Forskrift om tildeling av løyve til havbruk med matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i 2013

DatoFOR-2013-06-24-754
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
PublisertI 2013 hefte 10
Ikrafttredelse24.06.2013
Sist endretFOR-2013-09-18-1095
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2005-06-17-79-§5, LOV-2005-06-17-79-§6, LOV-2005-06-17-79-§7, LOV-2005-06-17-79-§8, LOV-2005-06-17-79-§9, LOV-2005-06-17-79-§12, LOV-2005-06-17-79-§19, LOV-2005-06-17-79-§24, LOV-2005-06-17-79-§26, LOV-2005-06-17-79-§28, LOV-2005-06-17-79-§29, LOV-2005-06-17-79-§30, LOV-2005-06-17-79-§31, LOV-2005-06-17-79-§33a, LOV-2003-12-19-124-§7, LOV-2003-12-19-124-§14, LOV-2003-12-19-124-§15, LOV-2003-12-19-124-§19, LOV-2003-12-19-124-§26, FOR-2003-12-19-1790
Kunngjort26.06.2013   kl. 16.00
KorttittelForskrift om løyve til havbruk med matfisk

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet 24. juni 2013 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven) § 5, § 6, § 7, § 8, § 9, § 12, § 19, § 24, § 26, § 28, § 29, § 30, § 31 og § 33a og lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 7, § 14, § 15, § 19 og § 26, jf. delegeringsvedtak 19. desember 2003 nr. 1790.
Endringar: Endra ved forskrifter 5 juli 2013 nr. 869, 18 sep 2013 nr. 1095.

Kapittel I. Generelle føresegner

§ 1.Formål

Forskrifta skal medverke til å leggje til rette for ei berekraftig og konkurransedyktig havbruksnæring som kan bidra til aktivitet og verdiskaping langs kysten, og stimulere til realisering av nye teknologiske løysingar eller driftsmåtar som legg til rette for å redusere miljøutfordringane med rømming av oppdrettsfisk og spreiing av lakselus.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld tildeling av inntil 45 løyve til havbruk med matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn og innløysing av inntil 35 tidlegare gitte løyve.

§ 3.Sakleg verkeområde for forskrifta og fordeling av løyve i denne runden

For tildeling av løyve i

-Gruppe A (Finnmark og Troms) gjeld kapittel I, II og V
-Gruppe B (open gruppe med lukka bodrunde) gjeld kapittel I, III og V
-Gruppe C (open gruppe) gjeld kapittel I, IV og V.
§ 4.Utlysing av løyve

Fiskeridirektoratet står for den offentlege utlysinga av løyva, og utlysinga skal mellom anna innehalde

a)opplysningar om kvar søknadene skal sendast
b)søknadsfrist og opplysning om at søknader som kjem inn til Fiskeridirektoratet etter søknadsfristen vil bli avviste
c)at det ikkje er mogleg å endre søknaden eller komme med tilleggsopplysningar etter at søknadsfristen er gått ut
d)krav til søknaden
e)storleiken på vederlaget for dei gruppene det er relevant for
f)opplysningar om at bod innkomne i den lukka bodrunden er bindande og ikkje kan bli trekte tilbake
g)at søknader som er mangelfulle etter § 5 blir avviste
h)opplysningar om søknadsgebyr.
§ 5.Innhald i søknaden

Søknaden skal innehalde

a)opplysningar om kva gruppe og fylke søknaden gjeld
b)opplysningar som er relevante i høve til tildelings- eller prekvalifiseringskriteria, jf. kapittel II, III og IV, medrekna opplysningar om korleis styresmaktene eller tredjepart kan føre kontroll med løysinga
c)opplysningar om kva løyve som eventuelt skal løysast inn, jf. § 6
d)kvittering for innbetalt søknadsgebyr
e)dokumentasjon av økonomisk evne til å betale vederlaget.

I tillegg gjeld særskilde krav for søknad til open gruppe med lukka bodrunde, jf. § 12.

Søknaden skal sendast på fastsett søknadsskjema. Søknader som ikkje inneheld opplysningar som nemnt i bokstav a og c–e blir avviste.

