenar. Ein i 2. klasse, ein i 3. klasse; som kvalifiserer for å studera vidare ved BAS og diplomarbeidet som avsluttande og kvalifiserande hovudarbeid med eksamen etter diplomsemesteret. Bestått diplomeksamen etter dei to siste åra gjev tittelen master i arkitektur.

§ 1-3.Studentens undersøkings- og opplysningsplikt

Einkvar student pliktar å sette seg inn i den til ein kvar tid gjeldande forskrift for masterstudiet ved Bergen Arkitekthøgskole. Vidare pliktar studenten å sette seg inn i studieplanar, kursbeskrivingar, eksamensplanar, ordensreglement og anna informasjon om studiet som ligg på BAS si heimeside på http://www.bas.org.

§ 1-4.Bortvisning og utestenging

Ein student som tross skriftleg advarsel frå rektor (etter fullmakt frå styret), gjentekne gonger opptrer på ein måte som verker grovt forstyrrande for medstudentar sitt arbeid eller for verksemda ved institusjonen elles, kan etter vedtak frå styret sjølv eller institusjonen si klagenemnd, visast bort frå nærare bestemte område ved institusjonen for inntil eit år. Dersom ein student etter skriftleg advarsel frå styret, ikkje respekterer slik bortvising, kan styret sjølv eller institusjonen si klagenemnd utestenge han eller henne frå studiet i inntil eit år.

Vedtak om bortvising eller utestenging vert treft etter styrevedtak med minst to tredjedels fleirtal. Vedtak om slik reaksjon kan påklagast av studenten etter reglane i forvaltningslova. Vedtak om bortvising kan påklagast til departementets særskilte klageorgan, jf. lov om universitet og høyskoler § 4-8 (4).

Kapittel 2: Opptak

§ 2-1.Opptaksrammer

Styret fastset opptaksramme for det einskilde studieprogrammet.

Bergen Arkitekthøgskole tek normalt opp studentar for studiestart i haustsemesteret.

§ 2-2.Opptakskapasitet

Det vert tatt opp inntil 30 studentar årleg til masterstudiet i arkitektur.

For opptak til 2. avdeling, sjå § 2-10.

§ 2-3.Generelle opptakskrav
(1) For opptak til mastergradsstudiet ved BAS vert det stilt krav om generell studiekompetanse eller realkompetanse i høve til forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høyere utdanning § 3-1, skriftleg søknad og intervju gjennomført etter nærare reglar fastsett av institusjonen.
(2) Søkjarar til første år med utdanning frå land utanfor Norden må dokumentere tilfredsstillande norskkunnskap.
§ 2-4.Organisering av opptak
(1) Bergen Arkitekthøgskole er ikkje med i Samordna opptak. BAS står sjølv for opptaket til høgskulen. Opptak skjer etter at søkjar har fulgt BAS sin prosedyre:
I)Interessemelding (sende eit personleg og skriftleg brev til skulen, der ein ber om å få tilsendt søknadskjema),
II)søknad på eige skjema innan søknadsfrist og
III)intervju (for dei som vert invitert av skulen etter gjennomgang av innkomne søknader på eige skjema).
(2) BAS har ein opptakskomité beståande av lærarrepresentantar og studentrepresentantar som gjennomfører opptaket. Dei ulike partane vel sjølv kandidatar til opptakskomiteen.
(3) Poenggjeving og rangering skjer etter regler fastsett av institusjonen. Poeng vert gitt i høve til kriteria spesifisert i opptaksprosedyre og basert på skriftleg søknad og intervju, jf. forskrift 31. januar 2007 nr. 173 § 4-4.
§ 2-5.Søknadsfrist

Frist for å søkja opptak ved masterstudiet på BAS er 15. april. Søkjarar som avsluttar utdanning eller tek påkrevd eksamen etter søknadsfristen, må og søkje innan fristen. Vitnemål må ettersendast så snart det ligg føre.

Opptakskomiteen er ikkje pliktig til å vurdere søknader som er poststempla etter søknadsfristen.

