Forskrift om samvær med tilsyn etter barnelova

DatoFOR-2013-12-19-1636
DepartementBarne- og likestillingsdepartementet
PublisertI 2013 hefte 19
Ikrafttredelse01.01.2014
Sist endret
EndrerFOR-2006-12-07-1360
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1981-04-08-7-§43a
Kunngjort02.01.2014   kl. 16.45
KorttittelForskrift om samvær med tilsyn etter barnelova

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet 19. desember 2013 med heimel i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 43a åttande ledd.

Kapittel 1. Innleiande føresegner

§ 1.Virkeområde og formål

Denne forskrifta gir nærmare reglar for samvær med tilsyn av offentleg oppnemnd tilsynsperson fastsett av retten etter barnelova § 43a.

Forskrifta har til formål å sikre at samvær med tilsyn vil være til barnet sitt beste, og å bidra til ei forsvarleg og effektiv oppnemning av ein tilsynsperson og trygg gjennomføring av tilsynssamværet.

§ 2.Retten si avgjerd om samvær med tilsyn

Retten skal i pålegget fastsetje om det skal vere beskytta tilsyn, jf. § 4, eller støtta tilsyn, jf. § 6. Retten si avgjerd om samvær med tilsyn skal grunngivast, jf. tvistelova § 19-6. I saker der partane inngår rettsforlik, jf. tvistelova § 19-11, må formålet med og grunngivinga for tilsynet gå fram av orskurd. I grunngivinga skal det mellom anna gjerast greie for barnet sitt behov og høve til foreldra og deira føresetnader.

Retten skal angi dei vilkåra som er nødvendige for gjennomføringa av tilsynet, under dette timetalet og varigheita. Dersom tilsynet skal vare over eitt år, skal dette grunngivast særskilt.

Før retten tek avgjerd om samvær med tilsyn skal den hente inn ei uttale frå ansvarleg myndigheit om korleis pålegget kan gjennomførast, jf. § 5 første ledd og § 7 første ledd.

§ 3.Initiativ til iverksetjing frå samværsforelderen

For å få sett i verk tilsynssamværet, vender den av foreldra som skal ha samværet seg til ansvarleg myndigheit som fastsett i pålegget.

Kapittel 2. Beskytta tilsyn

§ 4.Beskytta tilsyn

Beskytta tilsyn skal nyttast der avgrensa samvær er til barnet sitt beste, men omsynet til barnet tilseier at forelder og barn skal ha tilsyn under heile samværet.

Retten kan gi pålegg om beskytta tilsyn med inntil 16 timar per år. Retten skal ta omsyn til barnet sine behov når talet på timar og vilkåra for samvær blir fastsett.

§ 5.Barneverntenesta sitt ansvar

Barneverntenesta i den kommunen der barnet bur fast skal sjå til at det blir oppnemnd tilsynsperson i dei tilfella retten i pålegg har fastsett beskytta samvær etter barnelova § 43a første ledd, jf. § 43a tredje ledd første punktum. I tilfelle der barnet ikkje bur fast i Noreg, skal barneverntenesta i den kommunen samværsforelderen bur fast oppnemne tilsynsperson.

Den kommunen som har ansvaret etter første ledd kan ved avtale overføre ansvaret til ein annan kommune.

Tilsynet skal utøvast i samsvar med rettens pålegg for samvær med tilsyn, jf. § 2 første og andre ledd.

Tilsynspersonen kan vere ein tilsett i barneverntenesta eller ein som barneverntenesta inngår avtale med. Tilsynspersonen må vere eigna til å utføre det tilsynet som er fastsett av retten i pålegget.

Kapittel 3. Støtta tilsyn

§ 6.Støtta tilsyn

Støtta tilsyn kan nyttast der samvær er til barnet sitt beste, men barnet treng støtte ved samvær eller samværsforelderen har behov for støtte og vegleiing ved samvær.

Retten kan gi pålegg om støtta tilsyn med inntil 32 timer per år. Retten skal ta omsyn til barnet sine behov når talet på timar og vilkåra for samværet blir fastsett.

§ 7.Barne-, ungdoms- og familieetaten sitt ansvar

Barne-, ungdoms- og familieetaten ved regionkontoret har ansvar for å oppnemne tilsynsperson ved støtta samvær, i dei tilfella retten i pålegg har fastsett samvær etter barnelova § 43a første ledd, jf. § 43a tredje ledd andre punktum.

Tilsynet skal utøvast i samsvar med rettens pålegg for samvær med tilsyn, jf. § 2 første og andre ledd.

Tilsynspersonen kan vere ein tilsett fagperson ved familievernkontoret eller ein som Barne-, ungdoms- og familieetaten inngår avtale med. Tilsynspersonen må vere eigna til å utføre tilsynet fastsett av retten i pålegget, og vere eigna ut frå ei vurdering av barnet sine behov.

Kapittel 4. Generelle føresegner

§ 8.Politiattest for tilsynsperson

Den som skal oppnemnast som tilsynsperson etter barnelova § 43a skal før oppnemninga leggje fram politiattest som nemnd i politiregisterlova § 39 første ledd (barneomsorgsattest). Politiattest skal ikkje vere eldre enn tre månader. Dersom tilsynsperson allereie er omfatta av barnevernlova sine reglar om politiattest, gjeld ikkje krava til politiattest i denne forskrifta.

Person med merknad på attesten etter første ledd skal ikkje ha høve til å vere tilsynsperson.

Den som skal gjere teneste som tilsynsperson skal i annonsetekst eller på annan måte gjerast merksam på at det vert kravd politiattest før tildeling av oppdraget.

Den som får kjennskap til opplysningar gjennom politiattest, pliktar å hindre at uvedkommande får tilgang eller kjennskap til desse. Brot på denne føresegna kan straffast etter straffelova § 121.

Politiattesten skal oppbevarast av ansvarleg myndigheit så lenge tilsynsoppdraget varer, og skal deretter makulerast.

§ 9.Pliktane til tilsynspersonen

Tilsynspersonen skal bidra til å gjennomføre tilsynet i samsvar med pålegget. Tilsynspersonen skal som hovudregel skrive ein kortfatta rapport om gjennomføringa av tilsynssamværet. Rapporten skal sendast til den myndigheita som har oppnemnd tilsynspersonen.

Tilsynspersonen pliktar å stanse samværet dersom det inntreff alvorlege hendingar i tilknytning til tilsynet.

Dersom tilsynspersonen blir merksam på høve som tilseier at gjennomføringa av samværet ikkje er til beste for barnet, skal dette omtalast særskilt i rapporten.

§ 10.Oppfølging ved den myndigheita som har ansvaret for tilsynet

Den myndigheita som har ansvaret for tilsynet, jf. § 5 og § 7, skal gå gjennom og eventuelt følgje opp rapporten frå tilsynsperson med nødvendige tiltak.

Dersom ansvarleg myndigheit mottar rapport som nemnd i § 9 andre eller tredje ledd, skal den orientere bustadforelderen om dette.

Unnlèt samværsforelderen å bidra til gjennomføringa av samværet, kan ansvarleg myndigheit la saka kvile.

Kapittel 5. Ikraftsetjing

§ 11.Ikraftsetjing og overgangsføresegner

Denne forskrifta vert sett i kraft 1. januar 2014.

Forskrifta gjeld for saker som er komne inn for retten etter 31. desember 2013. Forskrift 7. desember 2006 nr. 1360 om nærare føresegner om oppnemning av tilsynsperson, utøving av tilsynet og godtgjering for dette, gjeld for saker som er komne inn for retten før 1. januar 2014.