§ 6.Innløysing av løyve

Tilsegn om løyve i Gruppe A og B krev innløysing av eit gjeldande løyve til matfisk med laks, aure og regnbogeaure, som vil få endra vilkår tilsvarande det nye løyvet som er gitt etter denne forskrifta. I Gruppe A må løyvet som blir løyst inn vere knytt til same region som det nye løyvet.

Nye vilkår til det gjeldande løyvet gitt etter denne føresegna trer i kraft to år etter vedtak om innløysing, jf. § 7 tredje ledd.

§ 7.Vederlag og rett til drift

Ved tilsegn om løyve skal søkjar betale vederlag til statskassa. Vederlaget per løyve er 10 millionar kroner. For tilsegn om løyve i Gruppe B, tilsvarar vederlaget det aksepterte bodet. Søkjarar i Gruppe B er bundne av boda sine inntil alle vederlag for løyve i denne gruppa er betalt. Fiskeridirektoratet informerer søkjarane når betalinga har skjedd.

Vederlag for løyve skal betalast seinast innan 30 dagar (inkl. heilagdagar) etter at søkjaren har mottatt endeleg tilsegn. Tilsegna fell bort dersom vederlaget ikkje er betalt innan denne fristen. Tildelingsstyresmaktene kan i slike tilfelle gi tilsegn om løyve på nytt.

Tilsegna gir rett til å søkje om lokalitet(ar). Retten til drift startar når løyvedokumentet er skrive ut. Løyvedokument kan ikkje skrivast ut før forvaltinga har avgjort endeleg eventuelle klager i den aktuelle gruppa.

Dersom tilsegn om løyve blir omgjort i samband med klage eller etter forvaltinga sitt eige tiltak, får søkjaren vederlaget refundert. Vederlaget blir ikkje refundert ved eventuell seinare tilbakekalling av løyve på grunn av tilhøve som nemnt i akvakulturlova § 9 eller i denne forskrift § 16. Det same gjeld dersom andre tilhøve gjer at løyvet tapar sin verdi.

§ 8.Søknadsgebyr

For behandling av søknad som nemnt i denne forskrifta, skal søkjaren betale gebyr, jf. forskrift 21. desember 2001 nr. 1597 om gebyr og avgift i forbindelse med akvakulturvirksomhet § 2 første ledd. Kvittering for betalt gebyr skal leverast saman med søknaden. Manglande innbetaling av gebyr fører til at søknaden ikkje blir behandla, jf. § 5.

§ 9.Vilkår

Kunnskap og erfaringar som blir hausta i bruk av løysingar som vinn fram ved tildeling av løyve etter denne forskrifta skal delast slik at det kjem heile akvakulturnæringa til gode.

Det skal setjast ytterlegare vilkår som medverkar til at dei kriteria som er avgjerande for tildelinga blir etterlevde.

Vilkåra skal gå fram av tilsegna og løyvedokumenta.

Kapittel II. Gruppe A – Finnmark og Troms

§ 10.Tildeling av løyve i Finnmark og Troms

Inntil 10 løyve på 945 tonn maksimalt tillaten biomasse kan tildelast i kvart av fylka Finnmark og Troms.

Fem av løyva i kvart fylke er reservert aktørar som har 1 til og med 19 løyve (mindre aktørar) til oppdrett med laks, aure og regnbogeaure. Om ikkje alle løyva til dei mindre aktørane blir tildelt, kan dei som er att tildelast til større aktørar.

Det er eit krav for å gi tilsegn om løyve at søkjaren forpliktar seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med løysingar som er i alminneleg kommersiell bruk, reduserer miljøutfordringane ved at løysinga

a)reduserer risikoen for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming. Løysinga skal vere knytt til akvakulturanlegget eller biomassen i anlegget,

eller

b)sikrar at det heile tida er færre enn 0,25 vaksne holus av lakselus (Lepeophtheirus salmonis) i gjennomsnitt per fisk, jf. forskrift 5. desember 2012 nr. 1140 om bekjempelse av lakselus i akvakulturanlegg § 6, eller at utsleppet av egg og frittsymjande stadier av lakselus til miljøet ikring ikkje er større enn det utsleppet ville vore frå tilsvarande tal på fisk med eit lusenivå på 0,25 vaksne holus i gjennomsnitt per fisk. Grensa skal kunne haldast ved bruk av maksimalt 3 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus.