§ 2-6.Søknadsskjema

Søknad om opptak skal skrivast på eige skjema som ein får tilsendt frå BAS etter først å ha sendt ei skriftleg interessemelding med førespurnad om å få tilsendt søknadsskjema.

§ 2-7.Svar på søknad

Alle søkjarar får skriftleg svar på søknaden.

§ 2-8.Stadfesting av studieplass

Dei som vert tatt opp må innan dato nemnt i BAS sitt svarbrev, returnere signert studiekontrakt og betale inn studieavgift fastsett av høgskulerådet til BAS sin konto oppgitt i svarbrevet.

§ 2-9.Klage

Eventuell klage på avgjerd i opptaksspørsmål skal i første omgang rettast til BAS v/opptakskomiteen. Dersom vedtaket ikkje vert omgjort har søkjar høve til å oppretthalde klagen. Klagen vert då avgjort av skulen si klagenemnd.

§ 2-10.Andre søkjarar

Søknader frå søkjarar til 2. avdeling vert handsama av utvekslingskomiteen. Søknadsfrist er 15. april. Søknad og opptak på grunnlag av portofolio og i høve til gjeldande prosedyre for andre søkjarar. Talet på utvekslingsplassar/regulære plassar i 2. avdeling vert regulert i høve til BAS sin kapasitet og inngåtte avtalar.

(1)Utvekslingsstudentar

BAS tar opp utvekslingsstudentar gjennom programma Nordplus og Erasmus. I tillegg har BAS bilaterale avtalar med einskildinstitusjonar utanfor Europa. Rektor godkjenner utvekslingsavtalar mellom BAS og andre universitet og høgskular.

Talet på utvekslingsplassar vert regulert i høve til BAS sin kapasitet og inngåtte avtalar. Studentar i 4. og 5. år vert føretrekt ved utveksling. Utvekslingsstudentar føljer ordinære kurs 1–2 semester, men får ikkje avlegge diplomeksamen. Innkomande utvekslingsstudentar betaler ikkje studieavgift til BAS.

(2)Eksterne søkjarar til masternivå

BAS kan ta opp studentar til 2. avdeling på grunnlag av fullført minimum 3 års utdanning ved tilsvarande institusjon. Årleg opptakstal vert regulert i høve til kapasitet. Søkjarar som tas opp som regulær student i 2. avdeling, må dokumentere tilfredstillande engelskkunnskap.

Eksterne søkjarar som skal ta mastergrad i arkitektur ved BAS må følgje eit fast, første kurs i 2. avdeling som gir introduksjon til studieplanen ved BAS og grunnlag for å fortsette som regulær student på BAS masterstudiet. Kurset skal sikre at studenten har grunnleggande innhald og metode og har fokus på å utvikle personen/subjektet i høve til det å lage arkitektur - fysiske omgjevnader for subjekt/individ.

(3)Kvoteordning

BAS tar inn kvotestudentar etter tildelingskvoter frå Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU).

Kapittel 3: Studieplan og studiegjennomføring

§ 3-1.Studieplan

Studieplanen ligg til grunn for masterstudiet og inneheld målsetjing og organisering av studiet med beskriving av dei ulike fagområda. Styret vedtar studieplan for studietilbod i samband med etablering av nytt studietilbod som skal godkjennast av NOKUT. Studiekvalitetsutvalet (SKU) vedtar endringar i studieplanen så framt desse ikkje medfører vesentlege endringar i studiets målsetjing, innhald og ressursrammer. SKU skal rådføre seg med lærarråd.

§ 3-2.Semesterplan/kursbeskriving

Det skal utarbeidast semesterplan til kvart semester. På 1. avdeling vert det laga semesterplan for kvar klasse medan 2. avdeling skal ha plan/kursbeskriving for kvart kurs. I tillegg kursbeskrivingar med mål og innhald i høve til kriteria for nasjonalt og europeisk kvalifikasjonsrammeverk.

§ 3-3.Opphavsrett

Eit prosjekt-, ein diplom eller masteroppgåve kan ikkje nyttast i konkurransar eller liknande som medfører bedømming, eller på annan måte offentleggjering før sensur er gjennomført av BAS med mindre dette er spesifisert og godkjent gjennom oppgåva sitt program.

