Forskrift til patentstyrelova (patentstyreforskrifta)

DatoFOR-2013-03-01-246
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
PublisertI 2013 hefte 4
Ikrafttredelse01.04.2013
Sist endret
EndrerFOR-1911-08-25-3743, FOR-1991-02-15-83, FOR-1992-11-01-780, FOR-1993-11-12-1026, FOR-1993-11-25-1298, FOR-2000-11-21-1165, FOR-2000-03-09-215, FOR-2003-04-04-418, FOR-2007-12-14-1417, FOR-2010-06-25-937, FOR-2010-12-13-1646, FOR-2010-12-20-1812
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2012-06-22-58-§2, LOV-2012-06-22-58-§4
Kunngjort06.03.2013   kl. 14.00
KorttittelPatentstyreforskrifta

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 1. mars 2013 med heimel i lov 22. juni 2012 nr. 58 om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (patentstyrelova) § 2 tredje ledd og § 4 tredje ledd. Fremja av Nærings- og handelsdepartementet.

§ 1.Patentstyrets organisering og saksbehandling

Patentstyrets direktør fastset nærare føresegner om organiseringa av og saksbehandlinga i Patentstyret.

§ 2.Patentstyrets informasjonstenester

Patentstyret utfører informasjonstenester innanfor områda patent, varemerke og design, mellom anna førehandsundersøkingar og overvaking av rettar. For slike tenester skal det betalast eit vederlag som ikkje skal vere høgare enn marknadsprisen for tilsvarande tenester. Satsane skal gå fram av ei prisliste som Patentstyrets direktør fastset.

Det kan ikkje krevjast betaling for informasjon som blir gitt for å oppfylle rettleiingsplikta etter forvaltningsloven § 11.

§ 3.Klagenemnda for industrielle rettar

I tillegg til leiaren og nestleiaren, skal Klagenemnda ha tilstrekkeleg mange eksterne medlemmer, med slike kvalifikasjonar at oppgåvene som er lagde til nemnda, kan utførast på forsvarleg vis. Dei eksterne medlemmene blir oppnemnde for periodar på tre år. Dersom saksmengda gjer at det er behov for det, kan det på eit kvart tidspunkt oppnemnast nye eksterne medlemmer.

Når ei avgjerd i Klagenemnda skal takast av fleire medlemmer saman, og dei er usamde, blir avgjerda gjort med alminneleg fleirtal. Det skal gå fram av avgjerda om ho er samrøystes eller om medlemmene har vore usamde. Har medlemmene vore usamde, skal det gjerast greie både for synspunkta til fleirtalet og mindretalet.

Klagenemndas leiar fastset nærare føresegner om arbeidsordninga og organiseringa til nemnda.

Klagenemnda skal ha eit sekretariat som skal leggje til rette for arbeidet i nemnda, ved mellom anna å førebu saker for behandling i nemnda.

§ 4.Iverksetjing m.m.

Forskrifta gjeld frå 1. april 2013. Frå same tid blir desse forskriftene oppheva:

1.Forskrift 25. august 1911 nr. 3743 om sammensetningen av og forretningsordenen ved Styrets annen avdeling.
2.Forskrift 15. februar 1991 nr. 83 om delegering av myndighet til Næringsdepartementet etter lov om Styret for det industrielle rettsvern.
3.Forskrift 1. november 1992 nr. 780 om organiseringen av og saksbehandlingen i første avdeling i Styret for det industrielle rettsvern
4.Forskrift 12. november 1993 nr. 1026 om delegering av myndighet etter lov 2. juli 1910 nr. 7 om Styret for det industrielle Retsvern § 11 annet ledd.
5.Forskrift 25. november 1993 nr. 1298 om delegering av myndighet til Patentstyret.
6.Forskrift 21. november 2000 nr. 1165 om forundersøkelser i Patentstyret (Styret for det industrielle rettsvern).
§ 5.Endringar i andre forskrifter

Frå forskrifta tek til å gjelde, blir desse endringane gjorde i andre forskrifter: - - -