I prioriteringa mellom søkjarar som oppfyller kriteria i tredje ledd, skal dei søknadene som har størst potensial for samla miljøforbetring etter kriteria i tredje ledd prioriterast. Tildelingsstyresmaktene skal vidare leggje vekt på om det er mogleg å kontrollere og føre tilsyn med at løysinga fungerer etter formålet.

Tildelingsstyresmaktene skal ikkje prioritere søknader som skildrar løysingar som tildelingsstyresmaktene meiner det ikkje vil vere forsvarleg å nytte i praksis, jf. akvakulturlova § 10 og § 12. Tildelingsstyresmaktene skal ikkje vurdere forhold – med unntak for det som følgjer av kriteria ovanfor – som blir vurdert ved klarering av lokalitet.

I vurderinga etter tredje og fjerde ledd skal det leggjast vekt på graden av sannsyn og dokumentasjon for at løysinga søkjaren har foreslått vil verke etter formålet.

Kapittel III. Gruppe B – Open gruppe med lukka bodrunde

§ 11.Tildeling av løyve uavhengig av region etter lukka bodrunde

Inntil 15 løyve kan tildelast uavhengig av fylke eller region. Løyve som blir tildelt Finnmark eller Troms skal ha en maksimalt tillaten biomasse på 945 tonn. I resten av landet skal maksimalt tillaten biomasse vere 780 tonn. Løyva i denne gruppa skal tildelast etter ein lukka bodrunde med prekvalifisering.

§ 12.Særskilde krav for søknad om løyve i Gruppe B

Søknaden skal i tillegg til opplysningane som er naudsynt etter § 5 minimum innehalde følgjande:

a)Ugjenkalleleg bod utan atterhald i norske kroner.
b)Dokumentasjon på betalingsevne.

Bodet og dokumentasjon på betalingsevne skal leggjast ved i eigen, lukka konvolutt knytt til den einskilde søknaden, merka «Gruppe B» og namnet til søkjaren. Bodet skal skrivast på særskilt skjema utarbeidd av Fiskeridirektoratet. Søkjaren kan berre gi eitt bod per søknad.

Søknader som ikkje tilfredsstiller krava ovanfor blir avvist.

0Endra ved forskrift 18 sep 2013 nr. 1095.
§ 13.Vilkår for prekvalifisering og fordeling av løyve

For å vere kvalifisert for å delta i bodrunden, må søkjaren forplikte seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med løysingar som er i alminneleg kommersiell bruk, reduserer miljøutfordringane ved at løysinga

a)Reduserer risikoen for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming. Løysinga skal vere knytt til akvakulturanlegget eller biomassen i anlegget,

eller

b)sikrar at det heile tida er færre enn 0,25 vaksne holus av lakselus (Lepeophtheirus salmonis) i gjennomsnitt per fisk, jf. forskrift 5. desember 2012 nr. 1140 om bekjempelse av lakselus i akvakulturanlegg § 6, eller at utsleppet av egg og frittsymjande stadier av lakselus til miljøet ikring ikkje er større enn det utsleppet ville vore frå tilsvarande tal på fisk med eit lusenivå på 0,25 vaksne holus i gjennomsnitt per fisk. Grensa skal kunne haldast ved bruk av maksimalt 3 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus.

Det er eit krav at løysinga som søkjaren forpliktar seg til å ta i bruk blir vurdert å vere forsvarleg å bruke i praksis, jf. akvakulturlova § 10 og § 12. Tildelingsstyresmaktene skal ikkje – med unntak for det som følgjer av kriteria ovanfor – vurdere forhold som blir vurdert ved klarering av lokalitet.

Faggruppa vurderer om prekvalifiseringsvilkåra er oppfylte for den einskilde søknad, og gjer eventuelt vedtak om avslag. Avslag kan klagast inn for departementet etter føresegna i forvaltningslova.

Når departementet har avgjort eventuelle klagesaker etter tredje ledd, opnar faggruppa i internt møte boda frå dei prekvalifiserte og rangerer boda frå høgast til lågast. Rangering av bod med same pålydande blir avgjort av faggruppa ved loddtrekking. Prekvalifiserte søkjarar med høgaste bod vil få tilsegn om løyve innanfor den kunngjorde mengda løyve, jf. § 11.