Ein student har opphavsretten til dei åndsverk han eller ho skaper i overeinsstemming med lov om opphavsrett. Åndsverk omfattar litterære, vitskaplege eller kunstnarlege verk av einkvar art og uansett uttrykksmåte og uttrykksform. BAS føreheld seg retten til å gjere bruk av studentarbeid til utstillingar og undervisningsføremål i skulen sin regi. I slike tilfelle skal studenten sitt namn oppgis. BAS kan publisere studentoppgåver eller studentarbeid på internett så fremt studenten har gitt sitt samtykke. BAS sine rettleiarar har ikkje stilling som medforfattar til studentoppgåver, men namn på rettleiarar skal gjevast opp ved offentleg bruk av diplomoppgåver. BAS eig 50 % i studenten sitt studentarbeid/prosjekt gjort på skulen.

Studenten er sjølv ansvarleg for å innhente ev. patentrettar i sine oppgåver. Dette gjeld og i høve til samarbeidsbedrifter.

Ein samarbeidsbedrift kan krevje teieplikt frå studenten i samband med ei studentoppgåve. Denne teieplikta må ikkje være til hinder for sensorane i deira arbeid med bedømming av oppgåva.

§ 3-4.Studierett
1. Den som har stadfesta aksept av studieplass gjennom signert studiekontrakt, betalt studieavgift til skulen og betalt semesteravgift til SIB får studierett til Bergen Arkitekthøgskole. Studieretten gjev rett til undervisning, rettleiing, tilgong til bibliotek, verkstad og studieadministrative tenester.
2. Studieretten opphøyrar når:
a)Studenten har fullført studiet eller
b)BAS får melding om at studenten seier frå seg studieplassen eller
c)studenten i løpet av eit år ikkje har dokumentert aktivitet gjennom betalt studieavgift eller søkt permisjon eller
d)studenten har brukt opp sine forsøk til eksamen jamfør § 4-3 i denne forskrifta eller
e)når ein aktiv student ikkje har produsert studiepoeng i løpet av dei to siste åra. Styret fattar vedtak om tap av studierett. Vedtak kan jf. § 5-1 påklagast. Vedtaket gjeld frå og med neste semester.
§ 3-5.Utdanningsplan

Alle studentar som vert tatt opp til eit studie på 60 studiepoeng eller meir skal ha ein utdanningsplan, ref. lov om universiteter og høyskoler § 4-2. Utdanningsplanen er ein gjensidig avtale mellom studenten og BAS om plikter og ansvar begge partar har for studenten sitt studie og plikter og ansvar studenten har overfor sine medstudentar. Utdanningsplanen gjev innhaldet og progresjonen i studenten si planlagde utdanning.

§ 3-6.Permisjon

Studentar kan søkje permisjon frå studiet for eitt eller fleire semester. Søknaden må være administrasjonen i hende innan fastsett frist for å oppnå fritak frå å betale studieavgift.

§ 3-7.Studieåret

Studieåret er delt i to semester. Haustsemestret varer frå medio august til 20. desember. Vårsemestret varer frå primo januar til primo juni. Diplomsemesteret går fram til 30. juni.

Kapittel 4: Eksamen

§ 4-1.Eksamen og eksamensformer

Masterstudiet er 5-årig og organisert i to avdelingar, 3 år + 2 år. Studiet har tre hovudeksamenar. Ein i 2. klasse, ein i 3. klasse som kvalifiserer for å studera vidare ved BAS og diplomarbeidet som avsluttande og kvalifiserande hovudarbeid med eksamen etter diplomsemesteret. Kvart kurs i 2. avdeling vert og vurdert til bestått/ikkje bestått. I tillegg kjem eksamen/prøver i teorifag (KTF).

Styret ved Bergen Arkitekthøgskole fastset prøveforma for den einskilde eksamen. Eksamen kan omfatte prosjektarbeid, skriftleg og/eller munnleg prøve, gjennomføring av øvingar, deltaking i seminar, ekskursjonar o.a. Opplysningar om prøveform for den einskilde eksamen tas inn i studieplanen.