Kapittel IV. Gruppe C – Open gruppe

§ 14.Tildeling av løyve uavhengig av region

Det kan tildelast inntil 10 løyve uavhengig av fylke eller region. Løyve som blir tildelt Finnmark eller Troms skal ha en maksimalt tillaten biomasse på 945 tonn. I resten av landet skal maksimalt tillaten biomasse vere 780 tonn.

Det er eit krav for å gi tilsegn om løyve at søkjaren forpliktar seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med løysingar som er i alminneleg kommersiell bruk, reduserer miljøutfordringane vesentleg ved at løysinga

a)gir vesentleg mindre risiko for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming. Løysinga skal vere knytt til akvakulturanlegget eller biomassen i anlegget,

eller

b)sikrar at det heile tida er færre enn 0,1 vaksne holus av lakselus (Lepeophtheirus salmonis) i gjennomsnitt per fisk, jf. forskrift 5. desember 2012 nr. 1140 om bekjempelse av lakselus i akvakulturanlegg § 6, eller at utsleppet av egg og frittsymjande stadier av lakselus til miljøet ikring ikkje er større enn det utsleppet ville vore frå tilsvarande tal på fisk med eit lusenivå på 0,1 vaksne holus i gjennomsnitt per fisk. Grensa skal kunne haldast ved bruk av maksimalt 3 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus.

I prioriteringa mellom søkjarar som oppfyller krava i andre ledd, skal dei søknadene som har størst potensial for samla miljøforbetring etter kriteria i andre ledd prioriterast. Tildelingsstyresmaktene skal vidare leggje vekt på om det er mogleg å kontrollere og føre tilsyn med at løysinga fungerer etter formålet.

Tildelingsstyresmaktene skal ikkje prioritere søknader som skildrar løysingar som tildelingsstyresmaktene meiner det ikkje vil vere forsvarleg å nytte i praksis, jf. akvakulturlova § 10 og § 12. Tildelingsstyresmaktene skal ikkje – med unntak for dei som følgjer av kriteria ovanfor – vurdere forhold som blir vurdert ved klarering av lokalitet.

I vurderinga etter tredje ledd skal det leggjast vekt på graden av sannsyn og dokumentasjon for at løysinga søkjaren har foreslått vil verke etter formålet.

Kapittel V – Avsluttande føresegner

§ 15.Vedtak og tilsyn

Eit fagleg kollegialt organ (faggruppa), gjer vedtak for å gjennomføre føresegna i denne forskrifta i førsteinstans. Ved likt stemmetal i organet, avgjer stemma til leiaren.

Departementet er klageinstans for vedtak gjort av faggruppa. Departementet utnemner medlemmer til og leiar av faggruppa.

Fiskeridirektoratet fører tilsyn med vilkår knytt til rømming og fastsett i medhald av § 9.

Mattilsynet fører tilsyn med vilkår knytt til lakselus og fastsett i medhald av § 9.

§ 16.Tilbaketrekking

I medhald av akvakulturlova kan Fiskeridirektoratet trekkje tilbake løyvet, mellom anna ved grove eller gjentekne brot på vilkåra eller dersom vilkåra ikkje er oppfylt innan rimeleg tid etter at tilsegn er gitt. Eit løyve som er trekt tilbake vil ikkje bli tildelt på nytt.

§ 17.Reaksjonar og sanksjonar

Brot på vilkår etter § 9 kan bli møtt med reaksjonar og sanksjonar etter lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur.

§ 18.Søksmålsfrist

Departementet kan setje som vilkår at mogleg søksmål om forvaltningsvedtak gjort etter denne forskrifta er gyldig skal takast ut innan 6 månader frå det tidspunkt melding om fastsetjinga av frist kom fram til vedkomande part. Departementet kan gi oppreising mot oversitjing av fristen.

0Tilføyd ved forskrift 5 juli 2013 nr. 869.
§ 19.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tar til å gjelde straks.

0Endra ved forskrift 5 juli 2013 nr. 869 (tidlegare § 18).