Eksamen er ei heilskapleg vurdering av haldning, innsats og resultat - underlagt dei følgjande 3 evalueringskriteria:

1.Kunnskap - studenten sin viste kunnskap.
2.Ferdigheiter - studenten si tilnærming til oppgåvene og arbeidsmetodane gjennom sjølvstendig, systematisk og kritisk resonnement.
3.Generell kompetanse - studenten si faglege haldning og innstilling til arkitektur og arkitekten sin praksis i samfunn.
§ 4-2.Vilkår for å gå opp til eksamen
1. For å kunne gå opp til eksamen må studenten ha betalt studieavgift for gjeldande semester og elles ha gjort opp alle økonomiske høve med skulen så langt.
2. For å kunne gå opp til eksamen i 3. klasse må studenten ha bestått alle kurs.
3. For å kunne gå opp til diplomeksamen må studenten være klarert for eksamen av BAS.
§ 4-3.Eksamensforsøk

Det er høve til å ta ny prøve berre ein gong til etter «ikkje bestått» eksamen i første avdeling eller diplom. Det kan søkjast om dispensasjon til eit tredje forsøk.

§ 4-4.Forfall til eksamen

Forfall til eksamen må meldast studieadministrasjonen og dokumenterast med legeattest eller annan gyldig dokumentasjon før eksamen tar til, for at oppmelding ikkje skal reknast som eksamensforsøk.

Kandidatar som har levert materiale til bedømming kan ikkje unndra seg sensur. Avlagt prøve kan ikkje annullerast.

§ 4-5.Ny eksamen

Ein student som er vurdert til ikkje bestått eller hadde gyldig fråvær ved ordinær eksamen har rett til å gå opp til ny eksamen.

Ny eksamen kan haldast ved neste ordinære gjennomføring av den aktuelle eksamen eller i samband med annan tilsvarande eksamen.

§ 4-6.Særleg tilrettelegging av eksamen
1. Ein student som har fysiske eller psykiske problem med å gjennomføre eksamen på vanleg måte kan søke om særordningar ved eksamen. Særordninga skal ha som føremål å vege opp for dei ulemper som funksjonshemminga medfører, samstundes som det i størst mogleg grad skal sikrast at studentane vert prøvd likt. Søknad sendast til BAS studieadministrasjonen.
2. Eksempel på særordningar kan være:
-Utvida eksamenstid
-Høve til lengre pausar, eventuelt høve til å kvile
-Skriftleg eksamen i staden for munnleg
-Munnleg eksamen i staden for skriftleg
-Eige eksamenslokale med eigen eksamensvakt
-Bruk av skrivemaskin, pc og andre tekniske hjelpemidlar
-Skrivehjelp, døvetolk og annan praktisk hjelp
-Overføring av oppgåvene til punktskrift eller forstørra skrift
-Høgtlesing av oppgåveteksten.

Frist for å søke særordningar er 8 veker før eksamen. Behovet for særordning må dokumenterast med legeattest eller attest frå annan sakkunnig person. Er funksjonshemminga oppstått etter fristens utløp, eller dersom andre særlege grunnar tilseier det kan skulen fråvike denne fristen. Studentar med dyskalkuli, dysleksi eller andre lese- og skrivevanskar må ha attest frå logoped eller annan spesialist som beskriver kva for særordningar det er behov for.

§ 4-7.Fritak frå eksamen

Ein student kan få fritak frå eksamen, prøve eller obligatorisk undervisning når det kan dokumenterast at tilsvarande eksamen/prøve er bestått ved annan institusjon. Fritak kan og verte gitt på grunnlag av annan relevant eksamen/prøve på tilsvarande nivå. Søknad sendast studieadministrasjonen. Med søknaden skal det vedleggast attestert kopi av vitnemål eller karakterutskrift og studieplan eller tilsvarande inkludert pensumliste frå det kurs som ligg til grunn for søknaden om fritak.

§ 4-8.Karaktersystem

For kvar eksamen eller prøve gis karakterar:

1.Etter skalaen Bestått/Ikkje bestått. Med høve til å gi utmerking i tillegg til bestått.
2.Etter skala frå A til F der A er beste karakter og F er stryk.
§ 4-9.Fusk

Dersom det under eksamen oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, skal studenten straks bli gjort merksam på at han/ho vil bli rapportert. Studenten kan då velje om han/ho vil avbryte eksamen.

Konsekvensen for studenten ved fusk/forsøk på fusk er annullering av eksamen og inntil eitt års utestenging frå alle høgre utdanningsinstitusjonar, jf. lov om universiteter og høyskoler § 4-7 (1) og § 4-8 (3). Sensurresultatet skal setjast til «ikkje bestått» der det er dokumentert fusk eller forsøk på fusk. Alle saker der det er avdekka fusk eller forsøk på fusk skal oversendast Styret for endeleg vedtak. Styret etterprøver bevismaterialet og annullerer eksamen dersom dette er haldbart, og fattar vedtak om utestenging av studenten som følgje av fusk/forsøk på fusk ved eksamen. Vedtak i styret om utestenging kan påklagast til departementet sitt særskilde nasjonale klageorgan, jf. lov om universiteter og høyskoler § 4-8 (5).

§ 4-10.Klage over formelle feil ved eksamen

Ein student som har vore oppe til eksamen eller prøve, kan klage over formelle feil innan tre veker etter at ho/han burde vore kjent med det forhold som ligg til grunn for klagen, jf. lov om universiteter og høyskoler § 5-2.

Klage over formelle feil skal framsetjast skriftleg til BAS sin studieadministrasjon.

§ 4-11.Klage over karakterfastsetjing - rett til grunngjeving

Ein student har rett til å få ein grunngjeving for karakterfastsetjinga av sine prestasjonar, jf. lov om universiteter og høyskoler § 5-3.

Krav om grunngjeving for karakterfastsetjing og klage over karakterfastsetjing må framsetjast skriftleg til studieadministrasjonen seinast tre veker etter sensur. Ved klage på karakterfastsetjing på gruppearbeid-/eksamen må alle dei som er bedømt samla, samtykke i og skrive under på klagen.

Grunngjeving skal normalt gjevast innan to veker etter at kandidaten har bedt om dette.

Ved klage over karakter har studenten rett på ny sensurering av nye sensorar.

Karakterfastsetjing ved ny sensurering kan ikkje påklagast.

§ 4-12.Vitnemål

Vitnemål vert utstedt på norsk for studieprogram der undervisningsspråket er norsk. Eit eige vitnemålstillegg, Diploma Supplement, gjev ein nærare beskriving på engelsk av kandidaten si utdanning i det norske utdanningssystemet.

Det vert berre utstedt eitt vitnemål for oppnådd grad.

Rektor fastset utforminga av vitnemål og Diploma Supplement.

Kapittel 5: Andre vedtak

§ 5-1.Klager

Klage på vedtak i enkeltsaker rettast i første omgang til den/det organ som har gjort vedtaket. Dersom vedtaket vert oppretthalde kan klage rettast til BAS si klagenemnd.

§ 5-2.Endringar
a)Bergen Arkitekthøgskole har rett til å setje i verk endringar i vedtak som gjeld for institusjonen, her under rett til å endre studieopplegg, tid og stad for undervisning, lærekrefter, studieavgift m.m.
b)Endring av studieavgift skal godkjennast av Styret for Bergen Arkitekthøgskole.
c)Styret fastset etter drøfting og vedtak i lærarråd/SKU dei forskrifter og instruksar som gjeld ved Bergen Arkitekthøgskole og kan gje utfyllande reglar innanfor ramma av denne forskrift.
d)Endringar i studieplanar skal godkjennast av styret eller det organ som styret gjev mynde.
e)Endringar skal gjerast kjent for studentane så raskt som mogeleg og på hensiktsmessig vis.
§ 5-3.Atterhald

Bergen Arkitekthøgskole tek atterhald om eventuelle trykkfeil i studieinformasjon, kursbeskrivingar, eksamensplan og annan dokumentasjon som gjeld for det einskilde studiet.

§ 5-4.Ikrafttreing

Forskrifta trer i kraft straks.

Samstundes vert forskrift 26. august 2008 nr. 1205 for masterstudiet ved Bergen Arkitekt Skole oppheva.